søndag 29. juni 2008

Anja Helen + Sturle

= SANT!

Ikkje tull eingong. Me har altså vore så heldige å få feire dette i dag - to fantastiske menneske som har lova kvarandre evig truskap. Ikkje mindre enn ubegripeleg vakkert.

Og sjå kor fine!

Dagen har vore litt prega av lett nervøsitet (men den forsvann for halvparten av oss etter dette:For den andre halvparten varte det til me såvidt var heimom før middagen, fekk lagt bilda fram til då over på dataen og såg at det var mykje fint ;) ).

Men mykje mykje meir enn det! Dagen har bydd på det meste - me har vorte glade, stolte, triste, rørte, imponerte, inspirerte, takksame og fulle av håp. Me har felt ein del tårer, ledd mykje og kosa oss ein heil haug! Og då me sette oss i bilen for å kjøre heim, var det første me sa at dette er to heilt fantastiske menneske, som er skapte for kvarandre og gjer kvarandre sterke - det kjennest berre så veldig veldig rett.

Litt spesielt også å få feire vår eigen 5 års bryllaupsdag med dette nydelege bryllaupet. 5 år virkar veldig lenge når ein ser framover, men slett ikkje like lenge i etterkant... 5 år der mykje har skjedd, både indre og ytre sett. Me har hatt massevis av fantastiske dagar, ein god del mindre fantastiske dagar, og nokre rett og slett møkkadagar. Me er framleis saman, elskar kvarandre berre høgare, og har tenkt å halde fram med det :)

Må jo mimre bittebittelitt:
Hurra for ekteskapet!
Nina

torsdag 26. juni 2008

Generalprøve til bryllaup


Laurdag skal Anja og Sturle gifte seg, og dei har spurt meg (OJ) om å ta bilder for dei. Er jo litt spent på det, for eg har ikkje så mykje erfaring med slikt. I dag var vi i kyrkja og kikka litt på forholda. Dei skal gifte seg i Moster gamle kyrkje, ei gammal steinkyrkje. Skipet er ganske mørkt, medan det kjem godt med lys inn i koret. I tillegg er det ikkje bra med så altfor mykje blitzing på den gamle dekoren. Eit utfordrande, men fint, rom for ein amatør! Her står Anja og Sturle i koret, og bak er altertavle frå 1630-åra. Sjølve kyrkja vart bygd på 1100-talet, på tuftene av noregs eldste kyrkje. Det er med andre ord historisk grunn det heile skal skje på!
Ole J

onsdag 25. juni 2008

Pakkepakkepakke

Aldri kjekt. Aldri aldri aldri. Kvifor kunne ikkje me vore sånne som pakka leeeenge i førevegen og hadde full kontroll? Me har faktisk prøvd, men det vart berre tull. Me måtte pakke opp att fordi me trengde noko me hadde pakka vekk, og så visste me ikkje kva me hadde pakka og måtte sjekke før me reiste likevel og sånn. Så det beste er å pakke så nær avreise som mogeleg. No skal me reise om omtrent o,5 time, og pakkar for fullt. So far, so good. Men det er så iiiinderleg kjeeeeeedeleg! Så difor sit eg her i nokre sekund. Med eit glas lunka appelsinsaft som måtte drikkast opp. Linsene er forresten pakka. Bunadtinga også. Og allergimedisiner. Det var dei tinga eg frykta mest å gløyme. Me har heilt sikkert gløymt noko anna då. Håpar berre det er uviktig og/eller lett å få tak i på sommarøya.
God tur til oss og alle andre reisande!

Nina

tirsdag 24. juni 2008

Julenissens verksted

Jess, det har gått opp for oss at barnehagestart i august ikkje berre har kjenslemessige følgjer for oss alle, men også praktiske. Så namnelappar er bestilte inn, og sidan dei kom i posten i dag var det best å få dei på i dag også, så me ikkje gløymde det...

Nina hadde base med strykejernet ved kjøkenbordet, Ole Jørgen hadde styr på å få kleda att og fram og til rett plass, og Jens sprang glad og fornøgd att og fram med klede med og utan lapp og hadde styr på det meste... :)

Sånn ser altså ei jakke ut når ho er ferdigmerka:


Fint? Ole Jørgen fekk lyst på sånne lappar i alle sine klede også. Det skal han saktens få, men det er ikkje sikkert alle me i julenissekomitèen gidd å hjelpe han når han skal ha dei på... ;)

Nina

Hei og hå!

Lettare inspirert av svogers (og Jens, som jo har halde på med dette i årevis ;) ), har me tatt steget ut i bloggarane si verd. Følg med, følg med!