onsdag 20. august 2008

Oi

Her inne skjer det lite gitt.


Me har byrja på jobb, alle 3. Jens i barnehagen, me andre to på skulen. Travle dagar, trøtte sjeler om kvelden. Stort sett kjekt.

I dag og i morgon har Jens og mamma fri. Det skal dei ha kvar onsdag og torsdag.
Veldig veldig deilig.

Det er hardt arbeid både i skule og barnehage, vil me påstå.


Ha ein fin arbeidshaust! (Markene er grøne ;) )

søndag 3. august 2008

Innviing

Misjonærinnviing, faktisk. Stort og sterkt og vakkert.

Men kva betyr det eigentleg? Ikkje at me har nokon fasit på det. Men. Viing. Me to vart jo vigde for 5 år sidan. Det vil seie at me sa ja til kvarandre. Me tenkjer at å bli innvidd som misjonær også er å seie ja. Ja til å halde seg til Guds ord, Ja til å vere utsendingar frå organisasjonen sin, Ja til å bruke seg sjølv og sine evner til å male Jesus for augo til menneska dei møter, Ja til å bryte opp frå det trygge og flytte utanlands (for misjonærar som vert innvidde skal som regel reise til eit anna land for å gjere teneste), Ja til å måtte takle uvisse og møte mykje ukjent, Ja til å forkynne ein heil Bibel... Mange ja, altså. Det er ei stooooor oppgåve dei har tatt på seg. Men så har dei også den aller største på laget, og dei har det aller beste å gå med!

Misjonærinnviing er alltid stort. Sjølvsagt. Men du hendelse - veldig veldig mykje meir spesielt når det er søster/svigerinne, svoger og tante-/onkelungar det gjeld!

I går sa me altså hadet til dei. Om svært få dagar reiser dei. Til Bolivia. 2 år til første Norgestur. Det høyrest kanskje tragisk ut (for oss, altså), men det er det jo slett ikkje. Det er veldig stas! Hadde sikkert vore ille viss det hadde vore for nokre tiår sidan, når kontakten me kunne hatt var brev som var maaange veker gamle når/viss dei kom fram... Men me snakkar jo faktisk berre om eit tastetrykk eller 7 i våre dagar. Og jammen skal me lære mykje om Bolivia! Ole Jørgen sine språkøyre er nok gjerne litt uvillige med spansken, men sånn elles. Kjempespennande!

Me vil be for dei og støtte dei alt me kan, og der me er små er Herren stor :)

Jada, for all del - det er trist også. Men Nina gret seg ferdig i dusjen i går tidleg, så etter det har det gått finfint ;)

Jens har ingen forutsetningar for å skjøne at tante, onkel og søskenbarna skal reise så langt og vere lenge vekke. Han nekta difor å ta imot kosar, men me fann Bolivia på ein globus-badeball i alle fall. Me kjem sterkare tilbake med kunnskap om både reising, misjon og Bolivia satsar me på ;)

Det han derimot forstod seg veldig godt på, var bursdagsgåva han fekk - litt på forskot - frå dei! Han fekk ikkje opne den før me kom heim, men då var han SPINNKLAR! Og i dag spring han rundt og ropar 'baabiii-baaabiii-baaaaabiiii'! (det betyr babu-babu...) og poengterer stadig at brannbilen er raud, oransje, svart og grå. Og litt blå. Og raud ;)



Og så likte OJ dette bildet - Nina, 28 år, lurer på om ho skal våge seg inn på UL...


(Eigentleg rekognoserer ho, musikken i forkant av møtet var så inderleg høg nemleg, og Jens sov i vogna. Men det gjekk finfint det, sjølv om ingen hadde trudd det på førehand. Han har arva sovehjartet etter mor si :) )

Innviing. Ikkje berre for utanlandsmisjonærar og ikkje først og fremst ein formell seremoni i grunnen - sjølv om det er viktig og bra altså. Men som kristen har ein jo gitt livet sitt til Jesus, og kvar dag kan sjåast som ei innviing - å seie Ja til Jesus og hans veg igjen og igjen og igjen. "Jesus her er jeg, send meg!". Spanande!