onsdag 5. november 2008

Håp..?

Onsdag morgon. Jens og eg er heime, som me alltid er på onsdagar. Jens har framleis feber, ute ligg skodda lågt over Erfjord, og ein skulle tru det var ein litt grå onsdag i heimen. Men det er det strengt tatt ikkje.

Jens nikosar seg og ser på 'Fisjglede' (Livsglede) - DVDen han har sett så mange gonger at den nok byrjar få men av det snart... (Musikk-DVD med Oslo Soul Children).

Mammen har klump i halsen etter den historiske sigeren i natt. Ja, faktisk. Dei som kjenner meg vil jo vere klare over at klumpen i halsen og tårene i augo aldri er så veldig langt vekke då. Men dog. Ein stor dag kjennest det som.
Og eg merkar at eg er litt misunneleg på USA.
Ikkje fordi dei har ein demokratisk statsleiar - det demokratiske partiet ligg jo laaaangt til høgre for vår eiga regjering.
Men fordi dei har Obama.
Heilt seriøst.
Skulle verkeleg ynskje for vårt land at ein av våre kunne inspirere oss på den måten han har gjort i det amerikanske folket. At ein av våre kunne få oss til å tru på vår moglegheit til å påverke og endre. At ein av våre kunne gi oss kjærleiken og engasjementet for land og folk på same måte. Det trur eg me hadde trengt.
Ja, me har alle godene som Obama ynskjer for det amerikanske folk - og mange mange fleire.
Men eg skulle ynskt me også hadde visjonane og håpet. Faktisk.
Ikkje fordi ord kan høyrast fine og store ut. Men fordi det er så viktig å tru at det nyttar.



I alle fall. Alltid stas å høyre på ein dyktig retorikar (og USA har ikkje hatt for mange av dei i leiarstolen sin...). Her er eit døme - høyr og nyt ;)