onsdag 29. april 2009

Litt pjusk lesehest

Jens og eg har fridag i dag. Jens er raud i kinna, blank i augo, trøtt (byrja snakke om å sove meir allereie 9:30...) og sløv. Og viss me les mykje på vanlege dagar, kan eg love at det vert ikkje mindre i dag! Så langt:

I senga i dag tidleg:

+ to Barnas-blad og eit klistremerkehefte.

I føremiddag:
(Tre gonger)



Ikkje heile altså, men i farta hugsar eg at me har lese om den miskunnsame samaritanen, Lasarus, den bortkomne sonen, skapinga... Og så har Jens sett ein del i denne på eiga hand. Det har han også gjort med desse:
(sjølvsagt...) - og mange fleire.
Veldig bra at me var på biblioteket og bytta ut dei fleste av Jens sine lånebøker i går!
Utanom å lese har me pusla puslespel og ete litt. Og sånn går dagen - ganske fort faktisk ;)
Straks sovings no for småtassar. Men først skal me ifylgje sikre kjelder lese

eller
-Nina

mandag 27. april 2009

Laurdagsgodt for første gong!

Det er vel ingen løyndom at Jens ikkje er av dei store godtekongane her i verda. Me har aldri introdusert han for snop, han har ikkje sjølv fatta interesse (han pleier nok ikkje så ofte å vere rundt folk som et snop heller), han seier konsekvent neitakk til is og kaker i selskap (men ei pølse til: Ja takk! ;) ) etc.

På laurdag var me som vanleg på vekehandel, og Jens vart ståande og kikke fascinert på smågodtet - det gjer han ofte, for der er så mange fine fargar og fasongar. Han kom til boksen med slike oppi:


- og då stakk han handa nedi den boksen. Eg fortalde han då at det var ikkje så veldig lurt, for det var nokon som skulle kjøpe dei kulene, og det var ikkje så kjekt for dei viss mange hadde kladda på det dei skulle ete. Jens fann då ut at HAN ville ete ei sånn kule! Jada, sa mor, men då må me kjøpe kula først, no er det jo butikken si. Sidan det er laurdag er det heilt greitt det, me kan kjøpe den. Så opp i den digre godteposen hamna kula - som einsamt laurdagsgodt.

Kula vart fortært så fort me kom i bilen, og han kunne forsikre om at ho var ganske god. Så vert det spanande korleis det går neste laurdag - om ei kule vert til fleire... :)

-Nina

PS: Eg synest i grunnen det er ganske snodig at dei einaste posane ein kan kjøpe smågodt i er sånne gigant-posar som den over her. Stakkars den som skal snope laurdagsgodt for 10 eller 20 kroner då - det vert jo knapt skjulte botnen. For ikkje å snakke om dei som berre skal ha ei kule - då betaler ein antakeleg meir for posen enn for snopet... :)

søndag 26. april 2009

Uteliv

Våren er definitivt komen, og vi nyt den så godt vi kan. Når målesøyla kryp oppover mot tjuetalet, er det godt å vere både menneske og dyr. Enkelte, som elles i året vandrar stort sett aleine i buskene, får endeleg den merksemda han truleg meiner han har krav på. Og når katten for ein gongs skuld faktisk NYT å bli klappa av storegut, er det eit bilete det er verdt å ta med i bloggen. Legg også merke til den nye favoritt-t-skjorta ("Eg har mange dyr på t-skjorta mi!" og "Eg har så stilig t-skjorte, eg!"):



Dagen i dag starta, som dei fleste andre dagar for tida, med eit par-tre Janosch-forteljingar. Og når både mamma og pappa er tørre i halsen og "E det ingen som kan lese til meg, då?" er eit aktuelt spørsmål (og litt sårt for bokelskande foreldre), så tek han boka i eigne hender og nyt livet på sofaen. Det er ikkje vits i å kaste bort tid på noko som ikkje har med Panama å gjere!


Etter ein roleg "pappa og son"-frukost, etterfulgt av livlege rytmar og dansesteg på stovegolvet, vart storegut sendt i kjellaren for å seie frå til mamma at det var på tide å stå opp (søndagsfrukost = gutefrukost, ein heilag tradisjon, så ingen kvinnemenneske vert invitert opp før etterpå...). Pappa gjekk på badet og pussa tennene, og sysla litt rundt medan eit spørsmålsteikn kom snikande frå bak i hovudet ein plass. Er det ikkje vel stilt no? Pappa må gå ned i kjellaren og sjå om oppdraget er utført. Det er det ikkje, for på si eiga pute, godt under dyna, ligg storegut og søv så roleg og søt. Mamma har ikkje merka noko. Kanskje vart det litt for mykje dansing?

Vi kom oss opp til slutt alle fire, og seinare, etter ein hyggeleg lunsj (Søndagslunsj = familielunsj, ein heilag tradisjon), tok vi sko på beina og gjekk ut. Nokre av oss har splitter nye sandalar, som (!) matchar dei oransje sommarsokkane. Nokre av oss er begeistra for dei.



Fotballsparking er fast post på programmet (men ikkje speling: "Det hette ikkje spele fotball, det hette sparke fotball!" Pappa tok feil igjen...)


Til slutt eit bilete som, om ikkje andre ting gjer det, beviser at våren er komen og sommaren på veg: ein bukett engkarse. Gåve frå son til mor. I alle fall éin av stilkane, dei andre er "til noken andre". Andre viste seg like etter å vere sonen sjølv. Men dei hamna i felles vase, og pyntar no opp i stova.



I morgon er det atter kvardag, men heldigvis er det kortare til neste helg denne gongen enn det plar vere.
Ole Jørgen

søndag 19. april 2009

Grillings!

Verdens aller aller første årsvarme grillesjansedag i Erfjord kom i dag, og vi greip den begjærleg. Grillen vart rigga opp på altanen, middagen vart foliert i småbitar og stolar og bord henta fram frå kjellar og bod. Her sit 75 % av gjengen og ventar på at varmen skal gjere si gjerning med maten (og enkelte song bordverset 5-6 gongar før vi andre var klar til det):




Mykje folie må til skal det bli bra. Enkelte av oss var nervøse for å grille på tregolv, men det gjekk godt, som du sikkert skjønar.



Ser det ikkje godt ut? Det er rett så det krislar i munnen når eg tenkjer tilbake på dette luksuskalaset.



Ja, du skulle vore her. Då skulle du fått smake!
Ole Jørgen


Korleis har du det?

- Korleis har du det, kanina? spurte eg. -Eg har det bare bra, sa kanina. Korleis har du det då?
- Eg har det BARE bra, svarte eg. Korleis har du det då, bjørnen?
- Eg har det BARE bra, svarte bjørnen.
- Korleis har du det då, sauen, sa eg. - Eg har det bare bra, sa sauen. Korleis har du det då?
- Eg har det bare bra, svarte eg.
- Korleis har du det då, reven, sa eg.
- Eg har det BARE bra, sa reven
osv...


Det er kjekt å snakke med bamsane sine, særleg når dei er så høflege og koselege! Det er mykje god forteljekunst i sofaen vår for tida, og sjølv om handlinga har ein tendens til å gjenta seg, så er der ein viss progresjon. I alle fall forandrar samtalen seg littegrann når ein begynner på andre runden...



Inspirasjonen til eigne forteljingar kjem frå mange hald. For tida er nok den største kjelda denne boka:

Heldigvis er den kjekk å lese også for oss vaksne, så det er mange koselege Janosch-stunder for tida. (Sist var klokka halv to i natt, då lesehesten henta boka i halvsøvne og ville høyre forteljinga om då den vesle tigeren hadde bursdag... Det var litt vanskeleg å lese i mørket, men det gjekk)

For nokre dagar sidan var vi på Onsdagsklubben, og tema var Jesu oppstode. Sjølv om enkelte er litt for unge til å delta der, er dei likevel nøydde til å vere med, sidan både mamma og pappa er med. Og av og til trur eg lesehesten får meir utbytte av samlingane enn somme av dei som er gamle nok... Det er i alle fall kjekt å sjå på bildene i Barnas etterpå, for dei er jo dei same som blir vist i formidlinga! Og bildene er fine, sjå berre framsida på det siste bladet:


(Viss du lurar på kva gullfisken Gulliver gjer i den tome grava, kan det opplysast om at han ikkje er med på bildet inni bladet...)

Det er kjekt med fine bilder, det er kjekt med blad og det er kjekt med Onsdagsklubben!

Ole Jørgen

tirsdag 14. april 2009

Kronos og kairos

Eit komplett bilde av kva som trengs for å halde orden på livet!

søndag 12. april 2009

Han er oppstanden!

- Ja, sanneleg, han er oppstanden!



For ein kristen er 1. påskedag den aller viktigaste dagen i året. Utan denne dagen hadde det ikkje vore noko som heitte kristendom i det heile, og det ville ikkje funnest noko håp for det evige livet. Jesus sona våre synder på krossen, og døydde i vår stad. Men kva hadde det hjelpt oss viss han ikkje stod opp att, som sigerherre over vår siste fiende, døden?

1. Kor. 15:

17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

Men Jesus stod opp att! Syndene våre er sona! Trua er ikkje gagnlaus!

Jesus lever!

tirsdag 7. april 2009

Sortering

Det er kjekt å pusle puslespel. Som før nemnt skal det gjerne gjerast i ein bestemt rekkefølge, men i tillegg er det ein del bitar som er artigare å pusle enn andre. Logisk nok. Det seier seg sjølv at det er kjekkare å bygge elgen sitt fjes, enn ei grein med litt blad på. Eller beina til bestemor skogmus for den saks skuld. Slik sett kan ein gjerne sortere bitane i to hovudkategoriar: Dei som er verdt å pusle, og dei som er "dårlige" (sitat puslemesteren). Dårlige brikker kan berre leggast tilbake i øskja, så vert det litt enklare å halde styr på dei andre.


Vi prøvde sjølvsagt å forklare at på den måten ville det bli store manglar når dei gode brikkene var lagt. Utan dei "dårlege" brikkene vart det ikkje eit komplett bilde! Forklaringa vart godteken, og alle bitane vart tekne inn i varmen.



Eg leste i avisa i dag at det i fjor vart født 21 barn med downs syndrom i Danmark. 21! Statistisk skulle det vore født nærare 90 born med dette syndromet, og helsemyndighetene i Danmark jublar over eit vellukka prøveprosjekt med tidleg ultralyd og blodprøve. På den måten vert det færre "dårlege" brikker i puslespelet, og det vert lettare å ta hand om dei brikkene som er ok. Men vert puslespelet komplett?




I same slengen kan det jo nemnast at EU om ikkje lenge skal bestemme seg for om det skal vere lov å bruke befrukta egg og embryo til forskning. I lovforslaget, som dei skal ta stilling til 24. april, heiter det at slik forskning er eit godt alternativ til dyreforsøk. Nettopp! Dyr får større vern enn menneske. Ikkje at menneske har hatt så veldig godt vern i Europa i den seinare tid heller, men dette er endå eit steg nedover på stigen.

Viss det i tillegg går slik som Noreg og fleire andre land kjempar for i FN, nemleg at "reproduktiv helse" skal takast med som ein rett, går det ufødte liv endå dystrare tider i møte.

Bak alle desse lovene og reglane og "helseforetaka" er det kloke menneske (fødte sådan), som heilt tydeleg ikkje brukar hjartet sitt når dei fremmar sine synspunkt. Kanskje eg trekk det litt for langt, men eg har lese ein del om nazi-tyskland og mange av dei tiltaka som vart sett i verk der for å "reinse rasen". Mykje tydar på at ideologien lever vidare.

Europa treng menneske som ber, og som vågar å kjempe for livet!

Ole Jørgen

mandag 6. april 2009

Sol og palmesus (?)

Førebels ferierer me heime. Deilig - ikkje minst i det strålande vêret me har om dagen!

Nokre glimt:

Den o-store 'hagen' vår får seg ei aldri så lita ansiktsløfting - litt ny jord lovar i alle fall godt for sommaren får me tru. Ikkje så voldsomt liv der ute enno akkurat..

Meir fargar og liv inne førebels, i grunnen:


I år har produksjonen av påskepynt nådd nye høgder her i heimen - og det er bra, for me hadde jammen ikkje mykje av sorten frå før. Noko som kanskje har ein samanheng med at dei to eldste av oss ikkje er så overbegeistra for gult (me kjører konsekvent limefarga lys og serviettar til påske, trur me har eit slags vedtak på det..), dessutan er det mykje rar påskepynt ute og går synest me. Og dessutan er me ikkje dei heilt store pyntarane, sånn av natur... Men heimelaga pynt er stas! I går sat mammen og bles egg til ein eller annan stor medalje, og i dag har nokre av dei blitt kunst:





Ja, me har malt eitt av desse kvar - bonuspoeng til den som greier å finne rett opphavsmann til kvart egg :)

Elles så surrar og går Klatremus-cd'en seint og tidleg enno, når me befinn oss innandørs. Og eit Hakkebakkeskogen-puslespel har kome til gards! Veldig stas, Jens puslar som ein helt, riv det frå kvarandre og puslar på nytt. Rekkefølgen er ganske viktig, ein må alltid byrje med elgen. Deretter Brumlemann, bakarguten og bakarmeister harepus...


Elles så har me fått vaska bilen innvendig av ein veteran i gamet, me har vore på Sand og ete lunsj utandørs i sola, vore på sykkelturar, hatt veldig mykje moro med teppebankar og hopping på sofaputer på altanen, og mykje meir. Me har absolutt ikkje fritidsproblem :)
Men ein liten Bømlotur vert det likevel. Mor i huset er ikkje heilt i toppslag, så det vert nok berre nokre få dagar, truleg reiser me på onsdag.

I går var det palmesøndag, og då passar det fint å avslutte denne vesle 'stemningsrapporten' med desse orda:
Hosianna!
Velsigna vere han som kjem
i Herrens namn
Joh. 12,13
Nina

lørdag 4. april 2009

Ferie!

Endeleg har påskeferien kome. Framfor ligg 10 fridagar, og akkurat denne kvelden er i så måte den beste, for no er alle moglegheiter opne. Planane er få og korte, og eg kjenner kroppen allereie slappar av på den heilt spesielle "feriemåten". Det er herleg.

Og som om det ikkje er nok at det er ferie, fekk vi årets første verkeleg strålande vårdag. 10 grader, sol og vårstemning. Ungdom i tynne jakker på sykkel. Jens i lette sko og utan den tjukke vinterjakka. Eg som vurderar om vinterskoa bør setjast vekk.
På slike dagar er det fristande med ein liten tur på leikeplassen før kveldsmat. I dag var det først og fremst klatrestativet som freista, og Jens gjekk på med friskt mot. Og toppen vart nådd!
Skal tru kva vi skal finne på i morgon? Vel, samma det. Det er ferie!
Ole Jørgen

onsdag 1. april 2009

Downhere

Av og til dukkar det opp plater som ein berre må høyre om att og om att, og som berre blir betre jo fleire gongar ein høyrer dei. For min del gjeld dette for tida denne plata:



Fantastisk musikk, og tekstar som får meg til å tenke "Ja, slik er det". Teologisk djupne kombinert med livsrealisme er noko eg har stor sans for, og som gir truverde til musikken. Mange musikarar kan havne i den eine eller andre grøfta, men nokre får altså til å halde seg på sporet.

Når det gjeld livsrealismen, har det meir og meir gått opp for meg kor viktig det er at ein snakkar sant om livet. Livet inneheld dei fleste fasettar, og alle er viktige å ha med skal ein danne eit riktig bilde av det å vere menneske. Å lyge frå seg problematiske sider er ikkje godt nok.

Ei av dei mest fascinerande bøkene eg veit, er Jobs bok. Mannen som har mista heile sin familie, heile si formue, alt det han har samla og tent, og til og med mista si eiga helse og trua på ein rettferdig Gud. Han sit der og anklagar Gud, ropar til Gud: "Kvifor?" Venene vil ha han til å innrømme sine synder. Inrømme at han har gjort noko som fortener ei slik straff. For det må han jo ha gjort, sidan han har det så fælt? Men Job nektar, og seier at Gud er urettferdig. Det er Gud som gjer feil. Og så gjer han det som eg syns er så fantastisk: Han retter all klage, all sorg, alt mismot og indignasjon TIL GUD! Han mistar ikkje Gud av syne, endå så sint han er. Han avskriv ikkje Gud som autoritet. Og til slutt gir Gud han rett.

I songen "My last amen" syng Downhere: "I could swear I have two hearts\One to stay, one to depart". Ja, to hjerter, akkurat slik kjennes det av og til ut. Av og til er eg redd hjertet som vil bli er altfor sterkt. For dominerande. "And it burns me down to the core\Because I know there's so much more\It's just a pale reflection".

Eg beundrar Job. Og eg puttar Downhere inn i CD-spelaren igjen.

Ole Jørgen