tirsdag 19. mai 2009

17. mai

Dette er i kveldinga 15. mai - korpset spelte og marsjerte rundt på Stølane, og hadde ein ivrig, trufast og flaggviftande fan på benken utanfor hos oss.

Dette er sjølvsagt den syttande. Gudstenesta er over, og me går i tog. Å rope 'Hurra!' er moro, og det var det enkelte som hadde øvd på i dagevis ('Hurra for mamma! Hurra for pappa! Hurra for Jens! Hurra for lillesøster! :) ) Me gjekk ikkje heile toget, men sneik oss ein snarveg tilbake for å passe på både små føter i bunadsko og store føter som lett kunne blitt endå større...

Og medan toget gjorde ferdig runden, var jo trampolina heilt ledig! :)


Etter tale for dagen, meir korpsmusikk og god middag (både lapskaus og pølse for dei ivrigaste av oss) var nokon veeeldig trøtte. Ein riktig god blund i vogna gjorde kjempegodt -



- og etterpå var me klare for sedvanleg 17.mai-moro, som fiskekonkurranse, hopping, eting av saftis etc etc
Noko av det som fascinerte liten gut mest var nok korpset altså. Då han låg i vogna og nesten sov, var det dei han snakka om - dei som hadde grøne klede og spelte så tøff musikk :) Så kanskje har me her ein både no- og framtidig messingblåsentusiast?
I alle fall, dagen vart fin den. Ingen fødsel heldigvis, glad og ivrig storebror og eit finfint 17.mai-opplegg på skulen (sjølv om skulefana kollapsa like etter at toget hadde starta...du og du).
HURRA!
-Nina

onsdag 13. mai 2009

Stellebord og augekrok

Av og til kan livet følast urettferdig, særleg når kroppen begynner å oppføre seg på uhensikstmessige måtar. Storebror har, som kjent, hatt augekatarr nokre dagar no, og det vert stadig meir ubehageleg å vaske. Så når puss-flommen ikkje ga seg, fann vi ut at det var på tide å konsultere ein lege. Kanskje han hadde nokre gode råd? Storebror har hatt eit noko anstrengt forhold til legar sidan forrige omgang med krupp, så vi var litt spente på korleis det skulle gå. Heldigvis traff vi på ein koseleg René, og skepsisen slapp fort taket. Men ta ein liten ting frå gåveboksen, DET ville han ikkje.

I etterkant, når han har nekta å la seg vaske på auget, har vi spurt: "Hugsar du kva legen sa?" (Eller "Nei, tannlegen", som Storebror har retta oss på...) Då svarer han "Nei", og det kan godt hende at han faktisk ikkje gjer. Legen snakka behageleg dansk. Vi forstod det meste, men Jens gav ingen tegn til å kunne tolke dei litt rare lydane som legen brukte. Kanskje vart det ei meir spennande enn skremmande oppleving?

Det har blitt litt vasking av auge i det siste, og ytringar som: "No skal eg berre ta vekk littegrann frå augekroken din" har nok blitt brukt ein gong eller to om dagen. Så var det kanskje ikkje så merkeleg at Storebror stilte seg opp i hjørnet mellom kjøkkenskapet og sørveggen, og sa: "Her er augekroken, eg skal stå her litt eg!".

Her er augekroken, litt til høgre på bildet:



Legebesøket vårt kom på eit svært passande tidspunkt, for berre ein halvtime etter tildelt time, hadde mamma i huset avtale med jordmor Silje. Så etter eit kvarters tid i parken utanfor legekontoret, der vi blant anna plukka med oss ein spennande pinne, returnerte vi til venterommet. Det første jordmor gjorde, var å ta med seg Jens ut på helsestasjonen for å hente ein svært så stilig bil. Den kunne sittast på, og køyrast rundt med inne på kontoret! I tillegg, som ein slags superbonus, fekk han blant anna også med seg eit lite nashorn. DET besøket var i alle fall redda i utgangspunktet.


Med til vanleg dagsorden høyrer å lytte til veslesøster sin hjartelyd. Storebror forstod ikkje så mykje av dei merkelege lydane i apparatet, men han forstod svært så godt at "No er mamma på stellebordet!" Jada, ganske treffande skildring av situasjonen det i grunn. Han kommenterte også, beroligande, "det e plass, altså!"

Magen vart undersøkt, på stellebordet, og som de ser er magen stor og rund, og alt står bra til. Så det vi er mest spente på no er når veslesøster har tenkt seg ut for å ta ein nærare titt på storebror. Akkurat DET blir nok svært spennande, for dei begge!





Ole Jørgen

søndag 10. mai 2009

Comeback

Så kom den tilbake, feberen, og med seg på lasset hadde den ein dugeleg porsjon augekatarr. Så det har vore mykje behov for trøsting i kveld, og vi gir det så gjerne. I skrivande stund ligg storegutt og søv søtt i senga. Han vaknar med ujamne mellomrom, men sovnar raskt att.

Togbana har vore i flittig bruk også i ettermiddag. Og etterkvart kom det fleire til som ville sjå!


Også i dag vart det visst litt video, men Pocoyo fekk kvile seg litt. I staden kom han viftande med "Madagaskar", og sette dvd'en i spelaren. Og pappa sa meir enn gjerne ja, for den kan heldigvis sjåast på fleire plan (noko som er litt vanskelegare med Pocoyo...) Så vi rigga oss til i same stol, og henta oss etterkvart litt pai som vi kosa oss med, medan giraffen og sebraen prøver å komme seg unna ei litt for svolten løve. Paien vart eten, og dyra vart til slutt gode kompisar att.


Til slutt ei gladmelding om eit litt meir lukkeleg comeback: Drillo-isen er tilbake! Endeleg! Så viss du har sitte og grubla og lurt på kva i all verda slag is Ole Jørgen kjem til å kjøpe neste gong han gjer det, treng du ikkje lure lenger. Svaret er:









Ole Jørgen

Snørr, tårer og trøyst

Dette er tre stikkord som passar godt på denne helga. Med tett hals, hoste, tung pust og lausslupne slimhinner (krupp) er det ikkje så lett å få sove, og då kjem tårene. Saman med tårene kjem den herleg bieffekten at slimhinnene løyser seg endå meir opp, og behovet for trøyst vert prekært. Heldigvis er trøysta innan rekkevidde, og alt vondt har som kjent ein ende. Så sjølv om snørret fortsatt her der, og halsen ikkje er heilt god, er behovet for trøyst merkbart mindre.

I vanskelege tider, med feber og lite energi, er det godt å ha passeleg tidsfordriv. Ein lite energikrevande aktivitet, som passar godt saman med lite futt, er å sjå på video. Men før ein kan sjå, må ein jo velje KVA ein vil sjå. Denne prosessen vert letta ved å legge alle aktuelle filmar ved sidan av kvarandre på bordet, studere dei nøye, peike og fortelje om dyra på covera, og så til slutt velje Pocoyo. Sjølvsagt. For sjølv om utvalet er godt, er det berre nokre få utvalde favorittar vi faktisk har sett...



Ja, Pocoyo har vore den store helten denne helga, og vi skal helst begynne med episoden om dei mystiske fotspora. Jada. Og som ein bonus i tillegg til at det er interessante tema (som for eksempel "korleis bli kvitt hikke" (sjå bilde under) og "korleis unngå å velte andre sine klossehus"), kjem det at dei fleste rollene er spelte av dyr.


Rett skal vere rett: det blir litt meir video enn elles når ein er sjuk, men det blir ikkje BERRE video. Sjølvsagt. Også tog har vore i vinden desse dagane, og då særleg det elektriske toget han fekk hos onkel Ronny for ei tid tilbake. Før har det vore litt vanskeleg å styre det, men då vi fann det fram i går, tok det ikkje lange tida å finne ut korleis det verka. Så no tøffar toget rundt i ring, og lagar tøffelydar seint og tidleg.


Og sånn går nu dagan.
Ole Jørgen

tirsdag 5. mai 2009

Vaffel!

Sei meg to ting som er betre enn smaken av nysteikte vaflar og "that 70's show" på tv!Viss du kan.

Ole Jørgen

mandag 4. mai 2009

Hund, katt og kanin på bytur

Så lenge ein bur i randsona av sivilisasjonen, er ein heilt avhengig av å lage "byliste", altså ein liten lapp (5x7 cm) med skrift som fortel om små og store ting som kunne vore interessant å handle inn til hushaldninga. Når lappen er full, er det på tide å reise til byen.

Laurdag var veret fint, det gjekk raskt å pakke sekken og heile familien sette lyse til sinns snuten mot storbylivet i Stavanger. Storegut var også hippen på ein bytur, men hadde kanskje ikkje heilt sett for seg kva det innebar. Ein av dei første replikkane når vi entra den første stoppestaden, Ikea, var noko slikt som: "Eg vil ut frå denne butikken!" Vel, han heldt ut, mykje takka vere ein ganske stor vegg full av kosedyr.

På veg gjennom barneavdelinga på Ikea kom vi over nokre dyremasker på billigsal. Hund, katt og kanin, med tilhøyrande øyrer og begeistra kommentarar frå storegut. Dei hamna i handlekorga, alle som ei. Det gjorde også ein fin liten pose med "fingerdyr".

På resten av turen hadde vi då vekselvis ein hund, ein katt eller ei kanin i baksetet. Og alle tre såg ganske så fornøgde ut, både utanpå og under maska.



Mange butikkar seinare, og med ei byliste med ganske mange overstrekingar, var vi trøtte i både bein og hovud. Tida for heimreise var nær, men først måtte vi innom det vesle tivoliet like ved parkeringsplassen vår. Lunds tivoli heldt på å stenge, det også, men hoppeslottet var fortsatt ope. Storegut entra raskt luftslottet, og dei påfølgande minutta vog nok opp for det meste av trasking og venting han hadde måtta halde ut i løpet av dagen. Det er noko med hoppeslott som får ein i godt humør!



Vel heime er klokka så mykje at senga lokkar meir enn noko anna, men storegut har sove mykje i bilen og er klar for å vere oppe ei lita stund til. Så då finn vi fram fingerdyrposen og dyremaskene, og sanneleg dukkar det ikkje opp ein sebra også! Det kom så naturleg: hund, katt, kanin, SEBRA! Så då måtte vi ut i kommoden og hente fram sebrakostymet frå karnevalet. Finst det vel noko betre enn å avslutte ein fin laurdag saman med ein lukkeleg sebra med fingerløve satt på "heilt rett"?


Fingerdyra har vore flittig i bruk i tida etter byturen. "Kan du sette løva på heilt rett?" er eit FAQ i huset for tida, og "så må du pappa ha elgen på fingen din!" og "så må mamma ha apekatten!".
Så går vi her då, med fingerdyr på fingrane og ei byliste som er kraftig krympa.
Ole Jørgen

lørdag 2. mai 2009

1. mai

Arbeidardagen, solidaritetsdagen, alle gamle kommunistar sin høgtidsdag. Vi som ikkje er arbeidarar, eller gamle kommunistar, burde i dag gjort vårt beste for å oppgradere hagen. Tradisjonen tru. Men hagen vår er så liten at vi ikkje har funne den endå, og solidariteten med arbeiderklassen er absolutt tilstade, så vi smelte like godt til med ei skikkeleg 1. mai-sjokoladekake:


Ingen kaker lagar seg sjølv, desverre må vi vel seie, så dei tre yngste i familien bretta opp ermene og tok på forkle. Eldstemann låg på dette tidspunkt på sofaen, og var berre delvis medviten på sine nære omgjevnader. Heldigvis fekk han jamnlege oppdateringar frå liten gut som kjente ansvar for både kaka og at pappa skulle få med seg alt.

Etter kveldsmaten var det tid for å smake på herligheta, og liten gut var begeistra.

Det er svært sjeldan vi har kaker til dessert til kvelds (etter 2,5 brødskiver!), men vi gjer eit hederleg unnatak for 1. mai. Det er ikkje kvar dag vi har sjansen til å vise vår solidaritet på ein slik konkret måte.

Ole Jørgen