mandag 31. august 2009

Mmmm


...sånt kan også mørke haustkveldar brukast til :)
-Nina

Haust

er deilig. Nett no skal eg nyyyyte haustkvelden.
Stikkord:
- tøfler og ulltrøye
- strikketøy
- tjukk bok
- regn som piskar på glasruta
- to sovande små eg kan gå og kikke på når eg vil

God haust! :)

-Nina

onsdag 26. august 2009

...og aller sist gikk lillebror (?) og plukket i et lokk

SJÅÅÅ mamma!

Herleg herleg. Me er så heldige å ha masse blåbærlyng berre...tja, steinkast vert å ta i - kanskje eit kulestøt frå husveggen (og då snakkar eg om MINE kulestøt - dei som har hatt gym med meg veit kva for eit stortalent eg er på det området :) ). Det har heilt klart sine fordeler. Ein av dei er at me held undersolte tuer under relativt kontinuerleg oppsikt, og et opp dei modne bæra etterkvart. Når eg no skriv 'me' vil det gjerne seie at Jens plukkar og et, Lise og eg er med og viser veg til aktuelle tuer, og eg får smake ein del halvknuste bær som har vore oppbevarte i hendene du ser ovanfor ;)

I dag har Jens hatt fri. Lise fekk vaksine i går, så me avventa litt, men då klokka var 11 og ho var pigg og frisk, la me ut på tur. Ekskursjon vil eg nesten seie. Me pakka med oss nisteboksar, vassflasker, regnjakker i tilfelle, bleier etc. til Lise, lommebok og til og med barnevogna til å ha alt i, og la i veg. Med butikken som mål, etter ynskje frå storebror. Lise sat i sjalet og kosa seg, og sovna snart. Jens gjekk og gjekk - med mange innlagde pausar for å utforske/sjå på/spørje om/beundre alt mulig - veldig kjekt. Like før me kom til butikken tok me lunsjpause, på eit bord med benk ute på bryggekanten. Lise sa også ja takk til litt lunsj då. Vidare handla me, og gjekk så tilbake att. 3 timar tok det, gitt. (Når mamma og Lise går åleine tek det typisk 25-30 min. pr. veg). Knalltur :)

-Nina

søndag 23. august 2009

"Det blir ikke hull i ei tann som er ren..."

Det er viktig med reine tenner. Og veldig veldig moro. I alle fall i dag.

Jens har jo, som me reknar med mange av dykk veit, fylt 3 år. Og dermed var det på tide å byrje med tanntråd. Spanande greier. Jens var sjølv på apoteket i dag og handla inn det nye og vidunderlege. (Men altså, trass alt, som han påpeika grundig til apotekdama: "Me kan jo ikkje ha berre tanntråd!") Slik ser tanntråden hans ut - med raud farge:


Han fekk den til og med i ein finfin papirpose, som no ligg fint samanbretta på badet. For i kveld skulle det rensast i tennene altså! Før han gjekk på badet snakka han med tante Eva. Ho viste tennene sine og han konstaterte at dei var nok ikkje så heilt reine... På badet fòr han, og kom etter litt tilbake for å vise tante Eva den stilige tanntråden, og fortelje at den no hadde gjort sin misjon for i dag. (I tillegg til at han song tannpussesongen vår for ho. Mange andre kjenner nok den songen som Postmann Pat-songen. Og mange andre som kan den songen har også sett Postmann Pat på fjernsyn. Jens har aldri sett Postmann Pat, og forbind songen med tannpuss...sånn kan det også gå ;) )

Og stakkars mamma og pappa..: "Har dåkke berre ein sånn liiiiten tanntråd dåkke?". Vår stakkarslege og særs trivielle tanntråd ser sånn ut:

Har DU reine tenner når du legg deg i kveld?

-Nina

søndag 16. august 2009

Resultat


Her er altså beviset på at plommene gutta boys henta i går har blitt forvandla til syltetøy. Pappamannen vår skal nok ha til mange brødskiver her...
Sylting er kjekt. Å plukke ut steinar av plommene er ikkje så frykteleg kjekt, men Jens synest det er stas å få bruke kniv til å dele dei opp. Han hadde dessutan veldig lyst til å smake syltetøyet. Heilt til det gjekk opp for han at han då måtte prioritere ned anten peanøttsmør, leverpostei, salami, skinke, ost eller noko anna deilig pålegg... så han har ikkje smakt ;) Men pappamann Ole J har, og han meinte det var heilt supert - så då.

Elles har me hatt ein finfin søndag i ausregnet. Litt 'båtliv' og ploppesteinar i Habn, lesing og kos inne, og brått var det leggetid for liten gut.

Lise har sove så voldsomt om nettene i det siste at mamman har følt ho ville eksplodere. I natt sov ho rekordlenge - me la oss til å sove før midnatt, og ho vakna 09:10! I kveld har me difor lagt ho før oss sjølv, så får me sjå korleis det blir - førebels søv ho godt, og har gjort det i ein times tid. Heilt åleine i den store senga for første gong. Men med totten på plass søv ein veldig godt :) For dei som ikkje veit det har ho nemleg funne - og blitt veeeeldig glad i - venstre tommeltott ;) Det er nok difor ho brått berre et 4-5 måltid i døgnet og søv så veldig veldig lenge om gongen. Så er det berre å håpe at kroppen hennar har det finfint trass mage som nok vert skåltom mellom slaga, og at mamma sin mjølkeproduksjon greier seg utan nattleg hjelp... (Gjekk jo veldig fint med storebror, han sov kjempelange netter endå tidlegare enn dette han, og fekk pupp til han var nesten 2 - så treng vel ikkje anke så veldig. Har dessutan ei pumpe einkvan plass om det skulle røyne på).

Og ja - trur eg lova å vise rommet til Jens når alle møblar var på plass. Og no er dei det. Legg dessutan merke til splitter nytt OLE BRUMM-sengetøy! Liten gira tass som la seg i det for første gong i kveld ;)



Snart er det leggings for oss vaksne også - godnatt! :)

lørdag 15. august 2009

Ein regnversdag

Det er helg, og regnet ausar ned. Ein fin dag å halde seg inne på, tenkjer kanskje du? Neida, ein perfekt dag å ta på seg regnkle og plukke plommer! Det er kjekt å ha sambygdingar som har plommetre, og som i tillegg inviterar til å komme for å plukke. Jens og pappa kledde seg i støvlar, regnbukse og regnjakke og traska avgarde. Det er om lag ein halvtime å gå, og på vegen gjekk vi forbi ein byggeplass med tre traktorar utanfor. Ganske så interessant! Og på grusvegen like etter var det mange vassdammar, også svært så interessant.

Då vi kom heim att, var det første som vart fortalt: "Me gjekk inne med sko!". For medan pappa var ute og plukka plommer, var Jens inne og leikte med fiskespel og flybyggesett hos vår koselege sambygding. Med skoa på. Og regnkleda.

På veg tilbake møtte vi ein av dei tre traktorane, og han tuta til oss. Så på alle måtar var det ein super tur. Og her er litt av det pappa hadde med seg heim att, og som om ikkje lenge ligg på glas som plommesyltetøy:



Trass i fin tur, er det nok ikkje til å komme forbi at regnver er mest innever. Blant anna fekk vi på ny besøk av pelskledde vener frå kjellaren. Etter at Jens sitt rom vart teke meir aktivt i bruk og fiffa litt opp, har dei haldt seg der nede. Løva, tigeren og den store hunden sette seg godt til rette i sofaen, og med seg hadde dei sommarens nye medlemmer i dyreflokken: lemuren, papegøya og slangen (særs lite pels, men veldig inkludert).



Også lesing er ein ynda aktivitet i regnver. I dag har eit oppslag i "Vår ville verden"-boka om ender fått gjennomgå ein grundig studie, og då særleg svømmeføttene som unekteleg ser litt rare ut.

Til slutt i dag, etter kveldsbønna, var avtalen at vi skulle lese om sju fuglar i den nye fugleboka. Vi skulle begynne med gjerdesmetten (som er den første i boka), og då følgjer blåmeis, svartmeis, kjøttmeis, stjertmeis, raudstrupe og jernspurv. Så seier vi godnatt, og går opp. Lyset skal berre stå på, for Jens vil gjerne lese vidare sjølv. Etter vel tjue minutt går eg ned att, sikker på at han har sovna. Guten ligg fortsatt og les. Litt seinare, når eg er heilt heilt sikker på at NO må han no ha sovna, går eg ned for å slukke lyset. Då har Jon Blund vore innom, midt i eit oppslag om tyrkerdue.


Ole Jørgen

fredag 14. august 2009

Skulestart...

... og førebuing. Så er det i gang igjen. Eg merka det her tidlegare i kveld, ikkje berre mentalt, men i heile kroppen, at no er det verkeleg i gang igjen. Førebuinga. Bøkene, som har stått fint oppstilt i hylla mi på skulen, er no ikkje berre opna, men dei er opna heime på kjøkkenbordet. På ein fredagskveld. DÅ er det ingen veg tilbake.



Og det er likegreit, for det er jo trass alt kjekt. Nest etter familie, kosing, familiekosing, leiking, eting, soving, venner, lesing, ferie, fotografering, latter, sex, mat, lytte til musikk, bade, danse til musikk, kose, sykle og sove, er det faktisk noko av det kjekkaste eg veit!

Ole Jørgen

onsdag 12. august 2009

God planlegging...?

Tre dagar no der Jens skal vere heime med mammen og Lisen. Normalt skal han i barnehage torsdagar, men no er det planleggingsdag denne veka. For at ikkje liten energisk fyr skal kjede seg veldig og bli veldig frustrert pga. at ting tek tid med liten baby 'på slep', fann mammen ut at me skal ha ein plan for dagane. Dagens plan laga me saman ved frukostbordet (bildet er dog teke etter at alt er kryssa ut):
Reknar med alle skjøna dette? Viss ikkje: heng med! :)

Om morgonen er lita tuppe ikkje heilt ferdig med natta, så rett etter morgonstellet såg det slik ut på altanen - og me to store kunne gå i gong med det første prosjektet vårt:

Me lagar havrekjeks! Jens har rørt saman deig, og her brukar han 'rullaren' til å rulle deigen flat som ei pannekake. (Han kom raskt fram til at han ynskte seg ein eigen liten 'rullar'..)

Så stakk me ut kjeks, før steiking, nedkjøling og venting. Kjeksa viste seg å vere - og eg siterer - 'kjeeeeempegoe!!'. Kjekt, sidan dei inneheld null sukker og strengt tatt er for helsekost å rekne :)
Så - etter ein del rydding og sånn - vakna tøtta på altanen. Då var det perfekt å gå rett over i 'kinoen' me hadde planlagt. Mamman sørga for 'kinostol', me fann fram sunn snacks, og så var det tid for 'Ole Brumm og Heffalumpen' Det var lenge sidan me hadde sett den, så det vart litt skummelt når Tigergutt skulle stå opp frå senga - me sat difor veldig snart alle tre i same sofa og såg, tett saman - koseleg! Då 'kinoen' var slutt var Lise både mett og ferdigrapa, så me tok oss ein felles tur på badet.
Etter litt tid inne stod dette på programmet:

Me traff på dagens finaste godvèrsbyge og kosa oss lenge ute. Lise fekk pupp på benken vår medan Jens svinsa rundt på sykkel, snakka litt med dei i barnehagen, susa avgarde ned bakken etc. Så gjekk me ein lang tur og kikka etter bèr, fugla, insekt og allslags.
Vel inne att åt me ein sein lunsj (hadde jo smaka på kjeks med mjølk til tidlegare..) før siste post på programmet vårt:
Støving! Her er støvarane våre i ein pause - me måtte ha ei lita fruktstund..det er hardt arbeid å støve altså :)
Elles har me gjort masse, smått og stort. Og sidan me hadde sett på Ole Brumm og Heffalumpen, var det logisk å pusle dette puslespelet i ein ammepause:


Ferdig!

(Å hjelpe til med pusling går fint medan ein ammar, så lenge øskja med brikker er innanfor rekkevidde ;) )

Noko uklart i forhold til dagens plan og gjeremål? :)

lørdag 8. august 2009

Dagen derpå

Mange av gåvene kunne lesast og leikast med på sjølve dagen, men vi rakk ikkje å prøve den nye trebåten som farfar hadde laga. Derfor tok vi på oss gode uteklede og godt humør, og traska ned til Habn. Båten kunne køyre både fram og tilbake, og stanga kunne også brukast til å røre om i vatnet med. Stor stas!


fredag 7. august 2009

"Eg har bursdag eg!"

Så har vi omsider ein vaskeekte treåring i huset (omsider og omsider, eg syns desse tre åra har rast av garde), og dagen har blitt feira med brask og bram. Når eg no ser tilbake på dagen, trur eg den vart om lag slik Jens ynska seg. Han har i alle fall vist gode teikn til stor trivsel!

Dagen starta med eit bad. I dag tappa han i vatnet sjølv, og fylte badekaret til randa. Å stoppe før det var fullt var heilt uaktuelt. Etterpå åt vi frukost, og opna gåva frå Lise, og frå mamma og pappa. Lise sneik seg til å kjøpe ei tigerlommebok i dyrparken, og den fall veldig i smak.

Etter frukost var det kakebaking som stod på programmet. Gulrotkake var eit klart ynskje, og ingenting er betre enn å få vere med og lage si eiga kake! Eggedosis vart vispa med stort tålmod, og det å røre saman ingrediensane er kjekt. Til pynt hadde vi berre nonstop tilgjengeleg, men namn måtte det vere på kaka. Så dermed vart det litt vel store bokstavar. (Neste år skal vi passe på å ha tilgjengeleg pynt med litt mindre dimensjonar...)



Vi fekk besøk av mormor og morfar, og eit svært begeistra bursdagsbarn storma ut på trappa og ropte: "Gratulerer med dagen! Eg har bursdag eg!"

Etter å ha montert den nye stolen, måtte mormor og morfar vere med ned i kjellaren og sjå på rommet. Morfar og Jens leikte med lego, og laga ei mengde med legodyr. Etter kvart som det minka på klossane, vart det stadig større utfordring å bygge. Kanskje er det lurt å ta fantasien til hjelp når ein skal finne ut kva slag dyr det er snakk om. Her står dei oppstilt på rekke og rad:




Etter middag (som sjølvsagt var lapskaus, den beste middagen som finst), og sykling saman morfar, var det tid for bursdagsfest med kake og hatt. Kaka smakte godt, og sjølv om Jens hadde planar om å ete alle nonstopane, vart det litt kake igjen til oss andre også. Etter kvart som maten begynte å synke, fulgte krona etter...


Presangane vart opna litt no og då i løpet av dagen, slik at han skulle få tid til å sjå på dei og leike utan mas og jag. Bøker vart lest i, papegøye og slange vart leika med og ballongar kasta rundt. Og sjølvsagt vart sykkelen sykla på og stolen sete i, og i lommeboka vart det lagt to kronestykker. Når det dukkar opp eit klesplagg med sau på, kva slag klesplagg er det då snakk om? Jo, ein pysjamas, sjølvsagt!
Etter ein slik dag, med mykje lett og lystig kåk (som froskane kallar det), er det ikkje lett å finne roen og sove. Så etter tre turar på do, og henting av kokebok(!) for å lese i, kunne vi seie god natt. Då låg han tvers over pinnsvinstolen på rommet. Når vi gjekk ned å sjekka litt seinare, låg han likevel i senga og sov søtt. God natt, bursdagsbarn!

Ole Jørgen

torsdag 6. august 2009

Dagen før

"Dette er den siste dagen du er to år! For kva er det som skjer i morgon?"
"Eg har BURSDAG!"
"Ja! Kor gammal er det du blir då?"
"Eg blir 6 år!"
"Blir du 6 år??"
"Nei - eg blir 3. Og då er eg jo ein vaksen mann!"

Samtale ved frukostbordet i dag :) I dag er det altså dagen før dagen, rett og slett. Det høyrest ut for at hovudpersonen har sovna no, men 'alarmen' har gått 2 gonger etter at han eigentleg hadde lagt seg for å sove - begge gongene fordi han måtte på do. Kanskje all spenninga som tyt ut på det viset? :)

Medan Jens var i barnehagen i dag har me ordna masse på rommet hans (som vert omtala som han og Lise sitt, sidan ho nok flyttar inn der om lengelenge..). Ikkje alt er som det skal bli, for me ventar på ny 'leveranse' m.a. frå Ikea om ikkje så altfor lenge - då skal me kanskje vise fram meir. Men for no får det vere greit å vise fram den store bokhylla dei nett har fått der nede. Me har sortert i bøker og må innrømme at me faktisk vart overraska over at dei ikkje har endå fleire bøker - tatt i betraktning kven foreldra deira er og sånn... (Men me må jo skyte inn at me er næraste nabo til biblioteket, så veeeeeldig mange bøker har vore innom hos oss på kortare og lengre besøk ;) ). Lise har fått nokre hyller, Jens nokre og nokre er felles. Bøker og litt leiker er plassert, og guten var begeistra han.


(Veldig fotogen småskummel oljeomn som er plassert der nede nett no...)

Etter barnehagen i dag har han i grunnen berre villa vere på rommet - det var greit å ete middag oppe, men så bar det ned att til bamsar, lego og bøker :)

Noko me merkar når me held på å 'lage' rommet deira er det nokre ting me saknar. T.d. små lure oppbevaringsløysingar og kjekke ting til å ha på veggene - gjerne fleire ulike kjekke ting. Akkurat dette har eigentleg si løysing viss me skaffar oss 'Opp og lek-tavler'. Me har sett på dei leeenge, i nettbutikken til Vidunderbarn, men det har ikkje blitt at me har kome så langt som å bestille når det har vore ei anledning (bursdag eller jul eller sånn). Litt for seint no også i grunnen - sidan me kom på dei att først i dag... Men kanskje det vankar ei pengegåve til bursdagen - kva veit me. Det kan i alle fall veldig godt tenkjast at det kjem ei bestilling herfrå om ikkje så altfor lenge... Sjå kor praktisk, kjekt og dekorativt:




































Vel, me får gå tilbake til bursdagsførebuingar tenkjer eg. Den siste gongen eg gjekk frå Jens og opp (etter at han altså hadde vore på do for andre gong), sa eg at eg gledde meg til i morgon. Svaret: "Jaa! Då skal me ha kaka og is og ein ball og spel og dans!" Mykje å sjå fram til altså :)

-Nina

onsdag 5. august 2009

Fornying

På møbelfronten er me i grunnen ikkje så 'avanserte' - me har huset fullt av masse arva møblar, i tillegg til ein heil del hyller, kommodar og skåp (mest frå Ikea). Stovemøblane våre syng imidlertid på eit av sine aller aller siste vers, og dei to skinnstolane har leeeenge vore klare for å bli demonterte for godt... Og til bursdagane våre fekk me pengar me skulle bruke til noko me hadde bruk for - dei vart denne veka omgjorde til to slike stolar:






Gutta boys har montert, dei gamle er demonterte og kasta, så no er stova litt annleis enn før. Det er ikkje akkurat sånn hos oss at alt matchar -veldig langt frå - men me trur det skal bli bra, berre me venner oss til dei.

På fredag vert det 3-årsfeiring! Stor stas - og eigentleg føler me at me har hatt treåring i hus lenge.. Ein super alder, men definitivt utfordrande også. Litt for oss, men det er mykje striare for han sjølv når det vert vanskeleg...viktig å hugse! Så me øver saman på å bruke orda våre og tenkje oss om, og me vaksne gjer vårt beste for å kommunisere tydeleg, roleg og respektfullt, og å gi han rom til å vere og uttrykke seg sjølv. Då me søkte etter eitkvart på nettet kom me over denne fine artikkelen om treåringen - mykje lurt her trur eg http://mammanett.no/barnetsutvikling/utvikling%200-6%20aar/3aaringen

No søv han forresten på sitt eige rom - det ville han i dag. Det er deilig med alt han kan få styre sjølv synest me - sånn som overgangen frå bleier til truser (som gjekk smertefritt sidan han var heilt motivert), når han vil sove kor, når han ville lære bokstavane etc etc

Stor gut ja, men han syntest det var kjempestas då me henta fram nokre babyleiker i dag - så søt der han sat midt på golvet og kosa seg med rangler og biteleiker... ;)

søndag 2. august 2009

Sommartider, hey hey!

Ein sommarferie går mot slutten, og ein ganske så stilleståande blogg bør begynne å vakne av sommardvalen. Det er deilig med sommarferie. Kroppen finn sin heilt eigen rytme, og familien kan styre tida si slik det passar oss aller best.


Som i fjor sette vi også i år kursen mot Lyngdal Bibelcamp ei vekes tid i starten av juli. Saman med familien Vassbø leigde vi internatrom på campen, og både store og små fekk med seg mykje godt gjennom bibeltimar, kveldsmøter og barneopplegget Kidz camp. Eit høgdepunkt for Jens dette året var besøket av Linkus på Kidz party. Også på avslutningsmøtet dukka Linkus opp, og det var ganske sørgeleg då han måtte gå igjen. Lise fekk med seg det aller meste - både av møter, bibeltimar, barnemøter, konsertar og eg-veit-ikkje-kva frå sjalet sitt, der ho for det meste sov :)

I tillegg til møter og Kidz camp, rakk vi også å bade i Sørlandsbadet (og litt i sjøen, men det var ikkje like kjekt), gå på konsert med både jentegruppa Seven og Sveinung Andersen, shoppe i Lyngdal og ikkje minst besøke Dyreparken i Kristiansand!



For enkelte var nok dette sommarens høgdepunkt. Sjølv om det var store deler av parken vi ikkje rakk over, fekk vi med oss både løve, tiger, giraff, sebra, antilope, struts, afrikansk villhund, kenguru, orangutang, gibbonape, guanako, påfugl, flamingo, lemur, papegøye... Lemuren gjorde nok eit sterkt inntrykk, for då vi var innom den store suvenirbutikken ved utgangen, var det ein liten tass som ikkje hadde auge for noko anna i heile butikken enn lemurbamsane. Så då vi sa han kunne få ein, var gleda til å ta og føle på!

Vel heime i Erfjord begynte vi for alvor å planlegge dåpen til Lise. Så kjem meldinga om at oldefaren er død. Dermed blir det tur til Bømlo, og gravferd berre fire dagar før dåpen. Lise forstår nok ikkje så mykje av kva som skjer, verken det eine eller det andre. Storebror forstår at oldefar no er hos Gud i himmelen. Og så lurte han på om Gud óg er død, sidan han også er i himmelen. Eit heilt logisk resonnement! Heldigvis kan vi då fortelje at Gud slettes ikkje er død, og at oldefar har ein heilt ny, frisk kropp i himmelen. Oldefar var glad i Jesus, og det gir oss tryggleik og glede, midt oppi sorga.


Vel heime igjen var det igjen dåpen som fekk mest fokus. Slekt og vener kom på besøk og feira den store dagen saman med oss. Prest Olav Vikse, ein flott mann, døypte Lise og leda oss gjennom ei fin Gudsteneste. Lise sov seg gjennom heile dåpen, ho "sov seg inn i Guds rike", som presten så fint sa det. "Lise veit at dette tek Gud seg av, så her er det berre å sove og ta det med ro!"

Etter å ha utført den viktige jobben å tørke av håret til Lise med stor grundighet og konsentrasjon, var det ein storebror som etterkvart også sovna. Stilt og fredeleg på sidebenken i kyrkja låg han, gjennom nattverd og salmer - og syntest ikkje det var så veldig stas å bli vekt under postludiet...


Besteforeldre, søskenbarn, onkel og tante og vener frå Erfjord var med oss, og vi fekk god hjelp, både med kaker, pynting, filming, fotografering og opprydding. Inga sut å feire dåp når det er slik! Her er det bestemødrene som ryddar på kjøkkenet:



Sykkelfantomet vårt, som rett før helga hadde fått ny og større sykkel til bursdagen, fekk hyggeleg selskap av søskenbarn som også likte å sykle. Særleg eldstemann, som vi trur er ein stor helt for Jens, delte sykkelglede (og hjelmglede) i mange gode timar. Og når det er kake å få, kan ein jo berre parkere syklane fint i entreen!



Utanom desse store hendingane, har sommaren vore fylt med mange rolege timar og koselege aktivitetar. Det er viktig å lade opp til eit nytt semester, i heim, barnehage og skule. No skal storebror straks begynne i barnehagen igjen. Då håpar vi han har med seg mange gode minner frå sommaren.


Til slutt eit godt minne: Lemur-tatoveringa på handa. Den forsvinn sakte men sikkert, akkurat som sommaren. Då er det godt at vi har eit bilde av den!


Ole Jørgen