søndag 27. september 2009

Slumdog millionare

Det er ei kjensgjerning at det sjeldan er lurt å sjå filmen etter at boka er lest. Som regel vert ein svært skuffa, fordi filmen som medium har mange begrensningar i forhold til bøker. Bøker skapar bilder, og bildene i hovudet går saman til ein indre film. Denne "filmen" er nesten alltid heilt ulik kinofilmen som nokre andre har laga.

Slik opplevde eg til dømes "Cold Mountain", som er ei spennande og fantastisk bok. Filmen var god, men kunne ikkje måle seg med boka. Annleis var det med filmen "Den grønne mil". Hovudgrunnen til dette er enkel. Boka eg kjøpte (på Gardermoen på veg tilbake til garnisonen i Kirkenes i 2001) var ei såkalla "boka bak filmen"-utgåve. Omslaget var sett saman med bilder frå filmen, difor såg eg til dømes heile tida for meg Tom Hanks når eg las om fengselsbetjenten. Filmen brukte dessutan boka nærast som dreiebok, så dei store avvika var ikkje å finne.

Etter denne positive erfaringa, tenkte eg at opplevinga kanskje ville bli lik når eg tok fatt på denne boka:

På framsida ser vi to av hovudpersonane i filmen "Slumdog Millionare", og på baksida var det fleire bilder frå filmen. I tillegg gjekk eg inn på internett og søkte opp endå fleire bilder. Godt lada med alle hovudrolleinnehavarane i hovudet, sette eg i gang å lese. Boka greip meg, og eg er fascinert av historia. Vel ferdig gledde eg meg til å sjå filmen. Særleg såg eg fram til scena der hovudpersonen Ram Mohammad Thomas skal konfrontere tv-verten med pistol på toalettet, og scena der han vert kjent med guten Shankar, som har sitt eige heilt spesielle språk.

Men kva skjer? Filmen er god, den har fin musikk og er bygd opp på same måte som boka. Men alt er jo forandra! Nesten ingen av historiene til hovudpersonen er dei same, spørsmåla i tv-programmet er forandra, ja, til og med namnet til hovudrolla er forandra. No heiter han Jamal Malik, og har slett ikkje vakse opp hos ein katolsk prest, på barneheim, hos ei gamal filmstjerne og hos ein australsk ambassadør. Neida. Og kva har dei gjort med Salim? Gjort han til skurk! Ein simpel skurk som svik sin eigen bror.

Litt skuffa er eg. Eg må seie det. Men ikkje så skuffa at eg ikkje kan seie at eg likte både boka og filmen. Men då som to heilt ulike historier.

Ole Jørgen

lørdag 26. september 2009

Botavon

Denne grøne ullbuksa har vore eit av Jens sine favorittplagg lenge. Ho har veldig mykje bruk bak seg (Jens var 1,5 år då han fekk ho, og har brukt ho til dessars. Det er mogeleg det når passforma er fleksibel, buksa kunne brukast som bleiebukse og funka finfint med oppbrett på beina ;) ) - rett og slett så mykje at det eine kneet no hadde kapitulert.
Men eit hol eller tre er ikkje grunn god nok til å kassere eit klesplagg her i garden - særleg ikkje eit ullplagg.
Så mammen stoppa hola - men det såg jo ikkje vidare stilig ut måtte me innrømme. Så me ville ha ein stilig lapp (=bot). Slikt hadde me ikkje - og kva gjer me då? Lagar ein, åff kårs.






Litt snodig, men mest stilig..? Jens er veldig fornøgd, og forkynte med stor glede at 'no e det nesten blitt ei heilt nye dagbuksa!' :)



Jada - da va heldigvis botavon dinna gångjen òg.

-Nina

fredag 25. september 2009

5-årsjubileum!

I desse dagar er det fem år sidan denne dama kom inn i liva våre. Bildet er teke i hin hårde studiedagar, medan ho endå hadde ein viss orden på papira våre:






Den gong var ho ein ung og sprek katt på to år, som prøvde det meste. Blant anna sette ho hovudet fast i hanken på ein papirpose og flaug rundt som ein gal i stova. Til slutt måtte hanken gje tapt.

Ho har alltid vore ein kosepus, sjølv om det å ligge og sove på fanget aldri var aktuelt. Kløing og kos var bra, men beina skulle vere planta på trygt underlag.

I dag er ho fortsatt sprek, sjølv om ho no kan seiast å vere godt vaksen. 7 katteår skulle vel tilsvare 39 menneskeår, rundt rekna. Kos blir fortsatt godt motteke, og no går ho heller ikkje av vegen for å kvile på eit fang. Om det er fire år i frisk Ryfylke-natur som har påverka, er umogeleg å seie noko om. Uansett, her er eit dagsferskt bilde av katta på Nina sitt fang, og Lise som søv i vogna.


Godt at vi endå har greit vér å vere ute i, slik at katten av og til får litt selskap!

Ole Jørgen

søndag 20. september 2009

Familie-søndagstur

Det er deilig det! Å vere saman alle fire, ute i deilig frisk luft, med eit mål i sikte og godt humør.
Glade ungar, glade vaksne, sol, skugge, sykkel, niste, suppe, pupp, kos, leik, utforsking og prat.

Og så er det deilig med trøtte bein, raude kinn og gode minner etterpå :)






-Nina

lørdag 19. september 2009

Jakt på haustteikn

Det er fleire veker sidan vi gjekk inn i den første haustmånaden, og hausten har allereie begynt å sette sine spor i naturen. Eit av dei tydelegaste teikna er at det no er mørkt når vi står opp om morgonen. Nokon og ein kvar kan jo bli forvirra og lure på kva tid på døgnet det eigentleg er. "Er det dag no?" er som regel den første setninga eg høyrer om morgonen. Ved sidan av senga mi står då ein liten gut i grøn pysjamas, og responsen hans er som regel eit lukkeleg "å, ja!" same om eg seier ja eller nei. Viss klokka endå ikkje er blitt seks, er det som regel ikkje noko problem å legge seg og sove litt til.

Men lyset er ikkje det einaste haustteiknet. Jens og eg la ut på fotojakt i dag tidleg, og med oss, jamt over ti meter bak, fulgte denne dama:

Med sansane opne luska vi rundt i byggefeltet, og her er nokre av haustteikna vi fann:



lauv på bakken:







Rognebær:












Kongler i haug og dung på bakken:






Ein og annan sopp:










Sauer, rundballar og nyperose:



I tillegg til dette såg vi tre med frukt på, blad som var nesten oppetne av åmer, visna busker, rive og trillebår full av greiner og lauv og på same busk som nyperosa var der også nyper. Til dei meir diskutable haustteikna vi fann, kan vi vel rekne den litt grå og slitte ispinnen som låg midt i vegen. Det er jo om sommaren ein et is, så då er det vel naturleg å finne gamle ispinnar om hausten? Vi tok bilde, men det var ikkje så veldig spennande og interessant å sjå på.

Det er herleg å gå tur, særleg viss ein på vegen finn to flotte pinnar som ein kan stikke i busker som ein treff på vegen. "Ta bilde av skyggen min, pappa!" Som spurt, så gjort:



Til slutt gjekk vi ned i skogen og tok bilder av oss sjølve i strikka genser og strikka kofte. Viss nokon er interesserte i å sjå DET haustteiknet, er det berre å komme med eit hint, så vert det send på e-post!
Ole Jørgen

torsdag 17. september 2009

Stålfisk



I dag kom ein lukkeleg gut heim frå barnehagen, svart og god i ansiktet.

'Kva er det svarte i ansiktet ditt?'

Han tenkjer nøye etter, før det kjem: 'Stålfisk!'
Han hadde teikna med stålfisk, difor hadde han svart ansikt.

Me kom fort fram til at stålfisk er det me andre kallar kålstift (kullstift for dei meir austnorsk orienterte). Og med den hadde han teikna 'nåkå løye' :)
-Nina

mandag 14. september 2009

Fuglekikking på Haugesund sjukehus

Fredag var me på sjukehuset ein tur for kontroll av Lise sitt hjarte. Me kom inn til ein kjekk lege som heiter Andreas. Han snakka masse med Jens før han gjorde noko anna, dei fekk snakka om både Bømlo og Lise og allslags. Så avbryt brått Jens og utbryt, medan han ser bort i vindauget til legen: "Men DET va nå ein løyen fuggel!"
Det var altså ein modell av eit hjarte - veldig lik den på bildet over - han viste til. Legen hadde ikkje høyrt akkurat det før, men måtte innrømme at han forstod tanken :)
Elles så fann legen ut at Lise har ei innsnevring på hjartepulsåra si, og ho skal difor tilbake til ny kontroll om nokre mnd, for å sjå om åra utvidar seg like mykje der det er innsnevra som elles etterkvart som jenta veks. Me satsar veldig på at ho gjer det - elles byrja han å snakke om ballongar og utblokking og sånn, og det vil me helst sleppe merkar me...

Etter sjukehusturen handla me litt - kjøpte m.a. vintersko til big-foot-guten vår i str. 30 - før me reiste til Bømlo ein tur. Der har me hatt ei avslappande og god helg alle saman. Me jentene har sove kjempelange netter - ny rekord trur eg! (Lise sov type frå 20 til 6-7, så eit måltid og ei tørr bleie, og sov vidare til 12 i går og 11 i dag). Jens har fått leike og jobbe og tulle og har kost seg massemasse.

No er me klare for ein ny dag - godt val folkens! :)

-Nina

onsdag 9. september 2009

Dingo

Dette er ein dingo (australsk villhund):



Det er eit hundedyr som lever i Australia, og er eitt av fleire "Digge Dyr" som Jens er svært oppteken av for tida. "Digge dyr" er dyreprogram laga for barn, og det vil vel ikkje overraske trufaste lesarar av bloggen at Jens er veeeeldig interessert i desse programma. Når han får sjå ein episde, veit vi kor vi har han dei neste 20 minutta, for å seie det slik.

I ettermiddag sat Jens i sofaen (blant dei mest trufaste bamsevenene), medan pappa laga middag og mamma gav puppemiddag til Lise. Plutseleg bryt han ut: "Dingoen bjeffer ikke på samme måte som tamhundene". Med østlands-sleng og ordrett etter kommentaren i filmen! Vi spurde kva slag lyd dingoen då laga. "Den uler!"

Ole Jørgen

(Bilde henta frå http://www.cosmosmagazine.com/)

søndag 6. september 2009

Imponerande byggverk

I går kveld bygde Jens og eg opp dette fantastiske byggverket, som eg tenkjer vil imponere dei fleste:


Jens var veldig oppteken av at absolutt alle klossane skulle brukast, så det opprinneleg planlagde tårnet fekk mange tilbygg. Sakte men sikkert dukka så denne fantastiske konstruksjonen opp.

Dette med å bruke alle klossane heng nok igjen frå ein kveld tidlegare i veka. Jens hadde sett eit par dyrefilmar, og vi meinte det var nok for den dagen. Så då han spurde om å få sjå endå ein, svarte vi at han kanskje heller kunne bygge ferdig togbana som han hadde begynt på tidlegare den dagen. Han gjekk i gang med å bygge, og plasserte skinnene i lange rekker og sette ut absolutt alle klossane rundt. Då han var ferdig, kikka han fornøgd på oss og sa: "No har eg bygd ferdig togbana, kan eg sjå film no?" Kva kan ein seie til sånt? Han fekk sjå filmen sin, skjønne guten. Her er litt av den ferdige togbana:

Personane som går på skinnegangen er, frå høgre: "pappaen, mammaen, storebroren og litlajentå". Ikkje veit eg kor han tek DEI namna frå...

Ole Jørgen

Ut på tur

Det er laurdag, det er opphaldsver og Jens spring att og fram i stua utan mål og meining. Vi har mykje opplada energi å bruke, så vi bestemmer oss for å ta turen ut i Guds frie natur. Dermed pakkar vi sekken, tek på oss gode sko og varme klede og traskar i veg.

Då vi starta tenkte vi at vi skulle gå til barnehagen sin lavvo. Jens hadde veldig lyst, og sidan han er den einaste av oss som har vore der før, var det naturleg at han viste vegen. Han peikar i den retninga vi skal gå, og vi følgjer etter. Etter at vi har fulgt traktorvegen eit stykke, kjem vi til eit kryss. Vi spør, og Jens peikar lett vidare i den retninga vi allereie går i. Berre for å kontrollere må vi spørje om han verkeleg veit kor lavvoen er, og då svarer han "nei!". Det var nok eit ærleg svar, for vi fann slett ikkje fram. Men det gjorde ingenting.



Vel framme på staden vi bestemte oss for som "framme", sette vi oss godt til rette på ein stor, flat stein. Trekte pølser kom på rekke og rad ut av termosen, etterfulgt av gulrot og eple frå matboksen. Vi vart mette, og Jens fekk kvitta seg med mykje opplagra energi.

På veg heim var vi nok litt meir uforsiktige langs med traktorstien, så det vart behov for å ta fram hageslangen og spyle litt før vi kunne gå over dørterskelen heime.

Det var ein lukkeleg og sliten gjeng som etterkvart slo seg ned heime att. Det er verkeleg godt og litt slitsamt med tur, så Jens sovna som ein stein etter kveldsmaten (og var vel ikkje så veldig vaken den siste halvtimen før legging heller...)
Ole Jørgen

fredag 4. september 2009

Hipp hurraaa!

Jens og eg har laga blåbærmuffins i dag me - me lot oss rett og slett inspirere av tilgjengelighet på blåbær og Pickles-bloggen ;) Så då vart det fredagsgodt i staden for laurdagsgodt denne veka (kan jo her informere interesserte om at Jens sitt laurdagsgodt for tida består av nokre cashew-nøtter i ein kopp. Han er nemleg vorten TRE år og kan til og med ete NØTTER og det er KJEEEEMPEGODT ;) Me frydar oss så lenge han svinsar rundt på butikken med bittelita handlevogn på jakt etter nøtter..)
Gode vart dei, i grunn. Og då dei stod i ovnen sprang altså Jens rundt og ropte 'Hipp hurraaa for blåbêrmuffisane!'

Elles? God helg! :)
Nina

torsdag 3. september 2009

Solsikkeglede

I vår vart det lagt eit heilt spesielt frø i jorda utanfor huset vårt. Det er ikkje så stor blomsterbed, men det gjeld å utnytte det arealet ein har. Så saman med mange andre typar blomar, vart det lagt ned eit lite solsikkefrø.

Jens har vore veldig spent på denne solsikka, og har saman med mamma gått og sett på korleis den har vokse og fått blad og etterkvart blome i fleire veker no. Det er fast post på veg heim frå barnehagen.

I dag, leeeeeenge etter at solsikka har blitt gul og stor og fin, fekk far i huset ei openberring då han kom heim frå jobb. Solsikka! Den har jo fått stor gul blome!

I rein glede og begeistring spurte han då Jens etter middag om dei ikkje skulle ut og sjå på solsikka. Han tenkte kanskje at han var den første som hadde fått med seg dette, og no skulle spre det glade bodskap. Eg veit ikkje eg. I alle fall vart Jens begeistra og sprang ut saman med ein spent far. Korleis vil han reagere no? Og Jens var glad og nysgjerrig og utforskande. Men sjølvsagt ikkje for første gong, for å sjå på solsikka har han gjort mange gongar før.

Heldigvis er det ingenting i vegen for å bli begeistra for noko mange gonger, så pappa gjekk inn med ei glad kjensle av å ha spreidd ei god nyhende.


Vel vel, det er i det minste godt at vi ikkje er like, alle saman.


Ole Jørgen

tirsdag 1. september 2009

Konfirmantweekend

Kvart år reiser konfirmantane i Suldal på weekend til Brandøy, og dette året var ikkje noko unntak. 53 konfirmantar pakka koffertar, bagar, vesker og sekker, og fylte opp to bussar saman med 12 leiarar. Brandøy er ein flott leirstad, berre sjå:


Med to fotballbaner, ei volleyballbane, trampoline, kai med kanoar, gymsal, peisestove, matsal, møtesal og soveplass til nærare 100 gjester, er dette ein leirstad med omsorg for heile mennesket. Vi gjekk til duk og dekka bord heile helga, og det verka som konfirmantane koste seg.

Sjølv om veret ikkje var det beste, fekk vi likevel sjansen til å vere litt ute. Dei barskaste av konfirmantane bada, dei fleste andre heldt seg tørre og varme. Skiløp (!) var populært, og nokre tok seg også ein tur i kanoane:


På ein konfirmantleir er det sjølvsagt at andelege tema får like stor plass som kroppslege. Gjennom undervisning, samtale og sang/musikk vart konfirmantane blant anna utfordra på sitt gudsbilete, og presentert for det bibelske biletet av Gud. Som innleiing til temaet skulle konfirmantane male sitt eige gudsbilete. Mange spennande motiv, og mykje fint å sjå!


Der ungdommar er samla er det som regel mykje moro, og ein festkveld høyrer med på leir. I tillegg til innslag frå dei ulike skulane, fekk vi blant anna besøk av desse selsame herrane:


Det er kjekt å vere på leir!

Ole Jørgen