torsdag 29. oktober 2009

Barne-TV

Barne-TV er for svært mange eit godt minne frå barndomen. Slik er det også for meg, og ingenting kan måle seg med barne-tv på 80-talet. Sjølvsagt er det mykje bra i dag også, men det blir ikkje det same. Stakkars ungar som går glipp av alle dei gode programma!

Eg kom heilt tilfeldig over ein blogg tidlegare i dag, der det vart skrive om barne-tv. Bloggaren sakna skikkeleg barne-tv, slik det var då ho var liten. Så begynte ho å ramse opp sine favorittprogram, og det kom ganske raskt fram at ho må ha vore liten seint på 90-talet. Altså omtrent på den tida eg begynte å tenkje: Stakkars ungar... Og her er det altså ei som seier det same om barne-tv i dag.

Det er vel heilt naturleg. Når borna i dag ein gong vert store, kjem dei til å seie: Stakkars ungar. Då eg var liten, DÅ var det barne-tv då!

Eg måtte tenke litt på kva slag program som eigentleg var så fantastiske då eg var liten. Kom på mange dårlege (som "tøydukke Anna", "Andungen Kvakk Kvakk" og "Sommeren med Sellik"), men det var ikkje så vanskeleg å komme på dei gode. Dei programma eg gleda meg til å sjå, og som fortsatt skaper glede når eg tenkjer på dei. Her er "topp 11"-lista mi:

- Bompibjørnane
- Fragglane
- Gullars
- Portveien 2
- Super-Ted
- Postmann Pat
- Pippi Langstrømpe
- Jul i skomakergata
- Det var en gang et menneske
- Sam og trylleballen
- To gode naboar



Var litt i tvil om eg skulle setje "Redda Joppe" inn på lista. Eg såg det jo, og likte det, men det var frykteleg dårleg. Det var vel eit slikt elske/hate program.

Til slutt ein liten vurderingstest: Kva syns du ser koselegast ut? Sesam stasjon frå 90-talet, her representert ved Bernt og Erling og gjengen, eller Portveien 2 frå 80-talet?



















Kva er dine beste barne-tv minner?

Ole Jørgen

5 kommentarer:

Eva og Kurtito sa...

jaha. saa du meiner "Sommaren med sellik" var daarleg? det var jo fantastisk! men sjölvsagt kjem det ikkje opp mot "Sommaren med jellik", om du hugsar den...;)Eg syntes sommarkinoen var det beste. og alt med vibeke saeter...:)

Nøstbakkens sa...

Ja, sjølvsagt hugsar eg godt "sommaren med Jellik". Den gjorde eit uutsletteleg inntrykk, og er kanskje noko av det beste som nokon gong er laga av "barne-tv".Den var i alle fall mange divisjonar over "sommaren med Sellik", som eg hugsar som noko kjedeleg. Hugs på at du var fire år yngre på den tid, og hadde endå ikkje heilt fått begrep om kva som er god kvalitet og ikkje...

Sommarkinoen var bra!

Anonym sa...

det var ikkje noke dårlegare på 50-talet,uten tv,men med barnetime på radio kvar dag.Alf Prøysen,Anne Kat Westly og Torbjorn Egner.KJEMPE.Mor olsen

Nøstbakkens sa...

Det eg hugsar aller best frå barnetimen, er Michael Ende og "Jim Knapp og de ville 13". Eg hugsar den vart lest den sommaren vi ferierte på Sunnmøre. Kanskje det var i 1990? I alle fall gjorde den inntrykk. Eg hugsar Alf Prøysen og Anne Kat Westly eg også, men Thorbjørn Egner hugsar eg best frå opplesing heime om kveldane.

Jada, både pose og sekk!

Nøstbakkens sa...

Fru Nøstbakken kastar seg inn her:

Sommarkinoen var fin, ja - Oksen Anton! :) Labbetuss trur eg var pop i min tidlege barndom, for ikkje å gløyme skomakar Andersen. Og seinare var det teiknefilm som var best. Bamsebybjørnar og Kalle Klovn og egveitikkjekva.
Barnetimen var finfin den også - det er mest Vestly eg hugsar, særleg Ole-Aleksander. Og sjølvsagt 'Å, du gode sparegrisen min...'

Men altså - det er i grunnen veldig bra at dagens barne-tv og barnetime er laga for dagens ungar - det er ikkje akkurat heilt likt å vekse opp no som for 20-25 år sidan ;)