mandag 30. november 2009

0,5-årsdag!

I dag er det ikkje mindre enn seks heile månadar sidan Lise "såg lyset" for første gong. Gratulerer med halvtårsdagen!

søndag 29. november 2009

1. søndag i advent!

Endeleg kunne vi tenne det første adventslyset! Startskotet har dermed gått for endå ei adventstid, og i år startar den med kulde, sol og klarvér. Eit perfekt utevér.


I går hadde vi peparkakebakedag her hos oss. Morfar kom på besøk, og var med å kjevle ut og forme hestar og stjerner og hjarte.

Morfar hadde med seg oldefar sin steikeovn. Den har både over- og undervarme, dermed kunne vi sjå og glede oss til å ete nysteikte peparkaker:

Sidan det er "raudnasedagen" i dag, har vi med eit par bonusbilder:


Også dei andre i heimen har feira dagen med raude naser. Viss de vil sjå bilder, er det berre å sende ein e-post eller noko!
No skal vi ut og gå oss ein tur i finvéret. Ha ein god 1. søndag i advent!
Ole Jørgen

lørdag 28. november 2009

Du veit det nærmar seg advent når...

1) Jens sin handlelapp ser ut som dette:


2) Det viktigaste punktet på lista er S for Solsikkefrø





3) Det nest viktigaste punktet på lista er M for Mandarin
















4) Du får plutseleg, og for første gong dette året, ein utruleg stor trang til å høyre julemusikk, og Juleselskapplata til Reflex & Kjell Karlsens orkester vert blåst støv av og sett i spelaren




5) Det står ein bolle med peparkakedeig i kjøleskapet



6) Lise følgjer nøye med på middagslaginga, som i dag blant anna inneheld julepølser, kjøpt på sal på Joker


7) Jens ventar spent på å få legge ut klumpen beståande av Flott (F på handlelista) og solsikkefrø til fuglane, og dyra i vinduskarmen ser ut til å vente i spenning dei også.

8) Fire lys er klare til aksjon. Det må berre bli søndag først. Vente vente...


9) Og Ole Jørgen omsider har lakka ferdig Lise sin stol. Det tok eit halvt år å få den klar, men jammen var det verdt slitet.

10) Vi ventar på ventetida, og gler oss til å kunne vente på skikkeleg!

Ole Jørgen

tirsdag 24. november 2009

Skulekjøkken

Skulekjøkken er ein fin ting. Store flater, god plass og firedobbelt opp av alt. Koselege elevar som du blir kjent med i ein heilt annan situasjon enn vanleg klasseromsundervisning. Det er kjekt å vere på skulekjøkkenet!

Likevel lurar du sikker på kva eg gjer på skulekjøkkenet ved midnattstid ein sein tysdagskveld? Eit heilt naturleg spørsmål, og sjølvsagt finst det eit logisk svar: Eg steiker brød, vel! Jada, no er det 15 minutt att av steiketida, og så må dei kolne litt. Etterpå skal eg ta dei med heim.
Du lurar på kvifor eg steiker brød på skulen så seint på kvelden? Jo, no skal du høyre. Det heile starta for om lag 1 time sidan. Då sat eg i bilen på veg heim frå bibelgruppe. Nina var ikkje heilt i form i dag, så ho valte å bli heime. Difor sat eg heilt aleine i bilen, og tenkte på fuglebrettet vårt.
Fuglebrettet, spør du? Jada, eg tenkte eg skulle sette opp fuglebrettet. Det nærmar seg advent, og ein skal ta vare på dei små flygeglade. Då eg kom heim henta eg fram brettet og skrujern, og gjekk inn til Nina. Og det er då premissane for resten av kvelden vert lagt, for på kjøkkenbenken vår står tre brødformer med usteikte brød oppi, knallklare til å bli steikt. Problemet er at undervarmen i ovnen vår ikkje verkar, og det er ikkje så lett å bli vant til. Men det var lite brød att i hus, og Nina hadde difor trassa hovudverken og gått på med friskt mot. Friskt mot, men ingen ovn.
På skulekjøkkenet, derimot, der er det ovnar! Difor tok eg med meg brøda og pc'en, og no sit eg her.
Her er ganske fredeleg og roleg. Nesten litt koseleg. Men eg er glad her er internett-tilgang, elles hadde det nok blitt litt kjedeleg.
Til slutt vil eg oppfordre deg til å bli med i Termometeraksjonen. Støtt opp om den gode saka!
Ole jørgen

søndag 22. november 2009

Besøk, lys og maling

Besøk

Denne helga har vi hatt besøk av farmor og farfar. Heile fredag gjekk Jens og gleda seg, og blei ganske så pirrevirr då dei endeleg parkerte bilen utanfor huset. Han har prata og prata, og kosa seg kjempemykje denne helga. Her ser de Jens og farfar på Sand, på veg mot ein svært fristande sølepytt...

Det har vore ei kjekk helg for oss alle, så takk for at de kom, farmor og farfar!

Lys

No når dagane vert mørkare, og vinteren bankar på døra, er det mange gode lyspunkt i vente, både konkrete og abstrakte. Levande lys kan vel plasserast blant dei meir konkrete. Det er herleg å tenne på stearinlys, og la dei mjuke flammane og det gode lyset fylle rommet. Det skaper stemning, det!
















Også ute er det fint med litt lys i mørket, og vi har teke i bruk lyktene vi fekk av elevane våre i vår.
Til venstre er lykta Nina fekk av 3/4. klasse då ho gjekk ut i permisjon, og til høgre er lykta eg fekk av 10. klasse på avslutningsfesten. Det er herleg med slike elevar!


Stolmaling
Ja, endeleg er stolen til Lise blitt malt. Det måtte eit besøk til, av sjølvaste pappa, for å sparke meg i gong, men no er det altså gjort. For oss som er praktiske analfabetar, er det godt å få hjelp av menneske som likar slikt. Og så mykje koselegare det er å male når ein er to enn å gjere det heilt aleine! Så eg bryr meg ikkje om at Gunnstein kjem til å flire no. Eg unnar deg det!
No ventar berre eit par strøk med lakk, og kor tid det skal bli veit eg ikkje. Når kjem du på besøk igjen, pappa?

Ole Jørgen

fredag 20. november 2009

Keiserpingvinen



"Keiserpingvinen er den eneste fuglen som hekker på havisen!" (Viktig informasjon, snappa opp og resitert (sjølvsagt på austlandsk) av storegut frå barnefilm om keisarpingvinen)

torsdag 19. november 2009

Halv åtte

Overskrifta handlar ikkje om klokka, men meir om den tilstanden vi vaksne i husstanden har vore i dei siste par dagane. Vondt i venstre arm, stiv nakke og rygg og elles redusert helsetilstand. Influensasymptom, rett og slett. Ja, vi har vaksinert oss.

Tysdag ettermiddag durte vi i veg til helsestasjonen, og fekk injisert dei edle dråpane som då forhåpentlegvis skal hindre H1N1-viruset å slå rot i heimen. Hovudsakleg fordi me gjerne vil at Lise skal sleppe unna, og ho er (heldigvis) litt for lita til å få vaksinen endå. Difor vart det oss vaksne. Og Jens. Han tok det heile med stoisk ro, og kosa seg med alle leikene på helsestasjonen. Han har ikkje merka ein einaste bivirkning heller, og i går ved lunsjbordet mimra han og sa: 'Huskar du - det var jo ganske kjekt då når me va på Sand og fekk et lite stikk i armen!'
For oss vaksne, som altså merka det meir, er helsetilstanden heldigvis på god veg tilbake til normalen.

No ser vi fram til å få besøk av farmor og farfar, som skal køyre gjennom regnveret frå Sogn og ned til oss i morgon.

På veg heim frå jobb i dag fann eg denne perla på Leeland sin nyaste cd: "Love is on the move". Songen heiter Via Dolorosa:

He traded his crown for a crown of thorns
He picked up His cross and laid down His sword He stumbled down the road bruised and beaten for me Jesus walked the way of grief Hallelujah!
.
On the via dolorosa!
All my sin was carried away!
And the power of Him was broken
As He gave His life away
.
He knew it was to come from the very start
But his love for the world beat inside His heart He climbed the road of suffering to the hill of calvary
Where the saints would be redeemed. Hallelujah!
.
On the via dolorosa!
All my sin was carried away!
And the power of Him was broken
As He gave His life away
.
Jesus fixed His eyes upon the new horizon
Soon he would arise and the world would be forgiven!
Jesus fixed His eyes upon the new horizon
Soon he would arise and the world would be forgiven!
.
Hallelujah, Jesus rose again!
On the cross He shed His blood on Calvary
I'm thankful for the journey of my King!
.
On the via dolorosa! All my sin was carried away!
And the power of Him was broken
As He gave His life away
As He gave His life away
.
He traded his crown for a crown of thorns
.
(Viss du trykker på songtittelen over, kan du høyre den på youtube)

Eg tykkjer dette er ein flott song med ein fantastisk tekst!

Ole Jørgen

mandag 16. november 2009

"Fride på skipet"

Eg las i "Familie & Medier" i dag, at til våren skal det gå eit program på NRK barne-tv som heiter "Fride på skipet". Programmet er produsert av TV Inter, og følgjer ei 7 år gamal jente som bur på skipet "Africa Mercy" saman med familien sin.

"Africa Mercy" er verdas største privateigde sjukehus-skip, og reiser rundt til særleg fattige land med medisinsk hjelp. Samtidig er skipet eit misjons-skip, og dei som arbeider om bord er der som frivillige/ulønna.

Eit utruleg fascinerande arbeid!
Dette bildet viser båten "Africa Mercy", og er henta frå bloggen til Fride sin familie. Bloggen er på engelsk, og gir eit godt innblikk i livet om bord på skipet. Det eg kanskje likar aller best med bloggen, er den enkle "underteksten" på sida. Der står: "Love God. Love people." Så enkelt, og så sentralt. Elske Gud og elske medmenneska. Det er kallet vårt som kristne.
Ole Jørgen

søndag 15. november 2009

Topp 21

Frå tid til anna, kanskje ein gong i halvåret, plar eg samle saman dei songane eg likar aller best på ein CD. Nokre songar går att, men som regel vert dei fleste skifta ut. CD'en legg eg i bilen, og dermed har eg etterkvart ei lita samling med favorittsongar å velje mellom. Kjekt å ha på veg til og frå jobb, eller når ein skal på langtur!

Her er ei liste med 78 minutt musikk, valt ut i dag:

Jars of Clay - Closer
Sveinung Andersen - Finally I am free
Caedmon's call - Thankful
TobyMac - No ordinary love
Elevate - Joyful song
Delirious? - Angel in disguise
Mojo & the Info - Healing to these streets
Noel Richards - Thunder in the skies
PFR - Line of love
Chris Rice - Come to Jesus
Pivitplex - You know
Lanae' Hale - Love is worth the fight
Phil Keaggy - River of life
Relient K - Be my escape
The Maccabees - Run for your life
Downhere - The problem
Bryn Haworth - It didn't do me no good
John Elefante - Give it all away
P.O.D. - Ridiculous
Third day - Give love
All-star united - Surface of the sun

Ganske variert i stil, og ei god blanding av gamle og nye songar. Nokre songar held seg lenge, som for eksempel Noel Richards, Bryn Haworth og PFR sine. Dei to førstnemnte skriv songar fortsatt, men PFR har lagt opp for mange år sidan.

Så får vi sjå kor lenge eg orkar høyre på denne, før eg lagar meg ein ny!

Ole Jørgen

lørdag 14. november 2009

Høiland gard

Det er laurdag morgon, og den ordentlege helga har omsider begynt. For enkelte, for eksempel meg, kjennest det ut som helga har vart ei stund allereie. Grunnen er ganske enkel: vi har vore på tur. Torsdag ettermiddag pakka vi i bilen og køyrde, saman med dei andre i personalet på skulen, til Høiland gard i Årdal. Her skulle vi ha personalseminar om kvelden, og planleggingsdag om fredagen.


Det første vi gjorde, var å miste ferga. Medan vi runda dei siste svingane før kaia på Nesvik, kunne vi vinke til ferga dei andre frå skulen var med. Det er ikkje alltid så godt å berekne tida. Enkelte sa at dei slett ikkje var overraska. Det kan eg ikkje forstå.

Om vi kom seint fram, var servicen svært god. Deilig middag og eit fint rom venta på oss i Årdal, og det vart ein kjekk kveld. Jens vart med meg på personalseminaret, sidan han hadde sove i bilen frå Vik til Årdal, og slett ikkje var klar til legge seg. Han sat og teikna, men gjekk etterkvart over til å lytte til Ann Elisabeth Skogen som hadde forteljar-seminar, og starta med å fortelje om ein mandagskveld då ho var liten. Ann Elisabeth er ein fantastisk forteljar!


Jens lytta, og var heilt klar for å legge seg då forteljinga var over. Så pappa fulgte han til rommet, og gjekk tilbake til seminaret etterpå. Då var dei andre godt i gang med gruppeoppgåver i par. Eg sat ei stund og lytta til dei andre, men klarte til slutt å skvise meg inn på ei gruppe. Som sagt var det forteljing som stod i fokus, og vi lærte korleis ein kunne gripe tak i eigne erfaringar og opplevingar og skape spennande forteljingar. Eit inspirerande seminar.
Fredag var det planleggingsdag. Vi var saman med personalet på Jelsa skule, og utveksla erfaringar og idear, samtidig som vi samtala om korleis vi kunne bli endå betre på å vurdere elevane ut frå kompetansemåla i læreplanen. Det var interessante gruppesamtaler, og lærerike diskusjonar om vurdering.
Medan eg sat og jobba, var resten av familien på utforskingstur i nærmiljøet. Med Lise på magen og Jens hoppande og sprettande framfor, gjekk Nina ut i vinden og lenger opp i høgda. Det var nydeleg utsikt over Årdal frå Høiland gard, og fin haustnatur å lufte seg i.


Til slutt var personalturen slutt, og vi reiste heim att i går ettermiddag. Det er alltid deilig å komme heim, same kor kjekt ein har hatt det på tur. Jens, som nesten prata hol i hovudet på Gunnstein fredag morgon, hadde følgjande to takkebøner med i kveldsbøna i går kveld: "Takk for at Gunnstein var med på Høiland gard", "og takk for at Charlotte óg var på Høiland gard". Eg trur vår vesle gut hadde ein super tur!
Lise har også snakka mykje om turen, men det er litt vanskelegare å tolke meininga bak. Det såg ut som ho trivdes. Krava til underhaldning er då også litt enklare: så lenge Jens og pappa og i alle fall mamma er i nærleiken, er livet bra - og så er det kjekt å sjå og helse på nye menneske, og sitje litt i andre fang :)
Laurdagskjensla ville ikkje heilt sleppe taket i går, så i dag kjennest ut som søndag. Det blir altså to søndagar denne veka!

Ole Jørgen

tirsdag 10. november 2009

Mangfald!

Av og til får ein gyldne sjansar til å snakke om viktige ting. I kveld kom ein slik sjanse, og eg greip den begjærleg.

Slik starta det, med ein observasjon frå Jens: "Nasa kan ikkje snakke!" Det er ein påstand eg kan seie meg einig i, og den vart etterfulgt av: "Augene kan heller ikkje snakke!" På dette punktet var det at eg fekk ei glødande lyspære over hovudet, og spurte: "Men kva er det augene kan?" Han kom på at det var å sjå, og eg fulgte opp med: "Kan munnen det?" Neida, det kan den vel ikkje. "Men kva kan nasa gjere då?" "Lukte!" Det kan heller ikkje munnen. Og så vart vi einige om at dei var gode på ulike ting.

Vi vart også einige om at det eigentleg var ganske lurt at det berre var munnen som kunne snakke, for ellers ville det berre vorte tyt og mas, utan at vi hadde fått sett nokon ting. "Er det bra at dei gjer ulike ting då, Jens?" "Ja!"

Og så overføringa, sjølvaste "the bridge": "Hadde det vore bra om alle du kjenner var heilt like?" Det hadde det sjølvsagt ikkje, så då gjekk vi gjennom heile lista med ulike folk som kunne vere seg sjølv: "Det er berre mamma som kan vere mamma, og det er berre pappa som kan vere pappa, og det er berre farmor som kan vere farmor, og det er berre mormor som kan vere mormor osv." Vi enda opp på onkel Arild, som Jens fann ut kunne vere seg sjølv, men at han hadde ganske likt hår som pappa... Og onkel Arild "han har så glatt hår at han kan ake på det!"
Til onkel Arild sitt "forsvar" må det seiast at vi i kveld har lese m.a. om Mamma Mø på aketur...


Jada. Kveldstellet i dag vart altså til ein leksjon i mangfaldets gleder og fordelar! Og vi avslutta med same konklusjon: så bra at vi alle er forskjellige!
Ole Jørgen

søndag 8. november 2009

Stor kunst!

I dag er det farsdag, og dagen har blitt brukt godt. Og berre for å slå det fast med ein gong: Eg er verdas heldigaste pappa! Eg elskar borna mine, og eg elskar mammaen deira! Dette er sjølvsagt ikkje kjensler og erkjenningar som er knytte til farsdagen spesielt, men slike merkedagar gir gjerne grunnlag for litt ekstra refleksjon.

I kveld har eg sitte og sett på dette bildet, og på eitt punkt i "sjåinga" kom det også litt ekstra fukt i augekrokane. Sjå på dette! I mine auge, og hjartet, er dette det finaste kunstverket som nokon gong er laga:


Det er laga tidlegare i veka. Ein dag eg kom heim frå jobb, fekk eg tips frå Nina om at det ikkje var så lurt å spørje generelle spørsmål om dagens aktivitetar til Jens. Eg burde halde meg til heilt konkrete spørsmål om ting eg visste han hadde gjort på... Dette gjekk heilt greit, bortsett frå eitt tilfelle der min sønn ropte noko til meg medan han sat på do, og mammaen spratt leande opp og stoppa vidare samtale om emnet. Men eg høyrde ikkje kva det handla om, så då vi stod opp i dag var eg fortsatt uvitande.

Då vi kom inn i stua, etter å ha gjort unna morgonstellet, begynte Jens å sjå seg litt undrande rundt. "Kor er det lokket som Lise og eg mala på?" spurde han, og eg måtte ærleg innrømme at det visste eg ikkje. Det viste seg seinare at det ikkje var snakk om noko lokk, men eit lerret...
Jens har mala det i midten som er mala med pensel. Lise har teke seg av kantane, med utstrakt bruk av fingermaling. Dei som er observante, kan finne minst fire avtrykk av ei lita hand! Utanom handavtrykka, var det nok mykje grafsing på kantane. Og resultatet vart, fortsatt i mine auge, heilt perfekt!

Tusen takk, Jens og Lise! Eg ER verdas heldigaste pappa, som har dåke!

Ole Jørgen

tirsdag 3. november 2009

Kunsten å gøyme seg

Jens har nyleg oppdaga ei heilt ny glede, nemleg det artige i å gøyme seg. I barnehagen er han av og til med på gøymeleiken, og i dag gøymde han og ein venn seg inni panseret på den store leikebilen då han skulle bli henta. At mamma såg han på veg inn i bilen, spela mindre rolle.

Om kvelden går vi på "kremjakt" rett før leggetid. Når fjeset er vaska og tennene pussa er det tid for litt krem i fjeset, og den står på kjøkkenet. Då går vi inn med pysjamas og det heile, og medan pappa eller mamma finn krem, gøymer poden seg. Så er det å finne han då, og det er ikkje så vanskeleg verken i teori eller praksis. Gøymestaden er nemleg oppi sofaen, og med hovudet utanfor armlenet på andre sida. Der ligg han og fniser, og medan vi liksomleitar oss veg gjennom stua og snakkar høgt med oss sjølv, kan vi høyre lattermilde "eg er her borte" frå sofaen. Og gleda er alltid like stor når vi endeleg finn han.

I dag var det mamma sin tur å legge guten, så når kveldsstellet var ferdig gjekk dei inn i stua. På veg inn i stua overhøyrer pappa denne samtalen:

Mamma: "No går vi inn og finn krem."
Jens (begeistra):"Ååh, då må eg gøyme meg!"
Mamma: "Ja, lurar på kor du skal gøyme deg i dag!"
Jens (på veg opp i sofaen, fortsatt begeistra): "Der som eg gøymte meg i går!"
Mammaen fann han heldigvis til slutt...

Ole Jørgen