onsdag 30. desember 2009

Kavalkade

Vi nærmar oss eit nytt tiår med stormsteg, og det er ikkje til å unngå å bli fanga av ei lita nostalgibølgje. For ti år sidan var folk hysteriske og nervøse framfor årtusenskiftet, det o store Y2K. Redsel for samanbrot av såvel datasystem som heile samfunnsstrukturar, har vist seg å vere grunnlause.

Eg har lyst å sjå litt tilbake, men ikkje på dei store linjene. Politikk, klimaendringar og nyvinningar får ligge til ein annan gong. Dessutan kjem vel dei fleste medier til å ta godt for seg av desse og andre tema dei næraste dagane.

Det eg vil sjå på, er: Kva har skjedd i liva til Nina og meg dei siste ti åra? Eg er fullstendig klar over at dette kanskje ikkje er så interessant for så mange. Heldigvis er det ikkje leseplikt...

Her kjem ei punktliste over dei viktigaste hendingane sidan 2000, i alle fall dei eg kjem på i farten:

2000
- Nina og Ole starta året single (men forelska) henholdsvis på Bildøy og i Ålesund.
- Vert saman i februar
- Om hausten reiser Nina til Finnmark som eittåring. Ole reiser austover til Lillehammer på rekruttskule.
- I november vert Ole sendt til Kirkenes.

Stor oppleving dette året: Vere med å lage og organisere radioen under generalforsamlinga til NLM i Ålesund.


2001
- Ole er i Kirkenes fram til juli
- Nina er eittåring fram til juni
- Vi reiser på kort ferie til Paris
- Om hausten startar vi opp på NLA lærarhøgskulen








2002
- Vi forlovar oss i mai





2003
- Bryllaup 28. juni
- Vi flyttar inn i kjellarleilighet hos familien Tollefsen i Kråvasslia.

















2004

- Vi avsluttar tre års lærarskule juni. På bildet ser du Nina og vår gode heimkunnskapsvenn Jo.

- Om hausten startar vi å jobbe, samtidig som vi fortsatte studiane.

- Før jul tek vi den siste eksamenen i fjerdeåret ved lærarskulen. Utdanninga er ferdig.



2005
- Ole byrjar i februar å jobbe ved Danielsen ungdomsskule på Sotra.
- I sommarferien dreg vi på tur til Budapest og Wien.
- Ole klipper håret pinnkort...
- Vi flyttar til Erfjord, og startar å jobbe ved skulen om hausten.











2006
- Jens vert født i august. Livet har ikkje vore det saman sidan!












2007
- Eit herleg og roleg år.
- Jens veks og veks, og foreldrene prøver å få med seg mest mogeleg.
- Vi kjøper bæresele, og legg ut på fleire koselege fjellturar.










2008
- Vi "oppdagar" Lyngdal bibelcamping, og tilbringer ei herleg sommarveke der.
- I august vinkar vi hadet til tante Eva og familien, som flyttar til sør-amerika.











2009
- Lise vert fødd i mai
- Vi tilpassar oss livet som tobarnsforeldre, og syns vi har det veldig bra.






Og no sit eg altså her og mimrar litt. Tenk alt eg ikkje visste i 1999! Framfor ligg eit nytt tiår. Skal tru kva eg kan blogge om 2019? Heldigvis veit eg ingenting om det, men eg ser med forventning og spenning framover.




Ole Jørgen

tirsdag 29. desember 2009

Koffor?

Det er det store spørsmålet for tida.

- Koffor har du større sko enn meg pappa?

- Koffor må vi egentlig vekse?

- Koffor ete vi frukost?

- Koffor må vi egentlig kle på oss?

- Koffor er du eldre enn meg, pappa?

- Koffor blir det natt?

- Men koffor det?

Her er det berre å skjerpe dei små grå og svare så godt ein kan. Det siste nye, som Jens har begynt med dei siste dagane, er å kome med oppfølgingsspørsmål. Han har stilt spørsmål ei stund, og har svart med eit "å, ja" når svar er gitt. Slik er det av og til endå, men ofte kjem det eit nytt koffor og eit nytt koffor etter det igjen. Herleg! Måtte nysgjerrigheten vare lenge lenge!

Og som spørreord, er kanskje "kvifor" det beste av dei alle. Det krev ein del tenking, og tenking likar vi.

Rett før jul fekk vi ein amaryllis-spire av våre venner Berit og Bjørn. Slik ser den ut no i kveld:


Det er kjekt med blomar som blømer i stua, og kjekt med venner som gir ein blomar.

Men KVIFOR er det kjekt med blomar?

Ole Jørgen

søndag 27. desember 2009

Jul


Julehelga er no historie, og eg kan sjå tilbake på koselege og gode dagar saman med familien.
Også på julafta vart kalenderen opna. Inne i luka låg denne lappen:
Ei klistermerkebok med mange mange klistermerke og flotte oppslag å lime på!
I julekrybba kom den siste, viktige personen på plass, nemleg Jesus. Slik står dei no i hylla vår. Legg merke til at fortsatt er det sebraen som er det ivrigaste dyret...






Både Jens og Lise fekk fine gaver til jul. Tusen takk til familie og venner! Når det gjaldt å opne presangane, var det nok storebror som var ivrigast, både på eigne og andre sine vegner. Trur nok det var deilig å ha rolege dagar etterpå, der ein kunne finne ut kven ein hadde fått all herlegdomen av.
Her er det Mamma Mø og Kråka som vert titta på med stor iver. Herleg humor for ein 3-åring!



Vesle julafta viste eg bilde av juletrepynten, men viste ikkje den vi syns er aller finast. Den kom på litt seinare, og er laga av sjølvaste Jens i barnehagen. Flott eller?

Snøen vart liggjande heile jula, så alt låg til rette for leik og moro ute, og også besteforeldrene måtte ta sin tørn på akebretta. Her er ein fartsglad morfar på veg ned bakken på leikeplassen.

Lise fekk sitt heilt eige akebrett til jul. Ho kan sjølvsagt ikkje ake så frykteleg mykje aleine (...), men lar seg gjerne dra rundtforbi. Gøy gøy gøy!











I dag har Jens og eg vore på julefest på bedehuset i Hålandsosen. Der åt vi julekjeks, gjekk rundt juletreet og sang julesongar, og Jens sprang rundt og leika saman med dei andre borna i pausane. Når eg tenkjer tilbake på julefestane på bedehuset heime, var det kanskje nettopp leikinga mellom innslaga som var kjekk. Etterkvart var det å prate med jamnaldringar, men eg reknar med det er ei stundt til Jens kjem til det stadiet. Uansett var det ein hyggeleg fest, og tiandeklassingane mine var med og organiserte og laga til. Flotte ungdommar!
Eg har tidlegare nemnt det nye bildet framme på bedehuset. I dag sneik eg meg til å ta eit bilde av det under festen, så her kan eg endeleg vise det fram:
Dette tykkjer eg er eit nydeleg bilde, og tenk slik ei fin historie å bli minna på når ein ser det! Jesus som ikkje er ute etter å trakke på og fordømme den som har kome skeivt ut, men er ute etter å tilgje og reise opp.

Ole Jørgen






torsdag 24. desember 2009

Vesle julafta

Dagen før den store julafta! Små og store gler seg no til at høgtida skal starte, og dagen i dag har blitt brukt til å førebu den store dagen. Først og fremst gjeld dette den tingen som kanskje bringer med seg mest julestemning av dei alle, nemleg:




Etter frukost i dag, sette Jens og pappa kursen mot kjellaren, på juletreekspedisjon. At det vart akkurat ein ekspedisjon er ganske naturleg, sidan vi tidlegare på morgonen hadde sett film om Ole Brumm og venene hans som reiste ut på Heffalompekspedisjon. Det første som skjedde i dag var nemleg frisørtime på badet. Jens vart stussa etter pappas beste evner, og når ein har frisørtime, høyrer det alltid med ein film!

Juletreekspedisjonen var vellukka, så etter kort tid stod juletreet i stova, klar til pynting. Pappa hengte på lysa, Jens hengte opp kulene og mamma hengte opp den andre pynten, samt bistod storegut der det var naudsynt.


Lise låg på golvet og såg, og fulgte med på absolutt alt som skjedde. Det var riktig koseleg å pynte treet i lag! Dette er vårt aller første juletre, og vi var spent på korleis det ville bli å ha juletre i stova. Vi vart ganske så fornøgde til slutt, og syns vi har fått tak i eit fint tre. Her er det vi har pynta med:






Jenselaga kule, kjøpte kuler, mammastrikka englar, Annystrikka engel, glasenglar Jens vann på julemessa, glasenglar me fekk hos mormor, og olivenpynt frå Israel.

Fin pynt, syns vi sjølv, og sett saman med treet og lyset, vart det sjåande ut slik til slutt:


Jens og pappa var ein tur innom Johannes nabo etter trepyntinga, og så ein tur på butikken. Då vi kom heim, stod det ein annan bil ved sidan av "vår" parkeringsplass. Mormor og morfar hadde komme medan vi var vekke!

Jens og Lise har leika med mormor og morfar, på kvar sin måte, og no ligg dei og søv. Vi vaksne har brukt store delar av kvelden til speling og hygge. Brettspelet "Genialt" kom på bordet, og Nina laga gløgg. Det er fast tradisjon med gløgg på vesle julafta, og også i år smakte den godt og skapte endå litt meir julestemning. På toppen av det heile sang Helene Bøksle vakre julesongar frå cd-spelaren i bakgrunnen. Kan vi komme nærare jula, utan å vere der?






















I skrivande stund sit eg ved kjøkkenbordet, og til høgre for meg, i glaskarmen, står Jens og Lise sin kalender. Kor mange luker er det att til julafta? EI!





Ole Jørgen

onsdag 23. desember 2009

Pitteveslejulafta!

No er det berre to dagar att til jul, og her i huset er vi no i julemodus, både store og små. I morgon kjem mormor og morfar, og Jens gler seg veldig til det. Besøket må sjølvsagt førebuast, og det viktigaste er no i boks, bokstaveleg tala: brune pinnar til morfar... Jens var ikkje heilt begeistra over smaken, så morfar kunne få alle, utanom to. Dei skulle mormor få...





I går var det to namn å finne i kalenderen, nemleg Aksel og Ruth. Vi køyrde opp i fjellet og besøkte dei om ettermiddagen. Koseleg med førjulsbesøk! Og kjekt med gode venner som ein kan snakke og leike med.

Aksel fekk vere baby i vogna, og fylte den godt ut... Etterpå måtte Lise få prøve, og låg og såg seg rundt frå ein heilt ny synsvinkel. Koseleg, heilt til hovudstøtta dett ned, då var det på tide å finne tilbake til eit trygt fang.

I dag skulle vere den store bake- og vaskedagen her i huset. Den planen gjekk rett i vasken, nesten bokstaveleg tala. Då eg kom heim frå butikken i dag tidleg og skulle leggje nokre varer i fryseboksen i kjellaren, trødde eg rett ut i eit mindre badebasseng. Sluken var nesten tett, og det var tydelege spor etter mykje vatn i rommet. Etter natta låg det små dammar att her og der. Det var berre ein ting å gjere: ringe til Johannes vaktmeister og seie "hjelp!" Han kunne raskt konstatere at her trengtes det hjelp utanfrå, så han ringte til Svein Klungtveit AS på Sand. Så var det å vente på at ting skulle bli fiksa. Store delar av dagen har vi altså vore utan mogelegheit til å bruke vatn. Det vart vanskeleg både å bake og vaske.

Eg trur det blir ei fin jul likevel.

No ser små og store fram til å kunne ta opp juletreet i morgon tidleg, og pynte det i morgon ettermiddag etter at besøket er på plass. Det er spanande å skulle skape sine heilt eigne tradisjonar!

Julekrybba vår manglar no berre to ting: Ein engel som nok kjem fykande i morgon, og så sjølvsagt det vesle Jesusbarnet på julafta. Det blir ikkje jul utan Jesus!


Ole Jørgen

søndag 20. desember 2009

4. søndag i advent

Ein flott søndag er no oppbrukt og historie, og ei ny veke, sjølvaste juleveka, ligg framfor.

I dag har vi:

1) Tent fire adventslys. Snart er det jul!

2) Bakt peanøttkjeks. Nokre åt vi, dei fleste er lagt i boks og ventar på julehelga. Dette var den sjette sorten, så vi nærmar oss!









3) Måkt snøen utanfor inngangsdøra saman i ein stor haug, og måkt vegar i den høge snøen, slik at nokon kunne bruke dei som vegar til sykkelen sin. Moro!
4) Sett episode 20 av "Jul i svingen"
5) Sett episode 20 av "Jul i skomakergata"
6) Nina har strikka seg ei hue, sidan ho ikkje fann att den gamle.
7) Vaska mange av kjøkkenskapa.
8) Vist utruleg stor omsorg for veslesøster. Då storebror akkurat hadde lagt seg, vakna Lise med tett nase og ropte etter kos og trøst. Mamma gjekk inn og hjalp henne. Storebror dukka etter ei lita stund opp i døra, og ville sove inne hos Lise. "Ho ropte på hjelp!" kunne han fortelje, og meinte at han var rette person til å trøste. Og kven veit, det er i alle fall ingen andre Lise er så merksam på som storebror. Han er den store helten! No var mamma allereie inne hos Lise, så eg sa at mamma nok passte godt på Lise, så han kunne gå og legge seg att. "Ja, eg kan det. Men først må eg kvile meg litt!" sa Jens, og kraup under dyna. Snart sov han...
9) Klistra klistermerke på den 20. ruta på klistermerkekalenderen. No er det berre fire tomme vindauge i huset med alle dei merkelege innbyggjarane.









10) Aka utanfor huset. Lise var i dag med på sin første aketur whatsoever! Ho gliste heile vegen og såg ut til å like det. Også storebror var begeistra i dag, og hadde ingen problem med farta.




















11) Pappa og Jens har vore på adventskonsert i kyrkja. Lise sov ikkje så mykje i ettermiddag, så ho og mamma var heime og åt kveldsmat.


12) Sett to nye figurar i julekrybba: sjølvaste Maria og Josf.
Ole Jørgen

lørdag 19. desember 2009

Snø! snø! snø! snø! snø! snø! SNØ!

I dag tidleg var dette synet som møtte oss då vi såg ut vindauget:


Temperaturen var tre minusgrader, snøen lava ned og verda var kvit og vakker. Då er det berre ein ting å gjere: komme seg ut og leike!


Eg kan endå hugse kjensla av å vakne opp til ei kvit verd, og gjerne snø i lyktestolpelyset. Eg kan sjølvsagt ikkje forestille meg akkurat kva Jens tenkjer eller føler når han går gjennom årets første snø og berre ser og ser, men eg har ei aning...
.
.
.
.
.
.
Jens og eg tok oss ein tur bort til enga på andre sida av vegen, og aka i skråningen der. Det er ein fin og passe bratt bakke for slike som Jens.
Likevel er det grenser for kor mange gongar ein kan ake ned ein slik bakke, og i dag gjekk Jens si grensa ved to... Vi kan seie det slik at vår vesle venn er ikkje så glad i fart.
Då er det kjekkare å sitje på akebrettet og la pappa dra seg rundt på parkeringsplassen og gangvegane mellom heime, biblioteket og barnehagen. Rundt og rundt og att og fram. Pappa følte seg som ein god gamp, men koste seg nok like mykje som veslegut. Det er noko veldig tilfredsstillande ved å vite at sonen din sit på eit akebrett og har det kjekt, og gler seg over å leike saman med pappa. Ein blir litt ekstra varm i hjartet då.
Etterpå måtte vi opp på haugen i barnehagen for å sjå på spora etter akebrettet. Då vi starta var nemleg alt heilt glatt og utan eit einaste spor. Etter ein heller lang "aketur" såg det slik ut (og endå er det store delar av plassen som ikkje viser på bildet):


Ein blir kald av å vere ute så lenge, så det var deilig å komme inn og varme hender og føter, og gjere oss klare til å reise til Sand. Vi skulle nemleg på handletur, og det viktigaste punktet på lista: juletre. Takboksen tok pappa av i går kveld, og stroppane ligg klare i bagasjerommet.
Rett før vi skulle reise, kom mamma over ei hue ho kjøpte då ho budde i Finnmark, og som ikkje har vore framme på ei stund: scooterlua! Denne hua ville Jens gjerne ha på seg, så han gjekk rundt med ei hue som var fleire nummer for stor. Kanskje kunne vi fått ein person til inni, viss vi hadde gått inn for det. Men det er stilig det!

Lise seier lite og ingenting om kva ho vil ha på seg, men ho har begynt å ytre seg i det små. Rett som det er kan ho seie "mamamamam" og "bababåbåbåbå", og som regel seier ho det til riktig tid! (I alle fall likar vi å tru det...)
Jens prøvar å inkludere også seg sjølv i ordforrådet hennar, så av og til, etter at ho har sagt "mamamamamam", kan han gå bort og korrigere: "mamma og storebror!" Det er kanskje ei stund til ho klarar å etterkomme ynskjet...
På bildet til høgre kosar Lise seg i meitai og ser på snøen. Vi har nett ete lunsj på Fargeriet, og er på veg for å handle inn til helga.

Også i dag opna Jens luke i kalenderen, og der fann han denne lappen:
Då vi kom heim frå Sand, sette mamma og Jens seg ned og laga lenker av glanspapir, og dekorerte litt i gangen. På bildet under sit Jens og puttar ei remse gjennom ringen på enden, og så limar mamma den saman. Samarbeid er den beste måten når ein førebur julefeiringa.


Det er kjekt med advent!

Ole Jørgen