mandag 22. februar 2010

Hundstrikken del 1: Der Hundstrikken vert gjenfunnen og møter veggen på det mest dramatiske viset

Langt inne i ein fjordarm, i ei lita bygd mellom høgefjell, i eit hus i eit rom i ei skuff, låg Hundstrikken og drøymde fredeleg om betre tider. Han tenkte på den gongen han fekk vere ute på livet. Dengong han var fast reisefølge og ein sårt sakna venn når han var vekke. Den gongen Storegut var mindre og ein Hundstrikk var god å ha.

Best det var, midt i den faste draumen om ære og prakt, vart skuffa plutseleg opna og lyset fløymde ned i dei vekkgløymde leikars land. Hundstrikken måtte myse med augene mot det skarpe lyset, medan håpet steig i den tynne hundstrikkroppen.

Lukka stod den kjekke bi, og Hundstrikken vart nok ein gong fylt med den spenninga og sitringa han kjende i ungdomen. Storegut heldt han i hendene og bar han mot trappa opp frå kjellaren. Hjarta banka vilt av glede, nok ein gong skulle han komme til heder og verdighet!

I trappa høyrde han to par føter som klampa oppover, det eine paret med endå høgare lyd enn storegut sine. Plutseleg kjenner han at han vert halden mellom to fingrar og dinglar i lause lufta. Så høyrer han stemma til Storegut, stemma som han har drøymt om i så lange tider, og orda "kor er Hundstrikken" har festa seg i hukommelsen for evig og alltid. No er det andre ord han høyrer:
- Du kan ta denne du, seier storegut, og rekker handa ut mot den andre som går i trappa.
- Skal eg ta den? Kvifor det? seier den andre.
- Eg har så mange dyr eg, så eg treng igrunn ikkje fleire. Du kan ta den du!

Hæ?? Høyrde han rett? Hundstrikken gispar etter luft, og kjenner han blir sendt frå den eine handa til den andre som ei anna salgsvare. Dette kunne ikkje stemme. "Treng ikkje fleire"? Kva meinte han med det?

Dei framande hendene løftar han oppover oppover oppover, og han kjenner at kroppen vert dytta mot veggen og slept. Hjelp! Kva er dette for noko? Kva er det kalde metallet som held meg oppe? Hundstrikken er fortvila. Dette gjekk ikkje slik han hadde tenkt i det heile.


Korleis skal dette gå? Vil Hundstrikken komme seg ut av denne knipa?

Følg med i neste del av historia om Hundstrikken.

lørdag 20. februar 2010

Langrenn

I dag har Jens og eg verkeleg teke oss ut i langrennsløypa. Vi fann ut at det var altfor mykje sand og grus på parkeringsplassen utanfor grendasenteret, så vi tok skia under armane og gjekk bort til marka under skytterhuset. Dette er den same marka som vi rann akebrett over tidlegare i vinter.

Snøen låg nesten urørt, så det første vi gjorde var å gå opp ei løype. Sidan marka hallar litt, og tillegg er småkupert, var det ikkje så lurt å berre lage ei løype rundt. Jens vil helst ha det flatast mogeleg, så løpa vart sjåande slik ut: (svart heilstrek)


Den gule linja er bilvegen som går forbi marka, og den lilla stipla linja viser den tidlegare aketraséen. Den er det ingenting igjen av, men vi hugsar då kor den gjekk. Den grøne sirkelen markerar kor den brattaste delen i akebakken byrjar.

Det er vanskeleg å anslå kor lang ei slik kronglete løype er. Først anslo eg det til å vere 300 meter, men etter nøyare studering og berekning medan vi gjekk, fann eg ut at det heller var rundt 200 meter. Vi gjekk denne sløyfa ni gongar, noko som skulle utgjere 1,8 km! Ikkje verst for ein liten tass som begynte å gå på ski for berre ei veke sidan! (For spesielt sportsinteresserte: vi brukte om lag åtte minutt per runde, noko som gir ei fart på rundt 1,5 km/h)


Vi la også inn skytestopp i løypa (raud runding). Vi skaut med stavane på trea utanfor marka, og traff som regel. På runde fire bomma eg med eit skot, men det vart vegd opp på runde sju, då Jens traff med seks...

Også fallstatistikken er god. Under eitt fall per runde må seiast å vere akseptabelt!

Ole Jørgen

Nokre glimt frå ei bra veke

Denne veka har vore ganske fullpakka av arbeid og gøyale ting. Det har med andre ord vore travelt, men kjekt!

Det er vel naturleg å begynne på måndag. Då hadde vi teknolab-dag på skulen. Heile dagen bygde vi med lego, og programmerte legorobotar. Det heile kulminerte i denne oppgåva: la roboten gå gjennom hinderløypa og parkere med framhjula på det kvite arket.


Det var berre ei gruppe som klarte å nå målet, men dei klarte det til gjengjeld fleire gongar. Engasjementet var stort, og elevane var nok ganske kokte i hovuda då all legoen var telt opp og pakka vekk. Det er slitsomt å leike seg ein heil dag!
.
Tysdag var vi på bedehusbasar. Både Jens og Lise heldt ut til siste slutt, men det røynte litt vel på for minstedame mot slutten. På ei anna side var det Lise som hadde den store vinnerlukka i familien, og vant seg ei såpebobleflaske og ei bok om Pippi Langstrømpe. Såpebobleflaska er kjekk å leike med, men Pippi-boka er det foreløpig storebror som har hatt mest glede av. Vi har ikkje kome så langt, for yndlingskapittelet, der Pippi er tingleitar og reddar ein gut som vert plaga, skal lesast om att og om att.
.
.
.
Onsdag var det onsdagsklubb, og ein fullsett storsal på bedehuset sang, lytta, åt og kjøpte lodd, og vi er fornøgde med kvelden.
Her tek Gunnstein seg av trekkinga i lotteriet.
.
Torsdag var ein ganske roleg dag, viss vi då ser vekk frå at Noreg tok to skiskyttargull. Det var i alle fall spennande!
.
Fredag var mamma, Jens og Lise i bursdagsselskap i Kilane. Aksel og Henny feira i lag, og begge feirar i desse dagar tre år. Småungane begynner å bli store! Det er heilt vanvittig at Jens vert fire til sommaren. Han er jo nettopp født, jo!


Til slutt ein liten svipptur tilbake der eg starta, nemleg på skulen. Klokka fem over fire i ettermiddag rydda eg saman sekken min og gjekk heim. Då trur eg alt var klargjort til seks veker fri! No er det først vinterferie, så er det fire veker pappapermisjon og så er det påskeferie. Ein liten "sommarferie" for meg altså! Og skulle eg lengte fælt tilbake på jobb, kan eg kanskje ta ein titt på dette bildet?

Eller vil det kanskje verke mot sin hensikt?
.
Samma det, eg trur ikkje lengten vert så altfor stor likevel. No skal eg ha det kjekt heime hos familien. Eg gler meg!
.
Ole Jørgen

søndag 14. februar 2010

Nytt skifantom

Eit splitter nytt skifantom har dukka opp i Erfjord. Fredag reiste Jens og eg til Sand og kjøpte ski, og dei har blitt flittig brukt i tida etter. Laurdag gjekk han rundt på parkeringsplassen her på Stølane, og farten auka gradvis utover dagen.

Innimellom skitreninga fekk vi med oss eit par bursdagar. Om formiddagen var vi oppe hos Ruth og feira hennar 5-årsdag. Så var det heim og ut på ski igjen, til vi måtte gjere oss klare til neste bursdag. Då reiste vi opp til Jørgen, som feira 4-årsdag saman med Torbjørn. Vi kom heim att til leggetid, og det var ein rimeleg sliten og sukkerhøg gut som la seg til å sove. Det tek på å vere bursdagsløve ein heil dag! (Det høyrer vel også med at pappa, som fulgte Jens til begge bursdagane, også skulle på KRIK om kvelden. Det vart lite heimetid denne dagen...)




Søndag, på sjølve morsdagen, vart vi inviterte med på skitur av familien Vassbø, så då pakka vi skia i bilen og freste av gårde på såpeglatte vegar mot Hedlebrekk. Sjølv om vi ikkje gjekk så forferdeleg langt innover fjellheimen, var det langt nok til å møte på nesten uoverkommelege utfordringar (les: nedoverbakkar lenger enn 0,5 meter) Trass i dette, kom vi oss trygt fram, åt deilig turmat og kakao, og gjekk tilbake. Her er mamma og Jens på veg innover rett etter parkeringsplassen.


Lise var sjølvsagt også med, men ho er for liten til å få eigne ski endå, ja. Difor sat ho trygt og varmt på pappa sin rygg, og hadde det fint der. Eg kan avsløre at dei brattaste utforbakkane vart forserte sidelengs, og ploging var ein hyppig brukt skiteknikk i dei andre. Eg gjekk så roleg at Lise sovna på veg tilbake. Ein blir sliten av å gå så mykje på ski!

Det er kjekt å gå på ski. Måtte vinteren vare lenge lenge!

Ole Jørgen

tirsdag 9. februar 2010

Rett vest

Jepp. Etter ein vest-along på TI er dette resultatet her i heimen:









.

.

.

.Ein blå rundfelt ullvest til Lise - og ein tjukk og vamsete 'mørkekvit' flettevest til Jens. Kjekke å strikke, gode å bruke :).

.

.

..

.

.

.

.

.

.

Nytt garn er i hus, i deilige fargar - og no har jammen mor funne ut at ho vil strikke til seg sjølv - eit glad-sjal ;)

Sånn elles har me gode dagar. Det gjekk endeleg opp for mor at det var ikkje soving som var vanskeleg for Lise på dagen, men soving i vogna! Så tregt kan det gå av og til... Jens sov jo alltid i vogna på altanen han, i tiiiimevis kvar dag. Men ikkje denne tøtta - no søv ho i senga i kjellaren, og søv godt på dagen ho også ;) (Ikkje like mykje som storebroren gjorde, men akkurat passe mykje for henne, tenkjer eg :) ).

Snøen held stand - ein mildversdag i helga har gjort skattane til Jens om til meir eller mindre harde isklumpar - noko som jo berre gjer dei sterkare. Han byrjar få litt av ein mur av skattar utanfor!

Det einaste som er litt dumt, er at ein av og til må inn. For å ete og sånn... :)