onsdag 31. mars 2010

Påskestemninga

i heimen tok seg kraftig opp då Jens kom heim med masse herleg påskeglad pynt på torsdag :)







------------------------------------(Bittelitt fanst frå før:)




-Nina

torsdag 25. mars 2010

Fornyinga held fram

Nok eit møbel har gjennomgått eit hamskifte, og framstår no som nesten heilt nytt. Kommoden hadde tidlegare ein mørkebrun trefarge, og tek på ein eller annan måte mykje mindre plass i stova vår no.

Sidan malinga var restar etter det førre prosjektet vårt, var denne jobben så godt som gratis. I tillegg var den rask å gjennomføre, og det er jo ein god bonus.

Parallelt med at stova vår vert stadig kvitare, tek naturen ute tilbake sine naturlege fargar, og dei siste snøfonnene krympar dag for dag. Herleg!

Ole

onsdag 24. mars 2010

Vaskemaskinforklaring

Tala og symbola på vaskemaskina kan vere forvirrande for nokon og ein kvar, men i dag har eg endeleg fått forklaring på kva alle desse merkelege krumelurene skal bety. Det var Jens som tok seg av opplæringa, medan vi hadde morgonstell på badet i dag tidleg.


"Når det står strek bak talet, betyr det:
1: At vi må vaske handkle som har fått snått på seg.
2: At vi må gå på do
3: At vi må henge opp kleda som er vaska, med ein gong
4: At vi kan vaske hendene
5: At vi kan seie "bibaboksjobokopsj" (Eller noko i den duren)
6: At vi må hugse å ete frukost
7: At vi kan stå opp når vi vaknar, viss vi vil.
8: At vi har lov å hoppe frå doen
9: At vi må hugse å ta ut kleda frå vaskemaskina
10: At vi må gå inn i stua
A-D: At vi må kle på oss og gå ut av badet og ete frukost.
Sånn er det, pappa!"

Håpar dette var til hjelp for andre som også har problem med å orientere seg på vaskemaskina. God vask!

Ole

tirsdag 23. mars 2010

Time out

"Time out" er ein "pedagogisk" metode som desverre er mykje utbreidd. I går fekk eg vite at vesle niese Malin går i ein barnehage som brukar denne metoden (noko foreldrene er skeptiske til) og eg kjenner eg blir provosert. Vi veit då såpass mykje om borna si utvikling i dag, at slike metodar burde vore plasserte på museum for lengst.

Det eine er tanken bak metoden: "Viss du ikkje gjer som vi seier eller gjer noko du ikkje har lov til, vert du plassert utanfor all kommunikasjon for ei tid." Kva lærer borna av dette? At viss eg gjer noko gale, vil ikkje dei vaksne snakke med meg?

(Utan at eg skal dra samanlikninga altfor langt, så liknar dette litt på fengselssystem. Det er jo nettopp isolasjon frå samfunnet som er meininga, og dette er ei straff for ei ulovleg handling. Problemet er berre at for mange av dei som sit i fengsel, er det nettopp manglande eller dårleg kommunikasjon og manglande eller dårlege sosiale førebilete som er opphavet til den situasjonen dei har hamna i. Kva kan då endå meir manglande kommuikasjon utrette? Heldigvis har det etterkvart blitt gode sjansar for utdanning og yrkeshabilitering i norske fengsel, men heile grunntanken bak det å isolere folk, tykkjer eg er problematisk.)

Det andre er kva for haldningar dette skapar i borna når dei veks opp. Vil dei få auka evne til å snakke om kjensler, forstå sine eigne tankar og handlingar og kommunisere med medmenneske? Vil dei komme ut av "skammekroken" som meir integrerte og heile menneske, med meir innsikt om samspel og kommunitet? Eg tvilar på det. Verken straff eller belønning er særleg veleigna metodar viss ein vil hjelpe borna å bli sjølvstendige og integrerte. (Eg har med stor bekymring lagt merke til at mange skular og barnehagar i Noreg har teke i bruk den såkalla "Pals"-metoden, der borna får "belønning" for god oppførsel eller godt arbeid. Akkurat som god oppførsel og godt arbeid akkurat her og no er det einaste som betyr noko. Ynskjer vi ikkje menneske som kan tenke sjølv, og kan ta ansvar for eigne handlingar?)
.
Heldigvis finst det mange psykologar og pedagogar som har sett seg ned og skrive gode bøker som kan gje betre rettleiing på dette området. Her er nokre bøker som tek barna meir på alvor, og legg vekt på kommunikasjon og vegleiing utan "straff" eller "belønning".

Herdis Palsdottir - Relasjoner med barn
"Dette er boken for deg som ønsker å møte barn på en likeverdig, men ikke en likestilt måte. Her finner du svar på hva det innebærer, hvorfor det er verdifullt for barna og helt konkret hva du kan gjøre" (frå omslaget). Dette er ei lettlest, kort og svært lærerik bok!
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Jesper Juul - Ditt kompetente barn
Jesper Juul er ein dansk psykolog og familieterapaut som har svært mykje fornuftig og bra å seie om samspel med barn. I denne boka skriv Jesper om det å samarbeide med barn, og korleis ein kan møte barn slik at dei bevarar den personlege integriteten.
Jesper Juul har også skrive mange andre bøker som tek for seg ulike sider ved det å leve saman som familie.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Marshall B. Rosenberg - Ikkevoldskommunikasjon
"Giraffspråk" - eit språk for livet
"Formålet med giraffspråket er ikke å endre andre eller justere andres atferd, for at vi selv skal få det som vi vil: Formålet er å etablere kontakt, basert på oppriktighet og innlevelse - og dermed kunne ivareta den andres óg dine behov."
.
"...handler om å lære deg å gi uttrykk for dine egenskaper som kommunikator - og dine udekkede behov i de fleste situasjoner, og å lytte til andre med innlevelse i stedet for å vurdere, dømme og få dem til å skamme seg eller føle skyld."
.
"Marshall bruker giraffen som symbol, fordi han mener at den har et så stort hjerte og et så romslig sinn - og slik blir representanten for et ettertenksomt språk som kommer fra hjertet. At giraffen også er høyere enn de fleste, gir den et overblikk..."
(Frå omslaget)
.
Adele Faber & Elaine Mazlish -
How to talk so kids will listen & listen so kids will talk
Ei lærerik og informativ bok om det å kommunisere med barn, utan å måtte rope eller trygle. Den er enkelt skrive, og inneheld mange gode og praktiske eksempel.
.
Vi har prøvd mange av dei enkle kommunikasjonsmetodane som står skildra her, og dei verkar!
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Martha og William Sears - The successful child
Ei svært god og lærerik bok om vegleiing av born. Korleis kan vi hjelpe barna til å bli integrerte, glade, sjølvstendige og moralsk grunnfesta menneske? Her er mange tips og idear til korleis ein kan vere saman med, vegleie og kommunisere med borna på ein god måte.
.
Eit sitat frå William Sears: "Your success in life ... will not be measured by the money you make or the degrees you earn, but rather by the number of persons whose lives are better because of what you did." Dette er ein av grunnhaldningane han meiner vi må lære borna, og eg nikkar og nikkar medan eg les... Ei flott bok!
.
.
.
.
.
.
Tilbake der vi starta: Time out. Alfie Kohn, ein amerikansk føredragshaldar som har mykje fornuftig å seie om vegleiing av barn, har også teke for seg dette med straff. Her er eit klipp frå Youtube:



Ole

fredag 19. mars 2010

"Nytt liv...

... av daude gror!"


Snøen er på vikande front om dagen, og grastustar, asfalt og grus kjem sakte men sikkert til syne. Og ikkje minst: Dei første blomane grev seg opp av molda og viser med all sin prakt at no er våren på veg!

tirsdag 16. mars 2010

Male- og byggeprosjekt

Jada, vi har sett i gang og gjennomført endå eit maleprosjekt. Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å fornye stua litt. Denne gongen var det tv-skapet som måtte til pers, og i løpet av nokon dagar vart det forvandla frå eit mørkebrunt og plasskrevande skap til eit nesten usynleg og mykje meir fredeleg møbel.

I framgrunnen ser du eit av Jens sine byggeprosjekt. Det er høge tårn som er i vinden for tida. Dess høgare dess betre. Einaste bakdelen er at dei er litt småskumle for Lise, som har veldig lyst til å rive dei ned og står i fare for å få dei over seg. Så i tillegg til hektisk byggeaktivitet, må han også operere som aktivt flyttebyrå...

Slik ser tv-skapet ut etter nokre strøk med maling. Då Gunnstein såg skapet, kom han med ein syrleg bemerkning om at dette hadde eg ganske sikkert ikkje gjort aleine. Sidan det var ferdig på så kort tid... Frekk er han! (Men han hadde sjølvsagt heilt rett, då...)









.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Her er ein annan ferdigstilt innstallasjon, som no prydar kjellargongen vår:
.




Det er det eg kallar kunst! Verket er sett opp av Jens i ei tidleg morgonstund, medan han venta på at andre skulle vakne.

Eit par kvardagsglimt til:
Snøen ligg fortsatt (Vi nærmar oss no 90 dagar samanhengande kvit verden), men det er inga hindring for å finne fram sykkelen igjen. Det er då litt bar veg!
.

Lise har nyleg oppdaga ein heilt ny dimensjon ved det å lese, nemleg at ein kan peike på bildene, og så seier nokon kva det er! Fantastisk! Så no har vi hyppig peiking og blading i bøker. Ofte er det nok også sjølve peikinga som er poenget, og det vert peikt raskare enn nokon klarar å fortelje kva som vert peika på... Her sit begge gullklumpane våre og peikar i veg:

Og sånn går nu dagan!

Ole Jørgen

mandag 15. mars 2010

Gravferd

Sjå godt på dette bildet. Dette var utsikten min i 36 (!) heile timar førre veke. Det er langt å ta tog frå Stavanger til Mosjøen, og endå var det 7 færre timar enn planlagt. På grunn av snøras, stoppa toget på Trofors.










På oppoverturen plukka mamma og pappa meg opp der og køyrde meg heilt fram til Sandnessjøen.

På tilbaketuren tok eg ikkje sjansar på forsinkingar og slikt, så eg sat på med mamma og pappa til Levanger, og tok lokaltog inn til Trondheim.

Det vart utruleg mange mil, fire romanar og eit kosthald eg ikkje vil snakke om.

Målet med turen var denne fine steinkyrkja på Tjøtta litt sør for Sandnessjøen. Her var det gravferd for farmor på torsdag (11/3).



Det var ei fin stund i kyrkja. Særleg sette eg pris på talen til onkel Trond, som sa veldig mykje fint og også drog fram håpsaspektet.

Då vi kom ut, var det iskald vind og snø i lufta. Vi gjekk nokre hundre meter ned til kyrkjegarden, der farmor vart lagt i same grav som farfar.


Etter gravferda, var det minnesamvær på sjukeheimen der farmor budde dei ti siste åra. Det var ei fin samling, der vi saman mintes farmor og alt det ho og farfar har vore for oss. Fjorten av oss tjueein barnebarna var til stade, og ti av tjuefem oldebarn. Mange er det ti år sidan eg såg sist, og nokon endå lenger, så det var kjekt å treffe dei att.


No er farmor og farfar gjenforent heime hos Jesus. Dei har nådd målet, og vi er mange som kjem etter. Vi sjåast igjen!

Ole Jørgen

tirsdag 9. mars 2010

Det hadde eg visst gløymt..

Jens spurde i dag kor 'det skjørtet du strikka deg' var hen - det kom difor fram frå skjulestaden sin, og ser altså slik ut ferdig:.








.
.
.
.

Ikkje akkurat skjørt kanskje, men dog.. ;)

.
Etter det har det blitt to telativt spreke bleiebukser. Det er berre å konstatere at Lise veks, og ikkje så veldig sakte heller, så det at dei noverande korte bleiebuksene har vart i mange mnd. er i grunnen meir enn ein burde forvente.. ;)

Jens har valt fargar til den eine, mammen valde til den andre - og kanskje greier du å gjette kva for ei? Eller kanskje ikkje...

.













.(Som de ser er dei nøye sjekka av eigaren før dei vert tekne i bruk ;) )

.
Er det vanleg å få heimelekser på klubb? Sånn dameklubb, veit du? Her er i alle fall mi - litt seint, men forhåpentleg godt ;)

Kylling- og potetform

1) Bak potetbåtar (trur eg reknar ca. 1,5 kg. potet til ei stor form) lenge og vel (opp mot ein time), krydra med salt og pepar.

2) Legg steikte kyllingbitar over.

3) Tøm over saus:

4 dl. Creme Fraïche
1 ss mangochutney
ca 1,5 ss chilisaus
2 ts karri
1 ts paprikapulver
1 ts pepar
1 ts buljongpulver
1,5 td estragon
hiv gjerne i litt kvitlauk også, om du kjenner på lyst til det ;)

4) Ha over ost

5) Steik på 220 grader i ca. eit kvarter.

-Voila :)

Nina

søndag 7. mars 2010

Besteforeldre

Eg var heldig og fekk ha alle mine fire besteforeldre heilt fram til eg var 15. Det er jo kanskje dei viktigaste åra å ha besteforeldre, og eg har mange gode minner etter dei. Farmor og farfar besøkte vi på Helgeland kvar sommar. Det var lang køyretur, og eg hugsar endå den spesielle, gode kjensla som kom når vi køyrde over den siste bakketoppen og såg huset deira lenger framme. Då starta sommarferien!

Vi var alltid mykje ute saman med farfar og køyrde båt og fiska. Når eg tenkjer på farfar, ser eg han som regel for meg i båten, eller i kjellaren der han laga trebåtar til oss og renska fisken vi hadde fiska.

Sommaren 1994 reiv vi ned den gamle brygga, og farfar bygde opp ei ny lita utanfor naustet. Eg hugsar pappa og onkel Lars snakka om at dei syns han vart fort sliten og klarte mindre enn før, men eg forstod ikkje kva dei meinte. Han døydde november det året.

Morfar døydde i 1997. Ofte når eg et mjølkesjokolade frå Freia, så tenkjer eg på han. Han hadde ofte med seg ei slik 100-gramsplate som var vanleg då eg var liten, når han kom på besøk. Han likte også svært godt å fortelje historier frå krigen og frå den gong dei dreiv med reveoppdrett. Når vi var på besøk, pleidde vi ofte å komme inn til han tidleg om morgonen og spurde om han kunne fortelle, og det gjorde han!

Når eg tenkjer på mormor, tenkjer eg først på denne godnattsangen:

Nu lukker seg mitt øye,
Gud Fader i det høye,
i varetekt meg ta.
Fra synd og sorg og fare,
din engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.

Dette var ein sang vi pleidde å synge heime også, men likevel tenkjer eg mest på mormor når eg høyrer den. Vi pleidde å synge den kvar kveld når eg var på besøk, og så snakka vi av og til om bønn og Jesus og bibelen. Ho var vel den av besteforeldrene mine eg snakka om meir personlege ting med, og det betydde mykje for meg å vite at ho ba for meg.

Av og til tenkjer eg: "Skulle ynskje mormor hadde fått oppleve dette, eller truffe denne personen eller sett dette." Ho er nok den eg kjente best, og saknar mest. Ho døydde i 2001.

Farmor hadde ei spennande korg ståande på kjøkkenet. Eg gjekk ofte og såg på den, og hadde så lyst til å låne den. Oppi låg det nemleg det som då verka som ei utruleg stor mengde med klinkekuler. Det var alltid stas når farmor tok den ned og vi fekk leike med dei. Forholdet mitt til klinkekuler har nok blitt sterkt farga av dette minnet, for eg syns fortsatt eg har funne ein skatt viss eg finn ei klinkekule!

Ein annan ting eg hugsar, er farmor sine rabarbra! Ho hadde store rabarbra i hagen, og laga blant anna fantastisk rabarbrasyltetøy.

At det også var på farmor og farfar sitt kjøkken eg først fekk smaken på Nugatti er vel ei sak for seg...

Torsdag døydde farmor. Det er nok ei stund sidan ho hugsa kven eg var, så på eit vis føler eg at eg "mista" henne for fleire år sidan. Det er likevel veldig rart og trist at ho er vekke, som det er med alle besteforeldrene mine.

No har eg ingen tilbake, men heldigvis har eg mange gode minner å sjå tilbake på. I desse dagane tenkjer eg naturleg nok mykje på farmor, og eg ser for meg korleis det var å komme til dei om sommaren. Luktene, lydane, smakane, måten ting vart sagt på og kroppsspråket. Ting det er heilt umogeleg å formidle i ein blogg, men som betyr mykje for meg.

Eg veit eg er heldig som har fått lov å ha så flotte besteforeldre, og eg veit eg er heldig som har så mange gode minner og opplevingar eg kan ta med meg vidare.

Ole Jørgen

torsdag 4. mars 2010

New man in town

I dag er den 75. dagen med snø, og vi feira dette vesle jubileet med å bygge ein ny, stor snømann.


Vi håpar at denne snømannen ikkje vert begravd av vekkbrøyta snø, som vart den triste sjebnen til den førre snømannen vi laga. Klarar John Berge å begrave denne, ja, då er det rett og slett altfor mykje snø ute.

Ole Jørgen

mandag 1. mars 2010

Hundstrikken del 2: der Hundstrikken vert teken inn i varmen att og får vere med på vinterferie

Jada, Hundstrikken slapp å vere nede og ute noko særleg lenge. Allereie same dagen vart han løfta ned, og lagt trygt i Lise si korg. Mange av oss, inkludert Hundstrikken sjølv, trudde at dette kom til å vere hans nye heim. Der tok vi grundig feil. Her er bildebevis:


Bildet er teke på Bømlo. Dei som er nokonlunde stødige i hovudrekning, har dermed funne ut at opphaldet i korga var rimeleg kort, og at Hundstrikken, som ein av få utvalgte kosedyr, fekk vere med på vinterferietur. O lykke!

Men lat oss no sjå litt meir kronologisk på veka som har gått:

Måndag: Storebror har feber, og må vere heime frå barnehagen. Ei stadig aukande bekymring for vinterferieturen tek form i setningar som "Men me skal reise på tirsdag, sant" og "Me kan måle temperaturen når me kjem TILBAKE frå mormor og morfar!" Akk, du feber, du feber. Temperaturen var oppe i 39,7, og turen måtte nok berre utsetjast. Då er det jammen godt å ha ei Noaklistermerkebok!

Tysdag: Dagen for reise kjem, og går, og feberen held på å sleppe taket. Det anar oss at det vert tur neste dag, så pappa festar takboks og ski på bilen, og finn fram koffertar og slikt seint på kvelden.
Vi måtte bruke tysdagen til noko, og fann ut at no var sjansen til å endeleg få gjort noko med flisene på kjøkkenet komen. Ikkje at vi ikkje har hatt sjansen til gjere noko med dei dei fem siste åra, men det har på ein måte aldri blitt. Så no fann vi fram kraftvask, heftgrunn og kvitmaling. Alle mann, utanom minstemann så klart, vart "sette" i sving. (Sanninga er vel heller at nokon meldte seg veldig frivillig. Male er gøy!)


Slik vart resultatet då vi fjerna tape og plast dagen etter:

Sjå, dei fæle rosa og grå stripene er vekke!

Onsdag( - søndag): Endeleg kom dagen for avreise. To sovande ungar og to rimeleg vakne vaksne ankom Bømlo i strålande vér, berre vegar og kvite landskap. Nokre av aktivitetane dei komande dagane var: Gå på mammutsal saman med mormor, sjå OL-sendingar, leike med lego, leike i snøen saman med morfar:

Ete god mat, besøke oldemor i Smiedalen (og ein haug med grandonklar), snakke så vidt med tante Anja, få besøk av tante Malene, vere med ein tur i huset etter oldefar, gå på ski i hagen saman med morfar:

Vi gjekk også tur i finvéret. Jens traska av garde, og Lise sat på ryggen og sov. Litt overraskande traff vi på tante Louise på hytta, og Vidar og familien hans. Hyggeleg!


I dag stua vi oss i bilen att, og sette kursen heimover. No er det kveld, borna søv og Hundstrikken er tilbake i Lise si korg. Det er kjekt for ein Hundstrikk å vere ute og reise, men jammen er det godt å vere tilbake heime også!

Ole Jørgen