torsdag 29. april 2010

Fest på skulen!

I morgon er den store dagen, då skal vi feire 50-årsjubileumet til Erfjord skule. Det er no femti år sidan åtte små grendaskular vart sentralisert og samla på Vik. Det er kanskje like greit at ei lita bygd med vel 600 innbyggjarar får greie seg med berre ein skule...

Her er eit bilde av eit bilde som heng på skulen:


Logoen er laga av Linda, som saman med mannen også har laga ei flott heimeside for Erfjord.

Dei siste dagane har det vore mykje 50-årsjubileum i hovudet mitt. Eg gler meg veldig til festen, og trur det blir ein fin kveld, men skal eg vere 100 % ærlig gler eg meg litt til det heile er over og eg kan rette fokuset tilbake på den vanlege undervisninga.

Ikkje alle er like opptekne av jubileum og feiring og slikt. Medan eg var på skulen i dag, hadde Lise besøk av tre frå "klassen" (I dette tilfelle den framtidige klassen). Fire eittår- og snart eittåringar, og mødrene deira, var samla i stova nokre timar. Det er igrunn ganske unikt, og veldig positivt, at dei som seinare skal gå i klasse kan begynne å knyte band allereie så tidleg. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må legge grunnen for eit svært godt klassemiljø!

Storebror har også vore med på store ting i dag. Det var nemleg brannøving i barnehagen, og dei fekk endeleg øve på det dei har planlagt og førebudd nokre dagar no. Jens var i alle fall heilt klar for øving, og visste at han skulle gå rett ut, utan sko eller jakke eller noko!

No skal eg krype til køys, og håpe at eg ikkje drøymer om jubileumsfeiring og slikt. Men faren er vel stor...

Uansett: er du i nærleiken, er du hjarteleg velkommen på fest i morgon!

Ole

mandag 26. april 2010

Helg og kvardag

Det er verkeleg forskjell på helg og kvardag, og godt er det. Hadde vore kjedeleg om alle dagar var prikk like. I går var det strålande sol og varmt, og familien Nøstbakken smurte seg niste, tok på turskoa og sette kursen mot Erøyhalvøya. Storegut sykla, og veslejenta sat på ryggen i mei-tai. Ein fin søndagstur i fin natur. Berre sjå her:


I dag er det måndag, regn og kjøligare. Kvardagen er tilbake, og søndagsturen er berre eit minne. Framfor meg på bordet ligg ein rykande fersk bunke med tentamen-svar. Matematikk. Og det er ikkje det at eg på nokon som helst måte har noko i mot matematikk, men eg sit og håpar veret vert fint til helga, så vi kan nyte naturen til fulle igjen.


For ein matematikklærar er også dette bildet ganske fint! No er eg spent på korleis dei håpefulle har klart seg. I'm going in.
Ole

fredag 23. april 2010

Å telje på knappane

Då eg var lita hadde mormor ein handarbeidsbutikk. Bittebitteliten, uhyre stappfull, og veldig veldig koseleg. Av og til var eg med ho på jobb der, og då var nr. 1 alltid å sortere i knappane. Åh, eg hugsar mange av knappane som var i dei kjekke skoffene med mange rom!

Nokre av knappesortane hugsar eg frå endå lengre tilbake - eg lærte nemleg fargane ved å leike med knappar. Eg ser akkurat for meg korleis dei såg ut dei eg hadde i leikene, og me har kassettopptak heime hos mampap av ei lita tøtte som tydelegvis ser på knappar og messar: "Lyselauge. Buuuune. Lauge. Lyselauge..." :)

No er mormor i himmelen, og det kunne jo vore spennande å vite om ho driv med handarbeid og knappar der - men det skal me tidsnok få vite ;) I alle fall - eg har fått tre store Noregsglas fulle av knappar som før budde i dei fantastiske skoffene!

Jens har lenge hatt lyst til å leike med desse knappane, og eg har hatt lyst til å sortere i dei. Vel, i dag medan Lise sov kosa me to oss veldig:


Jens sorterte ivrig, og hjalp også til når eg spurde han til råds i tvilstilfeller: 'Jaaaaaaa eg truuuuuur altså me må sei at den derane eeeeeeee....grøn!'.

Tålmodig var han, og gav seg ikkje før me hadde sortert dei to glasa med små knappar i som me hadde tenkt. Dei store knappane sparar me til ein annan dag - eg ser me bør finne oss nokre større glas også før den tid ;)

Knappar er kjekt - teljing eller ei!

torsdag 22. april 2010

Årets familieprogram 2009

er kåra, og "Beat for beat" gjekk av med sigeren. Det er BarneVakten som deler ut prisen, og det er nok mange av oss som tykkjer årets vinnar er vel unnt prisen. Eg gler meg til programma startar opp att!

Ei lita oppmuntring medan vi ventar:

fredag 16. april 2010

Om bønnesvar og det å stole på Gud

I dag, midt i norsktimen i 10. klasse, gjennoppdaga eg denne fine og litt artige forteljinga. Det er eit utdrag frå boka "Mellom deg og meg" av Rune Belsvik og Paul Leer-Salvesen, og det er Rune Belsvik som har ført akkurat denne historia i pennen:

Det blei ein gong varsla flaum i ein dal. Folket der tok til å pakka ned møblar og utstyr for å dra sin veg. Berre ein einsleg bonde såg ut til å ta alt med ro. Han ville slett ikkje pakka ned. Han ville slett ikkje flytta. ”Gud hjelper meg,” sa han.

Vatnet kom, og det steig fort. Bonden måtte snart opp på loftet for ikkje å drukna. Då rodde den siste naboen hans ut av dalen.

”Kom opp i båten og bli med!” ropte han som rodde.

”Å nei,” svara bonden. ”Eg set min lit til Gud. Eg blir her. ” Litt etter måtte han opp på taket. Senga på loftet låg og flaut i vatn. Oppe på taket fekk han sjå ein redningsbåt som kom mot han i full fart.

”Hopp om bord!” ropte mannskapet.

”Nei,” svara mannen. ”Gud er min redningsmann, og han sviktar meg ikkje.”

Til sist stod mannen på skorsteinen. Då vatnet rakk han til kne, kom eit helikopter. Det blei fira ned ein stige til mannen.

”Skunda deg før du druknar!” blei det ropt.

”De skal ikkje bry dykk om meg. Eg står her og held ut til Gud finn tida inne til å hjelpe meg.”

Helikopteret måtte venda om.

Ikkje lenge etter drukna mannen. Straks han kom opp i himmelen, sa han til Gud: ”Eg må vedgå at eg er litt skuffa over deg. Eg hadde verkeleg trudd du villa hjelpa meg.”

”Ja,” sa Gud. ”Først sende eg ein robåt. Så sende eg ein redningsbåt, og til sist eit helikopter. Men du ville jo ikkje ha hjelp.”

Eg trur Gud er veldig konkret, og tek nok ofte i bruk våre medmenneske når han svarer på bønnene våre. På same måte som eg trur at dei fleste guddommelege helbredingane skjer gjennom legevitenskapen. Det er Gud som har gitt oss intelligensen og evna til å tenkje fornuftig. Det er Gud som har gitt oss naturen og alle dei millionane av ulike molekyl som kan byggast saman på så utruleg mange ulike måtar.

Akkurat no sit elevane mine og skriv noveller. Heldigvis har Gud også gitt oss evna til å dikte. Korleis hadde verda sett ut, viss vi ikkje kunne dikte, fantasere og drøyme? Eg er verkeleg glad at det er noko eg slepp å oppleve.

Ole

lørdag 10. april 2010

Hæppi bøjes tu Tyril!

Det er ikkje alltid så enkelt med framande språk, og det at "birthday" vert uttalt "bøjes", er ein fornøyeleg vri på den kjente bursdagssangen. Og Tiril vert konsekvent omtala som Tyril, utan at eg veit kva ho sjølv meiner om denne namneendringa. Likefullt var det bursdagsfeiring hos henne i dag, og Jens var klar som eit egg til å feire litt.
.
.
.
.
.
Pølser vart etne, is og kaker likedan, og etterpå var det leiking både inne og ute. Vi vaksne sat ute heile tida, for i dag har det vore ein skikkeleg fin vårdag, med solskin og god temperatur.
.
På bildet ser vi Jens og Børe i gang med runde nummer 34 (eller noko sånt) rundt bordet. Det er skikkeleg kjekt med køyretøy!
.
Vi kom heim i 15-tida, varme i kjakane og mette i magen. Nokre av oss var i tillegg ganske slitne og trøytte, men klarte akkurat så vidt å halde seg vakne heilt heim. Det var sju harde minutt...
.
Finveret har fulgt oss også i ettermiddag, så vi bestemte oss for å ete middag ute. Dermed tok vi med oss taco og gode jakker ut, og benka oss på framsida. Agnes, Steffen og Elias kom bortom, og åt litt saman med oss. Koseleg!
.
Sjå på det fantastisk store utebordet vårt, som faktisk vert fullt før vi får sett på asjettar og glas. Då vi kjøpte det, var vi to i familien, og sjølv om det var lite også då, dekte det akkurat vårt behov for bordplass på terrassen. Men no... Vel, det kan hende vi må bytte inn litt pengar på Ikea i sommar.
.
Sykkelen har vore i bruk lenge, men sjå kor mykje solskin og kor lette sko og kor lite snø og vinterklede som finst på dette bildet:
.

Den som ikkje kjem i vårstemning av slike dagar, må trekke skoddene vekk frå glaset og ta i bruk sansane på ein meir effektiv måte. Dette er berre herleg!

Ole

torsdag 8. april 2010

Tru


(Sitat henta frå boka "Vitne" av Immaculee Ilibagiza)

onsdag 7. april 2010

Frå vinter til vår på 0,2

Då eg køyrde heim frå jobb i dag, viste termometeret i bilen 16 grader. Ein anstendig temperatur tidleg i april! Heime strøymde vårstemninga mot meg i det eg gjekk ut av bilen. Maren, Henny og Jens leika utanfor huset, med syklar, tennisballar og steinar, vårleg kledd og i godt humør. I blomsterbedet var det heilt tydeleg blitt utført eit godt stykke arbeid tidlegare på dagen. Beviset fann eg på fotoapparatet:


Alt av lauv, pinnar og visne blad var vekke, og dei få vårblomane som er komne opp allereie fekk ein litt tydelegare plass i sola. Slik ser altså "startskotet" ut i år, no vert det spennande å følgje med på alt som vil dukke opp frå molda på ulikt vis framover våren og sommaren.



Når vårstemninga først hadde teke oss, fann vi ut det var like greit å gjere det skikkeleg. Dermed vart fuglebrettet plukka ned og sett på lageret, vinterjakkene vart hengde vekk, klesvasken vart hengt opp på altanen og benken vart henta fram frå kjellaren.


Ein tennisball kan brukast til så mykje, det har denne dagen tydeleg vist. Først var det Jens og Martin som tok i bruk eit par av desse hendige små ballane. Det vart kasta og kasta utanfor gangstien ved huset vårt. Målet var tydelegvis å få den lengst, for ropet "eg vann" vart stadig høyrt frå nedi bakkane. Ein gong, då Martin fekk tennisballen skikkeleg langt ned, nesten heilt ned til snuplassen, kunne følgjande rolege konstatering høyrast frå Jens på veg opp att: "Eg likar så godt å tape eg, atte". Jada.

Så kom Maren og Henny, og tennisballane vart tekne i bruk igjen. Denne gongen vart dei kasta frå spadane og opp i lufta. Heilt tydeleg ein kjekk aktivitet! Også tennisracketane har vore prøvde, men dei vart forkasta rimeleg raskt. Det er mykje betre (/enklare) å kaste!

No håpar vi berre vårveret held fram. Då vert det i alle fall raskt grønt!

Ole

søndag 4. april 2010

Jesus lever!

Det er den glade bodskapen vi skal få juble over og feire i dag. Jesus er ikkje lenger i grava, han er oppstanden! Han er den store sigerherren, og på grunn av hans siger, har vi håp for framtida.

Korset, som vi finn i flagget som i dag har vaia frå flaggstengene, er viktig, men utan oppstoda er det ikkje noko grunnlag for kristen tru. Så påskedag er verkeleg ein stor dag å feire!



I dag kom vi heim etter ferietur til Sogn og Jølster og Bømlo.

Måndag reiste vi til Balestrand, og på turen tok vi naturlegvis ein stopp på Åsane senter. Det er om lag halvvegs på turen, og det er alltid kjekt å vere tilbake på dette senteret som var "nærbutikken" vår i fire år. Spesielt kjekt er det å gå innom 3.16-butikken, som verkeleg er ei perle av ein butikk.

Her er Nina, Lise og eg på spasertur, og Lise og eg nyt utsikta over Balestrand:

Det var deilig med avslappande feriedagar hos farmor og farfar. Jens har blitt ein racer på Ludo og Yatzy, så det vart ein del speling i løpet av veka! Fredag reiste vi vidare til Jølster, og besøkte tante, onkel og fire søskenbarn. Jens leika med både David og Jonatan, og bilbana til Benjamin var eit av høgdepunkta. Lise og Simon fann tonen innimellom, men leika for det meste kvar for seg...

Laurdag var det på tide å vende heimover igjen, men vegen vart så altfor lang. På Stord forstod vi at det beste alternativet var å ta ein pause på turen, så då svinga vi av mot Bømlo, og søkte nødhamn hos mormor og morfar. Det vart eit svært kort (men veldig godt) opphald der, før vi i dag tidleg pakka i bilen og køyrde heim. Vestlandet er stort, og turtellaren stoppa på vel 130 mil etter endt oppdrag.

Til slutt eit par vårlege bilder:










.
.
.
.
.
.
Å kor eg av og til lengtar tilbake til den utruleg befriande kjensla som vårens første springetur i lette joggesko gav!
..
Ole