mandag 31. mai 2010

Satellite - ei analyse

Eurovision Song Contest 2010 er over, og etter mi meining gjorde NRK ein god jobb med både gjennomføring, sceneshow og grafikk. Det beste med heile konkurransen var pauseinnslaget: Madcon sin song, og tusenvis av menneske rundt om i Europa som dansa til.

Tyskland gjekk av med sigeren, og artisten Lena visste ikkje heilt kva ho skulle seie etterpå. Dermed kom det utsegn á la: "I don't know what to say." Til hennar forsvar er ho berre 19 år, då.

Songen ho framførte heitte "Satellite", og er verdt ein liten analyse. Her er starten av songen:

I went everywhere for you
I even did my hair for you
I bought new underwear that's blue
And I wore it just the other day
Love you know I'd fight for you
I left on the porch light for you
Whether you are sweet or cool
I'm gonna love you either way...

Love, Oh, Love
I gotta tell you how I feel about you
Cause I, Oh, I
Can't go a minute without your love
Like a satellite I'm in orbit all the way around you
And I would fall out into the night
Can't go a minute without your love

Love I got it bad for you
I saved the best I have for you
You sometimes make me sad and blue
Wouldn't have it any other way
Love my aim is straight and true
Cupid's arrow is just for you
I even painted my toenails for you
I did it just the other day...

Lat oss stoppe der. Tema i songen er lett å få tak på. Det er kjærleik og tiltrekning. Songaren skildrar seg sjølv som ein satelitt, som går i bane rundt den andre personen. Det er kjærleiken som held henne på plass. Utan kjærleiken, ville ho "fall out into the night". Ganske tydeleg symbolbruk her altså.

Eg er litt meir usikker på bodskapen. Ho fortel om alt ho er villig å gjere for den andre: Lakke tåneglene, sette på utelyset, kjøpe nytt undertøy, ja, det er nesten ikkje grenser for alt ho kan få seg til å gjere for den andre. I refrenget syng ho at ho må fortelje den andre kva ho føler for han. Så songen er vel meir ei kjærleikserklæring til nokon, enn ein song om nokon. Bodskapen er vel dermed retta meir til ein enkeltperson. Eg kjenner det er ganske stort at ho likevel vil dele dette med resten av oss, for det er verkeleg ein djup song som får meg til å tenke.

Eg har alltid satt pris på songar som inneheld linja: "I bought new underwear that's blue". Det er dei beste songane! No ventar eg på fleire djuptpløyande og viktige songar om livet og døden og alt i mellom frå artisten Lena. Lukke til!

Ole

søndag 30. mai 2010

Restefest

I dag hadde vi besøk av Sindre og mormora hans. Kakerestar vart etne, og dei to gutane leika med lego, togbane og andre leikar etter innfallsmetoden. Ute var det sykling og crocket som stod på menyen.

Kva skal ein gjere viss ein ikkje klarar å setje opp ei crocketbane? Då kastar ein kulene i staden for!

Då Sindre skulle gå, var ikkje gutane å sjå nokon stad. Eg gjekk bort i barnehagen, på leikeplassen og nedanfor huset. Til slutt kom dei tuslande oppover stien frå Habn. Då hadde dei to spirrevippane tenkt seg ned til stranda på eiga hand. Heldigvis måtte Jens på do, så dei kom aldri heilt ned...

Ole

lørdag 29. mai 2010

Vi har den ære, å...

...gratulere, vår kjære Lise som har fylt eitt år! Då har den store dagen kome og gått, og vi trur Lise har storkosa seg, med både merksemd, gåver og besøk. Her er nokre bilder frå dagen hennar:

Aller først gåva frå Jens. Det ante oss at ho kom til å like denne, og vi fekk rett!

Mormor og morfar kom på besøk, og dei hadde med seg ein elg til Jens og ein ørn til Lise, til meget stor begeistring frå Jens!

.
.

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.

Med morfar på besøk, er i alle fall Jens fullt oppteken. Dei har teikna og limt klistermerker, og ikkje minst har dei vore ute og sykla og spela crocket!
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Her er nokre av gjestane, som kom for å feire Lise:

Gunnstein og Kjellaug. Sjølvsagt var Ruth og Aksel også med, og dei to og Jens var mykje ute og sykla.
.
.
.
.
.
.
..
..
.
.

Mormor og morfar kosar seg i solveggen i barnehagen, der vi gjekk for å leike litt etter maten.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
God mat på bursdagsbordet:
.
.
.
.
.
.
.
.
...
.
.
.
Det er i alle fall trygt og godt å ha på sykkelhjelm når ein spelar crocket! (Ikkje!)
.
.
.
.
.
.
.
.
Til slutt eit bilete av gåvene. Mykje fint!


Så no er den vesle jenta vår eitt år gamal. Det er nesten ikkje til å tru, så fort tida går!
.
Ole

fredag 28. mai 2010

Ja vi elskar... natron!

Det er mang slags kjærlighet, som han sa songaren (i dette tilfelle Jan Eggum). I dag kom følgande kjærleikserklæring i kassakøen på Joker, og det var Jens som med begeistring proklamerte: "Eg elskar natron!" Anbjørn vart nok litt overraska då, tenkjer eg, og skal eg vere heilt ærleg tok han også meg på senga. Greit nok at han og mamma hadde laga bursdagskake til Lise tidlegare, og brukt natron der. Men kor går vegen frå kakerøre til reinspikka kjærleik? I dette tilfellet går den via ei mistyding! Tre minutt før hadde vi nemleg henta ein pose med Non Stop i hylla, og Jens hadde med iver lest kva som stod på posen. På veg til kassa har det skjedd ei lita forveksling, og altså, slik ser natron ut:

Og etter at kaka har fått sin del med "natron" på toppen, ser den førnemnde kaka slik ut:

Eg veit i alle fall om éin liten helt som gler seg til (bursdag og) sjokoladekake!

Det er ikkje berre kaka som er klar. Då Lise hadde gått på badet, fann Jens og mamma fram papir og teip, og pakka inn presangen hans til Lise. No ligg den fint på kjøkkenbenken og ventar på den store dagen. Både presang og kort er sjølvlaga, og Jens har valt ut motivet heilt sjølv.

No vart du vel spent på kva denne pakken kan innehalde? Vel, det er berre å vente i spenning. Vi trur nokon kjem til å bli veldig glad for det som er inni!

I skrivande stund ligg ungane og søv og drøymer søtt. Lurar på kva dei drøymer om. Bursdag kanskje? Natron? Trampoliner, ender og xylofonar? Eller kanskje dei drøymer om mamma? Det er ikkje godt å seie.

Apropos sove; Rolf Jacobsen har skrive mange fine dikt, og eit av dei finaste skal du få her. Værsågod og god natt! Ole

Når de sover
.
Alle er barn når de sover.
Da er det ikke krig i dem.
De åpner hendene og puster
i den stille rytme som himmelen har gitt menneskene.

.
De spisser munnen som små barn
og åpner hendene halvt alle,
soldat og statsmann, tjenere og herrer.
Stjernene står vakt da og det
er en dis over hvelvene,
noen timer da ingen skal gjøre hverandre ondt.

.
Kunne vi bare tale til hverandre da
når hjertene er som halvt åpne blomster.
Ord som gylne bier
skulde trenge inn der.
- Gud, lær mig søvnens sprog.

torsdag 27. mai 2010

Bursdag på trappene

Den store 1-årsdagen nærmar seg, og Lise får nesten ikkje sove av berre spenning. Det einaste ho har snakka om den siste veka er bursdag og atter bursdag. Eller? Nei, det er vel ikkje det. Trur ikkje ho har heilt begrep om kva som skjer, men ein ting er i alle fall sant: Ho er mykje begeistra, ho seier "hei" til alle og ein kvar, helst mange mange gongar, og ho blir glad for nye leikar.
.
Dei siste dagane har det dukka opp bursdagspresangar i posten. Først ut var farmor og farfar med denne leiken (og ein body, som vi syns var fin, men som ikkje fenga jubilanten i like stor grad som anda...):






.
.
.
.
.

Det var i går. I dag kom det ny pakke i posten, og denne gongen var den frå mormor og morfar.
Inni pakken fann Lise ein xylofon, og ho forstod ganske raskt poenget. Berre sjå:

Gavene falt i smak også hos storebror. Heldigvis deler Lise gjerne på leikane.

I ettermiddag var det grillfest i barnehagen. Mange barn og vaksne kunne nyte god laks, pølser, grøne salatar, potetsalatar og frukt.

Barnehagen har eit fadderbarn i Peru, og for å samle inn pengar, hadde barnehagen kjøpt inn nokre lerretsrammer. Desse fekk vi male på og ta med oss heim, og så betalte vi litt for det. Her er vårt bidrag:


Ole

tirsdag 25. mai 2010

"Det er til gagn for dykk at eg går bort"

Ein av dei største frustrasjonane ved å vere kristen, er at eg aldri har sett han eg trur på. Eg har aldri sett Jesus, eg har aldri høyrt stemma hans eller sett han gjere for eksempel eit under. Det ligg i ordet ”kristen” at ein følgjer Kristus. Men eg har altså aldri sett den eg følgjer.

Av og til drøymer eg om korleis det ville vore å leve då Jesus gjekk om kring i Israel. Vere i nærleiken når han talte, følgje etter der han gjekk og sjå alt det som eg no berre kan lese om i Bibelen. Eg tenkjer at det hadde vore ei fantastisk oppleving, noko som ville gjort trua mi sterk og glødande. For det var vel slik dei opplevde det, dei første kristne?

Ofte vert eg litt forundra når eg les om læresveinane i Bibelen. Det undrar meg korleis dei oppførte seg, kva dei sa og korleis dei tenkte. Dei hadde ei heilt anna oppleving av det å følgje Jesus enn det eg ser for meg i mine draumar. Dei følgde ikkje etter med frimod, dei var ikkje sterke i trua eller brennande eldsjeler for det dei trudde på. Det verkar nesten litt kjedeleg og kvardagsleg. Dei var fiskarar og tollarar og enkle menneske. Dei møtte ein spesiell mann, som dei følgde, men heile tida låg tvilen og lurte. Kven er eigentleg Jesus? Dei var egoistiske og kranglande og feige. Og dei rømde med halen mellom beina då Jesus vart fengsla og torturert. Dei var rett og slett veldig menneskelege.

Og ein annan ting er at det var ikkje så mange som følgde etter Jesus. Han hadde dei tolv læresveinane, og ein litt større flokk med menneske som følgde han. Men dei fleste var anten berre litt nysgjerrige eller litt skeptiske eller veldig skeptiske eller likegyldige. Endå dei levde der Jesus var.

Jesus sa at det var bra for læresveinane at han forlét dei. At det var det beste. Så reiste han til Himmelen, og lét læresveinane stå måpande att. Han sa så mykje rart, og gjorde så mykje rart. Læresveinane forstod han ikkje.

Så sendte han den Heilage Anden. Talsmannen. Forsvararen. Forklararen. Jesus hadde snakka om han, utan at læresveinane heilt fekk taket på kva han meinte. Men når Talsmannen kjem, sa Jesus, skal HAN forklare alt det som har vore sagt og gjort. Og Talsmannen kom.

Brått kan vi lese om modige menn og kvinner. Personar som stiller seg framfor forsamlingar og talar frimodig. Menn som reiser lange sjøreiser for å fortelje om Jesus. Kvinner som nektar å svikte Jesus, endå dei vert drepne for det. Menneske som ikkje lenger er egoistar og reddharar, men framstår nærast som heltar.

Og det er dei same menneska som følgde Jesus. Det har hendt noko, ei forvandling. Den Heilage Anden, Sanningsanden, har blitt sendt, og han forklarar alt det Jesus sa og gjorde. Utan Sanningsanden kan vi ikkje forstå Jesus. Utan Sanningsanden er Bibelen berre ord, eit stort historieverk. Og ikkje noko meir. For vi kan ikkje forstå det som står der, det er både for vanskeleg og for enkelt. Det krasjar med vår logikk.

Så gjer det ikkje noko at eg aldri har sett Jesus. Kanskje det til og med er bra. No er eg ikkje ein av få reddharar som er nysgjerrige på Jesus. No er eg ein av fleire millionar modige menneske som kjenner Jesu ord. Ein av mange som les i Bibelen og takkar Gud for hans nåde.

Ole

mandag 24. mai 2010

Basar, regnboge og løvetann

Basar er kjekt! I dag fekk vi endeleg sjansen til å komme oss på basar igjen, sidan den var lagt til dagtid. Kveldsbasarar er ikkje så enkle for oss med små "kattungar" som plutseleg går tom for futt...
.
I dag var det på bedehuset i fjellet basaren var. Vi kom, sjølvsagt, nokre minutt for seint (...), men nokre tok igjen den tapte tida med auka intensitet (sjå bilete til venstre). Overraskinga var stor, men ikkje desto hyggelegare, då vi plutseleg møtte Wenche og Kristian på bedehuset. Det var Wenche som hadde andakt, og ho heldt ein fin andakt om bønn og om hyrden som hadde 100 sauer og mista ein. Det er hyggeleg når andaktane er slik at også Jens hugsar kva som vart sagt etterpå!
.
Også Gunnstein og borna var til stade, og Gunnstein var for anledningen bamsevakt.
.
Når det gjaldt vinnarlukke og slike ting, var det Jens som hadde vinnarlukka i vår familie i dag. Han vann ein del ark med glansbilder, og i følgje Dagfinn gjorde det at turen slett ikkje var bortkasta. Dagfinn plar ha rett, så eg får stole på at det stemmer også denne gongen!
.
Veret har vore mykje meir omskifteleg i dag enn i går. Kaldare har det også vore, så det var jammen bra at vi gjekk på fjellet i går og ikkje i dag. Vi har sett glimt av sola, men for det meste har det vore overskya og til og med litt regn. Ja, vi har til og med hatt sol og regn på ein gong! Berre sjå på bildet:
.
I følgje Nina passa det godt at den endte i barnehagen, sidan det er så mange skattar som oppheld seg der til dagleg. Fint sagt, syns eg!
.
.
.
.
.
.
Til slutt ein liten hyllest til ein av dei aller finaste blomane som finst i naturen vår, nemleg løvetanna. Eit dikt av Harald Sverdrup, og eit bilete (som desverre ikkje er mitt. Trykk på biletet viss du vil vite kor det er henta frå. Som du kanskje finn ut då, har eg og eigarane av biletet diametralt motsette tankar om løvetann. Men fint bilete har dei teke!)
.
Løvetannens bønn
.
Blås på meg barn!
Fang mine stigende stjerner
og kikk på min gule sol
- som brenner i gressets grønne himmel -
med alle undrende øyne.
.
La de små barn komme til meg
for de vet ikke hva ugress er.
.
.
Det er viktig å nyte løvetanna medan den er her, for løvetann-sesongen er så altfor kort.

Ole

søndag 23. mai 2010

...Osberg og Gunlanut alle må sjå...

Jada, i dag har vi skaffa oss eit aldri så lite overblikk over bygda. Vi henta fram gode sko, meitai og rikeleg med lunsjmat og drikke, og la i veg oppover mot Osberg. Dagens helt ser du på bildet til høgre her: Jens gjekk heile vegen, både opp og ned att! Vi hadde med ekstra meitai, og var beredt på å bere han delar av turen, men det kunne vi visst berre gløyme. Fjellgeita la i veg, og gav seg ikkje. Og i kveld sovna han som ein stein, rett etter at han la hovudet på puta...
.
Eg og Lise ser ned på Erfjord, vel nøgde med at vi er ferdig med bakkane:
.
.
Rett etterpå sovna ho, og tok seg ein god times kvil. Medan ho sov, gjekk vi innover fjellet og nådde til slutt det høgste punktet, sjølve utkikksposten på Osberg. Her skreiv vi namna våre i turboka, og åt lunsj. Sjølv om vi sat vel 500 meter over havnivå, var det godt og varmt, og vi kunne gå med t-skjorter heile turen.
..

.
.
.

.
.
.
.

. .
.
Så over til ein annan tur, nemleg gårdagens Stavangertur. Vi følte behov for å få litt luft under vingene igjen, og så var det eit par viktige ting som måtte kjøpast inn. Blant anna var vi på ein kjempestor matbutikk og handla inn nødvendig proviant. Lise, som er veldig glad i banan, vart svært begeistra over fruktutvalget.
.
Etterpå tok vi turen til IKEA, som var hovudmålet med turen. For Jens sin del, som har spart til krokodillebamse i lang tid no, var bamsehyllene den viktigast plassen å stikke innom. Her fann han den lenge etterlengta krokodillen, og det var kjærleik ved første blikk. Han informerte fleire han traff på sin ferd gjennom butikken, at krokodillen kosta 15 "pengar". Det vil seie 15 tiarar, som igjen vil seie at han har spart i 15 veker til dette.
.
Det første som måtte skje i dag tidleg, var at krokodilla måtte få vere med og sjå krokodillefilmen. Og det er vel igrunn heilt naturleg, ikkje sant?
.
.
For oss vaksne var det vel så viktig å finne fram til utemøbel-seksjonen. Ete-ute-sesongen er over oss, og utebordet vårt, som var heilt passe for Nina og meg i 2006, er på merkeleg vis blitt for lite. Nytt bord er no på plass, inkludert ein parasoll slik at også Lise kan sitje oppe ved bordet, og ikkje nede i skuggen av rekkverket. Så no er vi klare som berre det for grilling så vel som glade salatar og kanskje til og med jordbær og is. Sommartider, hey hey!
.
..
.

.

.
.
.
.
.
.
.
Bildet over til høgre vart teke på fredag, då vi tende på grillen for første gong i år. Grilla laks, grønsaker og urter/krydder smakte, ja, kva skal eg seie... sommar!
.
Det same gjer dette bildet, også teke på fredag. Jens koste seg i lang tid med å rive laus løvetann og kaste utanfor skråninga.
.
.
I dag har eg hatt skikkeleg sommarstemning i kroppen. For min del kunne sommarferien berre begynt med ein gong!
.
Ole

onsdag 19. mai 2010

Lost and found

For mange år sidan, heilt tilbake til starten av 90-talet, sat ein ung Ole Jørgen på rommet sitt og høyrde på musikk medan han gjorde leksene. Musikkinteressa var ganske smal, så smal at ein måtte vere spesielt interessert for i det heile å ha høyrt om artistane. Bryn Haworth, Keith Green og Dave Bilbrough er kanskje ikkje kjende namn for så mange.

Eg var spesielt glad i musikken frå Kingsway music i England. Dei gav ut artistar som Graham Kendrick, Noel Richards og førnemnde herr Bilbrough. Og så hadde dei nokre spennande cd'ar av ei gruppe som kalla seg Eden burning, og det er dei som er grunnen til at eg skriv dette innlegget. Eg hadde høyrt berre ein einaste song av gruppa, og den likte eg. Stilen deira var, i følgje vokalisten, ""folk and the odd grungy guitar flying around".


Økonomien var ikkje den sterkaste på den tida, og eg kjøpte ikkje så mykje musikk. Det måtte difor prioriterast hardt når eg ein sjeldan gong bestilte noko, og av ein eller anna grunn kom aldri Eden burning med på laget.

Så går det mange år, og våren 2o10 gjer Ole Jørgen eit gullfunn på denne sida: eit samlealbum, som attpåtil kan lastast ned gratis!

Dermed dukka Eden burning heilt uventa opp att, og kan frå tid til annan høyrast frå cd-spelaren min. Det einaste som manglar no, er leksene...

Her er min absolutte favoritt:



.
Ole

mandag 17. mai 2010

Langhelg!

Då er vi allereie komne til siste kvelden i ei etterlengta og kjærkomen langhelg. Det er tid for tilbakeblikk og refleksjon.

Helga begynte hardt og brutalt. Eg gjorde meg til mordar, og sjølv om drapet vart utført av barmhjertighet, var det slett ikkje ei god kjensle etterpå. På bildet til høgre står Jens og studerer offeret: ei mus som berre var minutt eller timar frå den sikre død. Ho var skada, og hompa seg av gårde, og den siste delen av livet, før katten tok ho eller ho sjølvdøydde av skadene, ville vore rein liding. Difor vurderte eg eit kakk av spaden som betre. (Som Nina påpeika etterpå: No har vi endeleg funne det einaste dugande bruksområdet for FrP sin politikk: Den verkar på mus! Eutanasi er forsåvidt greit viss behovet er der, vi vil helst ikkje ha så stor innvandring av mus og det er heilt ok om mysene får billigare bensin og slepp bompengar)
.
Fortsetjinga på helga var betre. Torsdag reiste vi til Bømlo, og tilbragte dei neste dagane der. Hagen der er eit tydeleg bevis på at våren er komen for å bli, også i år:

Det er mykje å finne på hos besteforeldre. Lise har drege seg rundt på golvet, og øvd på kryping til den store gullmedaljen. Legobygging er kjekt og bamsar er artige, men det absolutt beste i heile verda, akkurat no, er mobiltelefon! Mange artige knappar å trykke på, og akkurat passe storleik i små nysgjerrige nevar. Alt som vert utforska, vert også smakt på, så vi tenkte at det kanskje ikkje var så lurt for mobiltelefonen vår å bli forska altfor mykje på. Og det er jo særdeles ulurt for Lise sin del, med all den strålinga ein mobil sender ut. Difor tok vi turen innom ein leikebutikk når vi var på Svortland, og fleska til med denne nydelege leikemobilen:

Den har display som skiftar bilde alt ettersom kva vinkel du ser på det frå, og knappane lagar både lydar, musikk og stemme. Nokre knappar har til og med to lydar. Først ein som kjem med ein gong dei vert trykt på, og så ein ringelyd ei lita stund seinare. Dermed har Lise fått ein del overraskande oppringingar i løpet av helga! Knallkjekk leike. (Og så må det vel innrømmast at den allereie har gått tom for lyd. Det vart for mykje spytt for elektronikken...)
.
.
.

Jens har også hatt mykje fore denne helga, men har brukt tida særleg på to favoritt-ting: Sett dyrefilm og lest i dyrebøker saman med morfar, og leika på plenen. Begge deler er vel i grunn ganske så sunne interesser, og vi syns igrunn det er herleg å endeleg kunne vaske bukser med grønske på igjen. Endå eit vårteikn!
.
.
.
.

.
.

Laurdag var på Stord, på opninga av Heiane Vest. Dette er eit stort industriområde på, som namnet tilseier, Heiane. Her traff vi Annbjørg og familien, og åt lunsj saman med dei. Koseleg!
.
Høgdepunktet, særleg for Jens, var showet til klovnen Charlie. Han trylla og tulla, og ungane framfor scena var heilt med. Eg må innrømme, med tungt hjarte, at eg ikkje klarte å avsløre meir enn eit einaste triks. Mange av triksa var av typen: "Hm, merkeleg", og eit par var av typen: "Korleis i all verda er det mogeleg?" Som du sikkert forstår, var dette moro også for far...
.
Søndag reiste vi heim, og fann fram bunadsklede og kvitskjorter og gjorde oss klare for 17. mai-feiring. Vermeldinga sa sol og opphaldsver, men vi vakna opp til regnver. Regnet forsvann heldigvis til vi skulle ut, men sola såg vi ingenting til. Likevel vart det ein svært fin dag, med tog, tale av sjølvaste Gunnstein, lapskaus, pølse, is, brus, kake, tippeløype og alt som høyrer med til ei hyggeleg feiring av dagen i Erfjord. Her er nokre glimt frå dagen vår:
.. ..
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
..
.
..
Vi gjekk til skulen, og heiv oss rett med i toget. Til høgre er Jens i god gang på trampolina, noko som nesten begynner å bli ein tradisjon på 17. mai.
.
Lise sat i vogna, og var særs engasjert (?) under tippeløypa:
.
Også kjekke dagar har ein ende, og hos oss endte den på benken utanfor huset. Der inntok enkelte av oss eit betre måltid, før vi gjekk inn og tok av oss finstasen.
.
I skrivande stund ligg dei søte små og søv, og Nina har snekra saman ei 17.mai-kake som vi vaksne skal kose oss med. Dermed vert det ein verdig slutt på ei triveleg langhelg.
Gratulerer med dagen, kjære lesarar!
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Ole

lørdag 15. mai 2010

Viktige eigenskapar i arv

Dei fleste har vel eigenskapar som dei helst ikkje vil skal gå i arv til neste generasjon, medan andre gen er det ikkje så farleg med. Uansett om det er slik eller så, er det forsvinnande liten mulighet til å plukke gener ein vil sende vidare.

I følge mine kjære foreldre hadde eg ein litt spesiell måte å komme meg frå sittande til liggande stilling då eg var liten. Eg tok ganske enkelt og vrei begge beina ut til kvar side og bak. Spagaten, altså. Den evna har eg til dei grader mista på vegen, det er ikkje mykje turnaktig over kroppen min i dag...

Denne eigenskapen, viss den då var bestemt av eit gen, ser ut til å ha gått i arv til minstejenta. Berre sjå her:


Rørsla fortset bakover, til liggande stilling er oppnådd. Eg er verken lei meg eller hoppande glad for at denne eigenskapen er sendt vidare, men litt artig er det i alle fall!

Ole

tirsdag 11. mai 2010

Knutsen og Ludvigsen

Dei siste dagane er det desse to artige karane som har prega musikklivet i heimen. Utruleg mange artige songar og påfunn! Ein imponerande kreativitet og fantasi har gitt super musikk for både små og store!


Gustav Lorentzen er død, men musikken er så absolutt levande.
.
Akkurat i dag er det denne songen som går om att og om att i cd-spelaren min (og i hovudet også. Litt irriterande av og til...):



Festleg musikk og sang, og snodig tekst.
.
Ole Jørgen