mandag 28. juni 2010

7 år!

I dag er det ganske nøyaktig sju år sidan vi stod i hagen til fotograf Alvhild Halleraker, og lot oss avbilde som på bildet under. Når ein ser tilbake, verkar det alltid som om tida har gått fort, men jammen har det skjedd mykje på desse sju åra! Heldigvis er enkelte ting like fortsatt; Det viktigaste er at vi fortsatt er like glade i kvarandre!




.
.
.

.
.
.
.
.
.
Det vert sagt at den første sjuårskrisa dukkar opp rundt desse tider. No sit vi og ventar på at den skal komme, og et litt fruktsalat og spelar spel medan vi ventar...

Då Lise skulle sove i dag, tok vi fram vogna og spaserte til Livi. Véret var upåklageleg, Jens kosa seg i barnehagen og Lise fann raskt vegen til drøymeland då vi begynte å gå.

.
Vel heime igjen, dukka det plutseleg opp to hyggelege damer: Irene og Gry kom med takkekort og bursdagsgåve, og heldt oss med selskap ei stund. Koseleg!

Til slutt godt nytt til alle som er opptekne av økologiske matvarer. Denne kartongen vart i dag kjøpt på Livi!
.
.
Det er med andre ord altså igjen mogeleg å få tak i økologisk mjølk i Erfjord, og hurra for det. Viss ikkje det fekk dei fleste til å klappe i hendene og juble, så veit ikkje eg!
.
.

.
Ole

søndag 27. juni 2010

Kleppsnuten

Det er søndag, og tradisjonen tru tok vi fjellkleda på og labba i veg mot ein fjelltopp. Denne gongen var det Kleppsnuten som var målet. Kven kan med handa på hjartet seie at dei ikkje fekk lyst på ein fjelltur etter å ha sett desse bildene?
.
.
.
. .
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Denne snodige planten såg vi heilt på toppen av nuten. Er det nokon som kan fortelje oss kva slag blome dette er?
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Så får vi sjå kva som blir det neste målet, og om det er like varmt og fint vér. Og det er slett ikkje sikkert at det vert ein søndag neste gong. No har vi ferie, så vi går nett når vi vil!
.
Ole

lørdag 26. juni 2010

Laurdagscollage

Spasertur til Livi. Frisk luft er godt for både kropp og hovud. Vi er på forkjølelsens rand heile gjengen, så vi fann ut det var lurt å kvikke oss opp med ein tur.
.
.
.
.
.

.
.
.
.
.

Nysgjerrigperen vår i eitt av dagens utallige gjeremål.
.
.
.
.

.
.
.
.
.
.
.
Enkel og flott figur som akkurat no pyntar opp på stuebordet vårt. Ei fin gåve frå 10. klassen min då dei slutta på måndag.
.
.

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.

.
.
.
.
Til bursdagen min fekk eg ei øskje technic-Lego, og denne veka har Jens og eg brukt ein del timar på å bygge opp denne tøffe løype-/brøytebilen. Minnene går tilbake til barndommens bursdagar, og den fantastiske gleda ved å opne opp ein pakke med lego i. Jens er begeistra, men dette er nok litt for avansert for han. Men det er kjekt å gjere i lag, og Jens har funne fram dei aller fleste klossane frå øskja! Og så ynskjer han seg eigen fireårslego til sin eigen bursdag, og då skal "du finne klossane pappa, og eg bygge!"
.
.
Kveldane den siste veka har blitt prega av to ting: fotball og spela som du ser på bildet. Fotball-VM går sin gang, sjølv om vi har to ulike interessenivå angåande kampane her i huset.

Spelet Ra fekk Nina til bursdagen sin, og er eit fascinerande spel med utgangspunkt i Egyptisk historie og mytologi. Det fungerar greit med to, men vi gler oss til å prøve det med fleire for å finne ut om det vert endå betre då. Fluxx er ei lita "bygåve" frå Barcelona, og er eit spel der reglane forandrar seg heile tida. Eit ganske tåpeleg spel, men det må berre spelast "ein gong til..."
.
Jens har farga og klistra ferdig den store dyreklistermerkefargeleggingsboka han fekk til jul. I ettermiddag var det ein periode der han ikkje heilt visste kvar han skulle gjere av seg, så då fann vi fram denne boka som vi kjøpte til han for ei stund sidan, nettopp med tanke på sommarferien. Her er mykje moro for ein liten tass mellom desse to permane, og vi vaksne syns det er ok at det ikkje er berre dyr på sidene, men også ein del andre ting. Vi syns det er heilt topp at han er interessert i dyr, men det kan kanskje ikkje skade om horisonten etter kvart vidar seg ut :-)
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Ole

Viktig skoval

"Då Jesus snakka med folk i ørkenen, måtte han gå med sandalar eller joggesko. Viss han hadde hatt crocks på, hadde han fått så mykje sand i dei!" (sitat Jens)
.

fredag 25. juni 2010

Feriestart

Då er den endeleg her igjen, sommarferien. Vi har sett karakterar og sendt elevane heim. Tenkjer dei har det ganske greit dei også. Eg hugsar endå den fantastiske kjensla av skulefri, to månadar med komplett fridom og alle muligheter opne.
.
Lise har nok ikkje merka den store forskjellen endå, sidan skuleslutt for meg ikkje innebere heilt fri likevel. Men no framover blir det ei endring, for no styrar vi tida sjølv!
.
Til høgre står Lise med hovudet i kjøleskapet. Dette er fortsatt veldig spennande, og ho set kursen mot kjøleskapet så snart døra vert opna. Elles er ho blitt ei hermekråke av dei store. Alle ting som vert gjort, skal ho også gjere. ALT vert herma etter, så sant ho har sjansen. Og har ho ikkje sjansen, passar ho på å seie tydeleg frå om at ho også vil...
.
Tysdag var altså siste skuledag for elevane, og vi i personalet hadde samling om kvelden. Det var ei ganske spesiell avslutning, sidan mange av oss skal begynne på ny arbeidsplass til hausten. Det vart difor ei kombinert sommaravslutning og "takk for no"-markering.
.
Vi reiste til Jøsenfjorden, og starta kvelden med tippeløype på Gjil. Svein Carlos tok imot oss ved garden, med kaffi kokt over ild, og hjortegryte av sjølvskoten hjort. Det vart ein svært koseleg kveld, med god stemning.
.
Onsdag og fredag var Jens med på skulen for å rydde. Dette var ganske hardt arbeid for ein liten tass, og han kom heim ganske så sliten begge dagane. Onsdag var vi med Tone og rydda i ungdomsskulen, og i dag rydda vi på arbeidsplassen min. Jens hadde heldigvis tilgang på god litteratur, stol som kunne køyre att og fram og eit hoppetau som var veldig kjekt å dra på. Slik vart det mogeleg å halde ut, trass i lang dag. Sjølvsagt hadde vi også med nistepakke, arbeidsfolk må jo ha mat! No er eg ferdig, og klar for sommarferie. Juhu!
.
Etter at Jens og eg kom heim frå arbeid på onsdag, reiste vi til Sand alle saman og handla. Det var St.Hans, og vi markerte dagen med middag på Kulp. Avslappande kafé, og god mat.
.
.
.
Jonsok-kvelden gjekk Jens og eg ned i Habn og var med på feiringa der. Der spelte korpset, vi kunne kjøpe grillmat og Jens var med og fanga krabber. Det vart god fangst!
.
.
Etterkvart vart det sett fyr på bålet, og det vart jonsokfeiring "på ordentleg".
.
Midtsommar er passert, jonsok er feira, skulen har låst att dørene og eg er ferdig med å rydde etter skuleåret. No er sommaren i gang, altså!

Ole

mandag 21. juni 2010

Barcelona!

I forrige veke, frå tysdag til søndag, var 10. klasse, ei mor i klassen og eg til Barcelona på avslutningstur. Det var ei svært kjekk veke, med mykje moro og mange opplevingar. Vi var på to guida turar i byen, ein med norsk guide i minibuss, og ein med engelsk guide på sykkeltur. Å sykle rundt i gatene i ein så stor by er ei oppleving for seg sjølv.


Barcelona ligg rett ved middelhavet, og været var godt alle dagane. Det vart difor fleire badeturar til stranda, og shorts og t-skjorte var naturlege val når vi skulle ut på dagens aktivitetar.



Fredag var vi i Port Aventura, ein fornøyelsespark eit stykke utanfor Barcelona. Vi brukte fire lange timar på å komme oss ut dit: Ein på å komme oss til togstasjonen og få tak i billettar, ein på å vente på toget, sidan vi mista det vi skulle ta med to minutt, litt over ein time på sjølve togturen og nærare tre kvarter frå vi gjekk av toget til vi kunne gå inn i parken. Vi kan seie det slik at dei fleste var spinnklare for meir aktivitet når vi omsider kom oss inn!

Det første vi skulle gjere, var å ta denne raketten av ei bane:


Dei som tok den, stod ein og ein halv time i kø før det vart deira tur. Slik fortsatte det utover dagen, så dei som ville ta dei store og populære banene og aktivitetane, rakk berre fire ulike ting i løpet av dagen. Nesten fem timar stod dei i kø til saman! Vi andre, som ikkje lot oss lokke av stor fart og svimlande høgder, traska rundt i parken og deltok på mange småaktivitetar, som flåtetur, krasjebilar og skyting. Eg trur dei fleste hadde ein fin dag!

Til slutt eit bilete av tradisjonell folkedans frå Barcelona:


Barcelona er ein flott by, og ein by som det er lett å bli glad i. Håpar eg får sjansen til å reise dit igjen ved eit seinare høve. Hermed anbefalt!

Søndag kom eg attende til vesle Erfjord (med om lag like mange innbyggarar som i den vesle gata hotellet vårt låg i...), og det var herleg å sjå Nina og ungane igjen! Mottakskomiteen stod klare med fruktfat og kake, og planen var å ta dette, samt grillmat, med opp til Østerhus på bibelgruppeavslutning hos familien Haugsland. Slik vart det ikkje, for då vi endeleg hadde rigga oss til i bilen, både vi og kaka og grillmaten og fruktfatet, ville ikkje bilen starte. Den var heilt tom for straum, og gav ikkje så mykje som ein liten reaksjon ein gong på mine startforsøk. Så vi måtte bere alt inn att.
.
I staden grilla vi for oss sjølv, og feira bursdagen min på altanen. Det var jo eit par dagar for seint, men det vart vanskeleg å feire i lag medan eg var i Spania... Så vi koste oss med oss sjølve, og eg syns vel eigentleg det var heilt greit, sjølv om eg veldig gjerne ville vore saman med dei andre i bibelgruppa. Men etter ei veke i storby, var det i grunn godt å setje seg ned heime og slappe av.
.
Bilen måtte vente til seinare, og ved god hjelp frå nabo Bjørn og startkablane hans, fekk den sin etterlengta dose med elektrisk energi. No går den som ei klokke igjen.
.
I kveld har eg vore på avslutningsfest for den same 10. klasse som eg var på tur med. No har eg altså sagt takk for seg, og ynskt dei lukke til vidare i livet. Det er alltid litt rart å skulle seie hadet til elevar ein har undervist og hatt med å gjere i så mange år. Eg er heldig som har fått blitt kjend med dei, og no er det nokon andre som skal få gleda av å undervise og rettleie dei vidare.
.
The show must go on, og heldigvis kjem det stadig nye elevar.
.
Ole Jørgen

søndag 13. juni 2010

Bergsnuten

I dag har vore nok ein søndag med varme og fint turvér. Bergsnuten var målet vi sette oss i dag, og som vanleg legg Jens i veg med friskt mot. Det begynner etterkvart å bli eit vanleg syn, Jens som gir jernet oppover fjellsidene i Erfjord.

På kvar fjelltopp står det ein varde. Dette er noko Jens har fått med seg, men det er ikkje alltid lett å vite kva for ord som er det rette. Begeistringa var stor då vi nådde toppen og kunne sjå "baljen".

Det er alltid like deilig når toppen er nådd, og ein kan skrive namna sine i boka!

.

.

.









Utsikta frå toppen av Bergsnuten er upåklageleg. Viss vi for eksempel ser mot Sand, ser det slik ut:
.

Lise nyt som vanleg turen i bæresele, og får med seg mange kjekke ting som kan studerast derifrå. Toppen av Bergsnuten har ho derimot ikkje sett. Ho sovna eit kvarter før vi var oppe, og vakna tre kvarter ned i bakkane. Men deltakinga er hjarteleg, så lenge ho er vaken, og sjølv små passasjerar treng ein pust i bakken og matpause.
.
.

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.

Vel heime igjen gjer Lise nok ei ny erfaring: bruk av gaffel! Ho er, som de sikkert har fått med dykk, nysgjerrig til tusen, og vil gjerne prøve alt det som andre prøver. Det er difor ikkje godt nok å sitje der med ei puslete skei medan andre bokstaveleg tala gaflar i seg. Vi har kjøpt ein gaffel som passar perfekt for Lise (ja, eigentleg er det vel ein kakegaffel, men den gjer same nytta). Middagen i dag vart difor innteken med verdas største glis, og gaffelvifting av ei anna verd. Stolt? Nei, det har vi ikke sett...
.
.

Ole

fredag 11. juni 2010

DYR både her og der

Dette blir eit ganske dyrisk innlegg. Kvardagen vår er full av dyr, i alle slags variantar og situasjonar. I levande form har vi ein kattepus som svinsar rundt huset, og stadig fleire sommarinnsekt som "alle" ynskjer å besøke oss. Med eit stort unnatak for flugene, syns eg dei fleste besøk er ganske koselege. Både fordi det er kjekt å få besøk av naturen, og fordi dei er relativt lette å frakte ut i friluft og sitt naturlege miljø.

Dagens store ettermiddagshending kan studerast på biletet til venstre. Frisyren til Jens gjekk frå tett og litt varm, til "sommarfrisyre". Sjølv meinar han det er vårfrisyre.

Kva skal ein finne på medan pappa flikkar på håret? Jo, då er det heilt klart på sin plass med ein dyrefilm! "Smarte aper", eit fint program om apekattar, vart sett i sin heilskap, og guten sat i ro under heile frisørtimen.

Sidan ein hårklipp genererar mengder med laushår på golvet, kunne ikkje Lise få krype rundt på eiga hand. Vi veit alle at då ville ho vore midt oppi hårhaugen før vi fekk telt til tre, og før fire hadde ho truleg allereie smakt på håret, undersøkt om det går an å putte oppi ein boks, sett kva som skjer viss ein dyttar til det og putta håret saman med x antal andre leikar, for å finne ut om dei går an å kombinere i leik. Før fem ville det vore komplett umogeleg å samle saman håret igjen.

Alternative tiltak måtte difor setjast i verk. Lise fekk sitje i stolen sin, ikkje så langt unna, og kunne der slå seg laus med det som måtte vere for handa. Ein del viktige telefonar vart tekne, og alt innanfor rekkevidde vart putta på putteboksen. Ho storkosa seg! Også ei dyrebok havna på bordet framfor ho ein periode. Skal tru om ho blir like interessert i dyr som storebror? Ein kan jo undre seg på om ho har noko val...

Etter frisørtimen var det tid for ein kjapp dusj. Pappa spylte og vaska, og laga ein ganske nyskapande tullesang utan noko som helst meining eller innhald. Det vart det midlertid fort slutt på: "NEI, vi skal ikkje synge tullesangar no. Vi skal synge skikkelege sangar, om Per Olsen og sånne!" (Per Olsen, som i "Per Olsen hadde ein bondegård). Jada. Eg er igrunn fornøgd så lenge det er innhaldet i sangen han klagar på...

Den rosa delfinen begynner å miste piffen, og i går svevde han bokstaveleg tala i ein tynn tråd mellom himmel og jord. Jens tok den med ut på altanen, utan at den var fastknytt i noko som helst. Eg ville vurdert sjansen for at han fekk seg ein luftig flytur til omkring 87 %. På forunderleg vis skjedde ikkje dette, delfinen hadde marginane på sin side, trass i at Jens sleppte han ut og opp heilt til enden av tauet, og misfornøgd måtte konstatere at: "Den kjem jo ikkje heilt opp til himmelen, jo". Delfinen er fortsatt blant oss, om enn i redusert tilstand.
.
Til slutt eit artig dikt skrive av danske Jørgen Sørensen. Diktet har også melodi, og har blitt lært og sungen i Nøstbakken-heimen i dag, til stor begeistring for dei fleste:
.
Hvis du ser en krokodille
i ditt badekar,
skal du ikke være redd
selv om den er litt rar,
bare gi den en kopp kaffe
og en god sigar
.
Hvis det sitter en gorilla
i ditt sykkelskur,
skal du bare ta det rolig,
den blir ikke sur,
når den får et par bananer
og en sykkeltur
.
Hvis det ligger en løve
på ditt skrivebord,
skal du ikke løpe ut
og si det til din mor.
Når du klapper den på ryggen,
gjør den ikke det spor

Eg reknar med at denne kjem til å bli ein klassiker i heimen vår!
.
Ole

torsdag 10. juni 2010

Bursdagskort

Inni bursdagskortet som jubilanten fekk av Lise og Jens, kunne følgjande to teikningar studerast:
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Bildet til venstre er teikna av Lise. Det er ganske non-figurativt, og er teikna med verdas største og søtaste glis om munnen. Iveren tok seg opp etterkvart som kunstverket tok form, og særleg det å oppdage at ein kan teikne horisontale strekar i stor fart, var eit høgdepunkt.
.
Til høgre er Jens sitt bidrag. Bildet er svært figurativt, og forestiller mamma. Hovudet har både auger, nase og munn, og sjølvsagt mykje langt år. Kroppen kan observerast nederst, og her er alle detaljar tekne med.
.
I tillegg til desse flotte teikningane, var følgjande bodskap skrive under:
Ein ganske alternativ G, men alle bokstavane er forståelege. Den siste A-en er skriven av underteikna, sidan Jens meinte det var for lite plass igjen til at han kunne skrive sjølv. Storleiken på dei andre bokstavane teke i betraktning, hadde han sannsynligvis rett. I dette ordet trur eg E-en er min favoritt. Ein fantastisk versjon av bokstaven!
.
Ole

onsdag 9. juni 2010

Kake!

Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren. Heldigvis gjeld dette også den gemene hop, så dei av oss som føler sterke tiltrekkingskrefter mellom oss sjølve og kakefata, prøvar så godt vi kan å halde oss i nærleiken av bursdagsbarn. Som oftast, sidan vi ikkje kjenner alle, må vi leve i vissa om at ein eller anna stad der ute finst det ei kake. Den er dog akk så utilgjengeleg.
.
Av og til er ein så heldig å vere like i nærleiken av kakene. Når du bur i hus med ein 30-årsjubilant, kan du vel knapt komme nærare. Her er tre av kakene i mitt liv (skjønt den eine er ein pai, og vert eten med vaniljeis til):













No skal ein alltid vere forsiktig med å favorisere nokon. Men sett no at eg skulle gjort det, eit tenkt scenario sjølvsagt, så må eg jo seie at eg har ein forkjærleik for daim iskake. Det skal eg sjølvsagt ikkje seie.
.
Ja, forresten, vi hadde litt besøk også, i tillegg til kakene. Det var kjekt!
.
No gler vi oss til neste bursdag og fleire kaker. Det er heldigvis ikkje så lenge til...
.
Der skjer meir i heimen vår enn å ete kake (heldigvis, må vi vel seie til det). Lise viser seg å vere ein førsteklasses forskar, og forskar på det meste. Kroppen får ho stadig meir kontroll over, så nye muligheter, ja, nesten nye univers må vi seie, har opna seg for ho når ho no klarer å reise seg opp. Her ser de henne framfor to av hennar yndlingsforsknigsobjekt:
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Også Jens er stadig på farten. Han fordjupar seg fortsatt i sitt yndlingstema, nemleg dyr. I tillegg kan han ofte observerast susande rundt på sykkel utanfor grendasenteret.
.
Det er ikkje alltid lett å vere ein ganske så impuls-styrt treåring, med plutselege både innfall og motforestillingar. Eit eksempel på det fekk vi her forleden kveld. Eg satt på huk og snakka med han. Plutseleg fekk han så lyst til å gje meg ein klem, så han kasta seg fram med utstrakte armar og klemte til (det er herlege klemmar!). Brått tek klemmen slutt, og ein lettare forfjamsa Jens kavar for å komme seg på fote igjen. "Hjelp! Hjeeelp! Det er jo pinnar, du er jo eit pinnesvin!" Eit tydeleg signal på at det er på tide å finne fram høvelen igjen...
.
Ole

søndag 6. juni 2010

Frå folkeliv til ro i fjellet

Dei to siste dagane har vore kontrastfylte for familien Nøstbakken. Denne helga er det Ryfylkedagar på Sand, og i går gjekk vi i gata og var med på å fylle Sand sentrum endå litt meir opp med folk. Det er ikkje kvar dag gata er så full av folk, og salsbodar og utstillarar kor ein enn snur seg. Underteikna syns det var litt herleg å kunne trekkje seg tilbake til Kulp, kafeen på kulturhuset, og ete deilig lunsj ute i finvéret. Her var det også mange folk, men roleg og avslappa stemning. Og ikkje minst: god mat!
.
På veg tilbake til bilen fekk vi auge på ein som selte gassballongar, og Jens fekk velge seg ein. Det vart sjølvsagt eit dyr. No svevar ein rosa delfin stille og roleg over senga til ein liten gut som ligg og søv...
.

I dag har vi ikkje sett fullt så mange folk, men vi har sett desto meir vakker Ryfylkenatur! Fjellgeita vår leia oss oppover traktorvegen ved Bogslia, over bekken ved Erfjordtjønnet og oppover fjellsida heilt til topps. Hegreheia var målet, og turen opp var bratt og varm. Lise sov store delar av turen opp, og var i strålande humør på toppen. Her står vi og nyt utsikta:


Sjølvsagt måtte vi skrive namna våre i turfant-boka:


Jens er veldig fascinert av varden på toppunktet. Helst ville han plukke steinar av varden, men sidan han ikkje fekk lov til det, var det stas å få legge ein ny stein på toppen. Sett frå Jens sin ståstad, ser nok varden endå meir majestetisk ut enn for oss som er nokre centimeter høgare.
.
Her er utsikta mot Erøy frå toppen av bakken. Vakker natur, eller kva?