fredag 23. juli 2010

Badevér!

Endeleg kom det varme dagar og badevér til Erfjord også. Vi lot oss ikkje be to gongar. Badebuksene på, handkle og byttekle i pose og armringar på armane. Armringane skulle på før vi gjekk ut av døra heime, og det var berre så vidt vi fekk dei av etterpå. Ja, dei er nye... Lise kosa seg i "badestolen" sin. Litt kaldt med det same, men når ho berre fekk venne seg til, var det berre så vidt vi fekk ho opp att!
..

No er vi klare som egg for Lyngdal, og slik ser langtidsvarselet ut (i følgje yr.no):
.
Jepp, det ligg an til ei fin sørlandsveke!

Ole

onsdag 21. juli 2010

Gå til butikken

Vi er tilbake i kjente omgjevnader, og nyt late og stille dagar heime for oss sjølv. Morgonane startar gjerne på dette viset:
. .

"Kalle og Molo" er verkeleg i skuddet i heimen vår for tida. Den eldste er interessert i alt, den yngste berre i musikken. Begge syns det er strålande.

Ute regnar det, og den gode "sommarenergien" blir tappa ut sakte, men sikkert, etter kvart som søledammane fyllast og verda vert tulla inn i gråe skyer. Heldigvis er det ikkje kaldt, så vi motar oss opp og går ut, trass i gråvéret. Fjelltur fristar ikkje, så vi går heller til butikken. For det meste går vi, og Jens syklar, til Livi, sidan den ligg i passe avstand. Det er koselege turar, og vi har endå ikkje blitt overraska av plutseleg styrtregn.

I dag bestemte vi oss for å gå litt lenger, nemleg heilt til Joker i Hålandsosen. Det er vel om lag fire kilometer dit, så vi brukte ein time kvar veg. Vi var ganske slitne i beina etterpå, men er ikkje framande for tanken å gjere det igjen ein annan dag.

.
.
.

.
.
.
.
.
Apropos gå: Lise er stadig på farten, og har dei siste vekene for alvor begynt å komme seg opp på beina. Ho går mykje rundt bord og stolar, men etter at vi kom heim frå ferieturen vår, har ho også begynt å gå med gåvogna. Endå går det i rett linje, så vi må stadig trø til og snu vogna når ho, bokstaveleg tala, møter veggen.
.
Det er tydeleg å sjå på ho at dette er gøy. Kanskje det kan samanliknast med å få sertifikatet når ein er 18?
.
Ole


onsdag 14. juli 2010

Bokbyen - ein by for oss

Viss vi legg Balestrand bak oss...
. ...og fylgjer ferga ein god time vidare innover Sognefjorden...
.
...dukkar til slutt denne vakre bygda opp: Fjærland. Sentrum i Fjærland heiter Mundal, og er kjent for særleg to ting: det gamle ærverdige Hotell Mundal, og alle bokutsala som har gitt Fjærland status som Norges første bokby.
.
I alt fjorten ulike butikkar med brukte bøker er å finne langs den heller korte sentrumsgata, frå fergekaia til litt forbi Jokerbutikken. Med andre ord: her har dei mat og bøker, alt ein treng for å overleve...
.
Fergeavgongen var dessverre altfor tidleg, så vi følte ikkje vi var heilt ferdig med å gå i butikkane då vi måtte entre den gamle slitaren "Skånevik". Dette er ei ferge vi har teke før. Tidlegare gjekk den nemleg i trafikk mellom Siggjavåg og Sagvåg på Bømlo og Stord. Før Trekantsambandet gjorde ferga overflødig, var det altså denne ferga vi var avhengige av for å komme til Bømlo. Litt artig, det då!

Så sette vi kursen utover fjorden att. På toppen av fjellet i midten på bildet under, kan du skimte litt av Jostedalsbreen. I Fjærland finst det også eit Bremuseum, og dette tiltrekk seg ein heil bråte med turistar. Vi satsar på at vi kan besøke museumet neste år. I tillegg til å gå i bokbutikkane, sjølvsagt...
.
Medan vi sat på ferga, dukka plutseleg denne fylgjesvennen opp. Han hadde nøyaktig same fart som ferga, og sveva rett ved sidan av den vesle salongen i andre etasje. Av og til sette han seg litt på ferga for å kvile, men haldt seg for det meste i lufta.
.
Jens vart litt svolten i løpet av den lange fergeturen, og vi vart einige om at han og eg skulle kjøpe oss ei grillpølse i kiosken. Eg heldt på med noko anna, og sa at han kunne gå inn og kikke litt på kva dei hadde i kiosken, så skulle eg komme straks. Han gjekk inn, og eg fortsette med mitt. Etterkvart merka eg at folk inne i salongen begynte å kikke mot kiosken og smile, og eg begynte å ane at vår vesle venn haldt på med eit eller anna der inne. Eg reiste meg og gjekk inn, og folk smilte endå breiare og nokon sat til og med med fotoapparat og tok bilde. Framfor kiosken, oppå ein stol han hadde drege dit, stod Jens og snakka med dama i kiosken. Han hadde allereie, høgt og tydeleg, gjort greie for kva han skulle ha. Han hadde til og med bestilt noko til mamma, sidan ho ikkje ville ha grillpølse... Vi kan vel ikkje akkurat seie han er beskjeden...
.
Etter at pølsa var eten, var det på tide å kikke litt på dagens bokfangst.
.
Vi gler oss allereie til å komme til Bokbyen att!
.
Ole

mandag 12. juli 2010

(Nesten) 60 år og like blid

Den store 60-årsdagen til pappa vart feira i går, saman med barn, barnebarn, svigerbarn, søsken, svograr, svigerinner og nokre onkelbarn. Til saman 31 menneske samla seg i matsalen på Sygna, og feira med ballongar, deilig mat og kaker i fleng.

Jubilanten sjølv har prøvd å poengtere at det ikkje berre er 60-årsfest, men at vi også feirar fleire andre ting. Likevel visste vi alle at det var no først og fremst derfor vi var der. Det må presiserast at jubilanten endå er 59 år ein månad til...

Her sit jubilanten sjølv og blar gjennom bilder frå festen:

Sidan Eva Bente og familien var heime på ferie, heilt frå Bolivia, var vi samla alle tre syskena for første gong på to år. Det er kjekt å treffast, og det er heilt tydeleg kjekt for syskenborna å bli kjende med kvarandre. Og så var det sjølvsagt kjekt å få gjere stas på pappa!
.

.
.
.
.
.
.
.
.
-
-
-
-
-
-
-
-
-
--
Det var ingengting å seie på maten, og kakebordet såg slik ut. Kaker for ein kvar smak, og mange restar som ein kan gå og "kikke" på frå tid til anna...
.
.
For Lise sin del vart det litt mange folk. Det var så mange ukjente menneske, at ho såg seg nøydd til å hente fram det skeptiske fjeset ein del. Det er nok tryggast med dei nære og kjente, så ingenting er så deilig som når ho har kjende personar rundt seg att, og kan trekke fram gamle kunster, som for eksempel borte-bø:
.


Jens på si side er ikkje like skeptisk, så han hiv seg meir uti det glade selskapslivet. Litt chips og kake gjer susen, det same gjer nye og kjekke bekjentskapar, som for eksempel onkel Lars. Jens tykte han ligna mykje på Marvin frå Linus i svingen, og han fekk veldig sansen for han. Eg hugsar sjølv onkel Lars som ein festleg og leiken onkel, og mykje tydar på at han ikkje har mista teken på desse 25 åra sidan eg sjølv var liten gut. Koseleg!
. .
Sjølv for sosiale gutar som Jens tek energien slutt, og lading i senga må til. Senga er både lang og brei, så han har god plass. Likevel har han falt på gulvet to gongar allereie i løpet av dei nettene vi har vore her. I kveld skjedde det igjen, midt i fotballkampen mellom Spania og Nederland. Vi høyrde eit stort dunk, og sprang til for å trøste. Slik var hans eigen versjon av hendinga: "Eg landa på håve føsst, og så kom ryggen og så kom tårene!" Han var sjølvsagt svært lei seg, men det gjekk ikkje lange tida før han sovna att. No ligg han der, med beina på puta og hovudet på dyna, og søv mjukt og godt.
.
For øvrig meinar eg det beste laget vann VM i år. Viva España!

Ole

fredag 9. juli 2010

Turistar i eige land

Fjellturen denne veka gjekk berre halvvegs opp fjellet. Der var ingen varde å springe rundt, så enkelte vart ein smule forvirra av det. Heldigvis var det bok, og ein koseleg benk å puste ut på.
.
.
.


.
.
..
.
.
...
Turen gjekk, for dei som ikkje er lokalkjende og allereie har forstått kor vi var, til Orrebenken rett over Balestrand.
.








.
.
.
.
.
.
Godt med drikkepause etter at bakkane er forserte!

Som vanleg sovna Lise på ryggen. Det begynner nok etterkvart å bli ein vane å sove på fjelltur. Ein koseleg vane!
.
Det er ei stund sidan eg har vore oppover desse bakkane, og sidan forrige gong har stien opp blitt kraftig forbetra. Første halvdel av turen gjekk vi på bearbeidd tursti, og det var mykje lettare enn dei gamle kronglete stiane.
.
.

.
.
Som turist i eiga barndomsbygd, føler eg at eg må slå eit lite slag for den flotte bygda. Berre sjå her:
.
Dei to minste i familien, Lise og Kaja, er endå litt for små til å leike så mykje i lag. Men av og til slumpar dei til å drive med det same på same tid, som for eksempel i ettermiddag då begge fann ut, på same tid, at sko er kjekt å leike med. Det var ikkje så mange sko som stod på same staden, og langt mindre som par, etter at dei to hadde leika frå seg...
.

.
Ole

torsdag 8. juli 2010

Malin!

Dei glade feriedagane på Bømlo tok etter kvart slutt. Det er desverre slik at tida går fortast når ein har det kjekt, og den vesle veka berre rann ut i sanden for oss.

Heldigvis visste enkelte å benytte tida godt. Jens og morfar brukte veka på å bygge trapp, og kunne finnast bak huset støtt og stadig. Jens var for det meste ein slags konsulent, og kom med mange gode råd og vink til korleis til kunne gjerast. Morfar snekra i veg, og fekk ikkje så mange sjansar til å sleppe unna. Så snart for eksempel lunsjen var eten, gjekk veslegut mot døra og lurte på om dei skulle bak og "hogge" igjen. Frå utsida såg det ut som eit godt teamarbeid, og trappa vart ferdig!

Onsdag pakka vi i bilen og køyrde til neste stoppestad, nemleg Balestrand. Her venta farmor og farfar, og tante Eva, onkel Kurt, Malin og Kaja. Og vi må vel seie: Særleg Malin. Ho gledde seg veldig til Jens skulle komme, slik at dei kunne leike i lag. Forventningane var gjensidige, og her er nokre av tinga dei har gjort i lag den første dagen saman:

Sett filmen om "Kirkerottene", leika sjukeleiken, leika gøymsel, lest i bok:

Sprunge om kapp, leika med Kaja og Lise, utveksla gåver, "fiska" med gåvebandet, spasert til butikken:

Klatra, hoppa, balansert , kvilt på ein benk og sett på småspurvane:


Sett alle slags merkelege sjødyr i Sognefjord Akavarium. For Jens sin del var høgdepunktet dei to store kveitene, og den vesle, som svømte i det eine akvariet. Men også flyndrene, taskekrabbene, kråkebollane og dei andre dyra i akvariet var interessante.


Etterpå fekk dei kvar sin liten leikefigur i resepsjonen. Malin valte ein raud blekksprut, og Jens ein grå delfin. Delfinen har allereie vore gjenstand for eit par leiteaksjonar, sidan Jens ikkje hadde lommer og då må ein jo legge frå seg noko skal ein få tak i noko anna. Den første leiteaksjonen førte oss tilbake til kassa på Coop, der jus-mafiaen nettopp hadde slukka tørsten. Ein kan ikkje halde både juskartong og delfin på ein gong... Heldigvis hadde vi ikkje kome så langt på heimveg då det store tapet vart oppdaga.
-
Som du sikkert forstår, fann Jens og Malin tonen, og har stort sett leika i lag i heile dag. No ligg dei og søv, og ladar opp batteria til ein ny sommardag.
.
Ole

søndag 4. juli 2010

Siggjo

Nut nummer fem denne sommaren er innteken, og denne gongen var det Siggjo, landemerket på Bømlo, som stod for fall. Oppstiginga vekslar mellom tursti, bratte stigningar og slake, lette parti. Dermed vert det god variasjon for både små og store, og vi kom oss opp utan dei heilt store problema. Det einaste måtte vere at det var litt mykje vatn somme stadar, sidan det ikkje er så lenge sidan det regna.
.
Siggjo er om lag 500 meter høgt, og på heilt klare dagar kan du sjå heilt til England (påstår bømlingane...)
.
På bildet under her er vi komne til toppen, og er på veg bort til hytta. Det er ganske mykje vind her på toppen, så vi vart ikkje så lenge før vi gjekk ned att.
.
Fin utsikt over både Bømlo og Stord. Eit utruleg vakkert landskap!
..
.
.
Nokre av oss vart litt trøytte, og måtte ha oss ein blund. Då er det deilig å berre leggje hovudet inn til pappa sin rygg, og la seg vogge i søvn i takt med gåinga. Lise sov under så og seie heile nedstiginga av fjellet.
.
Sidan dette er det einaste fjellet på Bømlo, må vi sjå litt lenger av garde for neste nut, anten til Tysvær, eller kanskje heilt til Sogn?
.
.
Ole

Møte med ein som er større

Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten. Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.» «Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.» Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!» Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.

Eg hugsar endå oppmøtekorta på søndagsskulen då eg var liten. Det var eit lite, samanbretta kort. Når eg opna det, såg eg Simon Peter sin båt og eit stort fiskegarn spent ut under båten. For kvart oppmøte fekk eg ein liten gullfisk i garnet, og når året var omme var garnet fullt av små skinande fiskar. I ettertid har dette blitt eit godt minne.

Ofte lurar eg på kva Simon Peter tenkte om det som hende denne merkelege morgonen. Han og kameratane har vore ute heile natta og fiska, men har ikkje fått ein einaste fisk. Ei totalt bortkasta arbeidsøkt. Eg tenkjer han var ganske trøytt, og kanskje litt irritert, der han stod i strandkanten og skylte garnet. Jesus har lånt båten og tala til folket som fylgjer etter han. I seg sjølv er dette ganske uvanleg, men for Peter sin del toppar deg seg då Jesus ber han legge ut på vatnet og fiske vidare. Kva kan vel denne framande predikanten om fiske?

Peter legg likevel ut på vatnet igjen, og får så mykje fisk at båten nesten søkk. Eg trur han i same augneblikk får eit lite glimt av kven han har med å gjere, og kastar seg ned på kne. Jesus er så mykje større enn vesle Peter. Han ser si eiga synd, han ser kor lite han har å stille opp med i møtet med denne mannen. Peter er redd, ein blir ofte det når ein ser kor lite ein har å kome med ovanfor Gud.

Så overraskar Jesus endå ein gong. Han skryt ikkje av eigne evner, eller dreg ein vits om Peter sine fiskeevner. Han trakkar ikkje Peter endå lenger ned i sanden, med eit: ”Ser du, kva var det eg sa?” Han ristar ikkje på hovudet over Peter sine mange svake punkt. Han snur heller ikkje ryggen til den enkle fiskaren.

Nei, Jesus inviterar Peter med på laget. Han tek han inn i varmen, og seier: ”Deg har eg bruk for!” Den store Mesteren hadde ei oppgåve til Peter, og ein plan med livet hans.

Akkurat slik møter Jesus oss i dag også: ”Eg har bruk for deg. Bli med på laget!”

Tek du imot Jesu invitasjon?

Ole

lørdag 3. juli 2010

Kirkerottene

To nye favorittar har entra dvd-spelaren i heimen vår. Vesle og Fredo, aka Kirkerottene, er allereie blitt kjende og kjære for oss. Fengande songar, artige figurar og spennande innhald gjer dette til ein heilt topp barnefilm. Og foreldrene syns ikkje det er så verst å sjå på dei heller...
.
Kirkerottene har eiga heimeside.

fredag 2. juli 2010

Tur på flatmark

Turar treng ikkje alltid foregå i motbakke. Av og til kan det vere vel så interessant å ta seg ein spasertur i låglandet og studere det som rører seg der. For eksempel er det mykje spennande å finne på andre sida av kjøleskapet, eller bak leikekorga, oppi leikekorga eller inni dvd-hylla. Sistnemnte lokalitet eignar seg dessutan til heftige omorganiseringar og nyskapande sortering.
.
Eventuelt kan ein flate ut i vogn, og la seg trille avgarde. I dag gjekk vi saman med mormor og såg på eit oppdrettsanlegg. Jens var veldig fascinert av aktiviteten på anlegget. Vi såg ein truck som køyrde enorme sekkar med fór ombord i ein båt, og etterpå køyrde dei ut til merdane og fylte på fóringsmaskinene. Jens måtte berre sjå "at dei tømmer ein sekk til", før vi kunne gå heim att. Det treng ikkje alltid vere sirkus for at det skal vere kjekt!

.

No sit vi i sofaen og ventar på kveldens spennande kvartfinale mellom Ghana og Uruguay i fotball-VM. Eg skal ikkje vere partisk og seie kven eg håpar vinn.


Ole