søndag 29. august 2010

Familien Turfant

Ja, beint fram. I dag kan me alle fire smykke oss med den tittelen.
Før heitte det nutfant, og dreidde seg om å bestige 5 nutar i Erfjord. Her kan sjåast bilete frå Nutfant-året 2008 :)

No er det altså Turfant som er tingen, og målet er då 6 turmål i Erfjord - alle med bok å skrive seg inn i, og alle løypene er merka med raude merke. Begge deler er veldig viktig for Jens, så det var ei lukke at det var akkurat sånn på dei to andre fjelltoppane me var på i sommarferien også - ingen god fjelltur utan raude flekker og bok i kassen ;)

Årets Turfantsesong:

Sesongens første Erøy rundt, ein gong i april:

Osberg 23/5:























Higraheia 6/6:







Bergsnuten 13/6:



























Kleppsnuten 27/6:
. .
.
.
.
.



.
.
.
.
.
.
.
.



.


Og i dag var Kleppsvatnet målet. Den turen hadde ingen av oss gått før, så det var jo litt spennande. Deilig vèr, om enn litt vått langs vegen, og finfint å ta ein god pause ved vatnet. Lise var også godt nøgd med å ha funne kassen med turfantboka i :)
.

.
.
.
.
.
.
.



.
.
.
.
.
..






Seks fine turar, mykje flott utsikt, vakker natur, god trim og godt lag :)

Men me kan ikkje skrive oss ferdige om årets Turfantsesong utan å nemne fjellgeita mellom oss - sjølvaste Jens. Med sine 108 cm. på sokkeleisten slår han oss to vaksne i sokkane (! ajajaj, for eit herleg ordspel...eller ikkje..) når det gjeld energi og pågangsmot. Kvart steg har han gått sjølv, og så godt som ingen klager har me høyrt. Lise har jo sete i meitai på ryggen, og dei første turane hadde me med ein meitai til i sekken, for at ein av oss kunne bære Jens litt når han vart veldig sliten. Men det fann me fort ut at berre var unødig bagasje ;)



Neste år er det nye turfantmoglegheiter - det vert stas :)


Takk for turen!


-Nina

lørdag 28. august 2010

Høyt og lavt

Je er høyt og lavt
Je er over alt
Je er over alt
.
Så fang mei om du kæinn.

Og bortsett frå diverse smerter og forkjølingar i familien, og at Jens meinar eg ser ut som Mamma Mø når eg syklar, har dette vore ein god dag.

Ole

torsdag 26. august 2010

Mittwoch und donnerstag

Det er mangt ein kan finne på midt i veka. For eksempel kan ein leike med bestikk og servise i oppvaskmaskina. Og viss ikkje serviset vil komme til Muhammed, så får Muhammed komme til serviset. Det er godt (for vår lommebok) at vesle forskerfrøken er ganske lett...
.


Andre finn større glede i tal og fargeblyantar. Sjå for eksempel denne flotte klovnen, fargelagt med stor presisjon og talglede:
.
Og så kjem pappa heim frå jobb, og ein kan, for eksempel, gå ut og sykle. At det høljar ned, er ikkje noko problem. Ein har då regntøy og gode støvlar! X antall rundar vart tilbakelagt i løpet av ein liten halvtime.
.
Avtalen var vidare at vi skulle inn og bygge med lego, men kveldsmaten kom og tok oss før vi fekk bygd så mykje. Men det kan røpast at det er bilar og brukonstruksjonar som er i vinden, i tillegg til små "overraskelsar", som ein aldri veit kva er før dei plutseleg er ferdige. Lego er gøy!
.
I dag har mammen og pappen vore på kurs. Joachim Haarklou besøkte Sand, og heldt foredrag om tilknytning. Det var ein og ein halv time med MYKJE informasjon, og veldig mykje nyttig og interessant å lære. Både i forhold til korleis vi er mot og sammen med våre to søte små, våre elevar og kanskje også kvarandre. Han var svært kunnskapsrik og engasjert, og raste av garde i eit forrykande tempo. Likevel var det greit å følge med. Slikt er inspirerande!
.
I bilen heim frå kurs kunne vi sjå litt på vår eigen praksis, og var enige om eit par tre ting som må endrast. Det er nyttig med kurs, slik at ein kan få justert kursen litt!
.
Det er for øvrig befriande å høyre ein psykolog som kan fortelje at det faktisk ER forskjell på mor og far, at BÅDE mor og far er viktige, og kor viktig det er å gje barna "time-inn", ikkje "time-out". Amen.
.
Ole

tirsdag 24. august 2010

Hjertepalass

Dette er eit ganske vanleg syn i heimen vår for tida. Jens syng og dansar, og har etterkvart lært seg ganske store delar av songane på "Hjartepalass"-dvden, og etterkvart også på "Bare herlig"-dvden til Seven. Han har periodevis sett mykje på filmane før, men etter årets tur til Lyngdal verkar det som han er blitt veldig inspirert til også å gjere rørslene. Herleg! Like koseleg er det at Lise også prøver seg i det små. Ikkje like lett når ho må bruke mesteparten av energien på å halde balansen... Men det er ingen grunn til å gjere på noko anna enn storebror, i alle fall!
.
Ein annan ting storebror har gjort før henne, er å sitje på ryggen min medan eg lagar mat. Ei tid var det bortimot fast rutine. Lise er ikkje like tålmodig, så sjølv om vi har prøvd tidlegare, har det aldri heilt slått an. No tenkte vi at vi kunne gjere eit nytt forsøk, og denne gongen var det kjekt ei god stund! Laurdag laga vi pai i lag, og så får vi sjå om vi kan gjenta suksessen til helga igjen.
.
Kvifor vente heilt til helga, lurar du? Eit greit spørsmål å svare på, i grunn. Situasjonen er den at det nye skuleåret har starta opp att, og ikkje berre det: Ny arbeidsstad, lenger unna. Reisetida er lenger, så middagslagingssjansane har blitt færre. Men eg skal nok klare å presse meg litt inn på kjøkkenet i vekene også, når eg berre kjem litt betre inn i rutinene...
.
Så langt har den nye arbeidsstaden vore endå betre enn forventningane, og etter at bitane begynte å falle litt på plass i juni, har dei vore ganske høge. Hyggelege kollegaer og hyggelege elevar, fint skulebygg og ein god timeplan. Høyres ikkje det bra ut? Og i morgon kjem dei første "ordentlege" undervisningstimane. Det gler eg meg veldig til, skal bli godt å kome i gang igjen.
.
I dag hadde vi forresten hyggeleg besøk av dei nye (relativt midlertidige) naboane. Kjekt å bli kjent med nye familiar som flyttar til bygda, og fint for Lise å treffe ei ny, framtidig klasseveninne!

Til slutt ein song av, for meg, sommarens nyoppdaging på musikkfronten: Phatfish, og vokalisten Lou Fellingham.



Ole

fredag 20. august 2010

Legorapport

Det er stor stas med fireårslego, og det er allereie bygd opp ei mengde fantasirike og fine bilar, hus og byggverk. Her er nokre av dei første kreasjonane:
.

Då vi var på Bømlo forrige helg, fann mamma fram den gamle Fabuland-øskja. Denne leika mamma mykje med då ho var liten, og den fall i smak også for Jens!
.

Den første store bøygen kom for nokre dagar sidan. Legokassa begynte å bli tom, det var rett og slett bygd opp så mykje at det ikkje var meir å bygge av. Han forstod at byggverka måtte plukkast frå kvarandre, men det var med svært tungt hjarte han gjekk til verket. Når vi først sette i gang, gjekk vi grundig til verks. Berre politibilen han fekk av Torbjørn til bursdagen måtte ikkje rørast, den var altfor fin.
.
Etterpå kunne vi setje i gang å byggje igjen. Her er to av bilane som er "oppstått av asken":
.

Sidan Jens no har eigen fireårslego, er vi blitt einige om at Lise har mest rett til å bruke duploen. Det er ikkje alltid like lett å gje slepp, dog... Uansett har Lise stor glede av dei store klossane, sjølv om ho heller vil rydde dei opp i boksen enn å ta dei ut. Kan det ha noko med at ho ikkje når ned i boksen endå?
.
Ein morgon for ei vekes tid sidan, bygde Lise og eg dette tårnet. Det var stor stas! Og dei fleste tinga på toppen av tårnet, har eg måtta henta ut av boksen opptil fleire gongar...
.

Endeleg er det helg att, så eg reknar med at Jens og eg kan bygge nye kreasjonar i morgon tidleg. Eg gler meg!
.
Ole

tirsdag 17. august 2010

Gåve,sykkeltur og portrett

Pappa har begynt på jobb att, og får plutseleg ikkje så stor del av dagleglivets heimlege gleder lenger. Ein av dei siste store hendingane skjedde rundt dei tidene då det er på tide å hente posten. Jens var ute og sykla, som han ofte er, men tok sjølvsagt ein god pause då han oppdaga at det var komen ein pakke til han i posten.
.
Inni låg det ein bursdagspresang, frå tante Anne Margrethe, onkel Arild og syskenborna i Sunnfjord.
.
Han har allereie lest ein setning sjølv, og har store planar om kva han og mamma skal gjere på i morgon...

Apropos sykle. I ettermiddag, etter at eg var komen heim frå jobb, ville Jens ut og sykle igjen. Der ute oppdaga han noko heilt fantastisk: Malin, Dagfrid og Sveinung har kaninbur utanfor leiligheten sin, og der inni var det to kaniner. Jens kom gledesstrålande heim for å fortelle den store nyhenda, og gjekk så bort att for å sjå. Eg skulle like etterpå køyre ein rask tur på butikken, og såg at han stod og kikka på kaninene då eg køyrde forbi.

På veg heim att møtte eg plutseleg på tre menneske der eg har sett eit kryss på bildet under. To vaksne, og ein liten gut på sykkel. Men, er det ikkje..? Nei, det kan då vel ikkje vere? Jo, det ER Jens. Ein liten gråtande gut på sykkel, og to vaksne som slettes ikkje får lov til å hjelpe. "Det er ikkje dei eg har ropt på pappa, det er jo deg eg ropte på!" kunne han grinande fortelje. Han hadde lyst til å vere med, og hadde lagt i veg på eiga hand med sykkel... Så stor, og så liten... Takk og lov at det gjekk godt. No har vi laga ein tydeleg avtale på ein betre måte å gjere det på viss det skulle hende ein gong til...
.
Han har fulgt vegen langs den raude streken her:
.
Store guten har teikna Lise:
.


Etterpå ville han teikne mamma. Han begynte med beina, forlenga dei litt og måtte til slutt konstatere at: "Du har så lange bein, mamma, at det ikkje er plass til kroppen din." Så slik ser portrettet av mamma ut:
.
Så slik er det i heimen vår for tida... Nokon syklar lange turar på eiga hand, nokon planlegg skulestart med hovudet i sommarmodus, nokon har så lange bein at det knapt er plass til kroppen, og sistedame strevar med nye tenner, kronisk nysgjerrighet og ei leppe som har vore dobbelt så stor på grunn av velt med gåvogn. Alt ved normalen, altså.
.
Ole

torsdag 12. august 2010

Offroad

I boka øvst i bakken på "Erøy rundt"-runden, står det no notert 835 passeringar. Nr. 835 er underteikna, som, i reinte overmot, la i veg med sykkel og godt utrente bein.

Eg har gått Erøy rundt før, men det er ei stund sidan no. Ut frå det eg hugsa skulle det vere ganske greit å komme seg rundt på sykkel. Så feil kan ein ta...

Det startar ganske greit. Heimefrå og heilt til starten på den lange bakken, går det så det susar. Ti minutt såg eg at eg brukte dit, og var fornøgd med det. Eg starta oppstiginga i 2. gir, men forstod ganske fort at eg måtte ned i 1. skulle eg klare den første bratte bakken. Eg, idioten, forsøkte å skifte til første medan eg tråkka på oppover. Det kom eit smell, girvekslaren vart plutseleg veldig lett å trykke inn og to wire-endar dingla under sykkelen. Gir-wiren slitna, og no hadde eg plutseleg berre tre gir att. 6., 12. og 18. No burde eg snudd og sykla heim att. Det gjorde eg ikkje. Eg bestemte meg for å komme meg heilt rundt likevel.

Sykkelen er ikkje akkurat laga av aluminium, så då eg omsider nådde toppen, var beina ein blanding av gelè og sement, og på pusten min forstod eg at formen nok ikkje er heilt på topp. Her burde eg også snudd. Men nei.

Eg la i veg innover skogen, og såg ganske fort at det vil gå ganske greit å sykle der med litt lågare gir. Det hadde eg ikkje, så eg drog sykkelen gjennom skogen og tenkte med glede på skogsvegen som venta hundre meter lenger framme. Det skulle vise seg å vere ei fåfengt glede, for skogsvegen gjekk svakt oppover i terrenget. Akkurat så pass bratt og ulent at eg ikkje klarte å sykle. Hadde eg hatt 1. gir på plass, derimot... Ei mager trøst.

Endeleg kom eg til toppen, og kunne sette meg på sykkelen igjen. No venta ein lang nedoverbakkke, så her var det berre å kontrollere ned. Trudde eg. Ganske fort vart vegen brattare, og brattare, og brattare. Til slutt var det så bratt at eg begynte å skli når eg bremsa for hardt. Å IKKJE bremse var ikkje noko alternativ, og å gå av verka umogeleg, det var så bratt. Det var der, på akkurat DET tidspunktet, eg forstod at dømmekrafta kanskje ikkje var heilt på topp då eg bestemte meg for å sykle offroad.

Eg klarte å sno sykkelen inn til sida, slik at den stod på skrå, og hoppa av med hjartet i halsen. Heldigvis gjekk det bra, og eg kunne trille sykkelen vidare. Bakkane tok aldri slutt, eg kunne ikkje hugse at det var så lange bakkar. Eg måtte halde inne bremsene og halde att sykkelen heile vegen ned. Då eg var komen så langt ned at vegen begynte å flate ut, var gelébeina mine blitt så stive at eg måtte legge sykkelen nesten flatt for å komme oppå.

Vel nede kom eg ut på ei humpete eng, fylt av grastuer og kuruker. Her var det berre rein frykt og viljestyrke som dreiv meg over. Dei som kjenner meg godt, veit at eg har ei ganske irrasjonell frykt for kyr...

Endeleg kunne eg kysse grusvegen på Tednes, og rulle relativt greit heimover. Tre gir er meir enn nok på flat veg. Kanskje bør eg halde meg onroad neste gong...

For ein time sidan var eg ikkje så høg i hatten. Det gode er at eg allereie no kan sitte her og smile av det, og seie at det var no i grunn ei artig oppleving. Trass alt.

Ole

tirsdag 10. august 2010

Forhandlingens meister

Det er ikkje alltid like enkelt å forhandle, verken for små eller store. Av og til er det rett og slett vanskeleg å sjå kva for argument som fremmar saka, og kva for argument som helst bør vere usagte.

Eit godt eksempel på det, fekk eg i dag tidleg. Før barnehagen ynskte Jens å sjå litt på den nye Rorri-filmen sin. Eg sa ja, og Jens rigga seg til og såg. Episoden tok etter kvart slutt, og då lurte han på om han kunne få sjå ein til. Sidan Lise fortsatt sat og åt frukost, sa eg det var greit. Episode nummer to vert sett på, og medan han ser, gjer Lise seg ferdig med frukosten. Så når spørsmål om episode nummer tre kjem, meinar eg det får vente til seinare på dagen. Jens er veldig ueinig, og meinar han må få lov å sjå ein episode til. Dialogen vidare går om lag slik:
.
Pappa: Du har jo fått sett to heile episodar. No skal vi straks gå i barnehagen.
Jens: Nei, eg har berre sett tre episodar. Eg kan sjå ein til!
Pappa: Har du sett tre? Eg trudde du berre hadde sett to eg.
Jens: Nei, eg har sett tre. Den og den og den. Og no vil eg sjå den.
Pappa: Ja, men viss du har sett tre, så har du i alle fall sett nok no. Då kan du jo skru av fjernsynet.
Jens: Eg vil ikkje det. I går fekk eg jo sjå alle episodane, så då må eg jo få sjå ein til no.
Pappa: Eg trur du berre såg to i går også...
Jens: Jammen, eg vil jo sjå endå ein no!
.
Det er herleg argumentasjon... Det minner litt om den gongen han hadde veldig lyst på druer, og eg lovte at han skulle få.
Pappa: Du skal faktisk få åtte druer!
Jens: Nei, eg vil ha fem!
.
Forhandlingen sin kunst er ikkje enkel. Om kvelden, for at det skal bli lettare å sove, gjer vi av og til enkle avtalar. For eksempel skal han ligge med augene igjen i fem minutt, og så skal vi komme ned att og sjå om han søv når tida er ute. Følgjande samtale fann stad ved ein slik avtaleinngåing for nokre dagar sidan:
.
Mamma: Då kan du ligge med augene igjen, og så kjem eg ned om... åtte minutt!
Jens: Det er for lenge. Du må komme om fem minutt!
Mamma: Det blir litt for kort igjen. Skal vi seie seks og eit halvt minutt?
Jens: Nei, då seier vi sju...
.
Ole

søndag 8. august 2010

Den store bursdagshelga

No har storegut endeleg blitt fire år! Dette har vi venta på i to månader no, og frå tid til anna rekna oss fram til den store dagen. Og så, med eitt, var han ikkje tre og eit halvt lenger. Sjølve bursdagsfesten, barnefesten med jamnaldringane, var i dag. Men feiringa begynte så smått allereie på fredag.
.
Aksel var invitert i barnebursdagen, men kunne ikkje komme i dag. Då passa det veldig godt at Ruth og Aksel skulle vere her eit par timar på fredag. Då vart det eit lite "bursdagsbesøk" på førehand. Dei tre kosa seg både inne og ute. Det er ikkje noko problem å leike ute i regnver, så lenge ein har gode regnklede!
.

...
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Laurdagen, på sjølve dagen, opna han presangane om morgonen. På førehand hadde han allereie opna presangen frå mormor og morfar, som kom med posten på fredag. Gleda var stor då han fann ei stor øskje med lego, og gleda vart ikkje mindre då han opna opp gåva frå farmor og farfar på laurdag: ei stor øskje med lego der også! Så no er det bygging av bilar, fly og helikopter til den store gullmedaljen. (Sitat: Sånn fireårs-lego er JAMMEN kjekt, asså!)
.
Lise er oppmerksom til tusen, og plukkar sjølvsagt opp kva han ynskjer seg. Så frå henne fekk han ein sjiraff, ganske identisk med den han stod og sikla over i bokhandelen på Sand tidlegare i sommar... Frå oss fekk han dette spelet:
.

Spelet heiter "Hop, hop, hurra!", og slo an. Så no hoppar froskane rundt på kjøkkenbordet vårt frå tid til anna, aller helst medan Lise søv. Ho har jo så lyst på ei kule ho også, men det er ikkje så lurt...
.

Seinare på dagen fekk vi besøk av Martin, Maria, Ingunn og Raymond. Dei også hadde med gåve til han: meir fireårslego - denne gongen ein traktor med hengar. Oh joy! Vi feira dagen med vaflar, is og brownies. Her bles bursdagsbarnet ut dei fire lysa frå vaffelstabelen...

Slik såg gåvebordet ut laurdag kveld, etter at også Irene hadde vore innom, og Jens hadde pakka ut kjærkomne nye og flotte dyrebøker. Handduken med namn på er ei gåve frå familien onkel Arild, og frå tante Anja fekk han to kule dyre-t-skjorter og ei fin bok om dyrespor i naturen. Boka om Emil var frå Aksel og Ruth.

I dag var det altså tid for den o store bursdagsfesten, og i den anledning slo mamma til med desse to fine kreasjonane: Ei skilpaddesjokoladekake og eit fruktpinnsvin:

.

















Sju 'klassekameratar' kom, og vi trur dei hadde det kjekt. Dei fleste hadde med sykkel, og det var heftig sykkelaktivitet utanfor huset vårt ei stund. Men også bocca slo an ei lita stund. Her er det veldig spennande kven som treff den svarte kula:
.

Det har blitt mange gåver denne helga. Det er nesten så ein begynner å lengte litt tilbake til barndommen når ein observerar korleis det er å fylle fire år...
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Legopolitibil og stilige sykkelhanskar var to av gåvene i selskapet. Her er alle saman:
.
.
Bøkene er allereie behørig leste, bilen er bygd med begeistring, hanskane og sebramaske prøvd og fleire episodar av Rorri-filmen er sett. I morgon er det store planar om å gå ut og prøve håven. Det blir spennande å sjå kva han klarar å fange... Flotte gåver, som alle traff innanfor minst eit av jubilanten sine interessefelt!
-
No ligg fireåringen vår og søv, trass i at han var sikker på at han ikkje kom til å sove. Han var nemleg ikkje trøytt i det heile, og beina var i alle fall ikkje slitne... Likevel sovna han etter eit par-tre minutt, så eg veit ikkje heilt... Det tar på å feire bursdag ei heil helg!
.
Ole

torsdag 5. august 2010

Besøk frå Jæren

I dag hadde vi koseleg besøk av Maria, Martin og mamma Ingunn. Martin og Lise leika mykje på golvet, og trass i at Lise forsøkte å bruke Martin som tromme (...), var det god stemning. Maria og Jens hadd ein litt meir forsiktig start, men dei tødde etter kvart opp. Ein tur ut var i grunn alt som skulle til...Med tanke på kor mykje pappaen til Maria, Raymond, og eg sykla i lag då vi var barn og unge, er det kjekt å sjå på det siste bildet her!

Ole

onsdag 4. august 2010

UL og KU med meir

NLM Norsk Luthersk Misjonssamband - Følg UL Live
.
UL (Ung Landsmøte) kan sjåast laiv (og ein del i opptak også)! Me har nett fått med oss dagens kveldsmøte, der Peri talte og allslags. Bibeltimar kan også sjåast - klikk deg inn, og få med deg herleg lovsong og god og aktuell forkynnelse!
.

Sånn elles så tenkte eg å dele det Jens skreiv på dataen i ei lita ledig stund medan han var åleine i stova og hadde skriveprogrammet ope:

KU JENSNINA OLE LISE JENSSTOREBROREBROR

Herleg?

Skribenten vår fyller forresten FIRE på laurdag! Barneselskap på søndag er under iherdig planlegging av jubilanten med gode medhjelparar, så det skal bli stor stas :)
.
Nina

tirsdag 3. august 2010

Sommarstemne i Lyngdal

Tradisjonen tru, var vi også i år ei veke på bibelcamping i Lyngdal, saman med familien Vassbø. I år var vi så heldige å treffe på den veka Sommarstevnet skulle vere, så det var ekstra mykje folk, og ekstra mange arrangement. Her var noko for ein kvar smak, frå Kidzcamp for ungane, til bibeltimar og bedehusrevy for dei vaksne.
.
Vérmessig begynte det heilt strålande, med perfekt badevér på måndagen. Det første vi gjorde, var difor å leite fram badebuksene og armringane, og la i veg mot stranda. Ein del brennmanetar var der, men elles heilt upåklageleg (ja, bortsett frå at ein stakkar vestlending ikkje heilt veit kva han skal gjere med ei slik langgrunn strand. Vanlegvis forsvinn jo grunnen under beina etter vel to meter ut, men no kunne vi gå og gå, og det vart jo aldri djupare...)
.
For ungane var det Kidzcamp kvar formiddag. Jens, Aksel og Ruth var i "Jungelen", for dei mellom 3 og 6 år. Lise er for liten for dette, men heldigvis har dei eit alternativ for dei aller minste også. "Fiskedammen" er eit babysong-liknande opplegg, med song, regler og dans, etterfulgt av leiking. Midt i blinken for Lise!
.
Jens var som sagt i jungelen. Også her avslutta samlinga med leiking. Andakten er enkel og grei, og songane var stort sett kjente barnesongar. Jens klarte dermed å delta og følgje med, sjølv om ikkje rørslene til songane er så enkle å lære...
.
.
Tysdag var det ikkje så veldig godt badevér, så då tok vi heller turen inn til Lyngdal sentrum, og gjekk på tivoli! Det slo godt an hos alle barna. Jens ville vel helst tilbake kvar dag, og Lise vart svært begeistra for køyreturen i denne doningen:
.
.
Her sit ho framme saman med Aksel, og gliser frå øyre til øyre!
.
Andre doningar som var flittig i bruk, var dei medbragte syklane. Så lenge ein syklar rundt sølepyttane, og ikkje tvers gjennom (...), er dette ein finfin venteaktivitet før kidzcamp, eller før middag, eller før kva som helst.
.
.
Lyngdal er ein fin ferieby, og det vart nokre turar inn til sentrum i løpet av veka. På coop fann vi denne artige handlevogna, der både Lise og Jens kunne sette seg godt til rette. Så var det berre å plukke med seg jus og mjølk og middagsmat...
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
. .
.
.
.
Laurdagen starta ganske så begredeleg, med regn som plaska ned utanfor vindauga. Dermed måtte vi finne på noko innandørs etter Kidzcamp. Eit godt alternativ for våre aktive små, var bowlinghallen som låg berre eit par kilometer vekke. Både Ruth, Aksel og Jens heiv seg uti spelet, og kasta kulene med varierande hell. Så mange strike vart det nok ikkje, men gøy gøy gøy!












Etterpå durte vi tilbake til bibelcampen, heiv i oss middag og gjekk på konsert med Oslo Soul Teens. Her var det mykje flott musikkk, og mange kjente songar frå den siste plata deira.
.
Søndag var det avslutningsmøte, og bibelcampen var over for denne gong. Men neste år, då...

Ole