tirsdag 30. november 2010

Årets adventskalender er klar!

Allereie i morgon er det 1. desember. Smak litt på det: 1. desember! Det er mange gode kjensler som dukkar opp når eg høyrer ord som desember, advent, jul... Eg har tenkt litt gjennom dette i det siste, kor viktig det er med gode tradisjonar. Elevane mine på skulen har i alle fall store forventningar til adventstida, og mange av dei skulle nok ynskje at det gjekk i 4. klasse og ikkje i tiende... Det er nok ein del meir kos på barneskulen, men vi skal vel klare å få til litt god stemning hos oss også.
.
Vi ynskjer å lage gode tradisjonar for Jens og Lise, og adventskalender er ein av dei tinga som kan vere ein slik god markering av adventstida. Kalenderen ynskjer vi skal vere ein familieting, så vi prøver å komme på noko som alle kan vere med på. I år har vi funne ein julesongkortboks, og desse songkorta brukar vi då som kalender. Kvar dag skal vi plukke ned ein ny song, lære den og synge i veg.
. Vi satsar på ei sangglad adventstid!
.
Ole

mandag 29. november 2010

Kardemommeby

Adventstida er over oss, og sakte men sikkert kjem jula sigande innover oss. Ute er det mørkt og kaldt, og det er herleg at vi har ein flott familiefest å sjå fram til og gle oss til. Det er godt å kunne feire midt i mørketida, og det er godt å kunne feire at Fredsfyrsten, lysets Herre, kom til oss menneske!
.
I fjor starta adventstida med teaterforestilling på Sand. Gråtass kom desverre ikkje til Suldal i år, så dermed måtte vi oppsøke eit teater på eiga hand. Valet var ikkje vanskeleg: Rogaland teater sette opp "Folk og røvere i Kardemommeby", og det var barne- og ungdomsteateret som spelte. Det hadde vi lyst å sjå, så laurdag tok vi oss ein tur til oljebyen. Jens og eg sprang gjennom iskalde bygater til teateret, medan mamma og Lise juleshoppa på Stavanger storsenter.
.
Det var kjekt på teater, og Jens kosa seg gjennom begge aktene. Sangane er ganske kjente, for han har dvd-film av ei anna oppsetning av stykket. Han lente seg godt fram på setet, og sang av og til stille med på sangane. Det er kjekt på teater!
.
Her er nokre bilder frå oppsetninga:
.
.
.
.
Pølsemakaren, kjøpmann Berg og bakaren vil ha politimester Bastian til å arrestere dei tre røvarane. Bastian har ikkje lyst til dette, mest på grunn av ei viss løve som skal vere veldig farleg.
.
.
.
Papegøya frå Amerika:
..
.
.
.
.
.
.
Den farlege løva...
.
.
.
.
.
Barne- og ungdomsteateret har øvd inn stykket med to personar i kvar rolle, slik at dei i praksis er to ensamble som byttar på å spele. Utruleg mange dyktige, sangglade og artige skodespelarar!
.
Kardemommeby-forestillinga kan anbefalast til fleire! Viss de då får tak i billettar...
.
Ole

onsdag 24. november 2010

Kaldtusj!

Neida, det er ingen skrivefeil. Det handlar om nettopp kalde tusjar, og du kan finne dei i kjøleskapet vårt. Inneklemt mellom ein mjølkekartong og appelsinjusen, står det ein sylinderforma pappbeholdar. Denne beholdaren er tusjboksen vår, og er plassert der av ei som er veldig glad i å rydde. Vi mistenker at det er same person som har plassert "Hjertepalass"-dvden under kjøkkenklutane i kjøkkenskuffa, refleksbandet oppi vinterskoa mine og nasesugaren og diverse vaskeklutar oppi Nina sine sko. Og kor tannkosten hennar har teke vegen, er det ingen som veit. Han dukkar vel opp ein eller annan merkeleg plass. I mellomtida må vi nok kjøpe henne ein ny...
.
Ole

tirsdag 23. november 2010

To reklamar og ei orsaking

Vi får begynne med orsakinga. Bite i det sure eplet og la det stå til: Dette er ei orsaking til alle dei som ein gong i tida var leiar for meg i barnelag, søndagsskule og liknande, og har måtta sjå meg perle etter "slenge perler tilfeldig utover brettet"-metoden. Eg kom visst aldri lenger, trur ikkje eg hadde tolmod til det. Men sjå, no har eg endeleg lært å lage mønster!
. Det var langt meir tilfredsstillande å sjå på produktet no, ja...
.
Så over til reklamen. Den første gjeld boka som no for tida ligg øvst i bokbunken min, nemleg boka "Farlig tro". Broder Andreas er medforfatter, og boka handlar om kristne sin situasjon i strengt muslimske land. Boka er sterk lesing, og fyller meg med takksemd over både det å bu i eit land med religionsfridom, og for det arbeidet som vert lagt ned av kristne i muslimske land. Det er eit farefullt arbeid, fullt av motgang og vanskelege situasjonar. Likevel finn stadig fleire muslimar fram til sanninga om Jesus Kristus. Dei må ofte leve ut trua si i skjul, og leve i frykt for arrestasjonar og trakasseringar. Islam er ikkje ein religion som fremmer toleranse eller aksept for andre trusretningar.
.
Boka utfordrar meg til handling. Det er viktig å be for brødre og søstre som lever under vanskelege forhold, og det er viktig å støtte arbeidet som vert lagt ned av blant andre Åpne dører. Dei treng både bønn og økonomisk støtte!
.
Den andre reklamen gjeld to klassiske musikkalbum, som begge er på "hyppig rotasjon" i spelaren min for tida. Bob Dylan blei kristen mot slutten av 70-talet, og i 1979 (eit veldig bra år på mange måtar!) kom albumet "Slow train coming". I 1981 gav han ut albumet "Shot of love". Dette er musikk for både tanke, sjel og ånd! Av mine favorittar kan eg nemne "Property of Jesus", "Dead man, dead man", "Heart of mine", "Slow train" og "Gonna change my way of thinking". God hjertemedisin!
.
.
.

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Ole

mandag 15. november 2010

Me kjøre buss!

I dag har eg vore i Sauda saman med 10. klasse. Dei hospiterar ved den vidaregåande skulen, og skal få eit lite innblikk i det vidaregåande livet. Dagen i dag vart ganske så amputert, for like etter at vi kom fram, gjekk straumen. Augenvitne sa at det velta svart røyk opp frå metallfabrikken, og mange elevar frå Sauda med familie som jobbar på fabrikken vart ganske nervøse. Etter ei stund fekk vi informasjon, og heldigvis var ingen skadde i uhellet. Det hadde vore ein eksplosjon, fulgt av brann i ein eller annan kontrollsentral. Dermed kortslutta straumen for heile Sauda, og ved lunsjtider vart alle elevar og ansatte ved skulen permitterte. Elevane våre måtte dermed finne tilbake til bussane tidlegare enn venta, og mange var skuffa.
.
Eit plaster på såret kan vi vel kalle denne videoen, som vi såg to gongar på veg inn og to gongar på veg ut att. Enjoy!

søndag 14. november 2010

Min dag!

Farsdagen er ein fin dag! Det er herleg å kunne markere dagen saman med to herlege små barn. Til tider er dei ganske slitsomme (!), men samtidig er det så utruleg mange små og store lyspunkt, gleder og gode opplevingar. Denne dagen er ein god dag til å tenkje gjennom alt det ein kan vere takknemleg for.
.
.
.

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Denne flotte stjerna og hjertet har Jens perla til meg. Saman med to nydeleg dekorerte stearinlys og eit stilig kort var dei ein super farsdagspresang!
.
No er det ei stund sidan denne bloggen vart oppdatert sist. Den er på mange måtar eit overskudssprosjekt, og vil nok bli hyppigare oppdatert når vi kjem til rolegare og meir energirike tider!
.
Til slutt eit bilde av Lise i kjent positur: Oppi dokkesenga, lett tilbakelent med ei bok eller liknande på fanget. Herleg å ha sin eigen vesle "sofa"!
.
Ole

tirsdag 2. november 2010

Korall koral

I dag har yngstedama vår hatt ein dag proppfull av inntrykk. Triveleg "klassetreff" hos Jaron og Silje på føremiddagen, tett følgt av ein laaang og god lur i bilen. Og så var det berre tid for eit lynraskt måltid før turen gjekk til Sand. Babyoperaen "Korall Koral" var nemleg på plakaten i kulturhuset. Veldig stas med gode kulturtilbod også for dei minste, og dette var knallkjekt! Først ei 20 min. lang forestilling med masse spanande lyd og rørsle - både fiffige instrument og kreativ kropps- og stemmebruk. Det heile foregjekk inne i eit stilig skjellforma telt, og var verkeleg stemningsfullt. Og minsta sjølv lo spontant heilt frå første snodige lyd, og stooorkosa seg! Opera er tingen!
Etter forestillinga fekk dei små utforske teltet og instrumenta med fryd og glede :)

Sånn elles, Gunnstein, må det berre nemnast at her i heimen er også ny bil, altså! Heile 209 myntar måtte til for å skaffe seg dette gliset - slå den! :)
Nina