torsdag 30. desember 2010

Tre gåver

Sjekk ut denne flotte t-skjorta! Jens meinte det var altfor gale at eg ikkje hadde nokre t-skjorter med bilde av dyr på. Derfor tok han saka i eigne hender, og laga rett og slett denne stilige sjiraff-t-skjorta. I følgje sikre kjelder, ynskte han i utgangspunktet å teikne ein elefant til meg. Dette viste seg fort å vere litt vanskeleg, så då valte han altså ein sjiraff i staden. Eg personleg ville nok ikkje tenkt at det var så mykje lettare å teikne ein sjiraff enn ein elefant, så eg er imponert over resultatet!
.
Også Lise ville gi sitt bidrag til klesskapet mitt, så ho teikna på ei anna. To stilige og flotte t-skjorter! Elles ber eg deg legge ekstra godt merke til signaturen nederst til høgre...
.
Også denne koppen, som er ein vassekte mummikopp, fekk eg til jul. At det er nettopp Hemulen som er avbilda, er i følgje Nina ikkje tilfeldig. Viss det er slik at ho med den påstanden påstår at eg liknar på Hemulen, så tek eg det som eit kompliment! Han er ein nysgjerrig fyr, har lett for å gløyme seg vekk og sluttar aldri å undre seg over det han oppdagar i naturen. Heilt like er vi nok ikkje, men eg trur eg forstår kva ho meinar...
.
Elles vil eg vise fram denne tøffe tankbilen som Jens fekk til jul. Denne månaden har verkeleg vore ein oppsving på legofronten. Først har vi pløyd oss gjennom ein legokalender med 24 små byggeoppgåver, før det heile altså kulminerar i denne flotte bilen. Det var stor stas å bygge, og køyre rundt på kjøkkenbordet etterpå. Vel heime att frå Bømlo, sette vi i gang å bygge garasje til den. Den er endå ikkje ferdig, men det er alle tiders å ha eit prosjekt å jobbe mot!
.

Medan vi var på Bømlo, det vil seie julehelga og litt uti romjula, fann Nina fram ein del av den legoen ho hadde då ho var lita. Ein politibil, ein sjukebil, eit hus med hage og eit postkontor var å finne blant klossane som dukka opp, og Jens bygde ivrig på fleire av desse tinga. Kjekt å ha litt lego å leike med når ein er heimefrå også!
.
Ole

onsdag 15. desember 2010

Northern Light Orchestra

Tidlegare i veka gjorde eg ei heilt tilfeldig, men ikkje desto mindre gledeleg, oppdaging på nettet. Eg kom over gruppa Northern Light Orchestra sitt nye julealbum "Celebrate Christmas". Dette er nok ei litt annleis juleplate i forhold til tradisjonell norsk julestemning. Her er hardtslåande trommer, heftige gitarsoloar og klassisk rockesound. Tekstane rettar fokuset mot Han som kom for å frelse verda og gjenopprette kontakten med Gud.
.
Av dei songane eg likar best, er songen "Vessel" min absolutt favoritt. Ein vakker song om Maria som seier seg villig til å bere fram Guds son. Andre bra songar er "Go tell it" og "Lead me on". Songen "Emmanuel (You rescued us)" er rett og slett ein song som tek tak i Kristusprofetiane i det gamle testamentet, trekk linjene fram mot fødselen og vidare til Golgata og soninga på korset. Ein song som trekk dei store, viktige linjene altså!

Northern Light Orchestra består av medlemmer frå mange andre band og samanhengar. Det einaste namnet eg kjende frå før, var Bob Carlisle, mannen bak den utruleg vakre balladen "Butterfly kisses".
..
Viss du ynskjer eit inntrykk av korleis musikken deira høyres ut, kan du lytte til denne songen, "Child of Abraham", på Youtube.com . Trykker du på fana øverst i blogginnlegget, kjem du til NLO si heimeside, der du blant anna kan laste ned gratis songar frå deira forrige album, "The Spirit of Christmas".
.
Northern Light Orchestra har gitt oss ei litt annleis juleplate. Enkelte av oss set veldig stor pris på det!
.
Ole

søndag 12. desember 2010

Gutta på kino

I dag (altså laurdag, innlegget er skrive rett etter midnatt...) har Jens og eg vore på kino på Sand. Det var den nye filmen "Elias og jakten på havets gull" som skulle inntas, og vi rigga oss til med ein boks med nøtter og gledde oss til å sjå. Handlinga utspelar seg i vakker Nordnorsk natur, så berre naturbildene er jo ei oppleving i seg sjølv. Filmen var både artig og spennande. På slutten var den nok litt i overkant spennande for Jens. Skummel musikk og fleire nesten-katastrofer tok på, då var det godt å ha eit pappafang rett ved!
.
.
..
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Handlinga i seg sjølv er spennande, og for dei minste sjåarane handlar dette om den slemme Polardronninga som stel fisken frå dei små fiskebåtane. Ho brukar makt, og lurer fiskebåtane vekk frå havet. Så kjem Elias og mini-ubåten Duppe og ordnar opp.
.
For litt større sjåarar, som for eksempel meg, kan historia opplevast som eit samfunnskritisk innlegg. Det er dei store trålarane som er dei slemme, og som øydelegg for dei små fiskeværa. Mon tru om ikkje regissøren rettar ein peikefinger mot dei store industrifiskeria.
.
Samtidig er det ei historie om vennskap. Duppe tilhøyrer nemleg Polardronninga, og skal eigentleg spionere på Elias og lure opplysningar ut av han. Det endar midlertid opp med at dei blir vener, og Duppe går over til "dei snille". Polardronninga styrer sitt imperium i einsam majestet, og fiskar ved hjelp av store robotbåtar. Jens og eg var einige om at ho ikkje oppførte seg som nokon god ven. Elias og Duppe, som redda fiskebåtane, oppførte seg derimot som gode vener. Det er mykje ein kan lære av å sjå ein film. I alle fall viss ein snakkar om den etterpå...
.
Ole

fredag 10. desember 2010

Mary, did you know?

Kanskje ein av dei vakraste julesongane som finst? Eg veit ikkje, men er i alle fall sikker på at den er utruleg vakker og rettar fokus på det sentrale julebodskapet. Viss du klikkar her, vil du kunne høyre Kathy Mattea framføre songen live.

Ein annan vakker song som Kathy Mattea har med på juleplata si, "Joy for Christmas day", er songen "Straw against the chill". Også denne er blant dei finaste julesongane eg veit om. Dessverre ligg ikkje Kathy sin versjon ute på Youtube, men her kan du høyre The Short Sisters synge den. Eg tykkjer ikkje dei framfører den like bra, men du får no eit inntrykk av songen!
.
Elles er det snø ute, Jens har gått ørtenhundreogtrettisju rundar på ski rundt parkeringsplassen, og Lise er trufast sekundant. Det gjeld å nyte snøen medan den er her!
.
Ole

onsdag 8. desember 2010

Vintervér ute, vinterkos inne

I dag har vinteren slått inn for fullt i Suldal. Snø og skikkeleg vinterstemning møtte oss då vi såg ut vindaugene i dag tidleg, og i løpet av dagen har det kome endå meir snø. Eg har desverre ikkje bilete av snølandskapet. Vinterkulda har vart i fleire veker no, så difor kan eg heller vise fram eit bilete vi tok i helga. Bogsfjorden er dekka av is, og Habn er ikkje lenger ein koseleg badeplass. Bukta har blitt forvandla til eit islandskap, til stor begeistring for Jens og Lise.
.
Om isen er trygg å gå på langt utover veit eg ikkje, men det var kjekt å gå på fjordis heilt innmed land også!
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
I dag var vi på onsdagsklubben. Der var det juleavslutning, og ungane fekk denne julegåva:
.
Boka inneheld ei heil rekke med teikneseriar som tidlegare har vore utgitt i bladet Barnas, og blitt brukt til formidling av bibelhistorier på samlingane våre. Det er kjempeflott bok, med teikningar av fleire ulike kunstnarar. I tillegg til gode historier, er det også kjekt å lese varierte bilder og uttrykksmåtar!
.
Etter onsdagsklubben, var det heim til kveldsmat. Lise og Nina hadde tidlegare i dag laga eit stilig Lego-hus, og dette huset ville Lise leike med medan ho åt. Etterkvart gjekk det fleire bitar ned i det opne vindauget enn inn i munnen, og vi forstod at kveldsmaten nærma seg slutten...
.
Var ikkje det eit stilig hus, eller?
.
Forrige veke las eg to heller dystre bøker. Den første heiter "Løvehjerte" og er skriven av Thorval Steen. Den handlar om Richard Løvehjerte, som leia det tredje korstoget mot Jerusalem på slutten av 1100-talet. Det er kjekt å lese bøkene til Thorvald Steen, for han gjer så grundig forarbeid i forhold til å leite fram truverdige kjelder og framstille bøkene i riktig historisk lys. Så om boka er ein roman med mykje oppdikta dialog og historie rundt hovudpersonen, var det mykje å lære om korstog, maktstrukturar i Europa på den tid og om den arabiske hærføraren Saladin.
.
Den andre boka heiter "Fugl Føniks", og er tredje bok i trilogien "Dødslekene". Som trilogi-namnet tilseier, er det mykje død og elende i bøkene. Det er fantasy-bøker, og lagt til eit tenkt land mange år fram i tid. Vanlegvis er eg ikkje så begeistra for fantasy, men akkurat denne serien fascinerte meg!
.
Fascinasjon eller ikkje, etter to bøker med mykje død og vald, fann eg ut at det var best å låne ei litt mjukare bok. Gleda var difor stor då eg kom over Klaus Hagerup si splitter nye Markus-bok! Markus Simonsen er tilbake, og denne gongen handlar det om sjakkspeling. Koseleg og artig lesing, og befriande lite død... Det er godt med ein pause, for neste bok på lista mi heiter "Svart gull", og er lagt til slavehandelmiljøet på 1700-talet. Då er vi vel tilbake til vald og elende igjen...
.
Uansett er det berre 16 dagar att til jul. I dag har vi øvd på songen Glade jul, og jula nærmar seg med stormsteg!
.
Ole

lørdag 4. desember 2010

Julemesse!

I kveld, på stellebordet, sang vi "Deilig er den himmel blå". Ein vakker og roleg song, midt i blinken for ei trøytt lita jente som er sliten etter alle dagens inntrykk. I dag har det nemleg vore julemesse i Hålandsosen. Mykje folk og inntrykk å ta inn, sjølv om ho sov seg gjennom nesten heile messa... Ho var likevel hjarteleg til stade under trekkinga!
.

Jens var med heile vegen, og då meinar eg verkeleg: var med! Konsentrert fulgte han med på nummera under åresalet, han tok lodd på både seg sjølv og Lise, han tippa på lego-glaset, han kjøpte tombolalodd og åt kaker i kjellaren. Kroppen vart etterkvart svært uroleg, og mot slutten av trekkinga flaut energien litt over. Eg gir mesteparten av skulda til det som tidlegare befann seg inni desse:
.
Tradisjonen tru, må vi ha med eit bilete av Gunnstein under åretrekkinga. Konsentrert, og som vanleg med stødig framtoning, trakk han det eine talet etter det andre fram frå "hatten". Legg merke til babycallen som står på talestolen nede til høgre på bildet. Lise sat og sov i bilen, og det var ikkje alle plassar i lokalet som hadde like god dekning. Men på talestolen var forholda ypperlege...
.
Trekkinga av barneboka vart ein opptur for våre kjære barn. Lise vann både perlesett og dyrebok, og Jens vann ein Jarle Waldemar-musikk-dvd og eit stort smykkesett. Den flottaste gevinsten er endå ikkje nemnd. Her er eit bilde av den:
.
Denne flotte bamsen er det Kjellaug som har laga, og derfor er det ekstra stas å vinne den. Dette er ikkje nokon alminneleg tivoli-bamse! Den var hovudgevinst på barneboka, og kven trur du ikkje vart trekt ut? Seldeste Jens! Bamsen har no fått seg ein heidersplass i gyngestolen, og sit og kikkar opp på adventsstjerna. Denne var utruleg flott, Kjellaug!
.
Ole

fredag 3. desember 2010

Endå ein bytur

Dagens song i kalenderen vår er "Bjelleklang", og i legokalenderen kunne vi i dag finne ei skaterampe! Det er stas å begynne dagen med legobygging. Sidan eg skulle på jobb til vanleg tid i dag, og Jens sov til det eg vil kalle "normal tid" (altså halv sju...), rakk vi ikkje å leike så mykje.
.
Vi har heller ikkje fått sunge så mykje på songen vår. Grunnen er den at vi reiste til Stavanger på formiddagen. Eg var på skulen frå 8 til 10, og reiste heim rett etter første time. Så køyrde vi til Stavanger. Det offisielle ærendet vårt, det vi reiste dit for, tok ikkje meir enn eit kvarters tid. I tillegg hadde vi eit par småærend, som vi også fekk tid til før vi reiste heim.
.
Jens har i lengre tid spart til løve, og den stadig aukande interessa for Kardemommeby har ikkje dempa spareiveren. Vi leita derfor fram ein leikebutikk som hadde greit utval av dyr, deriblant både holøver og hannløver. Jens hadde i grunn mest lyst på ei holøve, men sidan hanløva stod vridd mot venstre, ville den passe best inn saman med dei andre dyra i hylla... Nokon tenker visst på alt. Det var ei staseleg løve syns vi, det er nesten som den kan minne litt om Aslan!
.
Det andre ærendet vårt var for heile familien. Då vi pakka opp adventsstjerna og skulle henge den opp, fann vi ut at den hadde fått ein del fatale feil. Blant anna var det umogeleg å få lys i pæra... Vi sette difor kursen for butikkar som solgte slike stjerner, og fann denne store og fine:
.
Det var godt å kunne henge opp stjerna igjen. Den høyrer med til adventstida, og er med på å skape ekstra lys og stemning i stova.
.
Til slutt eit julesangtips:
.
Jackson Browne - The rebel Jesus
.
I denne songen, som du kan høyre her, klarar Jackson det kunststykket å skape god julestemning, samtidig som han rettar eit kritisk blikk mot det enorme forbruket og sjølvsentreringa som dessverre set sit preg på vestleg julefeiring. Vi feirar fødselen til ein fattig gut, som vaks opp til å bli ein samfunnsrefsar, kritikar av egoisme og smålighet og ein forkjempar for dei fattige og trengande. Denne mannen feirar vi ved å gje dyre gåver til familie og vener som har alt frå før, og proppe oss fulle med mat... Eg tykkjer i alle fall denne songen er tankevekkande, og kan kanskje vere med og skape eit litt betre fokus i julehøgtida?
.
Ole

onsdag 1. desember 2010

Tenn lys! Et lys skal brenne...

...for denne lille jord. Dette var den første songen i kalenderen vår, og den er blitt innøvd og sungen mange gongar i løpet av dagen.
.
Jens og eg fekk oss ei overrasking i ettermiddag. Medan vi var på teateret og såg Kardemommeby, hadde Lise og mamma kjøpt ein legokalender til oss! Kvar dag kan vi opne ei luke i lego-øskja, og byggje saman ein liten legofigur. Stas! I dag var det ein snømann som gøymte seg bak eitt-talet, og den er no sett behørig saman og plassert på verandaen på legohuset vi held på å bygge. Her står han, med legogulrotnase og legoflosshatt:
.

.
.
. .
.
.
. .
.
I realiteten har vi ein tredje kalender også. Det åttande bladet i Superblink-klubben var nemleg ein adventskalender! Bladet inneheld ei historie i 24 delar, og det er Juniorengelen Gabriel som er hovudperson. Verkar å vere ei kjekk førjulshistorie!
.
.
Eit julesangtips:
.
Relient K - I celebrate the day
.
Dette er ein utruleg nydeleg song med ein sterk og meiningsfull tekst. Berre sjå på dette tekstutdraget:
.
To look back and think that
This baby would one day save me
In the hope that what You did
That you were born so I might live
To look back and think that
This baby would one day save me
.
And I, I celebrate the day
That You were born to die
So I could one day pray for You to save my life
.
Songen kan du lytte til her (Youtube)
.
Ole