tirsdag 27. desember 2011

Meir om juletre

Vi tok inn juletreet vesle julafta om dagen, slik at borna skulle få vere med og pynte det. Lise var ikkje i stova akkurat då eg bar det inn, men kom inn like etterpå. Då bryt ho ut:

- Hæ? Tre? Inne? Settamaken!

Vi smiler litt, og bekrefter at joda, det står eit tre i stua. Til det svarar ho:

- Ein to tre! Og gliser stort... 

Eit bilde av eit juletre som også kunne falle i smak:


Med tanke på at vi er kome langt i prosessen med å måtte setje bøkene dobbelt i bokhyllene våre, så hadde dette kanskje vore ei god anvending av dei. I alle fall midlertidig...

Ole

mandag 26. desember 2011

For eit barn er oss født...

Juledagane er ei heilt spesiell tid. Tida går i eit heilt anna tempo enn det vanlege, og ein (i alle fall eg) stenger seg på ein måte inne i ei boble. Det er familiehøgtida framfor nokon, og ein kan vere saman og feire det store som hendte for 2011 år sidan. Tenk kor mykje det vesle barnet som vart født i Betlehem har påverka historia! Mange har misforstått mykje, og gjort livet surt for andre menneske i hans namn. Heldigvis er vi også mange som har blitt fanga inn av hans kjærleik, og fått lov til å kjenne den nådefulle tilgjevinga. Og sjølv om vi ikkje alltid lukkast i å formidle hans kjærleik til medmenneska våre, er vi mange som ynskjer å vise andre alt det gode Jesus kan fylle liva våre med.

Og den kjærleiken han gir, er vel verdt ei feiring midt på gråaste vinteren!


Julekrubba kom opp medan vi rydda og ordna til jul i huset før helga. Det er stas for ungane å få vere med og plassere på dei små figurane!


 Lise var også svært så fascinert av juletrelysa, og måtte rett og slett legge seg ned og studere dei ganske så nær. Noko som medførte at ho sette seg opp og måtte blunke ganske kraftig nokon gongar. Det er skarpt lys for små auger, i alle fall på nært hald! Ikkje at det skremte ho frå å gjere det fleire gongar, då...


 Til slutt stod juletreet der ferdigpynta og lyste opp i stova vår. Vi kjøpte treet usett, for butikken på Sand hadde ikkje pakkemaskin i år. Dermed hadde dei berre pakka ut nokre få tre, og vi ville gjerne ha det innpakka slik at det var lettare å frakte heim. Det var litt glissent på midten, men ellers var vi fornøgd!


 Jens og Lise var med og pynta treet vesle julafta, og i år var det ekstra stas for Jens å kunne henge opp ei eigenprodusert flagglenke! Han har perla og perla, og det å perle flagg har vore den store hang-upen i haust. Vi var inne hos Johannes nabo nokre dagar før jul, og der kunne Jens sjå ei flagglenke med norske flagg på treet hans. Vegen var dermed veldig kort til å ville ha flagglenke også på vårt tre. Og med 41 flagg frå så og seie heile verda, vart det ei riktig fin lenke! Planane er store for neste års juletre. Då skal han ha laga ei flagglenke med alle flagg i heile verda på! Så får vi sjå korleis det prosjektet går. Uansett er perling ein av dei o store tinga i verda, og gleda vart difor stor då han i gåve under treet fekk perlesett frå søskenbarna i Ålhus. Der fulgte også ei splitter ny inspirasjonsbok, og planane er allereie lagt for dei 4-5 neste perlefigurane... Flagga må nok vente, ja.


Nytt på treet i år var også denne flotte engelen, som var ei veldig koseleg julegåve! 


Når vi først er inne på julegåver, kan eg kanskje vise litt av dei gåvene som har fanga merksemda til Jens og Lise aller mest desse to juledagane. Det fine med gåver, er at dei vert verande og kan takast fram litt etter litt. Alle gåvene er difor ikkje ferdigstuderte endå... Lise har leika ganske så mykje med dette leikehuset som forstiller trehuset til Ole Brumm. Supplert med ein del småfigurar frå mormor, har det vore livleg aktivitet i huset dei siste døgna. Også traktoren frå søskenborna i Balestrand fall veldig i smak. Den lagar musikk og lydar når ein set bonden på plass i setet, så melodien "Old McDonald had a farm" har spelt ganske så hyppigt mellom veggane våre...


Og så fekk Jens og Lise ein kjelke av mormor og morfar! I mangel på snø utandørs, får ein gjere det beste ut av situasjonen og bli dregen nokon  ein del mange rundar innandørs. Lise har oppvist nye talent bak rattet, og gjer triks på kjelken som er ein scooterkøyrar verdig. Blir spennande å sjå kor høg ho er i hatten når det går utforbakke for alvor...


 Jula er familietid, og i vår familie er det også synonymt med speletid. Gamle spel vert henta fram frå spelehylla, og nye spel har kome inn i huset via pakkar under treet. Lise stakkar har ikkje så store muligheter til å delta i spel på linje med oss andre. Difor er det godt at vi har eit spel ståande i kjellaren som ho kan vere med på nokonlunde likefot. "Hop hop hurra" er ein slager her i huset, og Lise har drege med morfaren i spelet fleire gongar enn vi har tal på denne helga...


 Også Jens likar spel, og han kan vere med i litt fleire spel som ein likeverdig deltakar. For eksempel er Uno populært, og det nye spelet til mamma, Bandu, slo også an. I alle fall heilt til han tapte to gongar på rad... Å kunne tape er ein viktig eigenskap å ta med seg, så då får vi heller leve oss gjennom litt fortviling. :-)

 Morfar hadde med seg iPaden sin, og Jens vakna om morgonane med eit ynskje på leppene: Kunne spele Angry Birds på iPaden... Ein kan ikkje akkurat fristille dataspeling, men han fekk no prøvd seg ein del i løpet av jula likevel.


Også Jens fekk spel til jul, av farmor og farfar. Det var eit Josefine-spel om bokstavar og ord. Han kasta seg ut i det med liv og lyst. Det er kjekt å skrive ord, og av og til kan han til og med komme fram med ord som vi andre ikkje hadde tenkt på. På det nederste bildet på kortet hans hadde eg garantert skrive T-E-P-P-E. Ikkje Jens, han skreiv:



Og legg merke til a-endinga. Den er gjennomgåande på alle orda han skriv. Sidan eg uttalar ord med e-ending, og Nina og dei fleste andre i nærmiljøet uttalar ord med a-ending, er det i alle fall tydeleg kven som ikkje har påverka her...

Til slutt vil eg vise fram to små skjønnasar som kom på besøk til oss på julafta. Dei to englane frå tante Anja og co såg riktig så fornøgde ut med å komme til oss...


Julehelga er over, men julegleden lever vidare i hjartet: Gleda over at Gud sjølv kom til jorda. Immanuel; Gud med oss! Den beste gåva nokon kunne få!

Ole

torsdag 22. desember 2011

Gråvérstankar


Når véret er grått
og tåka sig innover bygda
Regnet løyser opp snøen
og forlet den som blaut
og sørpete slaps

Då er det bra å ha minnene
etter gårsdagen
Då snøen endå låg kvit og rein
på greinene



Då var var det sol
og blå himmel
- skjønt sola ikkje varma
Utanpå


Då var det mogleg å stå på ski
- fosse fram 
lage nye spor og klare nye
utfordringar


 Då kunne vi setje frå oss skia
La dei stå og vente nokre timar
Ikkje lenge
Snart skulle vi ut att


 I går kunne vi kvile ut etter harde tak
Ete litt
Leike litt
og sove


 I går likte til og med katten snøen
- trur eg...


I dag er det grått
men eg er ikkje grå
eller lei
Eg vil hugse på gårdagen
og håpe det vert like fint i morgon

men i dag er i dag
og vi skal nok finne på noko kjekt
i dag også!

onsdag 21. desember 2011

Marit Bjørgen: Watch out!

Om ikkje lenge kjem Marit Bjørgen og dei andre til å få hard konkurranse i skisporet:


 Lise har prøvd ski for første gong i heile sitt (korte) liv, og syns det var veldig gøy. I starten var det så klart uvant og vanskeleg, og ho gjekk svært forskiktig framover, som på bildet over. Etterkvart løysna det litt, og ho gjekk faktisk ein runde rundt heile parkeringsplassen, i tillegg til litt att og fram utanfor grendasenteret.


I følgje Noregs nye skidronning, anno 2035, var det veldig gøy å gå på ski!

Storebror har noko meir kontroll, og fartar att og fram i relativt (...) stort tempo. Det nye av sesongen er dét å skli ned bakkar. I skrivande stund er han ute og øvar seg. Lise sit ved sidan av meg med raude kinn, rufsete hår og litt slitne auger. Det var påkrevd med ein matpause etter alt slitet...

Ole

tirsdag 20. desember 2011

Julebakst og Rio

Kvar veke har dei små i barnehagen laga englar, ein for kvar søndag i adventstida. I dag kom Lise heim med den fjerde engelen, og no heng dei på veggen alle saman! Under dei står ein annan engel, som Jens laga på onsdagsklubben. Til saman vert dei eit heilt englekor!


I dag har vi for alvor kome i gang med julebaksten:


Pynting av pepperkaker. Jens tok jobben skikkeleg seriøst og plasserte kvar einaste non-stop der han skulle. Søstera derimot... Rett som det var sneik ho til seg ein non-stop, og tygde den i seg med all den diskresjon ein toåring kan oppdrive. For det første var det ikkje så vanskeleg å sjå ho, for det andre så var heile haka full av ulike fargar etterpå. Ein trengte ikkje vere "rocket scientist" for å forstå teikninga... 


Slik såg dei ut, ferdig pynta og plassert i boks. På biletet under har vi akkurat teke det første brettet med brune pinnar ut av ovnen, og delt dei opp (Dette bildet skulle vel roe nervane til enkelte julegjestar?)


Krafttak som baking og slikt krev sin mann og kvinne, for ikkje å snakke om jente og gut. Det er godt det er fleire dagar att før jula startar!


No om dagane er det filmen "Rio" som er skikkeleg i vinden her i huset. Snakkande papegøyer (og überskumle kakaduer) er fengslande underhaldning. Ein morsom film som gleder både små og store i familien!


Eg veit ikkje om vi kan kalle det spin-off, eller noko anna, men Angry birds-spelet kjem i ein eigen Rio-variant (Det var forøvrig dette spelet som sette oss på tanken å sjå filmen...)


Angry birds rio vert spelt ein del, og Jens elskar å sjå på (mrk. sjå på. Han syns det er litt vanskeleg å spele sjølv...) Så eit spørsmål som "Pappa, kan ikkje du spele det fuglespelet?" er ikkje så uvanleg å høyre frå tid til anna.

På facebook i dag hadde nokon lagt ut lenke til ei festleg utgåve av juleevangeliet på Aftenposten. Ein rykande fersk og veldig språkleg oppdatert versjon av juleevangeliet, tilpassa facebook-generasjonen:


«Det skjedde i de dager at det gikk ut en befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle joine en gruppe: «Vi som vil skrives inn i manntall». Dette skjedde mens Kvirinius var helt sjef i Syria, og gruppa fikk drøyt mange likes.

Josef traska fra byen Nasaret i Galilea, opp til Judea, til Davids by Betlehem, for å signe manntallet sammen med Maria, dama hans, som hadde boller i ommen. Og mens de var der, hevet bollene, for å si det sånn, og Maria leverte varene. Hu pakka kiden inn i noe tøy, og la'n i ei krybbe, for det var ikke plass til dem i herberget.

Det var noen gjetere som var ute i natta og passa på sheepsa sine. Med ett var Herrens eng­ler F2F, og Herrens diggbarhet lyste. Gjeterne bare: «OMG!», og engelen bare: «Slapp av, gutta! Jeg kommer med en tweet om glede, en glede for hele folket: #Frelser #Kristus #jomfrufødsel :-) :-) :-) … og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne en kid som er innpakka i noe tøy og ligger i ei krybbe.»

Så kom engelens followers, en himmelsk hærskare, som ga masse kudos til Gud og retweeta: #Frelser #Kristus, og #ffnor Gud og fred på Jorden blant mennesker som har Guds velbehag»

Da englene hadde tatt kvelden, sa gjeterne til hverandre: «La oss stikke inn til Betlehem for å kolla läget.» Og der fant de Maria og Josef og den lille kiden som læxan i krybba. Da oppretta de en ny gruppe: «Vi som har sett Jesus Kristus, Guds sønn». Folk bare: «Saklig, LOL». Gruppa fikk ikke så mange likes, for å si det sånn, men det var bare i starten, for seinere i livet fikk Jesus sinnssykt mange followers.

Og Maria bare: «#DenFølelsen»

Og gjeterne bare: «Helt konge!!!»

Kom du i julestemning, eller? Det er kanskje greit at den vanlege utgåva fortsatt vert lest i kyrkja...

Ole

PS! Nemnte eg at eg har ferie? Ikkje? Neivel. Eg har altså ferie! FERIE!

søndag 18. desember 2011

Me syng jula inn!



I dag, då me tente alle dei fire lysa, innsåg vi at det er under ei veke att til julafta. Og berre to dagar att til ferie! Vi markerte dagen med å delta på "Me syng jula inn"-arrangementet i kyrkja. Vi sette oss på galleriet. For Lise sin del var det heilt greit, og også for oss som skulle passe på henne...


På konserten kunne vi høyre både soloinnslag, instrumentalinnslag...


... allsang, Ryfylkeklang (ein kvartett), korps...


 ... og onsdagsklubbkor!


Ein tradisjonsrik og koseleg ettermiddag i kyrkja. Det har i det store og heile vore ein koseleg dag i dag. Jens har gått rundt med nisseklede, Lise har hatt på seg kosedressen som også var passeleg då ho var 10 mnd gamal... Ho veks ikkje så fort!


Og fuglane har kost seg med maten vi har sett ut.


I formiddag var Jens og Lise ute og leika i snøen. Utruleg koseleg å sjå på to blånissar som går rundt i lag og finn på både eitt og hitt. Her står Lise og ser på medan storebror slår snø ned frå greinene i treet...

Ein annan ting som var kjekt å sjå, var handball-VM-finalen!


Eg sat og retta stilar det meste av kampen, men la dei vekk det siste kvarteret, då Frankrike begynte å hente inn litt av forspranget. Heldigvis nådde dei ikkje heilt fram, og det norske laget kunne juble som verdas beste handballag!

Og i kveld retta eg akkurat så mange stilar som eg hadde sett som mål. Så eg er fornøgd på alle vis!

Ole

PS! Ein litt spesiell, litt rar og litt kul variant av juleevangliet. Enjoy!


lørdag 17. desember 2011

Teikn på at jula nærmar seg

Teikna er tydelege; jula nærmar seg. Her er dei mest tydelege:

- Vi har bakt litt julekaker.
- Juletreet er i hus.
- Tentamensbunken er høg, men minkar sakte men sikkert.
- Arbeidslyst og rettelyst er sterkt dalande
- Det er kaldt ute, og snøen sjekkar ut om det er trygt nok å komme.

   Utsikt frå kjøkkenvindauget vårt i dag tidleg:


    Nokon håpar det kjem mykje meir!


- Dei fleste julegåvene er i boks.
- Vi skal ikkje lage vekeplan til elevane neste veke, sidan det berre er to litt uvanlege skuledagar att.
- Rødnissejenta får lov til å bli verande i Blåfjell.
- Det luktar mandarin av fingrane mine.
- Jens går rundt med nissehue rett som det er. Og Lise finn gjerne alternative hattar...


- To dagar med juleverkstad på skulen er gjennomført. Den sikraste leverandøren av snikande julestemning!



Dette bildet er frå formingsgruppa (og er blånisselånt... Det er Trine Lunde sitt bilde, så eg får prøve å gje tilbake eit anna bilde ein annan gong...) Eg var ikkje med på formingsgruppa, men for nte år på rad hadde eg med meg elevar og laga videosnuttar. DET gir meg julestemning, det!

- Og så må vi ikkje gløyme stearinlysa.
- Eller adventstjerna.
- Eller pynten som kjem opp litt om litt.
- Eller julekorta som er sende, og dei som ligg og ventar på å bli sende.
- Eller julemusikken.
- Eller ...

Kanskje eit lite julespel kan gje julestemning? Her er i alle fall ein link til NRK, og Julespillet om Josef og Maria, frå LilleLørdag i 1995.


Ole

lørdag 10. desember 2011

Bokstavar, bygging og baking

Den gongen Jens begynte å fatte interesse for bokstavar for alvor, begynte vi å samle saman mjølkekartongkorkar og skreiv bokstavar på dei. Dermed kunne vi bygge ord med desse. Dette er no ei stund sidan, og boksen med bokstavbrikker har stått urørt i kjellaren i sikkert over eit år. Nyleg fann Jens ut at han har lyst å samle på slike korkar, og ville ha alle som vart ledige. Dermed kom vi på den gamle boksen i kjellaren, henta den fram og begynte å leike med den også.

I går kveld ville Jens skrive namnet sitt, og klarte det nesten på første forsøk:


Vi minte han på at det er to k-ar i Nøstbakken. Han fann ingen av sorten i boksen, så han måtte lage både den første og den andre sjølv. Den første vart han fornøgd med, men ikkje så veldig den andre...


Etter at Jens hadde brukt tusjen, vart den liggande på golvet ved sidan av bokstavbrikkene. Då fekk veslesystera verkeleg blod på tann. Ho fann seg ein del ledige korkar, og skreiv bokstavar for harde livet:


Blir spennande å sjå kva slags ord ho skal skrive med desse!


 Lise har prøvd seg som barnepleiar i dag. Dokka vart fint avkledd (og kjolen vart anvendt som hue på eige hovud...) og vaskeklut henta på kjøkkenet. Så vaska ho dokka frå topp til tå. Og då snakkar vi ikkje om forsiktig vasking, vi snakkar skrubbe-vasking i høgt tempo. Ting skal gjerast skikkeleg! Eselet ligg og ser på, og eg tippar han i grunn håpar han slepp å bli vaska på same måten...


Medan dokka gjekk gjennom  reinsingsprosessen, sat storebror ved kjøkkenbordet og bygde på brannstasjonen dei vann på julemessa. Etterkvart har han så god trening med å bygge lego, at han nesten ikkje treng noko hjelp i det heile. Det er kjekt!


For Lise sin del er det litt vanskeleg å bygge, men ikkje noko mindre kjekt å leike for dét! Brannmennene vart tekne ut og inn av stasjonen og brannbilen, og bilen vart halvvegs demontert kvar gong mannen skulle ut eller inn. Enklare å kome til på den måten.


Det er ikkje sikkert storebror ville vore like begeistra for den type demontering av ferdig bygde legoting, men han på si side såg då på langrenn og brydde seg fint lite om lego i det heile. Det er spennande med skisport, og eg må innrømme at han har langt meir kontroll på utøvarane enn det eg  har. Namn og plasseringar og slikt, slike ting som eg aldri har hengt meg så mykje opp i, sportsidiot (med vekt på idiot) som eg er.


Tysdag er det Luciadagen, og i kalenderen i dag stod det at vi skulle bake lussekattar. Dermed var det å hente fram forkle og kokkehatt (akkurat slik som Ludde har!...) og setje i gang. Lise kasta seg over oppgåva med liv og lyst.


Og var ei god hjelp!


Til slutt skulle kattane bakast ut. Jens klarte å lage lussekattane i nokonlunde riktig fasong. Lise strevde noko meir, eller rettare: Lise brydde seg ikkje så veldig om kva for form bollane skulle ha... Ho tok seg ein klump, klaska laus på den, delte den opp i bitar og klaska litt meir på bitane. Så henta ho ein ny klump... Men kva verden, dei smakar sikkert like godt som dei andre (i alle fall dei som rakk så langt som til steikebrettet, og ikkje vart etne opp i rå tilstand...)

No ligg lussekattane i fryseboksen, og vi gler oss til tysdag!

Ole