mandag 10. januar 2011

Strikketørke

Så godt som det, gitt, i desse d-vitaminfattige tider. (Og eit stort OBS alle - pass på å få i deg nok d-vit, for mangel er IKKJE å anbefale. Så var det sagt).

Men litt garnforbruk her og litt der har det vel blitt i haust og vinter, trass alt. Om her er så mange gode bilder at det gjer noko, tvilar eg vel på - men kanskje eg greier hoste opp nokre dårlege?


Her er vinterens to favoritt-huer! Lise si er kjempegod, med hals 'i eitt', og lua sit dessutan veldig godt på utan å vri seg. Vert nok ei slik til neste sesong også, eit hakk eller to større :)

Jens har vore glad blånisse frå oktober eller noko sånt, og det er framleis ingen vits i å spørje kva for hue han skal ha på! Lise har forøvrig også ei blånissehue, men den har ein slags tendens til å havna på skeiva og/eller dette av, og er difor ikkje så suveren til langvarig uteleik. Til svippturar ut, derimot... ;)

Ikkje så suverene bilder, eg veit, men dei har vel vore avbilda nokså mange gonger her i bloggen i vinter, nett desse to tinga. T.d. her og her.


Og så var det ein gong Jens hadde gløymt pannebandet sitt i barnehagen og var veldig lei seg for det - då vart det eit uhyre enkelt nytt eit. Godt å ha eit heime også ;)


Til julemessa vart det nokre skrapevottar. Færre enn planlagt, og det var det einaste som vart - men dog.

Nokre pulsvarmarar var dei einaste julegåvene i år av heimestrikka type.


Jah, det var vel det eg greidde å hoste opp i farta. For å fylle litt ut sleng eg med dei to prosjekta som er på pinnane nuh - det første er ein liten kjole til ei nyyyydeleg bittelita snuppe som nett er komen ut i dagslyset Y


Og så er det eit fargeknæsjt bølgeteppe - eg synest det er kult, men eg ser at det for enkelte sikkert vert litt for hippie ;)


Sånn - det var ei halvårleg oppdatering eller noko sånn, haha.
Satsar på friske tider med mykje strikkelyst utover mot vår og sommar :)
9na

tirsdag 4. januar 2011

Godt nyttår!

Betre seint enn aldri... Vi er allereie mange dagar inn i det nye året, og kvardagen har kome tilbake. Pappa har allereie vore på jobb i eit par dagar, og Jens er tilbake i barnehagen att.
.
Nyttårsafta tilbrakte vi i godt selskap hos Kjellaug og Gunnstein og familien. Også Agnes og Dagfinn og ungane var bedt til middag, så vi var til saman 13 rundt bordet. Etter deilig nyttårsmiddag, gjekk vi ut og skaut opp rakettar og brant stjerneskudd. Årets utgåve av stjerneskudd var utstyrt med "hyl", det vil seie at det første sekunda dei brant gav dei frå seg ein ganske kraftig lyd, før dei etterkvart begynte å brenne vanleg. Enkelte, til dømes Jens, tykte dette var veldig festlig!
.
Etter at familien Nese var reiste heim, og ungane var lagde, fann vi resterande vaksne fram brettspela, og spelte oss inn i det nye året. Ein svært kjekk måte å gå inn i eit nytt år på! Vi overnatta hos Kjellaug og Gunnstein, og dermed kunne Jens og Lise leike vidare med Aksel og Ruth då morgonen kom. For enkelte av oss kom den altfor tidleg...
.
Jens meinte vi burde vere der i fem dagar, men vi reiste, til hans store fortviling, ned att 1. nyttårsdag. Og så, i går, var ferien plutseleg slutt.
.
Kostymet til karnevalet i barnehagen er allereie klart, og Jens likar å ta det på innimellom og leike med det. Forstår det så godt! Og Lise vil gjerne vere med på leiken, og det får ho heilt klart lov til. Dei siste dagane har ho blitt dratt rundt i stua, både på ryggen til Jens og sitjande på krokodillen. Jens har vore ivrig transportsjef, og Lise frydar seg. Kjekt!

Ole