tirsdag 4. januar 2011

Godt nyttår!

Betre seint enn aldri... Vi er allereie mange dagar inn i det nye året, og kvardagen har kome tilbake. Pappa har allereie vore på jobb i eit par dagar, og Jens er tilbake i barnehagen att.
.
Nyttårsafta tilbrakte vi i godt selskap hos Kjellaug og Gunnstein og familien. Også Agnes og Dagfinn og ungane var bedt til middag, så vi var til saman 13 rundt bordet. Etter deilig nyttårsmiddag, gjekk vi ut og skaut opp rakettar og brant stjerneskudd. Årets utgåve av stjerneskudd var utstyrt med "hyl", det vil seie at det første sekunda dei brant gav dei frå seg ein ganske kraftig lyd, før dei etterkvart begynte å brenne vanleg. Enkelte, til dømes Jens, tykte dette var veldig festlig!
.
Etter at familien Nese var reiste heim, og ungane var lagde, fann vi resterande vaksne fram brettspela, og spelte oss inn i det nye året. Ein svært kjekk måte å gå inn i eit nytt år på! Vi overnatta hos Kjellaug og Gunnstein, og dermed kunne Jens og Lise leike vidare med Aksel og Ruth då morgonen kom. For enkelte av oss kom den altfor tidleg...
.
Jens meinte vi burde vere der i fem dagar, men vi reiste, til hans store fortviling, ned att 1. nyttårsdag. Og så, i går, var ferien plutseleg slutt.
.
Kostymet til karnevalet i barnehagen er allereie klart, og Jens likar å ta det på innimellom og leike med det. Forstår det så godt! Og Lise vil gjerne vere med på leiken, og det får ho heilt klart lov til. Dei siste dagane har ho blitt dratt rundt i stua, både på ryggen til Jens og sitjande på krokodillen. Jens har vore ivrig transportsjef, og Lise frydar seg. Kjekt!

Ole

Ingen kommentarer: