søndag 27. februar 2011

Gråtass får en ny venn



Jada. I ettermiddag har me vore på kino, alle fire. Første gong for Lise, som sat stille som ei mus i halvanna time - litt imponerande. Ho lot seg veldig fange, men det var liiiiitt skummelt av og til, så fanget til mamma var godt å ha :)

No har to trøtte tassar sovna søtt og godt - forhåpentleg med litt ny innsikt om venskap og viktige ting :)

Nina

torsdag 24. februar 2011

VM er i gang!

Endeleg, vil vel nokon seie. Interessene for det å sjå på idrett er svært delte, sjølv om eit verdsmeisterskap vekker eit snev av interesse sjølv hos far i huset. Det er godt for Nina at Jens rett og slett elskar å sjå på sport. Endeleg nokon å dele idrettsgledene med!
.
I dag var det sprinten som stod for tur, og Jens var ikkje sein med å komme inn då han høyrte at det var ski på tv. Han fekk med seg dei fleste kvartfinalane, semifinalane og sjølvsagt finalane, både for menn og kvinner. Norge hadde med to stykk i herrefinalen, Ola Vigen Hattestad og Petter Northug. Mamma uttrykte eit sterkt håp om at ein av dei skulle vinne. Då kjem det frå Jens: "Eg håpa på svenskane eg!" Først trudde vi han valte dei berre for å velge noko anna enn mamma, men etterkvart viste det seg at han meinte ramme alvor. Då løparen begynte å nærme seg mål, og vi beit tennene saman for Petter og Ola, runga det gjennom stova: "Heia Marcus! Heia Marcus! Heia Marcus!" og så, rett før Marcus Hellner kryssa mållinja: "Han greier det! JAAAA!"
.
Eg trur vi har lagt altfor stor vekt på toleranse og likeverd for alle menneske.
.
Ole

tirsdag 22. februar 2011

Ei maske her og ei maske der

...det vert jo litt av det, sånn etterkvart.

Først eit bevis på at den vesle snuppekjolen vart ferdig ja. Eit veldig overeksponert bilde, men det får vere bevis godt nok ;)

Så ein snerten vest til ei bittelita nyfødd snelle :) Denne er ikkje like bitteliten som henne altså - vert nok til neste kuldesesong, tenkjer eg. Kan ikkje nekte for at eg likar desse fargane

'Blomane' i rundfellinga - ganske artige (første rundane betydeleg kjekkare enn dei siste - alltid sånn ;) ).

Og så skal storebror i bursdagsselskap til helga, dobbelbursdag faktisk. Den eine presangen var lett å velge ut, den andre ikkje like lett. Men han meinte at ho likte godt å leike med dokker. 'Åsså lika hu veeeeldig godt rosa, mamma. Rosa å lilla. Men mest rosa'. Me vart enige om at ein dokkekjole kanskje kunne vere noko, då. Koseleg arbeid det. Den glade selskapsgjesten fekk velge fargar - og det vart veldig sukkerspinn-gefühl på dette her, altså! Mamman kjenner ho får ein litt emmen smak i munnen - men me får håpe han har rett angåande jubilanten sine yndlingsfargar ;)



Dokka til Lise er veldig velvillig modell. For kjolen. Hovudet vart ein del for stort til at lua vart noko poeng i å ha på... ;)

Såh, det var det. Ei monsterbukse på pinnane nuh, til ein liten kamerat - me får sjå kor lenge det går før ho vert ferdigstilt og 'dokumentert' :)

Nina

lørdag 5. februar 2011

Lite skrivelyst...

... og stor leselyst kan vere ei god skildring av januar månad. Bloggen er slett ikkje død, langt i frå, men vi gidd ikkje skrive anna enn når vi har lyst. Så sånn er det.
.
I kveld har det vore KRIK-samling i gymsalen, så no er eg ganske støl og sliten. Ei god kjensle! Det beste med KRIK er dei supre ungdommane som kjem kvar gong vi har samling, og deltek med liv og lyst og godt humør. Då er det lett å ville drive arbeidet vidare!
.
Som sagt har januar vore prega av stor leselyst. Eg bestemte meg for nokre veker sidan for å lese gjennom heile Harry Potter-serien. Eg gjekk på med liv og lyst, og koste meg gjennom dei fire første bøkene. Eg vart svært positivt overraska når eg las, for eg vart verkeleg riven med og forfattaren imponerar med gode plott. Etter den fjerde boka følte eg likevel behov for ein pause, ikkje fordi eg var lei av Harry Potter, men fordi Irene på biblioteket hadde fått tak i den nye boka til Ildefonso Falcones ("Fatimas hånd")! Dermed gjekk eg laus på ein litt annleis forteljestil, og har kost meg gjennom ein drivande god roman lagt til slutten av 1500-talet i Spania. Boka var på litt over 900 sider, og klarte å halde spenninga oppe heile vegen. Dermed har det vore eit par litt intense veker med lesing, den var ikkje så lett å leggje frå seg...
.
No skal eg snart gå i gang med Harry Potter igjen, men må ha meg nokre dagars lesepause... Så då kan det hende det blir eit blogginnlegg til om ikkje så lenge? Vi får sjå.
.
Til slutt eit bilde av vår faste bordgjest. Lise har veldig omsorg for dukkene sine, og sørger for at dei får i seg rikeleg og god næring. Til jul dukka det opp to nye dukker her i huset, og dei må kappast litt om merksemda. Lise har også ein eigen, og kanskje litt brutal (?), måte å leggje dei til ro i dukkesenga på, men ho gjer både legging, mating og kosing med den største kjærleik. Kan ei dukke forlange noko meir?
.
Ole