lørdag 26. mars 2011

Ein Faunatikar?

Fauna er eit veldig kjekt brettspel - eit lite tips der, altså. Det dreier seg om å etter tur plassere ut brikker der ein trur at det til eikvar tid aktuelle dyret held seg - det gjeld både geografisk, vektmessig og lengdemessig. Artig, faktisk - ein treng absolutt ikkje vere dyrenerd for å bli fenga!

Og apropos dyrenerd... På boksen står det 'fra 8 år'. Men Jens syntest sjølvsagt dette såg fabelaktig kjekt ut, og ville spele. Jada, me spelte. Me har faktisk spelt fleire gonger den siste veka. Eg veit husbond og eg har snakka litt om det før, at det vert moro når me kan spele spel med ungane sånn på likefot, eller kva det måtte heite. Velvel. Her er eit par omgangar frå ein runde me spelte:

Dyret er 'Rødgaupe'. Mor har løva (som betyr at ho skal plassere ut først), og plasserer sjølvsagt i Skandinavia. Kjempelett - me har jo gaupe her i Suldal, til og med! Jens set si første brikke på eit område i nord-amerika, og mor prøver seg med 'Ja, dei har gaupe der også, men det er ikkje heilt den same arten som her, veit du'. Jo, han vil ha brikka si der. Mor går no over til å plassere brikker på vekt og lengde, Jens held standhaftig fram med å plassere på ulike område i nord-amerika. Mor vert etterkvart litt usikker på eigen kunnskap - Jens er jo ikkje akkurat kjend for å gjette og tøyse når det gjeld dyr... Så mor si siste brikke vert plassert i Alaska - sånn i tilfelle guten har rett.
Så tek me kortet ut av boksen - og på bildet under ser de kartet nedst på kortet. Det som er skravert i raudt er altså det som er rett. Og ja, Jens hadde raude brikker, mor grøne... Jajjajja.



Så kjem det eit veldig rart bleikt fiskeliknande dyr. Kortet fortel at dette dyret kun lever i eitt einaste område. Aiai! Mor kan vagt hugse å ha sett noko liknande dette dyret i ei av Jens sine mange dyrebøker. No er det Jens som har løva og skal byrje, og mor skundar seg å seie at sidan det berre lever i eitt einaste område er det veeeeldig vanskeleg å vite kor ein skal plassere, men me kan jo gjette på storleik og sånt i alle fall!
Jens: "Ja, eg veit nå godt kor den leve!" - og set brikka si kontant på sør-europa.

Mor haldt seg til sitt eige råd og gjetta kun på storleik... Velvel, kva trur du fasiten viste?


Jada. Vel er mamma framleis liiiitt betre når det gjeld strategisk tenking, men Jens har vunne eit par rundar allereie - og mor fryktar at det skal bli fleire etterkvart...

I dag har imidlertid våren 'jaga' oss ut det meste av dagen, så det vart inga speling. Jens kunne antageleg ha halde på i timevis med denne båten han fekk hos farfar, men enkelte andre vart våte etterkvart og måtte heimatt...
I kveldsbøna i dag takka Jens for båten, OG for at han skal leike med båten i morgon også, etter middag! :)
Andre hadde viktig graving å ta seg av. Sand er stas!
Men så hender det at andre ting vert eeeendå meir interessante, då:
...så då gjekk det ikkje så lang tid før heimen og tørre klede verka fornuftig ;)

lørdag 12. mars 2011

Endå ein vinterblogg...

Slik er livet, det svingar frå vinter til vår på kort tid, og plutseleg er ein tilbake i vinteren att... No har vi snø att, men det er vel ikkje så lenge til den forsvinn for godt. Vi får nyte han medan vi har han!
.
Her er snømennene som Jens og mormor laga forleden dag. Den eine har allereie mista nasa si då bildet vart teke, men det er ikkje så rart i grunn: Det er mildvér, og dei har allereie stått på plass i nærleiken av eit døgn. Slikt går hardt utover snømenn.
.
Vegen må måkast, og morfar hiv seg i gang med skuffa. Lise er ein nysgjerrig andunge, og fylgjer hakk i hæl heile vegen ned...
.
I går reiste vi heim att, etter fleire herlege dagar hos mormor og morfar. Også her hos oss var det kome litt snø. Ikkje så mykje, men nok til å kunne grave fram skia igjen og slå seg laus ute. Jens og eg laga oss ei løype, og gjekk rundt og rundt og rundt. Kanskje tjue gongar? Vi vart i alle fall ganske møre i beina og sveitte og varme. Då var det utruleg deilig å kunne gå inn, drikke seg utørst på vatn og sjå skiskytarane i Khanty-Mansijsk gå til både bronse og gull. Kanskje kjente vi litt på at vi var i same bransje? (Jens har i alle fall for mange dagar sidan, heilt sidan VM i Oslo, bestemt at han er Frankrike, Lise er Austerrike, eg er Norge og mamma er Mongolia. Og så Mongolia då, kor ofte vinn dei skirenn? Uansett så er det no helst Frankrike som vinn her i huset...)
.
Til slutt eit bilde av ei lita wannabe. Her er ho nydusja og glad, og skal til å ete kveldsmat. Eg orka ikkje kle på ho så veldig mykje, sidan ho snart skulle stellast for natta likevel. Dermed tok eg det klesplagget som låg nærast... Litt stor endå, men t-skjorter kan no også brukast som kjole, viss dei berre er store nok. Eller brukaren er liten nok...
.
Den skal tidleg krøkast som god krikar skal bli.
.
Ole







torsdag 10. mars 2011

Monsterrumpe

Ja, rett og slett. Ferdig monsterbukse vart sjåande slik ut:

Men monsteret må nok vente i alle fall til neste vintersesong med å få varme ein liten mann.

Då det gjenstod ein fot på buksa oppdaga eg til min skrekk at eg hadde for lite garn att i den rette brunfargen. Ajaj. Så i påvente av å få rette sorten i hus, vart det eit lite venteprosjekt - restegarnkjole til Lise-dokka:

Vinterferie er godt for kropp og sinn - og det vert altså litt strikk også. I dag er det snø, og nett no får mormor testa snømannbyggeferdighetene sine - dei ser ut til å vere intakte :)

God (vinter)torsdag! :)

Nina

mandag 7. mars 2011

To steg fram og eit tilbake

Jaja, det er ikkje så mange ting her i verda som varer evig (berre rundt seks milliardar, og med tanke på kor mange ting det er i verda, er ikkje det så mykje...), så heller ikkje den gode vårkjensla frå i går... Men kva gjer det, med to så herlege barn på veg til barnehagen? Lise seier aldri nei takk til å følgje storebror bort, og no er det berre vel fem månader att til ho sjølv får sekk på ryggen og niste i boks!
.

Ole

søndag 6. mars 2011

Vårteikn

I dag har våren verkeleg briska seg og vist seg frå si beste side. Solskin, nesten bar mark og vårteikn som dukkar opp både her og der. Berre sjå på dagens fangst av sikre teikn på at våren så absolutt er over oss:




Og ikkje nok med at dette har vore ein fin vårdag. Det er også Bollesøndag, også kjent som Fastelavnssøndag. Vi har sjølvsagt markert dagen, både med Gudsteneste og sjølvsagt:
.
Sidan det er bollesøndag i dag, betyr det at fastetida byrjar på onsdag. Då skal vi begynne å førebu oss til påske (Det har vore mogleg å kjøpe påskesnop i butikkane i mange veker allereie, men eg har på ein måte lært meg å oversjå denne svært så sære markedsføringa).
.
Når eg høyrer ordet faste, tenkjer eg først på det å faste frå mat. Dette er vel det som tradisjonelt har vore forbunde med faste, og det forstår vi jo også av namna på dagane rett før faste. Tidlegare vart nemleg fastelavnssøndag også kalla for "fleskesøndag", og det var vanleg med eit storstilt kalas som varte langt uti måndagen, blåmandag eller fleskemandag. Tirsdagen etter vart kalla for kvitetysdag eller feitetysdag. Då åt ein "kvit mat", det vil seie mat som var laga av mjølk og mjøl. I tillegg var det vanleg å ete ganske så feit mat. Feitetysdag markerte siste dag før fasten, og askeonsdag er første dag i fasten. Det ligg vel litt i namnet at det ikkje er ein veldig lystig dag...
.
I dag er fokuset på mat mindre, både i fastelavnsdagane før faste, og i sjølve fasten. Eg trur ikkje det er så dumt, for det er vel stort sett andre ting enn mat som tek fokuset vårt vekk frå påskebodskapet og Jesus. Skal tru om det ikkje hadde vore meir hensiktsmessig å faste frå andre ting, som for eksempel: TV, datamaskin, mobiltelefon, bøker. Er det ikkje desse, blant anna, som er dei store tidstjuvane i fritida vår?
.
Viss vi går til Bibelen, og ser kva Gud sjølv meiner om fasten, får vi plutseleg ein heilt annan synsvinkel på fasten (frå Jes 58): "Er dette den faste eg vil ha, ein dag då mennesket plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt og ligg i oska? Kallar du dette for faste, er det ein dag etter Herrens vilje? Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød med dei som svelt, og let heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne."
.
Så utruleg langt frå sjølvfornekting og sjølvplaging, og så utfordrande! Gud vil at vi skal hjelpe alle som lir vondt og dele med dei som er svoltne. Når vi fastar slik Gud vil, sit vi ikkje og svelt i ein stol, eller stirrar i veggen fordi ein absolutt ikkje skal sjå tv. Nei, fokuset vert retta utover. Hjelpe andre, og dele av det eg har fått. Dette handlar om å dele to svært viktige ting: Det andre treng for å kunne leve fysisk godt (mat, klede, husrom osv.) og det andre treng for å kunne leve åndeleg godt (Evangeliet om Jesu frelse og tilgjeving).
.
Fastetida er tida då vi bør fokusere på naudhjelp og evangelisering. Dette er alltid viktig, men kanskje kan fastetida vere ei ekstra hjelp til å stikke fingeren i jorda og verkeleg finne ut kva eg kan gjere for å hjelpe mine medmenneske!
.
Ole