lørdag 30. april 2011

Startskotet

Ja, sidan Siggjo neppe tel så veldig i denne samanhengen, må me seie at Turfant-sesongen er i gong frå og med i dag, for vår del.



Sprek og kortbeint snuppe klarte å gå svina langt på eigne bein, altså - heilt heimefrå og laaangt oppover bakkane, før me fekk overtalt ho til å ta meitaien fatt sidan me såg ho var sliten.





Mykje fint å sjå undervegs - både på mikro- og meir makronivå.

Må òg nemne at to slever vart observerte altfor nær hu mor. Den eine gjorde ikkje teikn til å ville flytte på seg heller - ugh. Så då kom eg på at jammen har det sine fordeler med vinter og dvaletid også, gitt!






Det var ikkje feil å nå toppen altså - og eit enkelt men svært velkomment middagsmåltid vart inntatt med upåklageleg utsikt og sol på kroppen.



Mange blomar vart plukka på nedover- og heimtur - me har ein finfin kvitveisbukett på bordet her, og denne nydelege gladbuketten utfor døra. Og så ligg det att nokre skogfiolar, meir løvetann, ein hestehov og ei oransje hårklemme etter oss langs vegen...




1 down, 5 to go :)




Nina

lørdag 23. april 2011

Strålande langfredag

Sjå, du. Frisbeekasting (bak) og ivrig reiling i hagen Langfredag. Fotball og krocket er også prøvd, og i alle fall kunne me vaksne kjenne det i armar og bein etterpå.


Ein god kvil er ikkje feil. Og kunne ein hatt ei finare vogn å kvile i?


Etter kviling var Siggjo målet. I eit framleis like strålande vèr var det masse folk å treffe på vegen oppover, kjende og (hovudsakleg) ukjende. Godt humør og slitne kroppar er fint!





Niste gjer seg godt på toppen, og det gjeld å sikre seg parten sin og vel så det ;)


Sånn kan skoa sjå ut etter ein veldig ivrig både opp- og nedtur der det å vere fremst i rekka stod sentralt..


Av dagane i påska kan ofte Langfredag opplevast som den 'svartaste' dagen. Likevel kjende eg det ikkje sånn då Jens og eg i gårkveld hadde lese om det som skjedde i Jerusalem denne dagen. Tvert imot i grunnen - høyr berre kva Jesus sa til røvaren som bad om å bli hugsa når Jesus kom til sitt rike:

"Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis." (Luk. 23,43)


God påske alle saman!


Nina

tirsdag 19. april 2011

Hva skjer'a?

Herlighet, frivillig symaskins-putl TO gonger på kort tid? Mooooot normalt.

Men ja. Ny kvardagskjole til mini-Lise. Uspennande og uperfekt, men varm, romsleg, himla lettsydd og kapabel til å sprite opp det ganske vanlege antrekket body og strømpis ;)
Ja til gjenbruk, dessutan.


Og når me først er inne på frisk farge og nylaga klede, kan me ta med denne oransje hettelua til Lise si gode venninne (som Lise ikkje uvillig var prøvedokke for).


Oransje er ein herleg gladfarge, altså! I år har me brukt mykje oransje til påske her i heimen, merkar eg. Kan kanskje vise noko av det ein annan gong, om ånda kjem over meg ;)








Og så denne, då. Ei jakke til ein liten skjønnas som nett vart fødd (og nok ikkje vil passe inn i jakka før eit stykke ut i neste vinter...). Såg så koseleg ut i oppskrifta, ser ikkje like koseleg ut ferdigstrikka må eg seie. Men god og varm i alle fall..

9na

mandag 18. april 2011

Ein dag i sola

Denne dagen har vore ein einaste lang hyllest til våren. Sol, uteleik, varm bil og tidvis til og med t-skjorte. Delar av dagen har vi tilbragt på leikeplassen, der husking har vore den store aktiviteten i dag. Her har Lise teke pause, og kular han på ein benk.

Eit par splitter nye bilder av blomane våre. Er det ikkje fint? Og midt i blinken at påskeliljene byrjar å bløme nett no!













I dag opna vi grillsesongen, sånn heilt offisielt. Solkrem, parasoll, altanmøblar og grillmat. Herleg!

Til slutt eit par bilder av noko av påskepynten vår. Dette er tredje året på rad at Jens har malt egg til påske. Årets egg kan studerast på bildet til venstre, medan bildet til høgre syner egget etter at det har fått plass i det gode selskap, saman med dei andre malte egga. Også Nina og eg har kvart vårt egg hengande på riset...

Ferieaktivitetar

Påskeferien har begynt, og vi har tilbragt mykje tid av denne helga utandørs. Her er nokre smakebitar frå lokale aktivitar:

Lise har fått eigen sykkelhjelm, og arva sykkel frå Jens, så alt ligg til rette for litt rullerundt. Ho har ikkje fanga den heilt store begeistringa endå, det er kjekkare å springe rundt på eigne bein. Likevel, vi har klart å knipse eit bilde av Lise på sykkel!

I går freste eg ned på tidlegare Livi og kjøpte inn nokre plantar som kan pynte opp utanfor døra vår. Å plante margritter og stemorsblomar kan lokke fram vårkjensler og tankar som: "....." (altså: fredfulle og harmoniske tankar som ein ikkje naudsynlegvis har ord for...)


Lise har ein enorm forkjærleik for katten, også kjent som "biisj", og gjer det ho kan for at han skal ha det bra. Ho har etterkvart lært å klappe han på ein måte som han likar, så no spring han ikkje lenger automatisk vekk når ho kjem... I tillegg til klapping finst der også andre måtar å glede ein katt på. Ein kan jo for eksempel hente korga, og på det sterkaste oppfordre han til å legge seg til rette der.

Katten er like sta som Lise, så det blir meir ein "stillingskrig" enn noko anna. Lise går etter med korga, og katten syner lite interesse for å legge seg i den nett då. Då er det godt at det går an å finne på alternative aktivitetar. For eksempel kan ein plukke ut hårdottar som er å finne i korga og putte dei tilbake på katten. Lise jobba iherdig med prosjektet, og katten fann seg i det!

Etterpå prøvde Lise endå nokre gongar å få katten til å legge seg i korga, men då den fortsatt var lite interessert, fann ho ut at den eigna seg godt som hatt. Begge var ganske fornøgde med den løysinga!

Eg har sagt det før og eg seier det gjerne igjen: Det er deilig med vår!

Ole

tirsdag 12. april 2011

På rekke hurra!

Å flytte på og leike med dyr er noko av det kjekkaste som finst. Her har Jens stilt opp nokre dyr på "rekke hurra", som det heiter:
.
I helga var det strålande utevér, og heile familien var ute så mykje som mogeleg. Lise fann ei gjengløymt dokkevogn i barnehagen, og tok godt vare på den i helga. No er ho trygt tilbake der ho høyrer heime, men du verda så stor glede ho hadde av ho desse to dagane! Ho durte rundt, og tok seg av dokka på ein svært forbilledlig måte. Ho har til og med fått huska i barnehuska på leikeplassen. Her er Lise og dokka på ein liten avstikkertur nedanfor huset:
.
Når det gjeld laurdagsgodt, har vi fortsatt ei herleg fristilt og open haldning til kva som er snop. Nøttemix er bra, det same er cashewnøtter eller bokstavkjeks eller ein iskrem. I forrige Superblink-blad såg Jens ei oppskrift på det som raskt vart heitande "laurdagsblanding". Aprikos, valnøtt, rosin, mandlar og mørk sjokolade er ingrediensane, og desse skal hakkast opp og blandast. Og vips, så har du "laurdagsblanding"!
.
Laurdagsgraut er eit omgrep som både Nina og eg kjenner frå barndommen. Heime hos meg var det aldri nokon diskusjon om kva som skulle etast til middag på laurdagen, det var heilt sjølvsagt. Då Nina og eg budde i Bergen, laga vi graut av og til, men det forsvann sakte men sikkert frå menylista. Etter at vi flytta til Erfjord trur eg knapt vi har laga graut ein einaste gong. Heilt til no nyleg. Jens skulle velje middagsrett ein dag for eit par veker sidan, og då valde han plutseleg graut! På ein onsdag! Javel, sa vi, då har vi graut. Det vart stor suksess, så laurdag som var slo vi til igjen, og hadde god gammaldags laurdagsgraut. Den ligg som ein stein i magen, og er rask å fordøye, så ein blir raskt svolten att. Likevel, det kan nok bli laurdagsgraut komande laurdag også...
.
Til slutt ein overhøyrt replikk frå storebror ein heilt vanleg kvardagsmorgon i forrige veke. Litt bakgrunnsinformasjon er naudsynt: Med opp til fleire lett hissige personar i huset, og interesser som av og til går litt på tvers, så kan det hende at volumet vert skrudd opp nokre hakk frå alle partar i kampens hete. Etterpå er det tid for ettertanke og samtale, og vi som vaksne har meir enn ein gong måtte beklaga at vi vart "rope-mamma" eller "rope-pappa". Så var det altså i forrige veke at mamma var på badet, og høyrer at Lise begynner å lage klagelydar i stova. Mamma spør: "Kva er det som skjer, Jens?" Ho får ikkje direkte svar, men høyrer at han vender seg til Lise: "Å unnskyld, Lise! Kan du tilgi storebror for at han blei rope-Jens? Eg skal prøve å ikkje bli det fleire gongar. Og så må jo du hugse på å ikkje bli rope-Lise, sant?" Ungar er dei beste speglane som finst...
.
(Og heilt heilt til slutt: I dag måtte Jens vere heime frå barnehagen på grunn av prikkar i huda som vi trur kan vere vasskoppar. Eller som han seier det sjølv: "Sugekoppar"...)
.
Ole

torsdag 7. april 2011

Heimelaging

I ettermiddag då Lise og eg kom til barnehagen for å hente Jens, var det ein blid fyr som kom springande mot oss i døra med denne eigenkreerte påskekyllingen! Heilt herleg og fjong der han no heng i stoveglaset og flaksar.




Mammen har òg prøvd seg på heimelaging i dag. Ikkje 'seif' strikking som skal visast fram denne gongen - fruen har faktisk hatt symaskina framme! Ein gravidkjole som hadde gjort jobben sin - også med Lise inni - vart til ein sånn passe snuppete leikekjole til sjølvaste Lise.

Nærbilde av saumane får de ikkje altså, men han fungerer fint denne her, og skal nok bli mykje brukt.

Ser på bilda at Lise ser høgare ut med kjole på? Ho er ikkje spes. høg kan me røpe - ei provisorisk måling på Jens sin 'måleslange' på veggen viste 81 cm. Boka til Jens fortel at han ved toårsalder var 93! Jaja, det forklarer i alle fall at kleda i str. 80 aldri har blitt for små... ;)






Litt kos til slutt - ikkje den avslappingsstunda på sofaen som mamman kanskje hadde sett for seg, men GURI kor stas det er :)



-Nina (velsigna mamma)

søndag 3. april 2011

Den aller beste tida...

... på året, er akkurat no! Tidleg vår, temperaturen kryp sakte men sikkert oppover og tullipanar og påskeliljer tittar fram frå jordmørket og helsar det nye livet velkommen. Krokusen spirar, og viss ein for eksempel tel dei kvar dag, som ein jo gjer, så kan ein talfeste ei rivande utvikling. 5 - 8 - 12 - og i dag: 19. . .......................................... .,..................................................................... .. . .......................Saman med auka temperatur, minkar påkledninga. No går det an, i alle fall på korte turar, å trave rundt med tynn jakke og splitter, heilt heilt nye vårsko. Hue er det likevel godt å ha. . . . . . . ........................................ ...................................... .............................................. ................................................................................. Den beste tida er no, når turkleda og turhumøret kan takast fram frå inste skapet, og kor ein enn vel å gå, så kan ein kjenne frisk vårlukt, ispedd bålrøyk og ein svak dunst av totaktseksos. . ......

Og det beste av alt er: Heile våren og heile sommaren ligg framfor! . Ole