søndag 27. november 2011

Adventstid!


 No tenner vi det første lys
åleine må det stå
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.


 Jeg er en liten engel,
som øver dagen lang
Med hele englekoret
det blir så vakker sang!
Til jorden skal vi reise 
og holde vår konsert,
og det skal bli den beste 
som noen gang har vært!

Gloria in excelsis Deo!


 Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderom
Der samles mine tanker
som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme
der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme
velsignet julenatt


Det er eit uttalt mål for den minste blant oss: Å få låne engelen i gongen. Det er jo ein veldig koseleg engel, vi syns det, og vi forstår godt at Lise gjerne vil leike med den. Likevel er den litt for skjør til å bli behandla som leiketøy. Av den grunn er vi glad for at den står utanfor rekkevidde for små mennesker med høge mål.

Trudde vi...


Ole

lørdag 26. november 2011

Medan vi ventar på... advent!

Det nærmar seg unekteleg jul, og adventstida startar om ei forsvinneleg kort tid. Adventstida er kanskje den beste tida på heile året (særleg viss sommaren er kjøleg og regnfull...) I dag har vi henta ned adventspynt frå toppen av skapet, der det står resten av året og ventar på å komme fram i lyset att. Vi har også funne fram ny pynt, som dette lyset som Jens vann på laurdagskafé på bedehuset:


 Dei vanlege serviettane er bytta ut med adventsserviettar:


 Nytt av året er to buksbom-kransar, som Nina har laga for anledningen.


Vi tre andre er imponerte over at det går an å lage noko slikt sjølv, og syns det vart veldig fint!


 Også adventslysa står klare, og ventar på at søndagen skal komme.


 Lise står og beundrar stjerna, som vi har "tjuvkopla" ein dag før tida. Vi måtte jo sjekke at den faktisk verkar! No heng den der, kvit og stille, og ventar på å få lyse opp i vindauget vårt.

 

 Lise på si side, gidd ikkje å stå og vente på at vi skal skru på stjerna på skikkeleg. Ho har anna fóre...

 Det har også vår kjære lemur, som har vore med Jens gjennom tjukt og tynt. Det siste nye på den fronten, er eit nydeleg halssmykke, som vi vel kan seie passa heilt perfekt. Sjølv om det er så stramt at hadde lemuren vore av ein annan støypning, ville han hatt problem med å trekke pusten...


Som du sikkert forstår, er vi klare for at advent kan begynne, alle mann!

Ole

tirsdag 22. november 2011

Let me introduce: Muså!

Muså er ein god og trufast følgjesvenn her i huset, og fylgjer Lise gjennom tjukt og tynt. Den begynte tilværet i Erfjord på den grønne grein ein dag i oktober, då Malin og Kaja kom på besøk.


Og sidan har den fått kome inn i varmen, både frå ovnar, sengetøy og hjarte. Det går ikkje an å sovne utan at Muså er der, og ho skal ikkje vere aleine. Dei to faste fylgjesvennene hennar, Honn og Gåkkå, er også godt selskap å ha når Lise skal sovne. Gåkkå skal liggje på høgre sida til Lise, og Honn på venstre, og begge to skal liggje under dyna. Muså skal på si side liggje oppå dyna, rett over kanten, slik at ho kan haldast med begge hender og samtidig vere berre nokre centimeter frå fjeset... Her er dei samla i stova:


Då eg tok bildet av dei tre musketerane, kom det springande to born med fleire bamsar som dei meinte skulle få vere med...


Løva og lemuren glir lett inn i selskapet. Ein herleg gjeng!


Som sagt er Muså med på det meste for tida. Då kan den sjølvsagt ikkje sitje heime aleine medan Lise er på biblioteket!


Der fekk den blant anna helse på den store bamsen Gunnar, som truleg er ein gedigen lesebamse. Han held seg i alle fall på biblioteket støtt, og er ikkje å rikke derifrå.

Av og til kan ein bli litt gløymt...


... men då er trøysta at det heldigvis ikkje varer så lenge. Om litt er det ei lita jente som er bekymra og spør etter Muså. Og når kvelden kjem, er det i alle fall 100 % sikkert at ein blir teken med. Då vert ein aldri gløymd!

Ole

søndag 20. november 2011

Sinte fuglar og late kattar

Ei roleg og kjekk helg begynner å gå mot slutten. For Jens og Lise sin del starta helga torsdag ettermiddag, då dei kom heim frå barnehagen. Fredag, som altså var fridag, vart blant anna brukt til å spele spel. Hopp hopp hurra er eit eit kjekt spel for begge to, og dei justerer vanskegraden på ein enkel måte: Jens gjer slik det står i reglane, nemleg å sprette kulene i golvet slik at dei hoppar opp på brettet. Lise syns dette er litt vanskeleg, så ho kastar dei like godt direkte oppå...


 Jens førte nøye regnskap over poenga, og denne gongen var det Lise som vann.

 Laurdag føremiddag og fram til søndag hadde vi besøk av mormor og morfar.


 Då kan ein gjerne herje litt. No problem! Eller ein kan låne morfar sin iPad, og spele Angry birds...


Trass i sin unge alder, tok Lise spelet veldig lett, og var ivrig med i "grisejakta". Ho klarte til og med eit par av bretta, slik at ho kunne gå vidare til neste level!


Berre ein blir einig i kven sin tur det er til å spele, så er det veldig kjekt...


Ein kan ikkje spele dataspel heile helga, så etter ei lita stund vart maskina lagt vekk, og meir manuelle leikar henta fram.


Og teiknesaker!


Véret har vore strålande i dag, så i føremiddag var vi ute og nytte sol og blå himmel. Også katten set pris på fint vér, og endå meir pris på selskap. Så når vi stod utanfor huset og prata, kom katten og la seg på bossdunken. Der  fulgte han med på det som skjedde, og dorma i sola.


Blant anna fekk han med seg eit lite kappløp mellom morfar og pappa. Nokon juksa og svinga tilbake mot målstreken lenge før han skulle, og overrumpla konkurrenten fullstendig... Dermed gjekk det som det måtte gå.


I ballspel er det ikkje like enkelt å jukse...

 

Vi har fått med oss at det har vore verdenscupopning på Sjusjøen i helga, og såg eit par av løpa. Jens er ein ivrig vintersportsjåar, og fekk med seg dameløpet i går. Medan Marit Bjørgen og dei andre brukte musklar og suste rundt i løypene, opplyste kommentatorane om at det skulle vere "løp for guttane" seinare. "Guttane?" undra Jens seg, og mamma måtte forklare at det dei eigentleg meinte var løp for mennene. Då svarar Jens: "Eg er glad pappa ikkje er med der, då hadde han berre tapt og tapt!"

Så sant som det er sagt!

Ole

onsdag 16. november 2011

Tåka har letta!

Tilbake har vi ein klar novemberdag, kald og skarp som ein fryseboks, men lys og vakker!


Slike dagar eignar seg godt for ekspedisjonar ute. Kanskje ein tur i Habn? Der kan ein finne heilt nye hobbyar, og gjere ting ein ikkje har gjort før, ganske enkelt fordi ein har vore for liten...


Ja, den som kunne oppdaga dei mangfaldige gledene ved isknusing for første gong, endå ein gong! Av og til lurer eg på korleis eg sjølv opplevde møtet med dei første vintrane. Eg hugsar berre dei frå nokre år seinare, det eg har av minner frå dei første åra er dei som er festa til film.

Det eg hugsar aller best av isknusing, er minner frå den andre sida av vinteren. Om våren, når det tjukke islaget på gangvegane smelta vekk og trakk seg ut til sidene, og vi gjekk og trakka på iskantane. Trampa på dei, knuste dei. Spreidde isbitane utover gangvegen, for at dei skulle smelte fortare, og på den måten hjelpe våren.

Og så hugsar eg istappane, dei vakre og deilige istappane som plutseleg begynte å vekse fram under takrenner og bergveggar. Istappar ein kunne plukke med seg og tygge på, eller berre kaste så hardt i bakken at isbitane fauk til alle retningar. Istappar som kunne brukast som våpen i leik, og dei som hang utilgjengeleg til, og berre kunne brukast som blink for harde steinar.


Lise er lei av isknusing, og søkjer nye utfordringar. Glatte betongrør burde vere passe utfordrande i så måte...

Vinteren er ei herleg tid. Kald, ja visst, men vakker og deilig. I alle fall så lenge det ikkje regnar...

Ole

søndag 13. november 2011

Fjelltur i mørket

Den siste veka har vi levd meir eller mindre like under eit tåkelokk, noko som har gitt grå og disige dagar, og kald temperatur. På veg til jobb køyrer eg eit stykke ganske langt oppe i fjellsida. Denne veka har eg då køyrt gjennom skyene, og kome på oppsida av dei. Eigentleg ganske finurleg å køyre bil og kunne sjå ned på eit tjukt skydekke over fjorden under seg!


I går var det derimot ikkje tåke, snarare tvert om. Sola skein frå blå himmel, og vi fann ut at det var på tide å ta seg ein fjelltur igjen. Sidan motet var stort, og utferdstrongen sterk, sette vi like godt kursen mot Osberg.


Vi begynte å gå om lag kvart over to, og brukte rekordkort tid (til oss å vere) opp. Ein time brukte vi frå bilen og opp til "utkikksplassen", og om lag tjue minutt heilt ut til topp-punktet. Vi snudde ganske raskt (etter å ha ete kvar vår heimelaga rosinbolle!), for det var kaldt og vind. Litt over fire var vi tilbake til utkikksplassen, og vi forstod at det truleg ville begynne å bli mørkt før vi kom oss heilt ned.


Og ganske riktig: Sjølv om vi gjekk så raskt som vi kunne, merka vi at mørket kom snikande innpå oss frå alle kantar.


Vel nede ved bilane, med gelébein og nattauger, kunne vi konstatere at det igrunn var ganske koseleg å gå på fjelltur i den blå timen og litt etter.


Til dei som, etter å lese dette, skulle finne på å bekymre seg over at vi ikkje heilt klarar å berekne tider og lys/mørke, så er det kanskje greit å vite at vi hadde med lommelykt i sekken, berre i tilfelle...

I dag vakna eg opp til listande føter, lure smil og gode klemmar. To kunstnarar krabba opp i senga, og hadde med seg kvar sitt nymala kunstverk.


Det er kjekt å feire farsdag!

Ole

lørdag 12. november 2011

Rapport#2 frå agent 002

Det var ein heilt vanleg dag, medio november. Eg hadde akkurat pleidd såra etter det forrige farlege oppdraget, og hadde tenkt å ha nokon rolege dagar for meg sjølv heime i kåken.
Eg hadde lagt store planar for dagen. Ting skal fiksast, ting skal byggast og ting skal brukast. Eg begynte med dei viktigaste tinga, som boklesing, og min nye, briljante hobby: DVD-stabling.


Eg var verkeleg stolt av verket mitt, og skulle til å finne noko nytt å gjere, då eg høyrte eit stille, men desperat, rop frå skogen. Det var min gamle venn, mr. Pus, og eg hadde ikkje noko val. Eg måtte tre støttande til. Klokka var då 9.27, og agentkleda mine låg heldigvis nyvaska og klare i kommoden.



Vi møttest ved den vanlege møtestaden, rett nedanfor "kvessetreet", som mr. Pus plar kalle den superhemmelege plassen. Mr. Pus hadde eit viktig oppdrag til meg, eit oppdrag som ikkje kunne vente.



Eg kjente adrenalinet stige, her begynte farene å trenge seg på allereie frå starten. Oppdraget var like enkelt som det var vanskeleg: Finne ut kva erkefiendane, mr. S og mr. J, hadde fore. Mr. Pus hadde mistanke om skumle planar og nesten-kriminell aktivitet. Eg tok oppdraget, og heiste meg raskt som ei ørkenrotte (ei samanlikning mr. Pus finn svært beklemmande) ned dei bratte skråningane frå gøymestaden. Erkefiendane var sist observert ved reilene, så eg sette kursen dit.



Ganske riktig. Eg fann dei der eg trudde, og heldigvis kunne dei ikkje sjå meg, sidan dei hadde ryggen til. Eg måtte snike meg rundt dei og legge meg i skjul, slik at eg kunne følge med på kva slag planar dei pønska på.



Bjørketrea er den perfekte skjulestaden. Her er det umogleg å bli oppdaga, samtidig som eg har full oversikt over plassen. Difor bestemte eg meg for å sette meg godt til rett her.

Ein skal aldri undervurdere erkefiendar. Mr. S og mr. J er svært utspekulerte typar, som det er vanskeleg å halde kontroll på. Eg skulle berre snike meg rundt det store treet, slik at eg fekk betre utsikt...


...og då eg titta fram igjen på andre sida...


... var dei vekke!

Eg såg til høgre og til venstre. Og til høgre igjen. Til slutt fekk eg auge på dei, i det fjerne, langt nede ved sandkassa.


No var det tid for aksjon, eg kunne ikkje lenger halde meg i skuggane og la dei sleppe unna gong på gong. Denne gongen var eg fast bestemt på å lukkast, mr. S og mr. J skulle ikkje sleppe unna no også. Eg flytta meg difor ut av skjulestaden min, og la i veg nedover bakkane mot sandkassene. Det er viktig å springe målbevisst og bestemt, slik at ein kjem overraskande på dei ein vil nå.

Dessverre vart eg oppdaga før eg kom heilt fram.


Eg forsøkte å ta opp jakta...


... men måtte nok ein gong sjå meg slått av meisterhjernane.


Eg luska tilbake til mr. Pus, for å dele dei nedslåande nyhendene. Då får eg plutseleg auge på erkefiendane igjen. Dei var ikkje forsiktige nok, eventuelt: Dei klarar ikkje å lure ein gammal rev! Som mr. Pus hadde mistanke om, hadde dei bisniss på gong med Hovudfiende nr. 1.


Rapport kunne avleggast for mr. Pus, som no hadde nok informasjon til å vite kva han skulle foreta seg, det vil seie, nok informasjon til å vite kva retning han ikkje skulle gå i.

Og eg, eg kunne ri inn i solnedgongen, fornøgd med eigen innsats.


Klokka er 10.08.

På pletten, alltid. Agent 002