Jens førte nøye regnskap over poenga, og denne gongen var det Lise som vann.
Laurdag føremiddag og fram til søndag hadde vi besøk av mormor og morfar.
Då kan ein gjerne herje litt. No problem! Eller ein kan låne morfar sin iPad, og spele Angry birds...
Trass i sin unge alder, tok Lise spelet veldig lett, og var ivrig med i "grisejakta". Ho klarte til og med eit par av bretta, slik at ho kunne gå vidare til neste level!
Berre ein blir einig i kven sin tur det er til å spele, så er det veldig kjekt...
Ein kan ikkje spele dataspel heile helga, så etter ei lita stund vart maskina lagt vekk, og meir manuelle leikar henta fram.
Og teiknesaker!
Véret har vore strålande i dag, så i føremiddag var vi ute og nytte sol og blå himmel. Også katten set pris på fint vér, og endå meir pris på selskap. Så når vi stod utanfor huset og prata, kom katten og la seg på bossdunken. Der fulgte han med på det som skjedde, og dorma i sola.
Blant anna fekk han med seg eit lite kappløp mellom morfar og pappa. Nokon juksa og svinga tilbake mot målstreken lenge før han skulle, og overrumpla konkurrenten fullstendig... Dermed gjekk det som det måtte gå.
I ballspel er det ikkje like enkelt å jukse...
Vi har fått med oss at det har vore verdenscupopning på Sjusjøen i helga, og såg eit par av løpa. Jens er ein ivrig vintersportsjåar, og fekk med seg dameløpet i går. Medan Marit Bjørgen og dei andre brukte musklar og suste rundt i løypene, opplyste kommentatorane om at det skulle vere "løp for guttane" seinare. "Guttane?" undra Jens seg, og mamma måtte forklare at det dei eigentleg meinte var løp for mennene. Då svarar Jens: "Eg er glad pappa ikkje er med der, då hadde han berre tapt og tapt!"
Så sant som det er sagt!
Ole

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar