mandag 26. desember 2011

For eit barn er oss født...

Juledagane er ei heilt spesiell tid. Tida går i eit heilt anna tempo enn det vanlege, og ein (i alle fall eg) stenger seg på ein måte inne i ei boble. Det er familiehøgtida framfor nokon, og ein kan vere saman og feire det store som hendte for 2011 år sidan. Tenk kor mykje det vesle barnet som vart født i Betlehem har påverka historia! Mange har misforstått mykje, og gjort livet surt for andre menneske i hans namn. Heldigvis er vi også mange som har blitt fanga inn av hans kjærleik, og fått lov til å kjenne den nådefulle tilgjevinga. Og sjølv om vi ikkje alltid lukkast i å formidle hans kjærleik til medmenneska våre, er vi mange som ynskjer å vise andre alt det gode Jesus kan fylle liva våre med.

Og den kjærleiken han gir, er vel verdt ei feiring midt på gråaste vinteren!


Julekrubba kom opp medan vi rydda og ordna til jul i huset før helga. Det er stas for ungane å få vere med og plassere på dei små figurane!


 Lise var også svært så fascinert av juletrelysa, og måtte rett og slett legge seg ned og studere dei ganske så nær. Noko som medførte at ho sette seg opp og måtte blunke ganske kraftig nokon gongar. Det er skarpt lys for små auger, i alle fall på nært hald! Ikkje at det skremte ho frå å gjere det fleire gongar, då...


 Til slutt stod juletreet der ferdigpynta og lyste opp i stova vår. Vi kjøpte treet usett, for butikken på Sand hadde ikkje pakkemaskin i år. Dermed hadde dei berre pakka ut nokre få tre, og vi ville gjerne ha det innpakka slik at det var lettare å frakte heim. Det var litt glissent på midten, men ellers var vi fornøgd!


 Jens og Lise var med og pynta treet vesle julafta, og i år var det ekstra stas for Jens å kunne henge opp ei eigenprodusert flagglenke! Han har perla og perla, og det å perle flagg har vore den store hang-upen i haust. Vi var inne hos Johannes nabo nokre dagar før jul, og der kunne Jens sjå ei flagglenke med norske flagg på treet hans. Vegen var dermed veldig kort til å ville ha flagglenke også på vårt tre. Og med 41 flagg frå så og seie heile verda, vart det ei riktig fin lenke! Planane er store for neste års juletre. Då skal han ha laga ei flagglenke med alle flagg i heile verda på! Så får vi sjå korleis det prosjektet går. Uansett er perling ein av dei o store tinga i verda, og gleda vart difor stor då han i gåve under treet fekk perlesett frå søskenbarna i Ålhus. Der fulgte også ei splitter ny inspirasjonsbok, og planane er allereie lagt for dei 4-5 neste perlefigurane... Flagga må nok vente, ja.


Nytt på treet i år var også denne flotte engelen, som var ei veldig koseleg julegåve! 


Når vi først er inne på julegåver, kan eg kanskje vise litt av dei gåvene som har fanga merksemda til Jens og Lise aller mest desse to juledagane. Det fine med gåver, er at dei vert verande og kan takast fram litt etter litt. Alle gåvene er difor ikkje ferdigstuderte endå... Lise har leika ganske så mykje med dette leikehuset som forstiller trehuset til Ole Brumm. Supplert med ein del småfigurar frå mormor, har det vore livleg aktivitet i huset dei siste døgna. Også traktoren frå søskenborna i Balestrand fall veldig i smak. Den lagar musikk og lydar når ein set bonden på plass i setet, så melodien "Old McDonald had a farm" har spelt ganske så hyppigt mellom veggane våre...


Og så fekk Jens og Lise ein kjelke av mormor og morfar! I mangel på snø utandørs, får ein gjere det beste ut av situasjonen og bli dregen nokon  ein del mange rundar innandørs. Lise har oppvist nye talent bak rattet, og gjer triks på kjelken som er ein scooterkøyrar verdig. Blir spennande å sjå kor høg ho er i hatten når det går utforbakke for alvor...


 Jula er familietid, og i vår familie er det også synonymt med speletid. Gamle spel vert henta fram frå spelehylla, og nye spel har kome inn i huset via pakkar under treet. Lise stakkar har ikkje så store muligheter til å delta i spel på linje med oss andre. Difor er det godt at vi har eit spel ståande i kjellaren som ho kan vere med på nokonlunde likefot. "Hop hop hurra" er ein slager her i huset, og Lise har drege med morfaren i spelet fleire gongar enn vi har tal på denne helga...


 Også Jens likar spel, og han kan vere med i litt fleire spel som ein likeverdig deltakar. For eksempel er Uno populært, og det nye spelet til mamma, Bandu, slo også an. I alle fall heilt til han tapte to gongar på rad... Å kunne tape er ein viktig eigenskap å ta med seg, så då får vi heller leve oss gjennom litt fortviling. :-)

 Morfar hadde med seg iPaden sin, og Jens vakna om morgonane med eit ynskje på leppene: Kunne spele Angry Birds på iPaden... Ein kan ikkje akkurat fristille dataspeling, men han fekk no prøvd seg ein del i løpet av jula likevel.


Også Jens fekk spel til jul, av farmor og farfar. Det var eit Josefine-spel om bokstavar og ord. Han kasta seg ut i det med liv og lyst. Det er kjekt å skrive ord, og av og til kan han til og med komme fram med ord som vi andre ikkje hadde tenkt på. På det nederste bildet på kortet hans hadde eg garantert skrive T-E-P-P-E. Ikkje Jens, han skreiv:



Og legg merke til a-endinga. Den er gjennomgåande på alle orda han skriv. Sidan eg uttalar ord med e-ending, og Nina og dei fleste andre i nærmiljøet uttalar ord med a-ending, er det i alle fall tydeleg kven som ikkje har påverka her...

Til slutt vil eg vise fram to små skjønnasar som kom på besøk til oss på julafta. Dei to englane frå tante Anja og co såg riktig så fornøgde ut med å komme til oss...


Julehelga er over, men julegleden lever vidare i hjartet: Gleda over at Gud sjølv kom til jorda. Immanuel; Gud med oss! Den beste gåva nokon kunne få!

Ole

0 kommentarer: