lørdag 3. desember 2011

Julemesse og vinnarlukke


I dag var dagen for den lenge planlagde julemessa i Hålandsosen! Mange gevinstar og fine ting på salsborda, i tillegg til eit og anna eteleg, stod oppstilt langs veggane på bedehuset. Vi kom litt tidleg til bedehuset, for på veg til møte i kyrkja måtte vi innsjå at Lise var på randen av noko som kunne bli både desperat og kjedeleg... Med andre ord: Sovebehovet var stort, og vi måtte prioritere å køyre til ho sovna. Dermed var vi berre tre stykker som entra bedehuslokalet, og babycallen vart plassert i det einaste vindauget som gav dekning frå bilen...


Ganske snart begynte folk å strøyme på, og det vesle bedehuset vart ganske raskt stappfullt, varmt og trangt.


Årene vart selde raskt ut, og Gunnstein leia trekninga med stødig hand. Mellom dei to åresala, gjekk eg ned til bilen for å sjå til Lise. Det hadde ikkje kome eit pip på babycallen, men når eg kikkar inn vindauget vert eg møtt med verdast største smil. Sannsynlegvis hadde ho vore vaken ei stund, og sat i bilen og kosa seg. Jens, i si tid, var desperat oppteken av å kome seg ut av stolen så raskt som mogleg. Då er haldninga annleis hos veslesystera, som elskar å sitje litt i fred og ro og berre nyte livet.

På det andre åresalet vann vi desse to fine premiane:



















Etter at vi hadde fått i oss ein matbit i kjellaren, var det tid for trekning av barneboka. Lise hang framme saman med alle ungane som stod i kø for å få dele ut gevinstane. Plutseleg vart ho trekt ut som vinnar av ei aktivitetsbok, og den vart gitt til henne. Då tok ho den høgtideleg i hendene, og gjekk med sikre steg nedover salen. Heilt nede i veslesalen rakte ho den fint til ei eldre dame som sat der, og gjekk fram igjen... Eg trur ho tenkte noko slikt som dette: "Endeleg vart det min tur til å dele ut gevinst, og eg skal gjere det heilt likt som dei store ungane!" Uansett kva ho tenkte, så fekk ho boka si tilbake, og vandra rundt med den i lengre tid.

Mot slutten av trekninga kom dei litt større gevinstane på bane, og har du sett på vinnarlukke hos dei små i dag! Jens og Lise vann denne flotte brannstasjonen:


Jens vart mildt sagt begeistra, og hadde knapt beina nedpå bakken ei stund... Og veslesystera hang seg på. Då Jens etterkvart fann roen på mamma sitt fang, under hovudtrekninga, fann Lise ut at ho kunne fortsette å vandre rundt på eiga hand. Dermed brukte eg den siste timen på etterretning og fleirfaldige innhentingar av ein rømling...

Til slutt vil eg vise to fine ting som vi kjøpte på salsbordet. Først denne flotte hårspenna, laga i og importert frå Kenya:


Og så desse flotte englane som er laga av bananblad, også dei frå Kenya:


No står dei heime hos oss og ventar på å få synge jula inn!

Ole

0 kommentarer: