I dag, for eksempel, stod ho og såg på adventskalenderen til Jens, den som heng på kjøleskapet, og peikte og sa kva ho såg: "Der e hett (hest, red anm), der e hett, der e donaj, der e honn...(opnar luka) - å DER e pappa!!" Bildet i luka er det på bildet til høgre, og er ingen ringare enn Don Rosa...
Ho er veldig på syngaren for tida, og syng blant anna Bæ bæ lille lam:
"Bæ, bæ lille lam, jaja daja dapp
Ja ja, dæje ban, jaja daja dapp."
og songen "Gutter og jenter, sitter og venter". Songen startar ganske vanleg, men sluttar på eit litt utradisjonelt vis:
"Nå skal vi spise, men ... må vise
... kan synge og verse og førss!"
Andre ord og uttrykk:
"Isse mej tisse do!" evt. "Lise tisse do ISSE!"
"Tooosa!" (innstendig ønskje om kos...)
"Nei! Sjølt!" (Vert for tida brukt i dei fleste tilfeller)
"Ta dej!" (Kombinert med at ho spring rundt med siste oppslaget i boka "Kom ut, Krokodille-Knut" og held den opp mot fjesa våre)
"Å mej, Hagen!" (Kommentar frå sidelinja, når vi snakkar om at Jens skal i barnehagen)
"Hade natta mommo!" (Gjenteke rundt ti gongar på veg til soverommet for eit par veker sidan, då vi hadde besøk av mormor og morfar. Eg er ikkje heilt sikker på om mormora kunne høyre nokon av dei, for Lise er veldig beskjeden (?). I alle fall i utvalgte augneblink!)
Det var eit utval av guru Lise sin mangslungne visdom. Det kan, svært truleg, komme fleire sitat i framtida!
Ole
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar