søndag 22. januar 2012

Akedag

Det er gøy med snø, på så mange vis. Den er kvit og kald og deilig å ete. Og så skapar den fin stemning og er kjekk å gå på ski på eller ake på. Av og til kan det mest spennande i verda faktisk vere å sjå på når snøen vert fjerna...


I dag vakna vi opp til kaldt og klart vér, frosen snø og sol. Vi vart bedne opp til Aksel og Ruth på aking, og var ikkje seine med å pakke akebrett og vinterkle i bilen.


Det er fine akebakkar nedanfor huset til Aksel og Ruth, og ein kan regulere farten ganske enkelt ved å velje brattare eller slakare ruter ned.


 Lise ville gjerne ake i dei brattare rutene, og sette utfor med stor fryd. Det var ikkje like kjekt å gå opp igjen. Laaaaaangt og tuuuuuuuungt... Då var det ekstra kjekt når Ruth tok seg ekstra av ho. Dei aka ned i lag, og Ruth drog henne delar av vegen opp att.


Ho prøvde seg også på rumpeakebrett, men det er ikkje like lett. Å få begge beina opp frå bakken på ein gong, og samtidig halde stø kurs var beint fram umogleg...


Ho måtte sjå seg slått, og sjå rumpebrettet sigle vidare aleine...

Då var det ei god trøyst at det var kjeks og drikke å få tak i.


Om Jens og Lise var slitne, raude i kinna og sveitte i håret då vi køyrde heim att? Neeeeida...

Ole

0 kommentarer: