søndag 15. januar 2012

Godt nyttår!

Betre seint enn aldri, er det ikkje det dei seier?


Bloggen har vore ganske stille dei siste tre vekene, og grunnen er ganske enkel: Mangel på energi og overskot. Underteikna har vore "nede for telling", med halsbetennelse etterfulgt av lungebetennelse, og har difor ikkje gjort så veldig mykje dei siste vekene. No begynner kroppen imidlertid å samarbeide litt betre, så då...

Véret i januar har veksla ein del, alt frå vått sykkelvér...


 ... til kaldt skiføre:


Jens og Lise har dei siste dagane dura rundt ute med ski. Snøen har ikkje vore så djup, kanskje rundt tre centimeter. Likevel, det skal ikkje meir til før det byrjar å klø i skibeina.


Dei har endeleg også fått prøvd kjelken dei fekk til jul. Det skjedde på fredag, på det tynne snødekket. Farten vart akkurat passe stor ned bakken på baksida av huset, og gleden auka proporsjonalt med kor langt bortover marka ein etterkvart klarte å skli. Lise mista interessa først, å ete snø var berre litt for godt...

Lise er for øvrig hekta på Kardemommeby-filmen for tida. Ho vil gjerne sjå den kvar dag, og kunne nok sett den fleire gongar etter kvarandre viss ho hadde fått lov...


 Her står ho og ser på "Mommeby", med Jens sin nye sekk på ryggen. Den var litt stor til henne...

Til slutt må eg forresten fortelje korleis vi vakna i dag tidleg: Lise låg og ropte at ho ville opp. Det var tidleg, klokka var kanskje ikkje meir enn 6, så vi var naturlegvis trøytte og ikkje heilt klare på kva som skjedde rundt oss. Etter nokre rop, skifta dei plutseleg innhald: "Meg er lei seg!" var den nye beskjeden... Ei trøytt mor stod opp og henta den vesle, stå-opp-klare jenta, som no var lei seg for at ho ikkje fekk svar med det same... Det er merkeleg korleis born kan smelte hjartene til foreldra, sjølv i grytidlege morgonstunder.

Ole

0 kommentarer: