Denne fine boka fekk Jens og Lise til jul. Det er ei kokebok, med fine bilder og oversiktlege sider. Å lage mat i lag på kjøkkenet er veldig gøy, og vi har allereie prøvd ut fleire av oppskriftene. Ein sikker vinnar var fruktspyd med rista brød. Enkelt å lage (Igrunn berre å dele opp litt frukt og riste litt brød, og så tre det på spyd...) og godt å ete!Både Lise og Jens var ivrige med i prosessen, og resultatet var lekre spyd til kveldsmaten:
Ei anna oppskrift vi har prøvd, og som vi garantert kjem til å bruke igjen, er oppskrifta på tacolefser. Smakfulle, mjuke og gode lefser, utan eit einaste e-stoff...
Den siste oppskrifta vi har prøvd ut, så langt, er oppskrifta på blåbærmuffins.
Vi fann ut at vi ville lage noko godt å kose oss med på laurdagskvelden, og muffinsane såg veldig gode ut på bildet i boka... Som tenkt så gjort, og vi var fornøgde med resultatet. Det er pinjekjernar i røra, og Jens erklærte at "han ikkje likte å ete kikerter berrt, men at det var godt i muffinsen"... Ikkje alltid like lett å skilje namnet på dei ulike boksane og posane i skapet frå kvarandre.
I dag prøvde vi ut eit nytt spel. Det fulgte med boka "Eventyret i regnskogen", som Jens fekk til jul. Her var både spørsmålskort og spinner, og Jens heiv seg uti med stort engasjement. Også Lise ville vere med litt, men det var noko litt for vanskeleg for ho. Likevel, det hindra henne ikkje i å rote vekk to av spelebrikkene. Vi har leita høgt og lågt og overalt der det er logisk eller mogleg at ho kan ha gjort av dei (Dei forsvann i løpet av berre nokre få minutt, rett før vi skulle rydde opp...) Truleg har ho ei magisk evne til å trylle vekk ting. Det same har nemleg hendt før, for eksempel med nokre knappar Nina hadde lagt frå seg på bordet. Lise var i nærleiken ei lita stund, og sidan har vi ikkje sett snurten til dei...
I akebakken er dei magiske evnene meir skjulte. Aketurar som byrjar som på bildet over, endar nemleg veldig raskt som på bildet under...
Og det er heilt utruleg korleis ho får det til! Ake 20 centimeter, og plutseleg har ho ryggen til, beina i véret og brettet er utanfor all kontroll... (I all rettferds namn må eg her tilføye at etterkvart gjekk det svært så bra.)
Jens har noko meir kontroll over akebrettet. Her er vi akebakken bortanfor grendahuset. Det var ikkje så mykje snø, men nok til å få god fart på både kjelken, rumpebretta og akebrettet.
Sidan Lise ikkje har verdas lengste bein eller største energilager, var begeistringa stor då storebror forbarma seg over henne. Han drog henne opp ein slak bakke, snudde akebrettet og dytta henne utfor igjen. Det var ikkje så bratt, så ho akte i passe fart. Og så kom storebror etter og drog henne opp att... Stor stas! Og han haldt ut ei lang stund.
Likevel, til slutt vart det nok, og Jens ville ake sjølv. Då må ein ordne seg som best ein kan på anna vis...
'
Til slutt eit bilde til inspirasjon for alle meitai-entusiastar:
Ole
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar