søndag 29. april 2012

Dagsrevy

1. Stå opp.
2. Dusje og bade.
3. Frukost og barne-tv.


4. Vekke pappa.
5. Gjere oss klar til møte på bedehuset.
6. Sitje og teikne under talen.
7. Bli litt leie, og finne på andre ting i veslesalen.


8. Sykkeltur i finvéret.


9. Stoppe og ete lunsj. Fortsatt i finvér.


10. Kaste steinar i sjøen.


 (11. Manipulere bildet, slik at det stemmer betre med kjenslene.)


12. Sykle heim att (Evt. køyre bilen heim att, viss du er pappa og Lise.)
13. Hoppe på trampoline i barnehagen.


14. Ete middag på altanen (jmf. finvéret). Sidan vi ikkje kom på å ta bilde, nyttar vi her stuntmenn:


 15. Spele krocket på plenen. Lise gjer så godt ho kan, og flyttar kula like så gjerne med hendene... Jens vinn ein gong og taper to.


16. Bli litt sure når vi tapar for andre gong.
17. Ete kveldsmat på altanen (Fortsatt finvér, jada!)
18. Sjå barne-tv.
19. Kveldsstell og lesing i "Trofaste Knerten"
20. I seng. Sovne som steinar.

Ansvarleg for denne dagsrevyen er:

lørdag 28. april 2012

Dagens åotfitt

I dag fekk Lise endeleg ha på den nye kjolen "på skikkeleg". Det verka som det var rimeleg stas, ja!


Vi hadde besøk av Vassbøs i dag. Gunnstein, Ruth og Aksel kom syklande(!) Det verka som dei hadde hatt ein fin, men noko fingerkald, tur. Etter ei stund kom også Kjellaug og Sakarias, og Lise hengte seg på dei, kan vi seie. Det var veldig kjekt å få "mjuke" Sakarias, og ho gjekk i hælane på Kjellaug når ho bar han rundt. Måtte få med seg alt!

Så var vi på møte på bedehuset, der vi denne helga har besøk av to unge menn frå Bryne. Til opning las dei ei kjent bibelforteljing, og du kan jo gjette kva for ei... joda: Sakkeus! Eg spurte Lise i kveld når vi holdt på med kveldsstellet (om lag fire timar etter førnemnte opning) om ho hugsa kva dei snakka om på møtet. Svar: "Bakkeus!" Vi kan trygt seie at Lise har funne "si" bibelforteljing...

Det var utlodning etter møtet, og Jens vann ein pose med frukt og sjokolade. Den eine sjokoladen vart laurdagsgodt i dag, så medan Lise og eg var på badet og las i bok på do, sat han og kosa seg med krokanrull og Knerten. Det var ein fornøgd gut som kom på badet etter oss! (Det må også nemnast at han berre åt halve krokanrullen før han følte at det var nok... Guten vår er vant til snop kun på laurdagar, og då i begrensa mengder!)

Vi hadde graut til middag, og det vart litt restar ståande att. Eg bestemte meg for at eg ville lage riskrem. Det er ein av favorittdessertane, og eg har ikkje smakt det sidan jul. Eg kjøpt difor litt kremfløyte, rota saman riskremen og sat og kosa meg med den her i stad. I skrivande stund er det ein litt småkvalm Ole Jørgen som tastar i veg, og har parkert riskremen i kjøleskapet...

torsdag 26. april 2012

Sure skilpadder og sangdoktorar

Fantorangen og Eddie er to veldig populære figurar her i heimen, og det er ikkje berre Lise og Jens som har sansen for den noko spesielle humoren. Enkel, ja visst, men av og til så herleg naiv at ein ikkje kan anna enn å smile.

Vi er for eksempel glad i dei situasjonene der Eddie har fått ein eller annan spesiell sjukdom (For eksempel "Sveve-i-lufta"-sjuka, eller "Muffins-sit-fast-på-magen"-sjuka...), og treng hjelp av sangdoktoren for å bli frisk igjen. Det er sjølvsagt Fantorangen sjølv som er sangdoktor, og han har ein spesiell koffert til å hjelpe seg. Kofferten spelar ein melodi, og når Fantorangen klarar å finne ut kva for sang det er og synge den, vert Eddie frisk att!

I dag tidleg, medan Lise venta på at Jens skulle bli ferdig med frukosten og bli med i barnehagen, fekk ho plutseleg ein slik spesiell sjukdom. Vi har aldri høyrt om "Tekanne-sit-fast-på-fingeren"-sjuka, men det hjalp med eit vers av Lillebjørn Nilsen sin song "Haba haba". Då datt tekanna av... Lillebjørn Nilsen er ein bra mann å ha. Og Fantorangen også, sjølvsagt!...

Jens er no komen så langt på "bøkenes veg", at han klarar å høyre på lange forteljingar med få bilder. Vi kan dermed begynne å gyve laus på dei verkeleg store barnebokklassikarane! O joy for oss nostalgiske foreldre, og det ser ikkje ut som han har det så aller verst Jens heller.

I dag begynte vi å lese boka "Trofaste Knerten" av Anne-Cath. Vestly. Dette er kjekke forteljingar for Jens, og spesielt for mamma er det eit særs hyggeleg gjensyn med barndomsverda.

Vi hadde eigentleg tenkt å begynne å lese boka i går, men dagen var så travel for Jens at det ikkje vart noko av. Det var både 6-årskontroll på helsestasjonen, bursdagsselskap hos Karina og Tiril og onsdagsklubb. Han var så sliten då kveldsmaten var eten, at det ikkje var snakk om noko lesing...

For Lise sin del er det fortsatt Sakkeus/Makkeus/Bakkeus som er den store helten. Han skal lesast om kvar kveld! Sidan den dagen eg skreiv om Makkeus (her), har vi fått lese ei anna historie éin gong...

Ein av dei nye store heltane til Lise, er skilpadda! Det er ein ganske liten og fin plastfigur, og den har i det siste vore med ganske mange stader. Blant anna har den vore heilt nødvendig å ha med seg i senga, for den må jo få sove den også!

Lise har auge for detaljar, og er oppteken av ansiktsuttrykk. Ganske ofte får vi høyre at "skilpaddå e sure!" Det er nok noko eg personleg aldri ville lagt merke til, men når vi får zooma fjeset inn litt, så ser den unekteleg litt sur ut.

Det er ikkje det første dyret som har blitt tildelt kjensler av Lise. Ho har ein kvit og svartprikkete hest, som liknar veldig på Lille Gubben til Pippi Langstrømpe. Hesten var mykje i vinden ei tid tilbake, og då kunne vi ofte høyre utsegna: "Lille Gubben såååååå lei seg!" Og jada, etter at ho sa det, så kan ein jo tydeleg sjå at han har noko sørgmodige auger...

tirsdag 24. april 2012

Perler for svin

I går kom Jens gledesstrålande heim med ein perla gris (Bortsett frå at det slett ikkje var nokon gris, det var eit villsvin, må vite!) Det var svart og hadde ei gul og ei raud stripe på ryggen. Og planane var klare: I morgon (altså i dag) skulle han ha det med seg i barnehagen, slik at han kunne sjå på det og lage eit som var heilt likt, berre at det hadde kvit stripe i staden for raud.  Jada, planlegginga er det ikkje noko å seie på!

Så kom han heim i dag, og då hadde han med seg ikkje mindre enn fire grisar (Eller to villsvin og to grisar, då...) Her er både måndagens og dagens produksjon:


Det høyrer også med til historia at han var litt bekymra for å å ikkje få tid nok til å perle grisen med kvit rygg, for dei skulle nemleg på besøk på skulen i dag. Dermed rekna han med at det ville bli mindre leiketid i barnehagen (Men det verkar som det gjekk greit, ja...)

Eg spurte han om han hadde hatt det kjekt på skulen, og svaret kom ganske så kontant: "Ja! Vi fekk sjå eit pinnedyr!" Så sa han ikkje meir, så eg reknar med dette var dagens høgdepunkt... (Og det kan det jo veldig gjerne ha vore, så glad i dyr som han er!") Litt seinare har vi snakka meir om skulen, og det verkar som det var eit kjekt besøk.

Då mormor og morfar var på besøk i helga, hadde mormor med seg to nystrikka plagg, eitt til kvar av borna. Jens sin gensar inneheld fire ting som han likar godt å halde på med, og vil nok vere ein ypperleg skulegensar! Sykkel, bokstavar, klokke og tal. Kva meir kan ein ynskje seg?
















Og sjå denne skjønne kjolen som Lise fekk! Ho har allereie bestemt at ho skal gå med den på bursdagen sin, så det gler vi oss til! Det er ein veldig "Lisete" kjole, og ho er stadig borte og kikkar på den, flyttar litt på den og heng den på plass att. Ein skatt!

mandag 23. april 2012

Linselus

Jens er veldig oppteken av ting med linser om dagen. For eksempel viftar han mykje rundt med forstørringsglaset som han fekk til femårsdagen sin. Alle ting kan forstørrast, og begeistringa er ofte stor! Dette smittar sjølvsagt over på veslesøster, som no, tilfeldigvis, også har veldig lyst til å leike med forstørringsglaset... Ikkje alltid like enkelt det der.


Her er det pappaen som har leika seg med fotoapparat og forstørringsglas. Og eg må berre seie: Eg forstår fascinasjonen!


Ein annan ting med linser som også er fascinerande, er fotoapparatet. I helga ville han låne det for å ta nokon bilder. Eit av dei ser du over her. Gjett kven som står med utstrekte hender og også veldig veldig veeeeeldig gjerne vil låne fotoapparatet...


Og så er det kikkerten, då. Han fekk låne farfar sin kikkert då vi var i Balestrand, og for med begeistring rundt for å sjå alle ting heilt nær. Gleden vart stor då han fekk vite at vi også har ein kikkert heime hos oss sjølv! Vi leita den fram, og han måtte ut med ein gong for å prøve. Så viss nokon såg ein liten tass springe rundt i skogen nedanfor grendasenteret og kikka opp i trea, så veit de no kven det var!

søndag 22. april 2012

Dekkskift og blomsterjakt

Denne helga har det vore ganske så mildt og våraktig. Jens og Steffen leika ute lenge i går formiddag, blant anna med sykling og bocciaspeling.


Så kom det køyrande ein bil inn på parkeringsplassen. Endeleg kom det etterlengta besøket vårt! Lise geleida dei inn, og Jens og Steffen fekk ein liten og blank boks med runde, saftige skattar oppi... Dei kosa seg lenge med drueboksen, kan du tru!


Vi utnytta besøket vårt ein del denne vårlaurdagen, det må innrømmast... For eksempel spurte vi, forhåpentlegvis audmjukt, om morfar kunne hjelpe Nina med dekkskift. Det ville han, og det ville både Jens og Lise også. Så det blei ein heil delegasjon som flokka seg rundt bilen, og kom med både råd og handsrekkingar.





















Etterpå måtte vi ut og prøve sommardekka. Sjekke at morfar hadde festa dei skikkeleg... Lise og pappa køyrde på butikken for å handle litt, og hadde med seg bilskift-dessert til alle: kaptein Sabeltannis!


 Namminam!


Mormor er ein god person å ha med seg når ein skal plukke blomar. Så det vart fleire ekspedisjonar rundt i nærmiljøet i løpet av dagen, og tilbake kom det bukettar av både løvetann og kvitveis. No har vi pynt både på kjøkkenet og utanfor inngangsdøra!

Då kvelden kom, reiste mormor og morfar heim att, og pappa gjekk på KRIK-samling. Det var litt merkeleg å ikkje kunne delta i leiken, men det var no kjekt likevel!

I dag formiddag var vi på formiddagsmøte på Betel, og det var Ole Jørgen som hadde andakt. Andakten kan lesast her, viss ein er interessert!

fredag 20. april 2012

Dei 10 T-orda

Det er mykje god inspirasjon å finne ute på verdsveven, og eg fann desse ti T-orda for eit godt ekteskap på bloggen "Hjertespor". Trur dette er ord som kan vere viktige å hugse på - ei lita "hustavle" for ektepar!



tirsdag 17. april 2012

Trøytt Aldemar-tilhengjar!

Det er slitsomt å gå i barnehagen, og då særleg på tysdagen. Då har Lise vore der to dagar på rad, og er ganske pumpa når ho kjem heim. Jens er eldre og meir vant, så han blir ikkje like sliten no lenger.

Lise spør ofte om å få sjå på "Shim!" når ho er sliten, og når ho får lov er det veldig ofte Jarle Waldemar og hans Jarle-TV som vert valt. I dag såg dei første del av Israelsfilmen. Eg stod på kjøkkenet og laga mat. Plutseleg seier Jens at Lise har sovna. Eg går bort og då ser det slik ut: Ferdig film og sovande jente:















Det er godt at det er fridag i morgon...

Eg vil også vise fram Kardemomme by, som står utstilt i gongen oppe på skulen min. Det er barneskulen som har laga denne flotte byen!


Det er nesten som eg har lyst til å ta med Lise og vise den til henne, sidan ho er så glad i Kardemomme by. Er litt usikker på kor mykje orden det ville vere igjen i byen, så eg trur eg får nøye meg med å vise dette bildet...

Ole

mandag 16. april 2012

Makkeus

Om kvelden, rett før leggetid, les vi i "Bibelboka mi" saman med Lise. Den har ein kort og enkel tekst som ho klarar å følgje med på, og i tillegg inneheld den bønner og songar til kvar tekst. Vi har lest ganske langt utover boka, men har no kome til eit visst stagnasjonspunkt i lesinga... For same kva vi foreslår å lese, vert vi møtt med protestar. "Nei, lese om Makkeus!" Ho elskar rett og slett historia om Sakkeus, og kven er vel vi som skal nekte henne å fordjupe seg i ein bibeltekst?


Dermed har vi lest rimeleg mange kveldar på rad no om "Makkeus" i treet, dei to sinte mennene som står ved sidan av og Jesus som vil komme på besøk til ein tjuv. I det same eg har sagt at Sakkeus vart så glad for at Jesus tilgav han, at han gav tilbake alt han hadde stelt og ville vere Jesus sin venn, kjem det raskt frå Lise: "Og så be!"

Dermed blar vi over til neste side og ber.


"Og så synge!" Og så syng vi. I det siste linja, "leve i Guds kjærleiks lys" vert sunge, bryt ho ut i eit frydefullt "Ja!" og klappar i hendene. Og så er det å krype under dyna og vente på søvnen.


søndag 15. april 2012

Sakarias er døypt!

I dag vakna vi opp til eit ganske annleis vér enn i går. I går var det regn, i dag var det:


Kjempefint vér til å feire dåp i! 


Sidan gudstenesta byrja klokka 10, måtte vi stå opp ganske tidleg for å bli klare i tide. Og vi klarte det! Det er ikkje sikkert andre la merke til det eller vart sjokkerte på nokon som helst måte, men vi overraska i alle fall oss sjølve med å vere på plass i kyrkja tjue minutt før gudstenesta starta. Vi har vel oftare vore ute litt i seinaste laget, så vi var ganske stolte av oss sjølve!


Viss du ser framover i kyrkja, og ser ein gut som sit og les i verdensatlaset medan vi andre syng opningssalmen, så er det ganske sannsynleg at det er Jens du ser...

Heldigvis var andakten lagt opp med tanke på dei aller minste. Det var mange barn i kyrkja, og dei fekk samle seg framme rundt eit "bål", og fekk høyre historia om då Jesus møtte læresveinane på stranda, og Han gav Peter dei tre spørsmåla om han elska han. (Meir utfyllande tankar om søndagens tekst her)


Etter gudstenesta køyrde vi opp til fjellets bedehus. Der var det koldtbord, og Lise var, naturlegvis (?), den første som sat klar ved bordet. Ho måtte nok vente litt, men fekk til slutt slå seg laus. Og det var eit nydeleg koldtbord, ingenting å klage på der, nei!


Og borda var fint pynta!


Etter koldtbordet, gjekk vi heim til Gunnstein og Kjellaug, der vi var utover dagen og ettermiddagen. Etter kvart kom det også kaker på bordet, så vi kan i alle fall seie at vi har ete oss godt mette i dag!

Vi var ganske mange menneske i huset deira, og med til saman 19 born, vart lydnivået på loftet ofte noko høgt. Men for det meste leika dei greit, og både Jens og Lise kosa seg saman med dei andre. Sakarias bidrog ikkje så veldig mykje til bråket, for han sov seg gjennom mesteparten av festlighetene...

Ein av aktivitetane på loftet var gøymsel. Det er ikkje så lett å finne adekvate gøymestader når ein er 15 med på leiken, og har to barnerom + ein gong til disposisjon... Men det heile var nok ein suksess, for dei haldt på ganske så lenge. Dei sette nok fantasien i sving, slik dei to jentene på bildet til venstre hadde gjort.

Lise er av det meir sosiale slaget born, og fekk seg raskt nye vener. Lenge før eg hadde fått oversikten over kven som var kven og kven som høyrde saman med kven, hadde Lise funne seg ei ny veninne, som ho stod i døra til bedehuset og venta på då vi skulle gå opp til huset. "Vente på Ingrid!" sa ho, og eg tenkte javel, gjer det du. Så gjekk eg opp for å hente tinga mine, og når eg kom ned att, var Lise og Ingrid på veg opp bakkane, langt frå bedehuset... Heldigvis var også faren til Ingrid med, så det var ingen fare...


Her sit Ingrid og Lise på trappa, småsnakkar og kastar stein i grusen.


Då vi skulle heim att, var det ei som ikkje var så interessert i det, kan vi seie. Ho sprang heller motsett veg, og vi brukte litt tid på å få henne ned til bilen. Det var heilt tydeleg at ho hadde det heilt topp!

I bilen på veg heim, spurte eg om ho gleda seg til barne-tv. Svar: "Ja! Og til mat!"...

lørdag 14. april 2012

Leikelaurdag

Gjett om eg får gode flashbacks til min eigen barndom når eg ser hektisk aktivitet rundt legoøskja i stua...  Tidleg i dag var det perfekt lego-vér, så Jens, Lise og Steffen sat ganske lenge fordjupa i både planlagte og tilfeldige byggeprosjekt...


Og slik såg det ut litt seinare på dagen, etter at skyene hadde delt seg opp ein del og utelivet frista meir enn legoklossane:


Lise er litt til og frå i sine leikeprosjekt, så innimellom legobygging og andre aktivitetar, er ho også bortom Ole Brumm-huset sitt av og til. I ettermiddag skulle eg setje meg ned i sofaen litt, men den var oppteken...


Det såg så koseleg ut med Ole Brumm trygt sovande oppå kjempekosebamsen. Sikkert ein trygg plass å kvile seg!

Litt av denne dagen har vi brukt på å gjere oss klar til i morgon. Då skal vi nemleg vere fadrar i dåpen til vesle Sakarias!


No heng finkleda våre klare for bruk, og vi er alle klare for det vi trur vil bli ein koseleg dag!

Ole

fredag 13. april 2012

Lise som Lisa

I dag var vi i svømmebassenget på Sand igjen, noko eg gledde meg til. Etter at eg slo kneskåla ut av ledd, har ikkje foten vore så lett å hanskast med, og for tida humpar eg rundt som ein annan herr Flick. I vatn er det ein del meir oppdrift enn i friluft, så eg tenkte, i all min optimisme (sic!) at det sikkert ville vere lettare å bevege seg der. Den gong ei, og det langt i frå også! Eg klarte ikkje å flytte foten min i det heile, på grunn av motstanden i vatnet. Så der stod eg, som eit anna skjær i vatnet...

Lise lot seg derimot ikkje avgrense! Ho er ikkje redd vatnet, og svømmer rundt med flytevesten sin som den mest naturlege ting. Av og til får ho munnen under, og bles ut skyer av vatn, men bryr seg ikkje så mykje om det. Heller ikkje Jens er stadbunden i bassenget. Med litt flytehjelp på ryggen svømmer han rundt og kosar seg.

Jens og Lise likar å sjå på filmane basert på Astrid Lindgren sine bøker. Den eine filmen som er populær her i huset heiter "Alle vi barna i Bakkebygrenda". Ein av rollefigurane i filmen heiter Lisa, og vi har tidlegare snakka litt om at ho liknar litt på Lise. Også av andre har vi høyrt det, og seinast i dag, så vi tenkte vi måtte sjekke om det er noko i det. No er Lisa på filmen nokre år eldre enn Lise, men vi henta likevel fram bilder og samanlikna, og joda, det var mange trekk som likna ganske mykje!


Kanskje vil Lise sjå slik ut om nokre år? :-)

Til slutt endå eit lite glimt inn i den sjølvstendige hjernen til den vesle jenta vår. I kveld, etter barne-tv, skulle vi på badet. Ho ville ikkje, noko som ikkje er så veldig nytt. Eg prøvde difor å lokke ho med ei bok. Ho elskar å bli lest for medan ho sit på do! Eg heldt opp ei bok som heiter "Ingrid og pappa", og seier at den er jo fin å lese på badet. Svar: "Nei, ikkje den meinte eg!" Ok, då får eg finne i anna. Eg leitar fram boka "Lillesøster hos tannlegen". Den er du no veldig glad i, seier eg. "Nei, meinte ikkje den!" Ho blir ivrig og byrjar å klatre ned frå kjøkkenstolen. "Vise kven eg meinte!" seier ho. Eg set boka inn i bokhylla og tek eit steg tilbake. Ho kan då gjerne finne bok sjølv! Så går ho bort til hylla medan ho seier for seg sjølv: "Eg meinte.... Eg meinte... Den eg meinte..." Til slutt finn ho ei bok, og tek den ut. "Den, meinte eg!" Boka heiter "Lillesøster hos tannlegen"... Jada, så sånn er det. Men eg kan jo forstå det, det er jo utruleg mykje kjekkare å velje bok sjølv.

I staden for å gå på badet, gjekk ho resolutt bort i sofaen og sette seg til å sjå i boka. For kvifor i all verda skal ein gå på badet når ein ikkje har lyst? Ho kom etter ei lita stund, når ho fann ut sjølv at det var lurt...

Ole