torsdag 26. april 2012

Sure skilpadder og sangdoktorar

Fantorangen og Eddie er to veldig populære figurar her i heimen, og det er ikkje berre Lise og Jens som har sansen for den noko spesielle humoren. Enkel, ja visst, men av og til så herleg naiv at ein ikkje kan anna enn å smile.

Vi er for eksempel glad i dei situasjonene der Eddie har fått ein eller annan spesiell sjukdom (For eksempel "Sveve-i-lufta"-sjuka, eller "Muffins-sit-fast-på-magen"-sjuka...), og treng hjelp av sangdoktoren for å bli frisk igjen. Det er sjølvsagt Fantorangen sjølv som er sangdoktor, og han har ein spesiell koffert til å hjelpe seg. Kofferten spelar ein melodi, og når Fantorangen klarar å finne ut kva for sang det er og synge den, vert Eddie frisk att!

I dag tidleg, medan Lise venta på at Jens skulle bli ferdig med frukosten og bli med i barnehagen, fekk ho plutseleg ein slik spesiell sjukdom. Vi har aldri høyrt om "Tekanne-sit-fast-på-fingeren"-sjuka, men det hjalp med eit vers av Lillebjørn Nilsen sin song "Haba haba". Då datt tekanna av... Lillebjørn Nilsen er ein bra mann å ha. Og Fantorangen også, sjølvsagt!...

Jens er no komen så langt på "bøkenes veg", at han klarar å høyre på lange forteljingar med få bilder. Vi kan dermed begynne å gyve laus på dei verkeleg store barnebokklassikarane! O joy for oss nostalgiske foreldre, og det ser ikkje ut som han har det så aller verst Jens heller.

I dag begynte vi å lese boka "Trofaste Knerten" av Anne-Cath. Vestly. Dette er kjekke forteljingar for Jens, og spesielt for mamma er det eit særs hyggeleg gjensyn med barndomsverda.

Vi hadde eigentleg tenkt å begynne å lese boka i går, men dagen var så travel for Jens at det ikkje vart noko av. Det var både 6-årskontroll på helsestasjonen, bursdagsselskap hos Karina og Tiril og onsdagsklubb. Han var så sliten då kveldsmaten var eten, at det ikkje var snakk om noko lesing...

For Lise sin del er det fortsatt Sakkeus/Makkeus/Bakkeus som er den store helten. Han skal lesast om kvar kveld! Sidan den dagen eg skreiv om Makkeus (her), har vi fått lese ei anna historie éin gong...

Ein av dei nye store heltane til Lise, er skilpadda! Det er ein ganske liten og fin plastfigur, og den har i det siste vore med ganske mange stader. Blant anna har den vore heilt nødvendig å ha med seg i senga, for den må jo få sove den også!

Lise har auge for detaljar, og er oppteken av ansiktsuttrykk. Ganske ofte får vi høyre at "skilpaddå e sure!" Det er nok noko eg personleg aldri ville lagt merke til, men når vi får zooma fjeset inn litt, så ser den unekteleg litt sur ut.

Det er ikkje det første dyret som har blitt tildelt kjensler av Lise. Ho har ein kvit og svartprikkete hest, som liknar veldig på Lille Gubben til Pippi Langstrømpe. Hesten var mykje i vinden ei tid tilbake, og då kunne vi ofte høyre utsegna: "Lille Gubben såååååå lei seg!" Og jada, etter at ho sa det, så kan ein jo tydeleg sjå at han har noko sørgmodige auger...

Ingen kommentarer: