lørdag 30. juni 2012

Laurdagspotpurri

Fire av dagens viktige aktivitetar.

1) Reiling og annan uteleik, både med og utan paraply. Nokon hadde, gjentekne gongar gjennom dagen, behov for å gå ut og springe av seg energi...


2) Innkjøp, og ikkje minst inntak, av laurdagsgodt. Eit av vekas høgdepunkt! Lise fekk i tillegg ein bursdagspresang i etterskot i posten i dag, og der låg det forsyne meg endå meir laurdagsgodt! Ja, i tillegg til ein veldig fin kjole, ein utruleg kuul shorts og tilhøyrande Pippi-topp, også då...

Fullt tefat i dag:


3) Kommodebygging, fortsetjing frå gårdagens suksess. Ikeamøblar = legobygging for vaksne!


4) Blomsterjakt. Jens har fortsatt gode minner frå onsdagens blomsterjakt på fjellet, og drog meg ut i ettermiddag for å ta bilder av nokre blomstrar han hadde funne... Koseleg med slike positive hobbyar! Her er dagens fangst:

Natt og dag

Kvit buskmure

Gul buskmure

Dei to siste er observert utanfor grendasenteret, og er kanskje ein av dei mest vanlege hagebuskene... Men vi tek den med vi, kva verda!

fredag 29. juni 2012

Vekerevyen

Etter nøyaktig ei heil veke med ferie, er tida komen for ettertanke og refleksjon. Kva har ferien gitt oss, kva har vi opplevd, kva mål har vi nådd? Det er tid for å sjå tilbake og minnast.

For eksempel følte vi oss om lag slik då vi kom heim frå jobb forrige fredag:

Eg åt den like etter at eg tok bildet. Måtte jo feire at det var ferie.

Jens held koken med fotballmerkeklistreboka, og vi har denne veka limt litt kvar einaste morgon. Det er kjekt med besteforeldre som sender fotballklistermerker i posten! Takk!


Ein annan ting som har prega veka, er godt vér. Det opnar opp for utandørsaktivitetar, som for eksempel sykling. Dette bildet er teke i fart, eg på sykkel like etter Lise:


Søndag var vi i kyrkja, og Lise var ikkje i tvil om kva ho skulle ha på seg. Prikkete kjole!


Og så var vi på sykkeltur, Erøy rundt. Vi hadde berre med tre syklar, så akkurat her er det pappa som spring etter til halv pris:


Finvéret opnar for utandørsaktivitetar også i barnehagen. Måndag kom Lise heim med denne fine skogspynten, som no heng på altanen vår:


Tysdag kveld hadde vi besøk av Kjellaug og Gunnstein. Tid for spelekveld! Vi spelte eit par omgongar med Mondo (Eg skal ikkje snakke så VELDIG høgt om kven som vant altså! Vil sjølvsagt ikkje pirke borti gamle sår...) Etterpå spelte vi Ticket to ride, og det er igrunn veldig lenge sidan det spelet har vore framme. Eit kjekt spel, og det var ein veldig kjekk kveld!


Onsdag: Fjelltur i strålande sol:


I dag har Jens hatt besøk av ein god kamerat, og dei sykla rundt og leikte både her og der:


Medan dei styrte på, gjekk Lise og eg eit par turar til barnehagen og plukka med oss alt det som var vårt i hyllene der. Dei hadde nemleg sin siste barnehagedag på denne sida av sommaren i går! Ein av dei tinga som plutseleg dukka opp då, var paraplyen. Det var eit svært gledeleg gjensyn, og det var slett ikkje noko problem å få brukt den, trass i solskinnet...


Kanskje dette er grunnen til at det vart så mykje regn i ettermiddag?

Ettermiddag var uansett brukt inne. Då Nina og eg var i byen i går, var vi også innom Ikea. Vi gjekk inn for å kjøpe ei bokhylle, og kom ut att med to kommodar... Sånn kan det gå... Så i dag var det bygging av ikeakommode, og eg hadde med meg gode assistentar. Jens spikra og skrudde, og Lise... var eit veldig entusiastisk publikum!


For all rettferd skuld: Lise hjalp til ein god del ho også, altså. Henta verktøy, skruar, klutar og kva eg enn trengte, og ho var også med og sette i pluggar der dei skulle på plass. Manglar ingenting på tenesteiveren!

Det var altså første ferieveke. Spørsmålet vi må stille oss, er: Er vi fornøgde? Har vi skvist nok sommar ut av denne ferieveka?

Svaret er: Ja!

torsdag 28. juni 2012

Eit innlegg totalt blotta for visdom

Sidan det ikkje finst ei einaste visdomstann(ke?) igjen blant den vaksne delen av husstanden vår, kan det hende at det blir noko meir rotete innlegg her på bloggen framover...  Vi skal sjølvsagt gjere vårt beste for å unngå det.

I dag har altså dei siste to visdomstennene måtte gje tapt. Sidan dei sat kinkig til, måtte vi heilt til Sandnes for å ordne biffen.  Eg har ikkje køyrt på den nye vegen mellom Hålandsosen og Kilane sidan den blei opna, så det var ei ok oppleving å prøve den ut!


No kan du sjå, Arild, kva du går glipp av!


På Nesvik tok vi oss tid til å ta eit bilde av oss to:


Som vi så kan samanlikne med oss sjølv for nøyaktig ni år sidan:


Finst det vel ein betre måte å feire bryllaupsdagen på, enn å besøke tannlegen? No sit Nina i sofaen her med ibux i kroppen og ispose på kjaken. Skikkeleg hæla i taket, for å seie det slik! Men trass i ironien i akkurat dette, så var det fram til tanntrekkinga ein koseleg tur. Det er veldig lenge sidan vi har vore på bytur utan borna, så det var litt spesielt å gå opp og ned på ferga og inn og ut av butikkar utan andre enn oss sjølv å ta omsyn til! På ein måte var det noko enklare, på ein annan måte var det igrunn litt merkeleg. Det var kjekt for ein dag, men du verden så glad eg er for at det berre var éin dag!

Eg slo til med mange blomsterbilder i går, og føler for å gjere det litt i dag også. Vil gjerne vise fram dei oransje fiolane som står ute på benken vår:


Og til slutt eit kuriosa, ein opplysning for dei spesielt interesserte: Grendasenteret vert malt i desse dagar, og ein kan tydeleg sjå på fargeforskjellen at det er nokre år sidan sist...


 No blir det fint!

onsdag 27. juni 2012

Bildedryss frå sommarvandring

I dag vakna vi opp til strålande sol, nesten heilt blå himmel og heilt super temperatur til å gå tur i.


Og sidan vi har ferie, god tid og veldig lyst til å komme oss opp i fjellet igjen, så pakka vi lunsjmat i sekken, og la i veg mot Kleppsvatnet. Turen tok mykje lenger tid enn vi hadde tenkt, ganske enkelt fordi det var så kjekt å vere ute, at vi tok oss god tid. Dessutan gjekk Lise nesten heile vegen på sine korte bein (!), og då går det naturlegvis noko seinare.


Stien var tørr og god å gå på, og det var veldig lite vatn i bekken. Det er tydeleg at det er ei tørr tid vi har lagt bak oss! Dette hindra sjølvsagt ikkje dei mest spretne av oss å plumpe uti på ein av dei få stadane det var mogleg...


Etter ein fin tur gjennom skogen, kom vi omsider fram til Kleppsvatnet. Kan ikkje klage på slik lunsjutsikt!


Stien både opp til vatnet, og vidare rundt til nabodalen der den går ned att til parkeringsplassen, er godt merka med raud maling. For nokon av oss, fortsatt dei mest spretne..., var det ei lang stund viktig å finne absolutt alle merkene, og høglytt proklamere kvart nye funn. For å seie det slik, det er maaaange raude flekkar på stien opp til Kleppsvatnet...


Sist vi gjekk denne turen, valte vi feil sti ein stad på tilbakevegen, og haldt på å gå heilt på vidvanke... Heldigvis vart vi akkurat då innhenta av ein nabo på firhjuling, som kunne fortelje kor vi eigentleg skulle gå, slik at vi kom inn på riktig skogsveg. I dag fann vi den med det same, og det vart straks lettare å gå for både små og store. Jens og Lise koste seg mykje med det høge, mjuke graset som var midt på vegen. Jens leikte løve og gøymde seg for oss... og på bildet under snublar dei og dett med vilje, og latteren kunne sikkert høyrast mange kilometer vekke...


Utsikt mot Erfjorden frå eit punkt ganske langt oppe på turstien. Tednes litt til høgre for midten, og i bakgrunnen kan ein skimte nordsida av Ombo:


Utsikt mot den same fjorden, litt lenger nede på skogsvegen:


Det er mykje flott natur å sjå på ein slik rundtur. For eksempel er dette eit punkt på stien som eg syns er ekstra flott. Den høge bergveggen rett ved stien gir eit mektig inntrykk!


Og så er vi nesten nede ved bilvegen att. Potta er med...



Då eg la inn bildene på datamaskina etter turen, såg eg at eg hadde teke over 200 bilder... 70 % av dei kjem sikkert til å gå rett i søppelbøtta (ein må jo ta ganske mange for å få nokon ein er fornøgd med...). Likevel var det litt fleire enn eg plar ta på ein slik tur, og forklaringa på det er rimeleg enkel. Undervegs leita vi etter flotte blomar å ta bilde av, og etter kvart vart det litt sport i å finne nye artar. Her er dei vi kom over, og som vi klarte å ta nokonlunde greie bilder av:

 Tepperot

 Myrull

Skogstjerne 


Smørblom

Skrubbær

Fiol

Soleie

Storkenebb

Sveve

 Tiriltunge

Revebjelle

Kvitkløver


Og under jakta på blomane, kom vi også over denne snodige billa. Veit ikkje kva for type det er, men den var godt kamuflert mot lavet på steinen!


Eg skreiv bildedryss, og eg meinte det... Berre ver glad for at eg ikkje la ut alle 200!

mandag 25. juni 2012

Ny assistent!

I dag var Lise hos tannlegen, for aller første gong! Vi har snakka om det ei god stund no, og øvd på kva vi skal gjere når tannlegen seier: "Gap opp!" Og vi har vore bekymra, for det er ikkje alltid orda gap opp fører til akkurat det. Og alle som kjenner Lise, veit at ho har ein vilje av stål...

Samtidig var ho visst veldig klar for å besøke tannlegen i dag. Sette seg fint opp i stolen, gapte som ho aldri har gapt før, og det var berre så vidt ho ville gå ned igjen frå stolen... Ingen tannlegeskrekk etablert der i gården, alle fall!

Etterpå spaserte Lise og mamma ein lengre tur på Sand. Det hadde seg nemleg slik at pappa hadde køyrt opp på skulen for å gjere ferdig fagrapportar og rydde litt. Med det fine véret som var i dag, vart det ein fin gåtur opp til skulen!

Lise sprang rundt i gongane, og såg ut som ho hadde det rimeleg greit på skulen.


Inne på arbeidsrommet fann ho ein liten gul ball som kunne sprette, ein super utkikksplass bak ovnane (Vindauga går heilt ned til golvet, så det var perfekt å ligge der, kikke ut og synge litt...) og ein stol som kunne snurre rundt!


Det er herleg å ha med seg ekstra hjelp til ryddejobben! Ho fulgte meg ned på kontoret for å arkivere rapportane, og ho var med og henta nye bøker. Bortsett frå litt distraksjon ved den store kuleramma i gongen, vart jobben utført effektivt og greit!

Og pappa må inn att ein liten tur i morgon, for å gjere seg heilt ferdig...

søndag 24. juni 2012

Ut på tur, våt, men ikkje sur!

I dag har véret vore litt vekslande og ustabilt, men etter ei fin gudsteneste i kyrkja (med den svært dyktige presten Arild Markussen!) verka det slik i turføttene her i huset at vi valte å trasse alle faresignal... Av naturlege årsakar har det blitt langt mindre turgåing denne våren enn det vi skulle ynskt, så no når vi igjen har sjansen til å ta oss ut litt, var det herleg å kunne skrive namna våre i ei turbok. Igjen! Vel halvvegs ut i turen rundt Erøy begynte regnet å sile, og med varierande intensitet haldt det oss med selskap heilt heim. Det var difor fire temmeleg gjennomvåte menneske som snubla inn dørene nokre timar etter at dette bildet vart teke:


I dag var vi tre stykker som hadde sykkel. Jens tok sykkelen sin sjølv så og seie heile vegen rundt. Då vart vi imponerte! Også Lise har gjort ei stor bragd i dag: Dette var første turen vår utan å ha med beresele. Og det gjekk bra!


 Våre venner vil nok dra kjensel på den grøne duppeditten som vi festa på toppen av sekken...



Opp dei bratte bakkane opp mot der boka ligg. Lise holdt ut ganske lenge, men vart naturleg nok svært sliten... Då er det godt at ho har liten sykkel, og at mamma har ledige hender til å bere den!


Jens og eg var naturlegvis litt raskare enn Lise (og mamma), så då kunne eg ta bilder av likt og ulikt langs vegen medan vi venta...


 To sykkelheltar traskar på beina opp den aller siste biten. Då var det nok!


Alle syklane kom opp! Så begynte det å regne, og sjansane for å ta bilde vart noko redusert. Likevel stoppa det av og til, slik at eg fekk snike fram apparatet... Her er vi på veg ned mot Tednes:


Og når vi då til slutt kan sykle over enga før grusvegen på Tednes, veit vi at vi snart er i mål. Herifrå er det berre grus og asfalt heilt heim!


Nokon som får auge på Lise mellom blomar og strå?!....