tirsdag 31. juli 2012

Alt går rundt for Nina

Slik gjekk det til då Nina skulle gå rundt colaflaska, og etterpå skyte fotballen i mål:


Vi kan slå fast at tivoli- og karusellalderen er over for vår del...

mandag 30. juli 2012

Bibel og telt

Den før omtala, og mykje etterlengta, teltturen til Lyngdal er over. Vi er heime att etter ei innhaldsrik og kjekk veke på sørlandet, og har fått påfyll av både opplevingar, kvile og bibelkunnskap. Det skjer mykje på slike veker, og vi har teke tilsvarande mange bilder. Her er eit representativt utval frå ferieveka vår på Lyngdal Bibelcamping.


Yarisen står ferdig pakka og klar til avgang. Inni denne vesle bilen har vi no pakka eit seksmannstelt, fire soveposar, fire liggeunderlag, ein primus, fire campingstolar, klede for fire stykker i ei veke, regnklede, støvlar, toalettsaker, kjøkkenutstyr, diverse fritidsremedier og ei grøn potte... It's magic!


Vi fekk tildelt plass, og slo opp teltet vårt på ein fin plass på campingplassen. Passe avskjerma og passe nær både kiosk og sanitæranlegg. Vi måtte setje opp teltet i regnvér, og dei to første døgna regna det meir eller mindre konstant. Ondag kom finvéret, og dei fem siste dagane av ferien hadde vi riktig så fint sørlandsvér!


Inni teltet har vi tre soverom, og god plass til ein familie på fire. Og det heldt seg tørt gjennom heile regnvérsperioden, så vi er fornøgde!


Ein må tenkje litt praktisk og enkelt når ein skal lage mat i eit telt. Primusen er gull verdt, og Lise var ivrig med på matlaginga. Her er det havregrynsgraut som står på menyen.


Ein av dei aller største styrkane til Lyngdal bibelcamp, er barneopplegget. Nærare 200 born, fordelt på fire ulike grupper, fekk denne veka bli kjent med mange ulike kongar frå Bibelen, i tillegg til kjekke barnesongar og leikar.


Torsdag var det "Kidz party", og der dukka forsyne meg sjølvaste Linkus opp! Det var stor stas for borna, og det var berre så vidt han klarte å bane seg veg ut att etter besøket... På bildet er det fingerbingo, og veldig spennande. Kven klarar å få ned alle fingrane sine først?


Onsdag begynte som sagt finvéret, og vi nytta første og beste sjanse til å ta oss ein sykkeltur. Her er vi på veg innover mot sentrum. 


Vesle Sakarias var sjølvsagt også med på Bibelcamping, og Lise hadde ein voldsom omsorg for han. Ho klappa og kosa mykje med han på golvet, og gjekk heller ikkje av vegen for å klappe og kose litt oppe i vogna også. Det var for det meste ok, men litt upraktisk når han for eksempel skulle sove...


Bokbordet, magneten som trekk oss til seg både før og etter møter... Av plassomsyn i bilen måtte vi begrense oss veldig i år, og vart einige om at vi kunne kjøpe ein ting kvar. Det er som å stå framfor godtehylla med ein tiar i handa: Kva skal eg velje... Vi klarte alle å velje til slutt, men kva vi endte opp med skal eg komme tilbake til seinare.


Pappa syns det var litt kaldt i vatnet, men Lise syns det var herleg... Vi bada i sjøen to gongar denne veka, og tysdag, medan det regna, tok vi oss ein tur i Sørlandsbadet. Det er alltid like kjekt, og i år kunne også Lise kaste seg ut i leiken for alvor. Ho er ikkje redd for noko!... så vi måtte ha augene med oss i bassenget...


Torsdag var det misjonstivoli. Det mest populære tilbodet der var ansiktsmaling, og både Jens og Lise fekk nye "ansiktsuttrykk". Jens vart ein skummel tiger, og Lise vart ein pusekatt! Bildet over er teke rett før Lise treff midt i blinken (frå ein meters hald...)


På sykkelturen til Lyngdal oppdaga vi barneskulen og leikeplassen utanfor den. Her var det mange kjekke leikeapparat. (Lærarane i oss vart veldig inspirerte, og tek med oss gode idear tilbake til skulane våre...) Eit stort klatretårn kan vere ei god utfordring for dei fleste, men det mest populære apparatet var ein karusell! Her sat dei på runde benkar (to halvmånar), og dreidde på eit bord som stod i midten. Då kunne dei lage fart til seg sjølv, og dei køyrde x antal rundar der! Pappa prøvde éin runde, og gjekk av litt halvkvalm...


Når ein er på ein bibelcamp, er det også god tilgang til både bibeltimar og møter. Denne veka var det i tillegg sommarstemne for IMF, så dei slo litt ekstra på stortromma. Nina og eg fordelte møtene og bibeltimane mellom oss, slik at vi fekk med oss omtrent like mange. Bibeltimane er nemleg samtidig som Kidz Camp, og kveldsmøtene er på eit tidspunkt som tilseier søvn og ro, i alle fall for Lise, så ein av oss var barnevakt medan den andre var på møte.

I tillegg fekk vi med oss to andre kjekke samlingar også. Ole Jørgen var på "Kveldsåpent" med Tore Hjalmar Sævik. Det var eit artig show, der han spelte ulike rollefigurar. Blant anna spelte han rollefiguren Randulf Julsund (ein trønder), som hadde flytta til Lyngdal. Det var eit nostalgisk gjenhøyr frå bibelskuletida!

Fredag kveld var det konsert/allsangmøte, og Nina fekk med seg ein time med flott musikk. Der spelte mellom andre Arne Pareli og bandet hans, og repertoaret spente frå klassiske bedehussongar til nyare songar frå bedehusland.


Også barna fekk vere framme på scena og synge. Dette bildet er frå barnesongavdelinga på eit kveldsmøte. Lise likar seg godt på scena, og går svært motvillig ned att. Også på søndagsmøtet var dei framme og song, og då ville ho ikkje gå ned att i det heile... I tillegg fann ho vegen fram andre gongar også, så eg har plukka ho ned frå scena ein del gongar denne veka...


Eigentleg skulle Bjarte Leithaug halde konsert på campen, men han måtte avlyse. Då arrangerte dei sporløp i staden for, og det var eit kjekt arrangement. På den eine posten skulle vi halde på flaska og springe rundt den ti gonger, og så skulle vi skyte ein fotball i mål. Då eg var ferdig å springe rundt, fortsatte verda å snurre, og det var berre så vidt eg klarte å skyte ballen av garde før eg snubla og datt. Eg bomma... På bildet over ser de kor nær Nina kom å treffe ballen...


Ein annan post, som gjekk ut på å utføre ulike "oppdrag" (Á la: "Tre naser og to hovud i bakken, men ingen hender"), gjekk noko betre. Vi klarte i alle fall alle tinga, sjølv om vi kanskje ikkje var blant dei raskaste.


Kveldskos i teltet. Borna søv, Nina har kokt seg te og fortsatt går det an å sitje å lese.


Natt over Lyngdal bibelcamp. Berre i Johannes Åpenbar, i drivhuset, er det fortsatt aktivitet. Der er det kafé for ungdomane.


Så kom søndagen. Vi pakka saman teltet og alle tinga våre, stua dei inn i Yarisen og gjekk til det siste møtet. Her var det blant anna premieutdeling for sporløpet. Dei las opp dei fire beste laga, men vi var ikkje blant dei... Satsar på at vi tok femteplassen, då...

Så vinka vi farvel til familien Vassbø, campingplassen, kiosken og Lyngdal, og la i veg vestover og nordover.


No heldt eg nesten på å gløyme det viktigaste av alt: Resultatet i årets backgammon-"turnering" mellom Gunnstein og meg. I år hadde vi teke steget opp til eit teknologisk plan, og spelte på Gunnstein sin iPad.


Resultattabell:
Ole Jørgen: 0+2+2+1+0+0+2 = 7 poeng
Gunnstein:  1+0+0+0+1+2+0 = 4 poeng

Altså, med andre ord: EG vann!

fredag 20. juli 2012

Ein kvil i bagasjerommet

I dag klargjorde Lise og eg bilen før den o så store teltferien. Eg rydda og vaska framme i bilen, medan Lise tok seg av bagasjerommet. Etter å ha sjekka at alt stod bra til der bak, gjekk eg fram og vaska dashbordet og rydda vekk rusk og rask. Lise støvsuga, og etterpå sat ho og leika med dei tinga ho hadde funne. Då eg kom bak att for å sjå korleis det gjekk, vart eg møtt av dette synet...


Det tek på å reingjere bil...


I dag har véret vore strålande, og vi ser på vérmeldinga at det er meldt mykje fint vér framover. Det er jo gledeleg!

Etter middag i dag gjekk vi ut for å plukke blåbær, noch einmal. Legg merke til kva Lise plukka oppi:


Jada, ein plukkar i det ein finn, og denne gongen fann ho eit... nasehorn! Det er mykje som tydar på at dette var eit godt val, for det var vanskeleg å få bæra ut att. Dermed vart det faktisk bær til overs då plukkinga var over!


Også mamma var med og plukka,  men ho hadde valt eit noko meir nøkternt beger å plukke i.


Vi hadde som mål å plukke fram til barne-tv, så då det nærma seg, plukka vi for livet for å klare å fylle ein boks.


Noko vi klarte akkurat! (Legg forresten merke til den noko synkrone kroppshaldninga på mor og dotter...)


Blir mykje deilig smoothie til vinteren dette!


Slik såg kveldshimmelen ut i går kveld, ikkje så veldig lenge etter at torevéret hadde passert.

onsdag 18. juli 2012

Eit frukteleg innlegg

Vi klarte ikkje å få med oss den nye sykkelen til Jens heim att frå Bømlo i helga. Det er visst grenser for kva sjølv ein Yaris kan klare... I dag kom besteforeldrene på besøk, og hadde med seg vidunderet! Det vart stor glede og fornya sykkelentusiasme i heimen, så Jens har for det meste vore ute og sykla i dag...


Sykkelgleda smittar, og også Lise måtte dure litt rundt på sykkelen sin...


... likevel var det langt meir interessant å gå på soppjakt på plenen saman med morfar, eller å plukke blåbær saman med mormor.


Og då bør vi kanskje setje "plukke saman" i hermeteikn, for det var vel strengt tatt berre mormor som plukka, og Lise gjekk etter med koppen og åt. Likevel trur eg begge kosa seg!


Besteforeldrene hadde med seg 'jamelona' og druer. Finst det større lukke enn å stå med ein halvfull kopp med blåbær og ete jamelona og druer, i varmt og lyst sommarvér?

Etterpå var det "råning" i bilen... Morfar las avisa, og Lise storkosa seg i passasjersetet. Spegla seg og tulla med sykkelgutane som fór til og frå utanfor... 


Vi håpar ho gjer unna mesteparten av råneaktivitetane no, slik at ho kan gjere meir fornuftige ting når ho blir fjortis...

Etter eit bremseuhell med medfølgjande kræsj, oppi blomsterbedet vårt, fekk vi plutseleg ei rosebusk til fri disposisjon. Det var mange fine roser på buska, så no står det nokre i ein vase i gongen, og nokre på kjøkkenet...



 Til slutt eit sjølvkomponert kunstverk eg har valt å kalle: "Frukt i motlys." Enjoy!


Surikat

Kanskje eitt av mine favorittdyr. Dei er snodige, klønete, pysete og utruleg aktive. Stor underhaldning å stå og studere dei! Denne vesle filmsnutten er filma i Haugaland zoo:


mandag 16. juli 2012

Gud er sterk - på gøymeplass

Blåbæra er tilbake! Dette har vi venta lenge på, det begynte å bli litt tomt i bærlageret vårt etterkvart... I føremiddag stod tre ivrige små i tuene og åt for livet, og ettermiddag var vi ute, heile familien, og plukka litt i lag.


Vi somla oss ikkje ut før rett før barne-tv-tid, så det vart ikkje allverda med bær i dag, men vi fekk no nokre boksar i frysaren! 


Så får vi sjå kva morgondagen bringer av plukkelyst og plukkevér... Det skal ikkje stikkast under ein stol at det ikkje har vore like fristande å gå ut i dag. Periodevis har det vore bra, og periodevis har regnet hølja ned. I dei verste regnbygene, har vi funne på ting innandørs. Lise elskar for eksempel å leike med play-doh, og har alltid med seg den vesle Barbapapa-figuren ho fekk av Aksel til bursdagen sin. Ho lagar møblar, kaker, bilar og alt mulig ho måtte komme på til han. I dag laga ho bil, og durte rundt på kjøkkenbordet med den etterpå. Og Barbapapa er bestandig smilande og fornøgd, dei har det riktig så kjekt i lag!


Sidan vi har vore vekke ei veke på ferie no, var det tvingande nødvendig å gjere litt innkjøp i dag. Lise var med meg på butikken. Ho er av den typen som ofte går rundt og trallar og syng med seg sjølv, og har etterkvart eit ganske stort reportoar å ta av. På veg til butikken i dag sat ho og song i baksetet. Ofte får ho med seg det meste av teksten også, men eg spissa øyrene litt ekstra då ho begynte på songen "Når det stormer." Der har ho sunge mykje rart før, så eg var spent på dagens versjon... Slik var den:

Når det stormer
når det stormer
når det stormer rundt omkring

Gud er sterk
på gøymeplass
kattemat
av alle slag


Når det stormer...

Jada, eg vart ikkje skuffa i dag heller... (Og det er ikkje det at ho ikkje kan den, eigentleg, for vi har sunge den mange gongar. Trur berre det er ein kjekk melodi å eksperimentere med. Eller så er den vanskeleg å hugse...)

søndag 15. juli 2012

After-zoo

Det er ikkje alltid så lett å forholde seg til gjerder og slikt når ein er i ein dyrehage. Nokon meiner at der ein kan komme seg gjennom, bør ein gå gjennom...


Sjølv om det var ein dyrepark vi var i, var det også fascinerande å sjå på plantelivet. Det var ein fin park, med mykje blomar og flotte busker. Dermed vart det ikkje berre ei "jakt" etter å sjå dyr, men også ei hyggeleg oppleving å berre gå rundt og nyte parken! Eit eksempel:


Rett utanfor parken står det eit koseleg lite hus, med eit fint pynta tun utanfor. Kanskje det er han som eig parken som bur der? Uansett syns eg det såg så koseleg ut, at eg måtte ta eit bilde av det...


Den same rolege elegansen er det ikkje over handlesenter, men når ein er svolten kjem det godt med at det finst kaféar og slikt!


Og når ein et på eit handlesenter, er det ok å ta seg ein handlerunde etterpå. Vi nærmar oss den store teltferien, og vi begynner å kjenne oss tente og klare. Det er ein del ting ein må tenke på, og på toppen kjem det at sidan vi har Yaris og ikkje ei svær folkevogn eller noko, så er det begrensa kva som er mogleg å ta med seg. Etter ein liten runde på Clas Ohlson i går, vart vi eit par hakk meir klare, i alle fall...

Så kunne vi dure heimover i den flotte Yarisen!


Dette bildet er først og fremst til Agnes. Så kan du komplettere samlinga...


Flott køyrevér: Tørt, mildt og overskya.


Kveldshimmel over Håvik:


Dei siste kveldane har vi brukt til å spele mexican train. Dette spelet er utruleg kjekt, og vi har spelt det veldig mykje tidlegare. Dei siste åra har det av ulike grunnar blitt litt lite, men no har vi altså funne det fram igjen. Grunnen til at eg nemner det her, er sjølvsagt at eg vann så det sang i går kveld!


(Korleis det gjekk på fredagskvelden, gidd eg ikkje skrive så høgt om...)

lørdag 14. juli 2012

Haugaland zoo

I fjor var vi i dyreparken i Kristansand. Det er ein kjekk park å gå i, og ein treng ein god, lang dag skal ein få med seg alt. Sjølv då er det umogleg... I år hadde vi ikkje tenkt i nokon dyrepark, men så oppdaga vi plutseleg at det er ein dyrepark ikkje så veldig langt unna eigne heimtrakter. I dag køyrde vi (= to små, to foreldre og to besteforeldre) difor litt sørover, til Karmøy. Der kunne vi blant anna sjå innover til denne byen. Quiz: Kva heiter den? :-)


Dyrehagen, Haugaland zoo, ligg like i nærleiken av golfbana på Torvastad. Det er ein idyllisk park, og akkurat passe stor for ein familie med to små barn. Vi fekk sett mykje fint, og var akkurat passe slitne då vi gjekk derifrå.


Jens hadde eitt stort mål med besøket: Sjå silkeapane! Så då vi kom til parken, la han i veg innover på utkikk etter apekattar. Halehenget fulgte etter...


Det tok litt tid før vi fann silkeapane, men i mellomtida såg vi mykje fint:


Papegøye


Påfugl (Lise vart veldig begeistra då ho såg at den åt på hennar yndlingsfrukt: Jamelona!)


Sabeloryx


Mankefår


Stornandu


Varan


Surikat


Ukjent sjarmør... (Blå øyrefasan. Takk, Sveinung!)


Papegøyer


Dvergzebu. Desse søte zebuane var det deilig å klappe på, noko både mamma, Jens og Lise gjorde. Det var heilt ok for Lise, heilt til den snudde seg og såg på henne. Då var det litt skummelt...

Til slutt hadde vi sett det vi ville sjå, også silkeapane. Fekk dessverre ikkje noko godt bilde av dei, sidan det var så mørkt inne i rommet der dei var.

Lise er ivrig etter å gå, og spring i førevegen tilbake til bilen. Vi er svoltne, og må ha oss litt mat i byen, må vite!


Vi var kanskje i parken i halvannan time, og det var akkurat passe for oss i dag. Rett etter at vi gjekk i bilen, starta det å regne. Så i tillegg var det iskaldt og godt berekna tidspunkt å vere der på også... Vi kjem heilt sikkert tilbake hit, særleg med tanke på at ryktene vil ha det til at dei skal få lemurar og krokodiller også...