mandag 30. juli 2012

Bibel og telt

Den før omtala, og mykje etterlengta, teltturen til Lyngdal er over. Vi er heime att etter ei innhaldsrik og kjekk veke på sørlandet, og har fått påfyll av både opplevingar, kvile og bibelkunnskap. Det skjer mykje på slike veker, og vi har teke tilsvarande mange bilder. Her er eit representativt utval frå ferieveka vår på Lyngdal Bibelcamping.


Yarisen står ferdig pakka og klar til avgang. Inni denne vesle bilen har vi no pakka eit seksmannstelt, fire soveposar, fire liggeunderlag, ein primus, fire campingstolar, klede for fire stykker i ei veke, regnklede, støvlar, toalettsaker, kjøkkenutstyr, diverse fritidsremedier og ei grøn potte... It's magic!


Vi fekk tildelt plass, og slo opp teltet vårt på ein fin plass på campingplassen. Passe avskjerma og passe nær både kiosk og sanitæranlegg. Vi måtte setje opp teltet i regnvér, og dei to første døgna regna det meir eller mindre konstant. Ondag kom finvéret, og dei fem siste dagane av ferien hadde vi riktig så fint sørlandsvér!


Inni teltet har vi tre soverom, og god plass til ein familie på fire. Og det heldt seg tørt gjennom heile regnvérsperioden, så vi er fornøgde!


Ein må tenkje litt praktisk og enkelt når ein skal lage mat i eit telt. Primusen er gull verdt, og Lise var ivrig med på matlaginga. Her er det havregrynsgraut som står på menyen.


Ein av dei aller største styrkane til Lyngdal bibelcamp, er barneopplegget. Nærare 200 born, fordelt på fire ulike grupper, fekk denne veka bli kjent med mange ulike kongar frå Bibelen, i tillegg til kjekke barnesongar og leikar.


Torsdag var det "Kidz party", og der dukka forsyne meg sjølvaste Linkus opp! Det var stor stas for borna, og det var berre så vidt han klarte å bane seg veg ut att etter besøket... På bildet er det fingerbingo, og veldig spennande. Kven klarar å få ned alle fingrane sine først?


Onsdag begynte som sagt finvéret, og vi nytta første og beste sjanse til å ta oss ein sykkeltur. Her er vi på veg innover mot sentrum. 


Vesle Sakarias var sjølvsagt også med på Bibelcamping, og Lise hadde ein voldsom omsorg for han. Ho klappa og kosa mykje med han på golvet, og gjekk heller ikkje av vegen for å klappe og kose litt oppe i vogna også. Det var for det meste ok, men litt upraktisk når han for eksempel skulle sove...


Bokbordet, magneten som trekk oss til seg både før og etter møter... Av plassomsyn i bilen måtte vi begrense oss veldig i år, og vart einige om at vi kunne kjøpe ein ting kvar. Det er som å stå framfor godtehylla med ein tiar i handa: Kva skal eg velje... Vi klarte alle å velje til slutt, men kva vi endte opp med skal eg komme tilbake til seinare.


Pappa syns det var litt kaldt i vatnet, men Lise syns det var herleg... Vi bada i sjøen to gongar denne veka, og tysdag, medan det regna, tok vi oss ein tur i Sørlandsbadet. Det er alltid like kjekt, og i år kunne også Lise kaste seg ut i leiken for alvor. Ho er ikkje redd for noko!... så vi måtte ha augene med oss i bassenget...


Torsdag var det misjonstivoli. Det mest populære tilbodet der var ansiktsmaling, og både Jens og Lise fekk nye "ansiktsuttrykk". Jens vart ein skummel tiger, og Lise vart ein pusekatt! Bildet over er teke rett før Lise treff midt i blinken (frå ein meters hald...)


På sykkelturen til Lyngdal oppdaga vi barneskulen og leikeplassen utanfor den. Her var det mange kjekke leikeapparat. (Lærarane i oss vart veldig inspirerte, og tek med oss gode idear tilbake til skulane våre...) Eit stort klatretårn kan vere ei god utfordring for dei fleste, men det mest populære apparatet var ein karusell! Her sat dei på runde benkar (to halvmånar), og dreidde på eit bord som stod i midten. Då kunne dei lage fart til seg sjølv, og dei køyrde x antal rundar der! Pappa prøvde éin runde, og gjekk av litt halvkvalm...


Når ein er på ein bibelcamp, er det også god tilgang til både bibeltimar og møter. Denne veka var det i tillegg sommarstemne for IMF, så dei slo litt ekstra på stortromma. Nina og eg fordelte møtene og bibeltimane mellom oss, slik at vi fekk med oss omtrent like mange. Bibeltimane er nemleg samtidig som Kidz Camp, og kveldsmøtene er på eit tidspunkt som tilseier søvn og ro, i alle fall for Lise, så ein av oss var barnevakt medan den andre var på møte.

I tillegg fekk vi med oss to andre kjekke samlingar også. Ole Jørgen var på "Kveldsåpent" med Tore Hjalmar Sævik. Det var eit artig show, der han spelte ulike rollefigurar. Blant anna spelte han rollefiguren Randulf Julsund (ein trønder), som hadde flytta til Lyngdal. Det var eit nostalgisk gjenhøyr frå bibelskuletida!

Fredag kveld var det konsert/allsangmøte, og Nina fekk med seg ein time med flott musikk. Der spelte mellom andre Arne Pareli og bandet hans, og repertoaret spente frå klassiske bedehussongar til nyare songar frå bedehusland.


Også barna fekk vere framme på scena og synge. Dette bildet er frå barnesongavdelinga på eit kveldsmøte. Lise likar seg godt på scena, og går svært motvillig ned att. Også på søndagsmøtet var dei framme og song, og då ville ho ikkje gå ned att i det heile... I tillegg fann ho vegen fram andre gongar også, så eg har plukka ho ned frå scena ein del gongar denne veka...


Eigentleg skulle Bjarte Leithaug halde konsert på campen, men han måtte avlyse. Då arrangerte dei sporløp i staden for, og det var eit kjekt arrangement. På den eine posten skulle vi halde på flaska og springe rundt den ti gonger, og så skulle vi skyte ein fotball i mål. Då eg var ferdig å springe rundt, fortsatte verda å snurre, og det var berre så vidt eg klarte å skyte ballen av garde før eg snubla og datt. Eg bomma... På bildet over ser de kor nær Nina kom å treffe ballen...


Ein annan post, som gjekk ut på å utføre ulike "oppdrag" (Á la: "Tre naser og to hovud i bakken, men ingen hender"), gjekk noko betre. Vi klarte i alle fall alle tinga, sjølv om vi kanskje ikkje var blant dei raskaste.


Kveldskos i teltet. Borna søv, Nina har kokt seg te og fortsatt går det an å sitje å lese.


Natt over Lyngdal bibelcamp. Berre i Johannes Åpenbar, i drivhuset, er det fortsatt aktivitet. Der er det kafé for ungdomane.


Så kom søndagen. Vi pakka saman teltet og alle tinga våre, stua dei inn i Yarisen og gjekk til det siste møtet. Her var det blant anna premieutdeling for sporløpet. Dei las opp dei fire beste laga, men vi var ikkje blant dei... Satsar på at vi tok femteplassen, då...

Så vinka vi farvel til familien Vassbø, campingplassen, kiosken og Lyngdal, og la i veg vestover og nordover.


No heldt eg nesten på å gløyme det viktigaste av alt: Resultatet i årets backgammon-"turnering" mellom Gunnstein og meg. I år hadde vi teke steget opp til eit teknologisk plan, og spelte på Gunnstein sin iPad.


Resultattabell:
Ole Jørgen: 0+2+2+1+0+0+2 = 7 poeng
Gunnstein:  1+0+0+0+1+2+0 = 4 poeng

Altså, med andre ord: EG vann!

Ingen kommentarer: