mandag 9. juli 2012

Ein bjørn på altanen

Prikkete sommarkjole, og spennande aktivitet rundt blomane. Kva i all verda er det ho studerer så intenst?


Biene, så klart! Det var hektisk flyging frå blomster til blomster, og dei brukte relativt kort tid på kvar plass. Vi strevde difor lenge for å få eit skarpt og greit bilde av ei bie. Lise var ivrig og peikte på den eine etter den andre, og til slutt lukkast det endeleg å fange ei til filmen. Då eg fekk lagt bildet inn på datamaskina, oppdaga eg at vi til alt overmål hadde fått med to bier. Snakk om flaks!


Etterpå var vi på sykkeltur. Klungervikvegen er ein fin plass å sykle på for små, litt uerfarne syklistar!


Og det vert ikkje mindre bra av at det veks villjordbær langs vegen. Då kan ein få litt mat på vegen også. Dessutan passerte det to småfly rett over oss, og det var ei rimeleg stor hending!


Heime att frå sykkelturen, såg vi at Jens og morfar hadde leita fram og sett opp besteforeldrene sitt telt i hagen. Nokon som har fått blod på tann, eller...?



Og, ja... eh, bjørn på altanen, seier du? Her!


Poenget?

Nei.

Ingen kommentarer: