mandag 16. juli 2012

Gud er sterk - på gøymeplass

Blåbæra er tilbake! Dette har vi venta lenge på, det begynte å bli litt tomt i bærlageret vårt etterkvart... I føremiddag stod tre ivrige små i tuene og åt for livet, og ettermiddag var vi ute, heile familien, og plukka litt i lag.


Vi somla oss ikkje ut før rett før barne-tv-tid, så det vart ikkje allverda med bær i dag, men vi fekk no nokre boksar i frysaren! 


Så får vi sjå kva morgondagen bringer av plukkelyst og plukkevér... Det skal ikkje stikkast under ein stol at det ikkje har vore like fristande å gå ut i dag. Periodevis har det vore bra, og periodevis har regnet hølja ned. I dei verste regnbygene, har vi funne på ting innandørs. Lise elskar for eksempel å leike med play-doh, og har alltid med seg den vesle Barbapapa-figuren ho fekk av Aksel til bursdagen sin. Ho lagar møblar, kaker, bilar og alt mulig ho måtte komme på til han. I dag laga ho bil, og durte rundt på kjøkkenbordet med den etterpå. Og Barbapapa er bestandig smilande og fornøgd, dei har det riktig så kjekt i lag!


Sidan vi har vore vekke ei veke på ferie no, var det tvingande nødvendig å gjere litt innkjøp i dag. Lise var med meg på butikken. Ho er av den typen som ofte går rundt og trallar og syng med seg sjølv, og har etterkvart eit ganske stort reportoar å ta av. På veg til butikken i dag sat ho og song i baksetet. Ofte får ho med seg det meste av teksten også, men eg spissa øyrene litt ekstra då ho begynte på songen "Når det stormer." Der har ho sunge mykje rart før, så eg var spent på dagens versjon... Slik var den:

Når det stormer
når det stormer
når det stormer rundt omkring

Gud er sterk
på gøymeplass
kattemat
av alle slag


Når det stormer...

Jada, eg vart ikkje skuffa i dag heller... (Og det er ikkje det at ho ikkje kan den, eigentleg, for vi har sunge den mange gongar. Trur berre det er ein kjekk melodi å eksperimentere med. Eller så er den vanskeleg å hugse...)

Ingen kommentarer: