lørdag 14. juli 2012

Haugaland zoo

I fjor var vi i dyreparken i Kristansand. Det er ein kjekk park å gå i, og ein treng ein god, lang dag skal ein få med seg alt. Sjølv då er det umogleg... I år hadde vi ikkje tenkt i nokon dyrepark, men så oppdaga vi plutseleg at det er ein dyrepark ikkje så veldig langt unna eigne heimtrakter. I dag køyrde vi (= to små, to foreldre og to besteforeldre) difor litt sørover, til Karmøy. Der kunne vi blant anna sjå innover til denne byen. Quiz: Kva heiter den? :-)


Dyrehagen, Haugaland zoo, ligg like i nærleiken av golfbana på Torvastad. Det er ein idyllisk park, og akkurat passe stor for ein familie med to små barn. Vi fekk sett mykje fint, og var akkurat passe slitne då vi gjekk derifrå.


Jens hadde eitt stort mål med besøket: Sjå silkeapane! Så då vi kom til parken, la han i veg innover på utkikk etter apekattar. Halehenget fulgte etter...


Det tok litt tid før vi fann silkeapane, men i mellomtida såg vi mykje fint:


Papegøye


Påfugl (Lise vart veldig begeistra då ho såg at den åt på hennar yndlingsfrukt: Jamelona!)


Sabeloryx


Mankefår


Stornandu


Varan


Surikat


Ukjent sjarmør... (Blå øyrefasan. Takk, Sveinung!)


Papegøyer


Dvergzebu. Desse søte zebuane var det deilig å klappe på, noko både mamma, Jens og Lise gjorde. Det var heilt ok for Lise, heilt til den snudde seg og såg på henne. Då var det litt skummelt...

Til slutt hadde vi sett det vi ville sjå, også silkeapane. Fekk dessverre ikkje noko godt bilde av dei, sidan det var så mørkt inne i rommet der dei var.

Lise er ivrig etter å gå, og spring i førevegen tilbake til bilen. Vi er svoltne, og må ha oss litt mat i byen, må vite!


Vi var kanskje i parken i halvannan time, og det var akkurat passe for oss i dag. Rett etter at vi gjekk i bilen, starta det å regne. Så i tillegg var det iskaldt og godt berekna tidspunkt å vere der på også... Vi kjem heilt sikkert tilbake hit, særleg med tanke på at ryktene vil ha det til at dei skal få lemurar og krokodiller også...

2 kommentarer:

Sveinung sa...

Me va der i fjor, og ska nok innom ein tur i år og. Super plass for dei små.

Den ukjente sjarmøren er ein blå ørefasan(Crossoptilon auritum)

NinaogOle sa...

Ja, det var veldig kjekt der. Takk for opplysningen! Det er lettare å bruke google til å finne bilde av eit ord, enn ord til eit bilde...