torsdag 12. juli 2012

På besøk i kristtornbyen

Av og til må arbeidsfolk ha seg ein pust i bakken. Etter at Jens hadde køyrt vanvittig mange vognlass med singel (eller var det tre?), og også Lise hadde fått tippe eit lass, tok vi på oss besøksskoa og køyrde til Stord.


Der vandra vi først frå butikk til butikk på Amfisenteret...


... og ein svipptur innom gågata, med leikestativ og det heile.


Så kom tida for det vi eigentleg reiste for; besøk! Hos familien Reinertsen fekk vi deilig middag og godt selskap. Dei minste fann raskt tonen, og eit lite kvarter etter at vi kom inn dørene tok eg dette bildet:


No er det berre å leggje til passeleg høgt lydnivå, så har ein eit greit bilde av stemninga...

Ute er det liksom som om lydane forsvinn litt, og hovudet til oss vaksne får seg ein liten pause. Det vil ikkje dermed seie at det vert mindre aktivitet på dei små! Her er det kappløp ute, full fart ned ein bakke og forhåpentlegvis inn på plenen...


Dei tre eldste er på om lag same alder, fem, seks og seks. Lise fell difor litt utanfor mykje av leiken, og gjekk lenge frå leike til leike utan å finne roen. Ho hadde så lyst til å gjere det dei andre gjorde, men så fekk ho det ikkje til... Særleg bittert var det at ho ikkje klarte å hoppe på hoppeballen. Det såg så inderleg kjekt ut! Heldigvis oppdaga ho alternative måtar å bruke den på...


Dette er kanskje forsøk nummer 34 av 47 på å rulle over ballen og stupe kråke på plenen. Ho lukkast av og til, men rulla som regel av sidelengs og boms ned på bakken. Til slutt vart ho så irritert på ballen at ho heiv den ut i buskene, sette ei stor kasse over den og dytta hardt utover... Og ansiktsuttrykket var ubetaleleg! Bister, oppgitt og irritert... Heldigvis gjekk det fort over. Etter ein runde på plenen, drog ho ballen fram frå buskene att og prøvde endå litt til...

Det var koseleg å få komme på besøk. Kjekt å ha venner i sjølvaste kristtornbyen Stord!

Ingen kommentarer: