fredag 13. juli 2012

Rett vest

Det er mykje som kan gå rett vest fredag 13... Heldigvis er det ikkje så mykje som gjer det, har vel igrunn ingen konkrete minner om at noko faktisk har gått gale. Vi har difor våga oss ut i verda, både reint fysisk og på nettet. Lise har for eksempel spelt fargespelet sitt igjen. Ho kan fortsatt ikkje namnet på ein einaste farge, men klarar å sortere dei så det fyk etter...


Så var det noko som faktisk gjekk rett vest, eller betre sagt: "Rett vest." Det er nemleg namnet på ein restaurant på Svortland, og der var vi for å blant anna ete:


Eventuelt burritos elles Quesedilla, alt ettersom. Den viktigaste grunnen til at vi var der, var likevel ikkje maten. Vi skulle nemleg treffe Linn! På mystisk vis har det gått ein del tid sidan sist vi treftest, så det var på høg tid.


Etter eit langt og koseleg måltid, vart det antakeleg litt for mykje stillesitjing for dei to små. Plutseleg var dei overalt, med tilhøyrande lydnivå. Vi har sett det før, og kjem nok til å sjå det igjen...


Litt springing utandørs hjalp på, og bilturen heim gjorde også godt. I skrivande stund sit guten i ro og spelar yatzy med morfaren, og jenta sit relativt roleg i sofaen og et banan... Opp og ned!

Ingen kommentarer: