onsdag 11. juli 2012

Stor matematikk og DBS

 Den store hiten i dag har vore eit spel basert på tal; Matte-mix:


Det er ganske vanskeleg å få alle dei fjorten tala til å gå opp. Dette var det næraste eg kom:


Då sat eg att med 5, 6 og 3. Finst sikkert måtar å kombinere tala på som gjer at det går opp, men med tidsbegrensning og det heile, kom eg altså ikkje lenger enn hit.

Den andre hiten har vore sykkel. Tour de France på TV, og sykling ute...


Nokon som ser kva dette er?


Litt i tvil? I alle fall ikkje etter dette bildet:


Det er gir, ja! Jens får ny sykkel av besteforeldrene til bursdagen, og får tjuvtrene litt på den allereie no, endå det er ein månad att. Han fekk til og med vere med i butikken og velje kva for ein sykkel han ville ha. I butikken fann han drøymesykkelen, med minst tre gode eigenskapar:

1) Den var grøn. Yndlingsfargen!


2) Den hadde bilde av ein sebra på gaffelen framme:


 3) Og det var bilde av ei løve på setet:


 Jada, vi veit kva vi skal sjå etter når vi vel sykkel! Slik ser den ut i bruk:


 Og slik:


Sykkelen har seks gir, og både fram- og bakbremsen er på styret. Dessutan er sykkelen betydeleg mykje større enn den han har no. Dermed var det ein del å øve på, og ikkje alt var like lett. For eksempel var det vanskeleg å gire og trø samtidig. Det kjem seg nok raskt. Han er ute og øvar endå meir medan eg skriv dette...

Også mamma og pappa fekk prøve det nye vidunderet:


Då verka den plutseleg så liten. Merkeleg...

Ingen kommentarer: