torsdag 5. juli 2012

Sykle etter is

Det å sykle til Livi og kjøpe is har vore ein fast tradisjon dei siste somrane. Det var akkurat passe langt, og ein koseleg sykkeltur. I fjor haust stengte Livi dørene for godt, så i år mista vi den sjansen. Samtidig har Jens blitt eit heilt år eldre, og klar for større utfordringar. Så i dag bestemte Jens og pappa seg for å sykle heilt bort til Joker!


Som tenkt så gjort. I fin sommarsol, med handleliste og sekk og godt humør, la vi i oss på hjul. Vi tok litt bilder undervegs:

 Frå Skjærahaugskrossen mot brua og Hålandsdalen.

 Mot Hålandsosen, målet for turen vår.

Frå Vik og utover Erfjorden.

Vi måtte også sykle over brua. Det var spennande!

Over på andre sida såg vi ein stilig båt på vatnet, så vi måtte stoppe og sjå litt på den. Mot Erøy.

Mot Vik.

Målet i sikte!

Etter at vi hadde handla, sette vi sekken ved syklane og gjekk ned på kaia. Der sette vi oss på ein murkant og åt is og kosa oss. Veldig godt med litt næring i kroppen etter ein slik lang tur! Og særleg når det er is det er snakk om... Bildet under er teke frå murkanten vår, der vi sat og såg over på Erøy:


Etterpå sykla vi heim att, og var godt møre i beina då vi parkerte syklane!

Det var mykje sykling i dag, og det er jo naturleg i slikt supert sommarvér. Eg justerte opp setet på Lise sin sykkel, og etterpå ville Lise veldig gjerne låne unbrakonøkkelen. Ho sykla eit stykke vekk, og sette seg ned med sykkelen.


Det såg veldig ut som ho "fiksa" på den, så eg måtte bort og spørje om det var mykje gale ho måtte ordne opp i...


Svaret var ja...

Ingen kommentarer: