fredag 31. august 2012

Ut i verda

Liten gut skal ut i verda
Klarar sjølv å finna fram
Vandrar freidig, stegar støtt
Ryggen rak og sekken stram

Liten gut skal inn i verda
Gjera sjølv, erfare alt
Møter dagen full av spenning
Smake skal på søtt og salt

Liten gut, ein stad i verda
Borte ifrå far og mor
Øvar på å klare brasen
Trenar på å vera stor




Sendte Jens av garde til bussen i dag, før eg sjølv møtte Tone for å køyre i lag til Sand. Vi køyrde forbi grendahuset akkurat då Jens gjekk om bord i bussen og heldt busskortet sitt mot lesaren. Må innrømme at det var ei litt merkeleg kjensle å berre køyre forbi den vesle, store guten som no skal gjere så mykje på eiga hand, ute i den store verda. Eller, store verda og store verda, hans skulle jo berre bort til Erfjord skule...  Og eg veit jo at det er slik det er, vi må gradvis sleppe taket i han, la han gjere stadig fleire ting sjølv. Ein dag skal han stå på eigne bein, og då vil vi sjølvsagt at han skal vere så sjølvstendig og stødig som råd er.

Heldigvis, ja la meg skrive det ein gong til: Heldigvis! er det lenge til han skal stå heilt på eigne bein!

torsdag 30. august 2012

Fototriksing, eit blikk tilbake

Det er nokre dagar sidan eg tok dei fylgjande bileta, nærare bestemt fire dagar... Søndag var vi ute og leika, og eg hadde (som vanleg) med meg fotoapparatet. Jens syns det er heilt topp, og er begeistra for eksperimentering med bildene. Dette bildet likte han for eksempel godt:


Her står kamera på stativ, slik at bakgrunnen vert heilt tydeleg, og så brukar vi middels lang lukkartid (Heilt presis 1/20 sekund). Jens tek god fart, og susar forbi kamera. Så gjeld det for meg å treffe akkurat når han er framfor linsa. Vi måtte ha ein del forsøk (han var litt sveitt etterpå...), men til slutt lykkast vi med å få eit bilde som begge likte!

Vi gjorde også forsøk med kort lukkartid. Jens kasta to frisbeear opp i lufta, og så skulle eg prøve å få bilde av dei i lufta. Det var utruleg vanskeleg! Eg stod og kikka gjennom søkarvinduet, og følte meg som ein leirdueskyttar... Til slutt fekk vi eit par-tre bilder vi likte, blant anna dette:


Katten var også med på moroa. Det er bortimot umogleg å få bilde av han, for i det same eg set meg på huk for å ta bilde, kjem han ilande mot meg for å få kos... Her er det berre veldig rask lukkartid som hjelp!


Lise valte ut klede sjølv denne dagen, og enda difor opp med stripete leggingar! Herleg fargesnop når ho traskar over plenen!


Og endå litt meir fargesnop: Nymala grendasenter og jente med fargerike klede.


På trampolina:

 
Ekte telemarknedslag!
Og så reiling. 


Det var søndag. I dag har det regna, og eg har vore altfor oppteken til å kunne ta bilder. Men kjenner eg meg sjølv rett, kjem det nok fleire bildeseriar seinare!

onsdag 29. august 2012

Springekarusell #3

I eit av dagens få regnskyll, troppa vi opp for å springe i den tredje springekarusellen i år. Regnklede og paraply er inga hindring for god stemning før start!


Både Jens og Lise la i veg med godt mot...


... og sjølv om Jens tok ein snarveg over graset i første sving, for å komme framfor Aksel, og Lise ville ha ein pause etter halvsprunge løp, fullførte begge to med god stil. Det vart til og med spurtoppgjer mellom Aksel og Jens!


Aksel sprang i mål eit steg eller to før, men det var heilt ok for Jens. Det kan virke som vi er på riktig veg i det å formidle idrettsGLEDE framfor prestasjonskrav!

tirsdag 28. august 2012

Hest i mente

"Kva har du gjort i barnehagen i dag, Lise?"
"Ridd på HESTEN!"


I dag var endeleg Mercur tilbake i barnehagen, og Lise fekk ri igjen. Stor stas! Og som lovt før, kjem her nokre bilder av den flotte hesten: 

Nysgjerrig på fotografen...
Snart ferdig, eller?
Fin hest!

Så lenge han ikkje er ute og rir med borna, står han i ei heilt ny inngjerding utanfor grendasenteret. I dag, i striregnet, var det rimeleg mjuk mark under han... Lise var borte hos han på veg heim frå barnehagen, og gav han gras gjennom gjerdet. Vi har då omsorg for våre vener!

Då eg kom heim frå jobb i dag, sat Lise og klipte i papir. Det er ikkje så lett, men ho gir seg ikkje. Klipper og klipper! Ein dag vert ho nok knallgod på klipping, skal du sjå.


Leike med vatn er noko av det artigaste som finst. Før middag stod ho ei god stund og leika med ting ho fann i ei kjøkkenskuffe. Og så kom ho inn i stua og serverte vatn med skei frå koppen...


Og Jens har spelt dataspel, lest i bok, vore på biblioteket og lånt bok og teikna:

"Ildhund"
 ...og gjort litt av heimepliktene sine. Vi har ei liste der det står kva han skal gjere kvar veke, og ein av tinga er å rydde ut av oppvaskmaskina eit par gongar:


 Så set vi strek på skjemaet, og vi er eit steg nærare vekepengane!

mandag 27. august 2012

Turn

Det var ei stuptrøytt jente som kom heim frå barnehagen i dag, men ikkje snakk om noko anna enn at ho skulle på turn! Så vi trassa gjesp og raude kinn, og la i veg til gymsalen på skulen.


Det var spennande å skulle få gå på turn. Ho har vore med Jens ein gong, men det er så lenge sidan at det for lengst er gløymt. Så det var med store jubelrop ho nådde døra inn til mellomtrinnet... og døra inn til skulekjøkkenet... før ho formeleg dansa mot den døra vi eigentleg skulle inn. Men med det same vi kom inn, vart inntrykka litt overveldande og ho måtte berre stå og ta inn litt.

Så fann ho ut at ho ville hoppe frå scena og ned på tjukkasen, og stilte seg i køen.


Til slutt vart det hennar tur. Det var litt høgt, så pappa måtte halde i begge hendene...


Etter mange rundar med hopping, fann vi ut at vi ville spele litt fotball. Full gass!


Og superscoring! (Frå nesten ein heil meters hald...)


Det var mykje å finne på, og Lise fekk auge på kassa og tjukkasen som var sett opp lenger nede i salen. Då var det tilbake til hoppinga...


Og etter nokre prøvehopp, torde ho å hoppe heilt aleine!


Til slutt kjem den kjipe tida, då ein må rydde opp. På bildet under, som forresten viser ein svært kjent situasjon..., har Lise endå ikkje heilt forstått at det snart er slutt. Kjekt å køyre tralle!


Det var ikkje så kjekt å måtte gå, men då vi kom oss heim, fekk ete litt og lagt oss, kom søvnen rimeleg raskt. Omtrent midt mellom andre og tredje vers av 'Ingen er så trygg i fare'...

Medan Lise og eg var på turn, hadde Jens og mamma lesekvart i fred og ro. Då las Jens leseleksa i leseboka, som på bildet ligg til venstre. Legg merke til det nye flotte bokbreet, som vi tok på i ettermiddag!


Så las han ei heftebok som heiter "OL", og handlar om ein gut som ville kaste spyd. Eg veit ikkje kvifor han valde akkurat denne boka, men kan det vere inspirasjon frå gårsdagen? ... Til slutt las mamma til Jens i frå boka om ærfuglane Eli og Emrik, som han fekk til bursdagen sin.

Eg tenkte at no kunne det passe med ein song som handlar om turn. The Byrds var visst veldig opptekne av dette i si tid, og fleska like godt til med turn x 3, berre for å understreke poenget!


Og det gjer jo heller ikkje noko at teksten til songen er henta direkte frå Bibelen! (Forkynnaren
3)

søndag 26. august 2012

Erfjordleikane

I ettermiddag var det Erfjordleikane på Moane, og Jens, Lise og eg tok turen opp for å sjå kva det går ut på. Sjølv om vi har budd her i mange år no, har vi faktisk aldri somla oss av garde tidlegare... Det var det på tide å gjere noko med!


I Erfjordleikane er det først og fremst friidrettsøvingar som står på programmet. Lengdehopp, kulestøt, spydkast og sekstimeteren, for eksempel. Lise heiv seg med på sekstimeterspringing, og kom i mål på 16,72. Det syns i alle fall pappaen var rimeleg imponerande! Sjølv prøvde eg å gå på stylter, og kom inn på 33 sekund, utan at det seier så veldig mykje så lenge eg ikkje veit kor lang bana var... Men eg kom inn på ein foreløpig tredjeplass, og var fornøgd.

Det var likevel spyd som fenga interessa vår mest. Her er det Bjarte som sender det langt av garde:


Jens var ivrig tilskodar, og kunne nok tenkt seg å få prøve sjølv. Dessverre for han var det femtenårsgrense...


Randi sender spydet høgt og... ja, eg stoppar der. (Viss du les dette Randi, så er det ikkje meininga å vere frekk. Eg kan berre ikkje fullføre setninga...)


Kake høyrer med til eit godt idrettsarrangement... (?):


Rett før vi skulle gå, oppdaga Lise at også Mercur var der. Då rekte ho meg det ho hadde igjen av kake (pappa: "Vil du ikkje ha meir?" Lise: "Nei, eg vil ha Mercur"), og sprang bort til gjerdet.


Det var med lengselsfullt blikk ho studerte hesten kvar gong den kom nær. Jammen bra at ho får treffe han att i barnehagen!

Til slutt eit bilde eg tok rett før vi køyrde opp til Erfjordleikane:


Jens les for Steffen i den nylånte boka om Bernt Bjørn, eller 'Brent Bjørn' som han vert kalla hos oss..

Random glimts

Denne helga har temperaturen vore låg om morgonen, graset har vore doggvått og vi har kosa oss mykje ute i tørt vér. Det er tydeleg i naturen at hausten er på veg, og det kjennes heilt ok! Her kjem nokre glim frå helga, og aller først vil vi friste med litt lørdagsgodt:


Vi kjøpte oss ein pakke twist som vi delte, og dermed oppnådde vi 'dobbel effekt', både snop og moro! Det var kjekt å dele bitane, å velje etter tur. Det tok litt tid, for Lise ville ta av papiret etterkvart, slik at ho kunne legge berre sjokoladen i koppen...

På skulen teikna Jens ein katt på fredag, og i går gjorde han teikninga ferdig. Slik vart den tøffe katten, som er så sint at håret står ut frå hovudet og fjeset har blitt grønt!


Tidlegare har eg vist bilder av kantareller som Jens og Børe plukka nede i skogen. I går steikte vi dei, og åt dei på grove vaflar. Nam!


I dag har vi vore ute i skogen og teke bilder igjen, og blant anna fekk vi eit 'snap shot' av ei krokodille med nye joggesko:


Viss du vil bli betre kjent med krokodilla med skoa, kan du lese eit lite dikt her: Nye sko. Det er mest for tull, og litt for alvor...


Apropos haust. Denne helga har vi vore nøydde til å ha på oss jakker, i alle fall tidleg på dag. Og apropos nummer 2: Snart begynner frukthausten for alvor! Det vert stas.


Makrellskyer
No skal vi nyte den siste helgedagen, før vi går ut i solnedgongen...

lørdag 25. august 2012

Fotojakt på morgonkvisten

I dag tidleg var det flott leikevér ute, i tillegg til at det var nydeleg lys til å ta bilder i. Så vi stabla oss ut dørene, og tok fotoapparat med oss. Her er eit utval av bildene frå i dag tidleg:

Klarvér og lette skyer!
Rognebær
Hus med utsikt
To gode leikekameratar i mjukt morgonlys
Nysgjerrig katt...



Sykkelkappløp:



Og sykkeltriks:


Hoppsi Deisi - lost and found
Røsslyng
Kantarell