onsdag 15. august 2012

Aller siste dag i barnehagen!

I dag var Jens sin siste dag i barnehagen. Måndag er det skulestart, og dei fire åra i barnehagen er definitivt eit tilbakelagt stadium. Det gjekk for alvor opp for meg for eit par dagar sidan. Lise skal til Haugesund på kontroll i september, og Nina begynte å snakke om vi klarte å rekke tilbake før Jens var ferdig. "Men, vi kan no vel berre ta han med?" sa eg då. Det kunne vi visst ikkje... det var jo ein skuledag! Nye tider i heimen, med andre ord!

Vi hadde lyst å gje ei lita gåve til barnehagen, som eit symbol på takksemda for alt dei har gjort for Jens desse åra. Med tanke på alle timane han har sitte og blitt lest for der borte, var det naturleg å gje ei bok. Og dei første åra han var der borte, var det nesten berre bøker om dyr som var noko (Sett litt på spissen). Dermed landa vi på ei... dyrebok!

Utanpå:


Inni:


Så stod dei klare til slutt, med sekk, matboks, gåve og det heile, og gliste i kapp med sola. Jens er så klar for skulen, at eg trur ikkje han kjente på eit grann av vemod. Det var nok meir vi vaksne som følte at det var litt merkeleg...


Ingen kommentarer: