fredag 17. august 2012

Animasjon, berre for moro

Det er kjekt å leike med fotoapparatet, og prøve ut nye ting. I dag har eg forska på ulike funksjonar, og lært litt nytt. Og så fekk eg lyst til å lage litt animasjon! Eg har laga litt tidlegare, og det er både kjekt og tidkrevande... Ville ikkje bruke så mykje tid i dag, så det vart ein heller enkel film. Her er hovudrolleinnehavarane:


Tok berre 119 bilder, så filmen er ikkje så alvorleg lang. Bildene vert hovudsakleg vist i 1/8 sekund, og ein del bilder har eg brukt fleire gonger. Dermed enda eg opp på 28 sekund... Her er resultatet:



Så slik er det. Kanskje eg kjem tilbake med ein litt betre film ved eit seinare høve...

Ingen kommentarer: