søndag 12. august 2012

Ei bønn for Arild Olsen

Å be aftenbønn høyrer med til kveldsrutinene. Inntil nyleg er det mamma eller pappa som har stått for bøna når Lise skulle leggje seg, men den siste veka har også ho ynskt å be litt. Problemet er berre at ho tykkjer det er litt pinleg når vi ser på ho samstundes, så ho snur seg mot veggen og ber oss snu oss vekk... Og så ber ho.


Lise har mange ho gjerne vil takke for og be for, men dei fleste er innanfor den nære familien. Logisk nok, det er jo slik verda er for ein treåring! Det er særleg ein person som vert ofte nemnt, som regel fleire gonger i løpet av kvar kveldsbøn, og det er onkel Arild. Han vert nemnt i starten, midt i og mot slutten... At han har ein særleg sterk posisjon hos Lise vert tydeleg også i namnet ho har sett på det å be sjølv. Vi ber alltid "Fadervår." Eg sa det til henne her ein kveld at no kunne ho gjerne be litt først, og så kunne vi be Fadervår etterpå. Då svara ho: "Skal eg be 'takk for onkel Arild' no, meina du?"

Så onkel Arild, og resten av slekta også, har fått seg ein ivrig forbedar i Indre Erfjord!

Andre Lisesprell frå dagen

På dette bildet er ho i fullt firsprang på veg til trampolina i barnehagen:


Ho hadde blitt litt 'innesjuk', det var berre oll og herjing, så vi foreslo at ho kunne ta seg ein tur ut. Før sommaren trur eg ikkje vi ville funne på å sende henne ut aleine, då hadde det ikkje vore godt å seie kor ho hadde teke vegen! Men ho blir eldre, og mykje kan skje på ein sommar. Så då eg tok på henne skoa, foreslo eg at ho kunne ta seg ein tur på trampolina og hoppe litt, og så komme rett heim att etterpå. Jada, det skulle ho.

Eg fulgte med i kjøkkenvindauget, og såg at ho tok vegen bort i barnehagen og rett på trampolina. Der gjekk ho oppå, tok tre hopp og så kom ho springande heim att. Tok av seg skoa og kom inn i stua. Mamma lurte på kvifor ho kom inn att så fort, og Lise kunne forklare at "pappa sa eg skulle ta tre hopp og så komme rett heim igjen!" EG veit ikkje kor talet tre kom frå, men det var i alle fall ei presis utføring av 'ordre'...


Seinare vagla ho seg opp utanfor kjøkkenvindauget og fulgte med på alt det som skjedde inne. Akkurat slik katten vår plar gjere... Og katten? Han sat lenge på plattingen og stirra forvirra opp på Lise, det var tydeleg at dette ikkje var heilt etter boka...

Til slutt:


To gode (og reine og tørre) vener på kommoden!

Ingen kommentarer: