søndag 26. august 2012

Erfjordleikane

I ettermiddag var det Erfjordleikane på Moane, og Jens, Lise og eg tok turen opp for å sjå kva det går ut på. Sjølv om vi har budd her i mange år no, har vi faktisk aldri somla oss av garde tidlegare... Det var det på tide å gjere noko med!


I Erfjordleikane er det først og fremst friidrettsøvingar som står på programmet. Lengdehopp, kulestøt, spydkast og sekstimeteren, for eksempel. Lise heiv seg med på sekstimeterspringing, og kom i mål på 16,72. Det syns i alle fall pappaen var rimeleg imponerande! Sjølv prøvde eg å gå på stylter, og kom inn på 33 sekund, utan at det seier så veldig mykje så lenge eg ikkje veit kor lang bana var... Men eg kom inn på ein foreløpig tredjeplass, og var fornøgd.

Det var likevel spyd som fenga interessa vår mest. Her er det Bjarte som sender det langt av garde:


Jens var ivrig tilskodar, og kunne nok tenkt seg å få prøve sjølv. Dessverre for han var det femtenårsgrense...


Randi sender spydet høgt og... ja, eg stoppar der. (Viss du les dette Randi, så er det ikkje meininga å vere frekk. Eg kan berre ikkje fullføre setninga...)


Kake høyrer med til eit godt idrettsarrangement... (?):


Rett før vi skulle gå, oppdaga Lise at også Mercur var der. Då rekte ho meg det ho hadde igjen av kake (pappa: "Vil du ikkje ha meir?" Lise: "Nei, eg vil ha Mercur"), og sprang bort til gjerdet.


Det var med lengselsfullt blikk ho studerte hesten kvar gong den kom nær. Jammen bra at ho får treffe han att i barnehagen!

Til slutt eit bilde eg tok rett før vi køyrde opp til Erfjordleikane:


Jens les for Steffen i den nylånte boka om Bernt Bjørn, eller 'Brent Bjørn' som han vert kalla hos oss..

Ingen kommentarer: